Klypping

I dag var det tid for ein tur til frisøren. Eg har gått heile vinteren utan å ta den turen, og det er lenge sidan håret var så langt som no, truleg må eg 50 år tilbake i tid. Ettersom bilen min har vore på verkstad, måtte eg få Reidun til å kjøre meg, og då kunne eg knipse eit bilde av den store aktiviteten der er i nabolaget, det vil seie Jåbekk industriområde. Der reiser det seg nye bygg mest kvar veke, kan ein få inntrykk av.

Eg burde jo ha teke ein selfie før og etter klyppinga, men det kom eg ikkje på før det var for seint. Selfies er liksom ikkje mi greie. Frisøren June var rask og effektiv som vanleg, ho brukte nok ikkje lenger tid enn ho brukar til vanleg på ein kunde, altså 20 minutt, men Reidun hadde sagt at ho kom tilbake om ein halv time. Dermed fekk nesten eg ti minutt ventetid i vårluft. Det hadde eg sikkert godt av.

Men så fann eg meg godt til rette i stolen min og med boka mi. For tida les eg bøker av Jenny Colgan om livet på øya Muir nord for Skottland, det er vel helst ei fiktiv øy, romanar er jo det. Men i denne andre boka, Den lange stranden, handlar det mellom anna om flyktningar som kjem til øya, og det er realistisk og godt fortalt. Under er bildet eg knipsa.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *