Oppklaring

I dag trur eg at eg har ei oppklaring på det biletet eg la ut tidlegare i Facebook-gruppa Ålgård før i tiå. Eg tok ein telefon til Edvard Vigesdal om dette og han sende meg vidare til ein som visste meir, Ivar Blaauw. Gjennom Ålgård Rotary hadde han gitt ut desse bøkene, så eg bestilte dei frå han. Det synte seg at bildet i boka ikkje er det same som vi har, hadde han hatt det, hadde det nok vore det som kom inn i boka, sa han.

Gjennom notatar Jorunn hadde med i går er det grunn til å tru at biletet er frå 1940, det året far opna butikk på Gådå. Kan hende er det endåtil opningsdagen. Truleg var det far som tok bildet, det skulle vere eit minne om ein stor dag. Så har vi funne ut at det er butikkjentene Iris Brekken og Gerny Tjetland. Mannen i kjeldressen er Karl Helmik Bertinius Haugland, til vanleg kalla Helmik Haugland. Så er det Ane Helland og mannen med skjegget lengst til venstre er truleg far hennar, Jonas Helland, medan gutten mellom dei kan vere sonen hennar, Jan Haugland. Han var fødd i 1934. Mannen med sykkelen har nokon sagt kan vere naboen Torger Svela, som kom forbi, men det kan også vere Johan Sørensen, son til Ane.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *