Kyrkjekonsert med særpreg

Konsert med Knut Reiersrud, Iver Kleive og Povl Dissing i Valle kyrkje klokka 19. Den måtte eg få med meg, så litt over halv sju kom eg til kyrkja, og då var det ganske fullt på parkeringsplassen.

Det var ikkje Svantes lyckliga dag på plakaten denne gongen, men salmer frå den danske salmeskatten. Sjølv om vi reiv oss laus frå Danmark for 200 år sidan, bind salmene av danske salmediktarar oss framleis saman. Her fekk vi Kingo, Brorson, Ingemann og Grundtvig. Eg skulle hatt med meg notisbok og skrive opp kva salmer vi fekk, men det hadde eg ikkje, så eg får nøye meg med å nemne nokre. Dei starta med Kærlighed er lysets kilde, og alle tekstane var på dansk. Den siste var Påskemorgen slukker sorgen, og som ekstranummer kom Deilig er jorden.

Vi som er litt oppi åra kunne kanskje alle salmene vi fekk høyre i kveld, det var interessant å høyre Krist stod opp av døde så vel som Mit hjerte alltid vanker. Påskestemning og julestemning i same konserten.

Musikken var eit kapittel for seg. Iver Kleive på orgelet på galleriet, det ljoma i romet. Framme i koret sat Knut Reiersrud og la på gitarstemme, det var magisk meir enn ein gong i løpet av kvelden. Ein kunne ikkje anna enn å undre seg over det eminente samspelet mellom alle tre, dei tilpassa seg kvarandre på særs fin måte.

27. januar vert Povl Dissing 77 år. Sangen hans var særprega, men det er imponerande gjort av ein mann så pass oppe i åra å halde ein kyrkjekonsert på halvannan time ståande i koret det aller meste av tida.

Takk til Valle og Hylestad sokneråd for at dei arrangerte den flotte konserten.

Mot styrt avvikling?

Ein stor del av bloggen i dag vil handle om Setesdal videregående skole avd. Valle. Det slo ned som lyn frå klar himmel då fylkesrådmann Arild Eielsen i går la fram forslag til økonomiplan 2015-2018. Eg fanga opp noko på NRK Sørlandet om Valle vidaregåande skule og tenkte at eg måtte ha noko om det med i den aktuelle timen i går. Korleis det gjekk og kven som vart med, skreiv eg om på bloggen i går. Her er overskrifta på pressemeldinga frå Aust-Agder fylkeskommune:

Forslag til økonomiplan 2015–2018, budsjett 2015 og regionale utviklingsprosjekter 2015

Arendal, 11.11.2014:

– Vi legger i dag frem en offensiv økonomiplan med investeringer på 828 mill. kroner de neste fire årene til satsinger som bl.a. ny skole i Tvedestrand og store utbedringer på fylkesvegene, sier fylkesrådmann Arild Eielsen.

Nederst i den meldinga kom så denne teksten:

Setesdal vidaregåande skule – avdeling Valle
Design- og gullsmedtilbudet ved Setesdal videregående skole avd. Valle har de siste årene slitt med store utfordringer. Utfordringene kan oppsummeres på følgende måte:
– Lite og sårbart miljø.
– Det er vanskelig å rekruttere faglig kvalifiserte lærere. Særlig vanskelig er det å skaffe vikarer.
– Elevgruppa har de siste åra vært meget sammensatt. Det er stort behov for tilrettelegging og oppfølging, men problemer med å skaffe kompetent støttepersonell.
– Utdanningen har liten eller ingen kontakt med gullsmedmiljøet i Setesdal, noe som var en forutsetning da tilbudet ble etablert.
– Få elever kommer fra Aust-Agder.
– Få elever fortsetter i yrket etter endt utdanning.

– Det legges opp til en styrt avvikling av avdelingen i Valle ved at det ikke tas opp nye elever til Vg2 skoleåret 2015/16. Vg3-elevene tilbys å fortsette til utdanningen er avsluttet, dvs. i to år, sier Eielsen.

Fylkesrådmannen legger fram egen sak til fylkestinget februar 2015.

I går stod så dette på nrk.no:
– Vi registrerer at vi ikke klarer å holde oppe kvaliteten på utdanningstilbudet vi har der. Det er også vanskelig å holde oppe kvalifisert lærerpersonal, sier fylkesrådmann Arild Eielsen.

Skolen i Valle er en avdeling av Setesdal vidaregåande skule.

– Det er problemer med rekrutering av elever. Samlet sett føler vi at vi ikke kan levere den kvaliteten vi bør og da mener vi det er bedre å avslutte i Valle, sier han. http://www.nrk.no/sorlandet/1.12036931

I programmet i Valle Radio sa utdanningssjef Bernt Skutlaberg at kvaliteten på utdanningstilbodet er svært bra, og Ørnulf Hasla fylgde opp med å syne til at han har vore i svenneprøvenemnda i 25 år og sett korleis utdanninga i Valle har står i høve til dei som har teke svenneprøve. At det på same sida står at ein av dei tidlegare elevane frå Valle no skal til VM i gullsmedfaget i Brasil seier vel og sitt.

Tarald Myrum sa at han ville ta denne saka med til formannskapet i dag og drøfte ho der. I referatet frå formannskapet heiter det:

Saksprotokoll i Formannskapet – 12.11.2014
Setesdal vidaregåande skule.
Formannskapet drøfta framlegget frå fylkesrådmannen om å leggje ned Setesdal vidaregåande skule avd.Valle.
Formannskapet ber om at ein avklarer grunnlaget for argumenta for nedlegging. Ein tek og kontakt med næringa som samhandler med skulen om arbeidet vidare. Så vil ein gå i dialog med fylkeskommune om det vidare arbeidet i denne saka.

Eg fekk ein sms frå avdelingsleiar ved skulen, Ann Christin Jacob som kommentar til programmet og la den ut på bloggen tysdagskvelden som melding frå skulen. Men eg fekk melding frå henne på Facebook om at den skulle vere privat frå henne, ikkje frå skulen, som eg sa. Eg har difor vald å ta han bort og seier meg lei for å ha lagt ut noko utan å ha sjekka med henne først.

Ann Christin Jacob har bedt om eit opptak av programmet. Det er ikkje så lett for oss å få til, vi er stort sett bare live, sjølv om vi tek opp programma for å ha dei om tilsynet skulle be om noko. Difor har eg bedt Jørund om å prøve å skaffe opptaket, slik at skulen kan få høyre det.

Dette ordna han onsdag kveld, no kan alle høyre det: http://www.ddsetesdal.no/media/stream2014-11-11.mp3

Meir aktuell enn venta

Her er programmet for kvelden i Valle Radio:

Tysdag 11. november

Ansvarleg: Harald Haugland

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Akutell time.
19.30 Sangkveld
20.30 Postludium.
21.00 Kyrkjebakken

Det var visst litt lite plass i Setesdølen, så dei fekk ikkje med lenkene i dag. Og eg måtte vere teknikar sjølv, for Siri er i Fredrikstad ein tur.

Som vanleg gjekk den burmesiske halvtimen fint. Eg likar at vi har fått til dette. Nokre nyheter og ein andakt på burmesisk er ei fin utviding av tysdagsprogrammet.

Så kom den norske sendinga og etter den vanlege innleiinga var det duka for aktuell time, den vart meir aktuell enn eg hadde tenkt. Grunnen til det var at fylkesrådmannen la fram framlegget til budsjett og økonomiplan for neste år og der er det forslag om ei styrt avvikling av den vidaregåande skulen si avdeling i Valle. Då eg i dag høyrde det, tok eg ein telefon til Ann Christin Jacob for å høyre om ho som avdelingsleiar ville vere med. Men det kunne ho ikkje, og ho gav telefonen til Birgit Attestog, som heller ikkje kunne vere med i den aktuelle timen.

Så tenkte eg at eg får få tak i ordførar Tarald Myrum. Han var i bilen på veg heim etter å ha vore på konferanse om Likestilling, integrering og mangfold og sa seg villig til å kome i radioen klokka 19. Så tenkte eg at eg vil høyre kva gullsmed Ørnulf Hasla synest om det, og han var og villig til å kome i radioen. Så fekk eg ein SMS frå Ann Christin om at eg kunne prøve fylkesskulesjef Bernt Skutlaberg, kanskje han kunne bli med. Det kunne han, sjølv om han var i eit møte.

