Dei gjekk og gjekk

Margunn har teke over arbeidet med å oppdatere databasen som Helge hadde over slekta vår. I kveld kom ho og Stein til oss, og vi har hatt nokre timar for å prøve å få litt oversikt. Mellom anna dukka det opp eit søskenbarn til mor, Mia Seland. Då måtte eg tenke på alle dei gongene ho kom til oss gåande frå Seland. Det gjekk jo ikkje særleg med bussar den vegen, truleg bare ein buss som gjekk frå Ålgård til Undheim, etter det eg hugsar. Då kunne ho ta den bussen heim att. Men for å rekke det ho skulle gjere på Ålgård, måtte ho legge i veg ganske så tidleg om morgonen.

Far hadde bil, så han gjekk nok ikkje så mykje når han skulle så langt. Men under krigen sykla dei mykje, då var det jo knapt med drivstoff. Han gjekk på middelskole på Sandnes, og ein gong kom han like før Austråttbakken, då knakk gaffelen. Han turde ikkje tenke på korleis det kunne ha gått om den hadde knekt nedover bakken. Dei hadde ikkje hjelm den gongen.

Vi har leita i papir dei etterlet seg, men har ikkje funne noko om turar på Kjærlighetsstien, som var ein stad mellom Ålgård og Figgjo, om lag der Kongeparken ligg i dag. Og korleis mor og far kom saman og vart eit par, det har vi ikkje funne omtalt i papira.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *