Å vite kva barna held på med, er ikkje alltid så lett. Sjølv om vi spør når dei er heime på ferie, får vi ikkje alltid så gode svar. Helge brukte å seie at han arbeidde med IT i DNB. Rønnaug jobba på Oslo Met, innan administrasjon, sa ho. Så søkte ho og kom med på eit doktorgradsstipend, og fredag fekk vi vite litt meir om kva ho hadde halde på med. Då forsvarte ho doktoravhandlinga si, og vi sat klistra til skjermen og såg det heile frå disputasen på Kjeller utanfor Oslo.
I dag tenkte eg at eg skulle skrive artikkel om henne på Setesdalswiki. Dermed måtte eg leite litt rundt i det som var å finne, og det var særleg på nettstaden linkedin.com at ho hadde lagt ut informasjon om det ho har studert og jobbar ho har hatt. Dermed fekk eg litt fagleg innsikt også, og det er jo ikkje å forakte.
I morgon blir det ikkje sending i Valle Radio, etter det Niklos Besteland fortalde då han ringde meg i dag. Hosteforkjøling gjer seg ikkje i radioen når ein skal ha ansvar i fleire timar. Difor sender eg ønske om god betring til programleiar Siri Johannessen og vonar at ho og Niklos snart kan vere tilbake og gjennom radioprogramma sine gje oss auka innsikt.