I dag var eg via skjerm med på Rønnaug Haugland Lyckander sin doktorgradsdisputas. Den skjedde på Oslo Met Campus Kjeller medan eg sat heime i stova i Mandal. Eg skulle gjerne vore innover, men helsa er ikkje slik at eg såg syn på ein lang biltur.
Men Rønnaug hadde med seg heile familien, og Margunn hadde også teke turen. Først helsa dekanen velkommen klokka 10 til forelesing over oppgitt emne. Så gjekk Rønnaug på podiet og hadde den forelesinga.
Deretter var det lunsjpause, men klokka 12 var dei tilbake i auditoriet. Då presenterte ho sjølve avhandlinga på ein halv time, så hadde 1. opponenten 90 minutt til sitt innlegg, då måtte Rønnaug svare på ei rekke spørsmål om både metode og mangt anna, så var det ein kort pause før 2. opponenten hadde sitt innlegg. Det var kortare, også der med spørsmål og svar. Tida var stipulert til klokka 15, men ho var noko over 15 før dei var ferdige og kunne gå til pause og mat.
I kveld var det så middag for 25 personar med ei rekke talar og gratulasjonar til den nye doktoren i vår familie. Vi fekk ein telefon nærare klokka 23 i kveld, då var dei på veg heim etter ein lang dag. Godt nøgde, heile familien. Gratulerer så mykje.