Litt panikk

Det nærmar seg tida for slektsstevnet vi skal ha på Åpta i juli, Det skal starte fredag 7. juli, så no er det bare ein månad att. Eg har hatt store planar om å lage ei bok med oversyn over slekta og andre aktuelle artiklar, men det spørs om eg klarar det. For eg er slett ikkje ferdig.

Det gjekk ut eit bod om at folk kunne sende stoff til meg, men det var ikkje mange som beit på det agnet. Takk til Jorunn, Brit og Solvor som har svart.

I kveld tok eg ein telefon til Hermund for å høyre om han hadde noko, men han hadde skrive oppfordringa i gløymeboka eller noko liknande. Vi hadde ein hyggeleg prat, og han skulle sjå om han kunne få noko til, kan hende fram mot helga.

Kan hende må det bli ei e-bok i staden for ei papirbok. Då kan folk laste ho ned på nettbrett eller telefon og ha ho lommen og slå opp når dei lurer på noko. Allstødt tilgjengeleg, det er jo eit pluss. Men ei papirbok er jo meir handfast, og vi som er noko opp i åra, likar nok det betre.

Om eg blir ferdig. Eg har litt panikk.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *