Sommarbesøk

Like så sikkert som at sommaren kjem er det at Torbjørn Greipsland kjem til Mandal. Han har ei campingvogn ståande fast på Sandnes Camping, og der har han utgangspunkt for turar rundt om på Sørlandet, der han kan møte venner og kjente. Ein tur på biblioteket høyrer med, der kan han lese avisene og låne lesestoff for kveldar i campingvogna.

Eg tok ein telefon til han i dag og lurte på om han ville kome til Eskeland, og det ville han, så vi fekk eit par interessante timar der vi snakka om laust og fast. Framleis er det mykje å snakke om, så eg vonar han tek turen innom att om ikkje så lenge.

Vi snakka litt om ei bok han hadde bestilt: Er ateismen død? av Eric Metaxas. Den kom ut på Hermon forlag i 2022. Eg måtte sjekke litt i kveld, og engelsk wikipedia har ein stor artikkel om denne amerikanske forfattaren, som fyller 60 år seinare i juni. Det kom der fram at han var sterkt engasjert også politisk som støttespelar for Donald Trump. Han har skrive mange bøker, eg fann tre som var omsette til norsk. Her er ei lenke: https://bibsok.no/?mode=vt&hpid=1880031&pubsok_txt_0=eric+metaxas&sortering=&pubsok_kval_0=&avgr_bn=&avgr_medier=&avgr_spraak=&aarfra=&aartil=

Litt rart

Reidun sin Jetta har vore på verkstad og fått service og blitt reparert, så i dag kjørte eg henne til Gumpens Auto i Mandal for å hente den. Vel heime tenkte eg at eg ville sjå på bilar, kanskje vi skulle bytte dei to bilane vi har inn i ein ny, no når eg ikkje pendlar til Valle kvar veke, treng vi ikkje to bilar.

Det var ikkje så lenge eg googla, eg så på Citroen, dei likar eg godt, men ikkje så mykje anna. Når eg er på nett, er det helst eit nettleksikon eg ser på, anten Setesdalswiki eller Wikipedia, om det då ikkje er noko spesielt eg ser etter.

Men no har Facebook begynt å sende annonsar for bilar til meg. eg har jo visst at dei har algoritmar som legg innlegg i feeden min etter kva folk har sett på før. Men no vart det svært tydeleg for meg.

Det er litt rart å få slik digital hjelp, til og med utan å ha bede om den.

Litt panikk

Det nærmar seg tida for slektsstevnet vi skal ha på Åpta i juli, Det skal starte fredag 7. juli, så no er det bare ein månad att. Eg har hatt store planar om å lage ei bok med oversyn over slekta og andre aktuelle artiklar, men det spørs om eg klarar det. For eg er slett ikkje ferdig.

Det gjekk ut eit bod om at folk kunne sende stoff til meg, men det var ikkje mange som beit på det agnet. Takk til Jorunn, Brit og Solvor som har svart.

I kveld tok eg ein telefon til Hermund for å høyre om han hadde noko, men han hadde skrive oppfordringa i gløymeboka eller noko liknande. Vi hadde ein hyggeleg prat, og han skulle sjå om han kunne få noko til, kan hende fram mot helga.

Kan hende må det bli ei e-bok i staden for ei papirbok. Då kan folk laste ho ned på nettbrett eller telefon og ha ho lommen og slå opp når dei lurer på noko. Allstødt tilgjengeleg, det er jo eit pluss. Men ei papirbok er jo meir handfast, og vi som er noko opp i åra, likar nok det betre.

Om eg blir ferdig. Eg har litt panikk.

Innsikt

Å vite kva barna held på med, er ikkje alltid så lett. Sjølv om vi spør når dei er heime på ferie, får vi ikkje alltid så gode svar. Helge brukte å seie at han arbeidde med IT i DNB. Rønnaug jobba på Oslo Met, innan administrasjon, sa ho. Så søkte ho og kom med på eit doktorgradsstipend, og fredag fekk vi vite litt meir om kva ho hadde halde på med. Då forsvarte ho doktoravhandlinga si, og vi sat klistra til skjermen og såg det heile frå disputasen på Kjeller utanfor Oslo.

I dag tenkte eg at eg skulle skrive artikkel om henne på Setesdalswiki. Dermed måtte eg leite litt rundt i det som var å finne, og det var særleg på nettstaden linkedin.com at ho hadde lagt ut informasjon om det ho har studert og jobbar ho har hatt. Dermed fekk eg litt fagleg innsikt også, og det er jo ikkje å forakte.

I morgon blir det ikkje sending i Valle Radio, etter det Niklos Besteland fortalde då han ringde meg i dag. Hosteforkjøling gjer seg ikkje i radioen når ein skal ha ansvar i fleire timar. Difor sender eg ønske om god betring til programleiar Siri Johannessen og vonar at ho og Niklos snart kan vere tilbake og gjennom radioprogramma sine gje oss auka innsikt.

Gjensyn

Denne helga er søster Jorunn på Bryne. Ho gjekk på Bryne landsgymnas og dei ho gjekk saman med skulle møtast etter 55 år. Det har runne mykje vatn i havet gjennom Figgjoelva og andre elvar i denne tida. Vårt russekull frå Sandnes 1966 har planar om ei samling i august.

Når ein planlegg ei slik samling, må ein også sjå i augo at ikkje alle som var med den gongen, lever lenger. Vi var fire gode vener i den tida, men ein av oss døydde forholdsvis tidleg. Og sjølv om vi var gode vener den gongen, førte livet oss i vidt ulike retningar seinare, slik at vi knapt har hatt kontakt etterpå. Likevel vil vi kunne ha mykje å snakke om dersom vi skulle møtast att. Både medelevar, lærarar og opplevingar kan kome med ulike vinklingar ved slike gjensyn.

Sjølv har eg ikkje tru på at det blir nokon tur til Sandnes i august. Helsa mi vil helst at eg søv i mi eiga seng om natta. Så får det heller bli eit bilde eller fleire frå dei som var der. Med sosiale media er det gode høve i det minste til digitale gjensyn.

Disputas

I dag var eg via skjerm med på Rønnaug Haugland Lyckander sin doktorgradsdisputas. Den skjedde på Oslo Met Campus Kjeller medan eg sat heime i stova i Mandal. Eg skulle gjerne vore innover, men helsa er ikkje slik at eg såg syn på ein lang biltur.

Men Rønnaug hadde med seg heile familien, og Margunn hadde også teke turen. Først helsa dekanen velkommen klokka 10 til forelesing over oppgitt emne. Så gjekk Rønnaug på podiet og hadde den forelesinga.

Deretter var det lunsjpause, men klokka 12 var dei tilbake i auditoriet. Då presenterte ho sjølve avhandlinga på ein halv time, så hadde 1. opponenten 90 minutt til sitt innlegg, då måtte Rønnaug svare på ei rekke spørsmål om både metode og mangt anna, så var det ein kort pause før 2. opponenten hadde sitt innlegg. Det var kortare, også der med spørsmål og svar. Tida var stipulert til klokka 15, men ho var noko over 15 før dei var ferdige og kunne gå til pause og mat.

I kveld var det så middag for 25 personar med ei rekke talar og gratulasjonar til den nye doktoren i vår familie. Vi fekk ein telefon nærare klokka 23 i kveld, då var dei på veg heim etter ein lang dag. Godt nøgde, heile familien. Gratulerer så mykje.

Doktorgrad

I morgon, 2. juni 2023 klokka 10, skal Rønnaug forsvare doktorgraden sin. Disputasen er på Oslo Med Kjeller og går frå klokka 10 til 15. Tittelen på doktorgraden er “Profesjonskvalifisering av yrkesfaglærere. En surveystudie av yrkesfaglæreres oppfatninger av profesjonell kompetanse knyttet til deltakelse i lærerutdanning for yrkesfag”.

Først skal det vere ei forelesning over oppgitt tema. Den har tittelen: Nasjonalt og globalt står vi overfor utfordringer med å ruste unge mennesker til et samfunns- og arbeidsliv preget av usikkerhet og omstiling på bakgrunn av blant annet pandemi, krig og migrasjon, klimakrise og behov for det grønne skifte, raske teknologiske endringer og digitalisering. Disse forholdene, samt fagfornyelsens (LK 20) vektlegging av blant annet kritisk tenkning, dybdelæring og tverrfaglige temaer innebærer større kompleksitet i yrkesfaglærernes profesjonsutøvelse.

Redegjør for hvordan yrkesfaglærerutdanningene kan videreutvikles for å være i takt med samfunnsutviklingen.

Ordinære opponenter er

  • Professor Per Andersson, University of Linköping 
  • Professor Marianne Teräs, Stockholm University 
  • Postdoctoral Fellow Nina Aakernes, OsloMet – Oslo Metropolitan University 

Roger André Federici, Dean of the Faculty of Education and International studies, OsloMet – Oslo Metropolitan University skal lede disputasen.

Rønnaug sine rettleiarar i arbeidet har vore

  • Main supervisor: Associate Professor Britt Karin Støen Utvær, NTNU 
  • Co-supervisor: Professor Ove Edvard Hatlevik, OsloMet – Oslo Metropolitan University 

Klikk på lenken nedenfor for å bli med på webinaret:

https://oslomet.zoom.us/j/61137226516?pwd=emMxUnVDbHBjZ2w4Uml4VzBRWDRRZz09

Passkode: 022023