I dag vart det ikkje til at eg høyrde på Valle radio. Eg har vore oppteken med gamle minne, som eg har fortald før, har eg planar om å lage ei bok til slektsstevnet vi skal ha i sommar. Den skal vere ei artikkelsamling med bilete og minne etter foreldra våre.
I det fine veret kom Reidun si søster, Bjørg, innom. Ho var på sykkel, med elsykkel går Eskelandskleiva oppover leikande lett. Ho har hytte på Skjernøy og hadde vore der ein tur. No vart det litt kaffi før ho tok på heimveg. Reidun har vore ein tur rundt og snakka med folk om slekt i samband med eit nytt bind av ættesoge for gardane på austsida av Mandalselva, og ho kom heim like etter at Bjørg kom innom.
I kveld hadde eg ein lang prat med Eddie Vigesdal på Ålgård om gamle blder frå Ålgård, for han ville gjerne få namna på dei folka eg etter kvart har funne ut var på det biletet frå då far opna butikken på Gådå i 1940. Vi lurte på kva namnet Gådå kom frå, men der måtte vi melde pass. Men det vart ein lang og god prat om laust og fast. Slik er verdifullt, vi burde snakka meir saman.