Ålgård-fokus

I dag kom dei to bøkene om Ålgård som eg bestilte tidlegare: Ålgård 150 år og Ålgårds historie 1870-2007. Det var i den boka at bildet frå då far opna butikk på Gådå var kome med, rett nok bare dei to jentene som jobba der. Du kan vel tenke at eg sat nokså fascinert og bladde og las i bøkene, for det var mange folk eg kjende og endå fleire eg ikkje kjende.

Ein kan ikkje anna enn å undre seg over koleis Ålgård har vakse frå då vi budde der medan eg gjekk på lærarskulen, der eg var ferdig i 1972. Då flytta vi til Bergen, og sidan har vi bare vore innom på små besøk. Vi har sett utviklinga, men ikkje så heilt som bøkene fortel. Noko vil sikkert finne vegen inn på Setesdalswiki også etter kvart.

Reidun var på tur til Eikerapen i dag. Det var kvinneforeninga hennar som hadde tur, og der kom det folk frå heile Agder for å vere på stevne. Møte klokka 11, så mat og nytt møte etterpå. Til vanleg kjem det eit halvt hundre på dette arrangementet, men denne gongen kom det tett på hundre, og det er det meste gjestegarden der kan ha i matsalen sin, så eg tenkjer at både Normisjon og gjestegarden var nøgde med oppmøtet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *