Norsk skole vart etablert av kyrkja som førebuing til konfirmasjon. Då måtte folk lære å lese for å kunne katekisme. Sidan var skolen riven laus frå kyrkja, vi fekk offentlege skolar. Framleis er det nokre private skolar, dei siste dagane har det vore skrive om Samfundets skole i Kristiansand, den blir driven av eit kyrkjesamfunn.
I mange land er det sterkare fokus på private skolar enn her i landet. Ofte er dei privat drivne skolane drivne av kyrkjesamfunn eller ideologiske gruper. Dei har same pensum som den offentlege skolen, men har noko ekstra i tillegg. Ettersom eg har hatt besøk av ein student frå Kenya som er her i landet i regi av Adventistsamfunnet for å selje bøker frå Norsk Bokforlag, slik eg skreiv om på bloggen i går, sjekka eg i kveld litt om dette kyrkjesamfunnet sine universitet. Då fann eg ut at dei driv 13 universitet i USA. Engelsk wikipedia seier at dei har over 8000 grunnskular med over to millionar elevar over heile verda og 115 universitet og høgskolar med nærare 150000 studentar.