Denne helga er søster Jorunn på Bryne. Ho gjekk på Bryne landsgymnas og dei ho gjekk saman med skulle møtast etter 55 år. Det har runne mykje vatn i havet gjennom Figgjoelva og andre elvar i denne tida. Vårt russekull frå Sandnes 1966 har planar om ei samling i august.
Når ein planlegg ei slik samling, må ein også sjå i augo at ikkje alle som var med den gongen, lever lenger. Vi var fire gode vener i den tida, men ein av oss døydde forholdsvis tidleg. Og sjølv om vi var gode vener den gongen, førte livet oss i vidt ulike retningar seinare, slik at vi knapt har hatt kontakt etterpå. Likevel vil vi kunne ha mykje å snakke om dersom vi skulle møtast att. Både medelevar, lærarar og opplevingar kan kome med ulike vinklingar ved slike gjensyn.
Sjølv har eg ikkje tru på at det blir nokon tur til Sandnes i august. Helsa mi vil helst at eg søv i mi eiga seng om natta. Så får det heller bli eit bilde eller fleire frå dei som var der. Med sosiale media er det gode høve i det minste til digitale gjensyn.