Eg hadde bestilt denne boka på biblioteket,og i dag kom den på fjernlån frå Nasjonalbiblioteket. Det er ei tjukk bok, skriven av Knut Y. Espegren, som sjølv ervaksen opp som son av ein kinamisjonær. Eg har så vidt starta på boka, men har alt funne interssant stoff som sikkert vil finne vegen til Setesdalswiki etter kvart.
Boka kom ut på Elephantus forlag, og då eg googla det, synte det seg at det er eit forlag som også tilbyr å trykke bøker for folk. Kan hende skal eg spørje dei om pris dersom det vert noko av boka som eg planlegg å lage.
Elles las eg ut boka av Jennie Colgan som eg har halde på med. Eg hadde tenkt å vente, slik at eg kunne lese tredje boka før den fjerde, men så ombestemte eg meg i går og no er eg ferdig med bøkene frå øya Mure ein stad i havet nord for Skottland. Men eg har bestilt nye bøker av henne, men dei var det også venteliste på. Så eg har verkeleg kome borti ein forfattar som er populær.