I sommar er det planen å samlast til slektsstevne for etterkomarane etter Gurina og Henrik Haugland. Det skal vere på Åpta i Lyngdal, og i samband med dette arrangementet hadde eg tenkt at vi burde lage ei bok som deltakarane kunne få, slik at dei hadde noko handfast om slekta si. I dataalderen er det farleg, for når boka er ferdig trykt, vil ein fort finne feil eller opplysningar som ikkje er kome med. Men eg vil ta sjansen likevel. Planen er å ha både artiklar og lister, så får vi sjå korleis det går.
Men det betyr at nokon må til å skrive. Eg har alliert meg med Brit Obrestad, så eg får noko frå henne. Søster Jorunn vil sikkert også skrive noko. Om andre vil ta pennen fatt, er eg nok litt usikker på, eg har ikkje vore så tydeleg i å spørje heller. Men om du les bloggen og vil bidra, er du svært velkomen til det.
I dag kom eg over nokre Figgjo Glimt frå 1980-talet, bedriftsblad frå Figgjo. Eg er så gammal at eg sa Fajansen om fabrikken far arbeidde på. Men der las eg at dei laga ikkje fajanse, men vitroporselen. Det var mange namn på medarbeidarar der, så kanskje blir det artiklar om folk på Fajansen her på wikien med tida.