Dette er tittelen på ei bok Helge, Margunn og Sigmund laga i 2004. Då skulle vi ha slektsstevne, og Helge hadde funne 205 etterkomarar og 105 ektefeller etter Peder Calfeldt og Oline Marie Berge. Den boka fekk gårsdagens langvegsfarande folk med seg i bagasjen då dei reiste, for dei hadde jo funne seg sjølv der.
Problemet med ei bok er jo at ho fort blir utdatert. Når nokon døyr, blir fødde eller kva anna som skjer, så kan ein ikkje oppdatere. Det må kvar eigar syte for å gjere sjølv. Men ei bok kan vere eit godt utgangspunkt og ei god hjelp til å få oversyn.
Slekta frå Skjernøy vart kopla saman med folk frå Ålgård då eg og Reidun gifta oss i 1970. Men fram til no har det ikkje blitt laga slektsbok for mi grein. Etterkomarane våre hadde sikkert sett pris på ei bok der dei kunne få oversyn. Det planlegg vi å lage i år, om eg no får tilbake initiativ og skrivelyst etter å ha hosta meg gjennom det meste av våren.