Eg får blogge meir om det i morgon, eg nemner bare at eg og hadde eit innslag om vegnamn i Valle. No får husa nummer. Marit Henriksen hadde mykje og god informasjon. Det hadde også Andres Helle, som fortalde om arbeidet med årsskriftet for Setesdal sogelag. Den aktuelle timen vart altså svært aktuell.

Etter den måtte me roe oss noko og då høvde det godt med country gospel før postludium og Kyrkjebakken.

Avslutning for kvedargruppa

I kveld var det avslutning for kvedargruppa som Kirsten Bråten Berg har hatt. Tre gonger før sommarferien og tre gonger etter, denne gongen var vi heime hos Kirsten i det nye musikk og bakeromet ho har fått ved sida av garasjen.

På det meste har vi vore åtte personar i gruppa, denne gongen var vi seks, og temaet i kveld var jolestev og jolesongar. Fleire hadde høyrt på steva på plata Stev for dagen, så det tok ikkje så lang tid før vi var nokså samkøyrte, og Åse Ingebjørg prøvde seg til og med solo.

Kirsten var vel nøgd med oss, så det vart ein triveleg avslutningskveld, kaffe, te, eplekake med is var på menyen denne avslutningskvelden. Ein god prat høyrer og med på desse kveldane, så vi var glade og nøgde då vi reiste heim att.

Kan hende får du høyre oss live i Valle Radio når det nærmar seg jol. Vi var jo med på sangkvelden i kulturveka, då song vi nokre stev frå Mads Berg si songbok. Så i kveld snakka vi og om den fine kvelden vi hadde då, mykje folk og god sang, det er triveleg å syngje saman.

Nytt hundretal på Setesdalswiki

Artikkelen om Gudrun Omnes førte til at Setesdalswiki runda eit nytt hundretal i dag: 83.100. Etter at vi i oktober fekk så mange datoartiklar, hoppa vi frå om lag 6000 artiklar. Datoartiklane er foreløpig ikkje så innhaldsrike, det får kome etter kvart, akkurat som så mykje anna.

Men samstundes vil eg nok redusere nokre krav i artiklar. Det kan vere nok å ha ein kort artikkel på ei linje eller to nokre gonger. Å gjere Setesdølen om til leksikon kan ikkje skje utan at det er så pass substans i stoffet at det kan stå aleine, utan nyhetstilfanget som gjorde at det kom med i avisa. Nokre gonger går det fint, andre gonger har eg vurdert det til å vere for lite for ein artikkel. Dette vil nok kanskje justerast litt framover.

I tillegg vil Lokalhistoriewiki etter kvart gje ganske mykje fyldig informasjon frå Bykle når Heimar og folk i Bykle no kjem på nettet. Så får ein sanke litt stoff der ein kan finne det og prøve å få til noko. Nå går ferda mot 83.200 artiklar. Og det stoppar nok ikkje der.

Smaken av Setesdal

Kortreist mat er i vinden. Det er eit paradoks at det er vanskeleg å få tomatar frå Bjorå på Evje, men ikkje vanskeleg å få dei i Oslo.

Smaken av Setesdal satsar på kortreist mat. Nyleg fekk dei 300.000 kroner frå sentralt hald for å satse på kortreist mat, og Åse Ingebjørg Flateland, som var i studio onsdagskvelden for å fortelje om dette, ho er styreleiar i selskapet, var glad og inspirert då ho fortalde om tiltaket.

I dag har samvirkeorganisasjonen Smaken av Setesdal 12 medlemmer, men fleire er inne på tanken om å bli med, og torsdag 20. november samlast dei på Hovden for å drøfte korleis stoda er no. Dei arbeider mellom anna med å få til eit merke som kan nyttast og det er mange andre spørsmål som melder seg når ein skal marknadsføre kortreist mat frå Setesdal.

Sjølv hadde Åse Ingebjørg i samband med ei oppgåve ho skreiv då ho studerte på Høgskulen for Bygdeutvikling studert tilsvarande prosjekt på Røros. Det er mogleg å få til noko om ein er viljug til å satse. Setesdal Regionråd har vore viktig i arbeidet for å få Smaken av Setesdal på beina og dei har halde arbeidet varmt også når det har vore vanskeleg å kome vidare. Med løyvinga frå sentralt hald ser det ut til at ein no kjem vidare, men det er på ingen måte enkelt å finne løysing på spørsmål om distribusjon for produsentar og marknadsføring for dei som vil selje kortreiste produkt. Det er neppe råd å få avsetnad på alt gjennom gardsbutikk, til dømes.

SV-liste i Setesdal?

I kveld var det møte for SV på Sølvgarden. Partisekretær Silje Schei Tveitdal var i Froland i går kveld, og før møtet var slutt, hadde folk fått til ei liste for SV til kommunevalet neste år.

Dette fortalde ho på telefonen i ein samtale eg hadde med henne i den aktuelle timen. I dag tok ho buss frå Froland til Rysstad, og så var det møte på Sølvgarden klokka 18. Der skulle ho fortelje om saker partiet er oppteke av, særleg om miljø og rettferdig fordeling.

Før eg hadde praten med henne, var Åse Ingebjørg Flateland i studio for å fortelje om smaken av Setesdal. Då eg fortalde henne at neste gjest var Silje Schei Tveitdal, fekk eg vite at dei var tremenninigar, så i praten helsa eg til henne frå Åse Ingebjørg.

-Er det SV-medlemmer i Setesdal, spurde eg.

-Det er då det, svara Silje Schei Tveitdal. Når det er stortingsval, får vi ein del stemmer frå Setesdal, så kanskje er det grunnlag for å få til liste i ein eller fleire av setesdalskommunane. Turneen eg er ute på no er for å sondere situasjonen i høve til dette. Møtet på Rysstad er ikkje bare for Valle, men for heile Setesdal, sa ho, og fortalde at denne gongen hadde ho bare høve til det eine stoppet i dalen.

Silje Schei Tveitdal har vore vald partisekretær for SV i 6 år. Ho er ikkje folkevald, men tillitsvald i partiet og dermed ein av leiarane i SV. Ho har bakgrunn som leiar i Natur og Ungdom og har vore engasjert for miljø i heile livet. Du kan lese meir om henne på Wikipedia:
https://no.wikipedia.org/wiki/Silje_Schei_Tveitdal

Lokalnytt på burmesisk

Frå 17.30 til 18 har vi lokalnytt på burmesisk i Valle Radio. Kor mange som forstår det dei høyrer der, veit eg ikkje, men det skal vere nærare 100 burmesarar i Setesdal, så det vert vel om lag som når ein har samiske sendingar på NRK.

Kva slags nyheter får dei då?

I dag hadde vi desse nyhetene:

På Byglandsfjord er det et stort problem at mange katter ikke har noen eiere. Derfor skal man i november samle inn katter som ikke har noe merke. Bor du på Byglandsfjord og har katt, må den ha halsbånd på seg fram til 8. desember.

I morgen er det flaskeinnsamling på Evje. Da kommer elevene i 9. klasse rundt og samler inn flasker. De selger også karameller.

Valle Allidrettsklubb skal ha samling lørdag. Klubben er for ungdom fra 7. klasse og oppover. Denne kvelden skal de lage gaver for Frelsesarmeen i Kristiansand.

Fredag var det innbrudd i Evje gull og sylv. De fikk med seg smykker og klokker for 100.000 kroner. Politiet tok tre personer og har funnet noe av det som ble tatt. De fant også noe fra andre innbrudd den siste tiden. Har du hatt innbrudd i huset ditt? Meld fra til politiet.

Under 2. verdenskrig var det mange nordmenn som var i krig med tyskerne. I Åseral holdt de til i ei hytte i Kålvedalen. Søndag skal det være et arrangement der til minne som da en norsk geriljasoldat ble drept der for 70 år siden. Det er skilt på Åknes og du må gå 15 minutter på en traktorvei fra pakeringsplassen.

Eit storverk

Når Bykle kommune no får lagt ut Heimar og folk i Bykle på Internett, er det eit vågestykke. Det hadde vore lett om dei hadde lagt ut pdf-filer som folk kunne lese, men ikkje redigere. Men byklarane ville meir, dei ville nytte høvet til å rette opp feil og å oppdatere verket.

Ei gards- og ættesoge er eit verk som er vanskeleg å gje ut, for livet er jo slik at ei bok ville trenge oppdateringar heile tida. Når pressa har stilna og boka er komen mellom permar, vil det ha skjedd så mykje som ikkje har kome med.

Tidlegare måtte ein leve med at slik var det. Mange kommunar har av den grunn og av økonomiske grunnar gjeve ut eitt og eitt bind, så kunne ein ta med rettingar i neste bind om det var aktuelt. Bykle gav ut fem bind same året, og feila som eventuelt var på dei mange tusen sidene, ville bli ståande om ein ikkje samla dei i ei bok og eventuelt sende den ut til kjøparane, noko som ville vere både tungvindt og kostbart.

I staden valde Bykle å inngå samareid med Lokalhistoriewiki og å legge ut heile verket der. Det er eit lokalhistorisk leksikon, folk kan registrere seg og skrive lokalhistoriske artiklar der, akkurat som på Setesdalswiki. På framsida til Heimar og folk i Bykle på Lokalhistoriewiki er det eit oversyn over dei mest viste artiklane. Då eg såg det oversynet, vart eg overraska.

Det er bare gått knappe tre veker sidan ein tok til å legge stoffet ut på nettet. Artikkelen «Hovden (Bykle gnr 2)» vart lagt ut 20. oktober. Pr. 3. november er det den mest viste artikkelen, med 154 visningar.

Sjølv om heile verket ikkje er lagt ut enno, har altså folk teke til å bruke det, i langt større grad enn eg hadde tenkt, sjølv om eg nok trudde at det kom til å bli brukt ein del når det kom på nett. Eit overslag syner at dei 25 mest viste artiklane har over 1000 visningar.

At en påkosta bokverk blir lest, er jo viktig, det var difor det vart laga. Eg skulle tru at dei pengane kommunen har løyvd for å få dette til, vil synes seg å vere vel verd innsatsen etter kvart som heile verket kjem på plass og folk får tid på seg til å finne stoff dei er på leiting etter. http://lokalhistoriewiki.no/index.php/Forside:Heimar_og_folk_i_Bykle

Arkeologi, musikk og kjærleik

Komande veke blir det både arkeologi, musikk og kjærleik i Valle Radio. Sjekk programmet nedanfor og skru på radioen, vi har sending både tysdag og onsdag denne veka.

Tysdag 4. november

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Siri Johannessen

17.30 Burmesisk halvtime
18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Akutell time. Om utgravingar på Sandnes, Kveste og andre stader. Ronny Stavsholt i samtale med Camilla Cecilie Wenn
19.30 Møte med Hans Jürgen Wiehe og kona
20.30 Postludium. Niklos K. Besteland minnast organisten og komponisten Bernard Bartelink
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 5. november

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakter: Jorunn Helle og Solveig Rysstad

19.00 Tankar frå Bibelen ved Torleif Harstad
19.30 Kommunen informerer ved Frode Buen
20.00 Aktuell time, mellom anna med intervju med Tor Espen Helle
21.00 Opi sending ved Britta Lise Homme og Knut Nomeland

NETTRADIO: http://159.171.56.26:8000/live.m3u
Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio/315158359845?fref=ts
Valle Radios blogg: http://valleradio.blogs.no/
Høyr oss på Internett: http://www.valleradio.com (trykk på «live streaming»)
Les meir om programma: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Tysdagskvelden kjem arkeolog Camilla Cecilie Wenn, som har leia utgravingane på Kveste og Sandnes i studio for å fortelje nytt om Setesdals eldste historie. Alle som høyrde henne på Setesdalsmuseet under landseringa av boka Spor i Setesdalsjord let seg overvelde av alt ho hadde å fortelje. Den kvelden får vi og besøk av den tyske musikaren Hans Jürgen Wiehe og kona som i lange periodar av året bur i Åraksbø.

Onsdagskvelden sender Valle Radio eit intervju med Tor Espen Helle om Jakten på kjærligheten. Ørnulf Hasla intervua Tor Espen, som og er leiar i Treungen grendelag under basaren der laurdagskvelden, og i intervuet får vi vite korleis det går med haustens store kjendis frå Setesdal, kanskje til og med meir enn måndagens sending avslørte.