Haugianarar

Neste år er det 200 år sidan Hans Nielsen Hauge døydde. Hans betydning for Norge når det gjeld både kristenliv og samfunn, var stor. Truls Liland hadde ein artikkel om dette i Dagen i dag. Tittelen var Vekkelsen som forandret Norge. Liland er stipendiat ved Hauge School of Management, som er ei avdeling av Norsk Lærerakademi, NLA.

Artikkelen er lagt ut på Internett, du finn han på Verdinytt: https://verdinytt.no/vekkelsen-som-forandret-norge/19.1404

Truleg var Hauge også i Setesdal, i alle fall i nedre delen av dalen. Industrireisinga på Fennefoss kom etter initiativ frå han, om det har Erik Kjebekk skrive eit hefte og Setesdalswiki har fleire artiklar om saka og om haugianarar i regionen. Ein artikkel er den om Notto Jørgensen Tvedt, første ordføraren i Evje og Vegusdal, som då var saman, sjå https://www.setesdalswiki.no/wiki/Notto_J%C3%B8rgensen_Tvedt

Mykje verd

I kveld måtte eg ha konsulenthjelp for Setesdalswiki. Ei tid no har lenkene vore blå, anten det er artikkel bak dei eller ikkje, og i hypertekst skal lenker utan tekst vere røde, slik at eg kan sjå om det er vits i å trykke på ei lenke for å lese meir. Det er bare min maskin som har hatt det problemet, men for meg har det vore eit problem, sjølv om det ikkje har vore det for andre.

Det er fint å ha datakonsulenthjelp i familien. Så då gjekk telefonlinja til Valderøy litt varm medan vi leita etter løysing. Til slutt fann vi den, så no er freden på plass i hovudet mitt. Vonleg sender finansministeren min nokre skillingar mot nord som takk for hjelpa. Det er verdifullt å få ting som ikkje fungerer til å verke.

No sit eg og tenkjer at freden skulle ha vore på plass i hovuda i Gaza og Israel også, men der ser det verre ut. For meg var det mykje verd å få denne hjelpa, for verda ville det vore veldig mykje hjelp om folka som no krigar, hadde funne ei fredsløysing dei kunne leve med. Truleg er det bare falda hender som kan fungere i denne situasjonen, saman med arbeid for å bringe dei stridande partane til mekling og våpenkvile.

Sakte vokster

At Setesdalswiki veks for tida, er på grunn av at Geir skriv litt kvar dag. Sjølv har eg diverre hatt det som kanskje mest kan kallast ein dvaleperiode. Den skulle jo helst vore til vinteren, for det er då bjørnen går i dvale, men eg er jo ingen bjørn, så eg kan gå i dvale kva tid som helst.

I staden for å skrive, putlar eg og les, og den siste tida har eg vore langt tilbake i tid, heilt til då persarane herska over Israel. Tessa Afshar har skrive fleire bøker inspirert av det Bibelen seier om den perioden, og så har ho dikta nokså fritt med utgangspunkt i kva ho har funne i andre kjelder.

Å dikte fritt, men likevel basert på kjeldestoff ein kan finne, det gav Jon Fosse Nobelprisen i litteratur for 2023. Han skriv om ting alle kan kjenne seg att i, seier ekspertane etter tildelinga. Men han er produktiv, romanar, dikt, skodespel, det har blitt over 50 titlar og omsett til ei rekke språk.

Kunne eg no kome meg i gang att og skrive litt på wiki, og så kanskje starte på den slektsboka eg har teke mål av meg å få laga til samlinga vår første helga i juli neste år. Du har vel meldt deg på til CampÅpta den helga.

Endeleg tilbake

Det har vore ein lang periode utan blogging, men no er eg tilbake og kan skrive litt att. Når eg ikkje har kunna blogge, har eg lånt bøker på biblioteket, men også hatt nokre kryssordoppgåver å halde på med. Så dagane går sin stille gang her i mitt vesle hjørne av landet.

Valle Radio er også tilbake med onsdagsprogram, tysdagsprogramma har vel gått det meste av sommaren. Eg har fått med meg noko, men det har også vore kveldar eg ikkje har logga meg på nettet for å høyre. Denne veka var ei slik veke, så i kveld vil eg bare legge ut programma som vart sende dei to kveldane denne veka:

Tysdag 3. oktober

Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen

18.00 Kvarteret med kåseri av Asbjørn Kvalbein (Norea)

18.15 Over en åpen bibel med Inge Flaat via Norea Mediemisjon

18.30 Sangtime med Ingrid Seltveit frå Skafsåheii Fjellkyrkje

19.30 Timen med m.a

– Haust i Brokke og meir med Gro Furset, https://www.facebook.com/events/335190859026362

Nasjonal vardetenning mot vindkraft, 8. okt. 2023, på Honnevje frå kl.18.

Viking&Villrein med Lina Fredin

20.30 Postludium

21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 4. oktober

Ansvarleg Ørnulf Hasla

Teknikar Torfinn Brokke

19.00 Tankar frå Bibelen med Håvard Viki

19.30 Kommunen informerer med Magnus Berg, leiar teknisk avd.

20.00 Lokal time

– Glimt frå Sauesjåmarknaden

Kim Rysstad kva skjer i haust

21.00 Musikk med Johs. Bjørkeli

Monumentalt

Kveldens Postludium i Valle Radio var ved Niklos K. Besteland. Han hadde med seg ei cd-plate med musikk av den belgiske komponisten Lemmens, som var fødd i 1823, og som ein kan ha 200-årsjubileum for i år. Han levde bare til 1881, men som lærar og komponist påverka han mange og han var sjølv elev av Adolf Hesse og dermed i tradisjon direkte frå Johann Sebastian Bach. I kveldens program fekk vi høyre frå hans Orgelskole, som er ei samling med øvingsstykke. Men det er samtidig flott musikk.

Organisten var Josef Sluys, (1936-2015) og han spelte på orgelet i St. Etienne klosterkyrkje i Caen.

  1. Frå orgeskolen:Preludium i Ess-dur
  2. Frå orgelskoen: Cantabile i h-moll
  3. Frå samlinga Oevres inedites: Laudate Dominum de Caelis. Soproansolist Claudia Adrario
  4. Frå Sonate nr. 1 i d-moll (Pontificale): Fuga – Fanfare

Bildet nedanfor er henta frå Wikipedia og syner det monumentale byggverket som er klosterkyrkja i Caen.

Effektivt

Eg har time til kontroll på sjukehuset i Kristiansand onsdag. Då treng dei blodprøve på førehand, så i dag reiste vi på bytur i strålande ver. Turen går ganske fint no for tida, det er blitt god veg mellom Mandal og Kristiansand, så marsjfart på motorvegen er 110 kilometer. Eg rulla ned vinduet på Trysfjordbrua og tok bildet sørover midt på brua.

Medan eg var inne og leverte tre glass med blod, tok Reidun ein runde med bilen, men det heile gjekk så fort at ho knapt fekk stoppa der ho ville vente, så var eg ute att og ringte til henne. Og så var vi på heimveg att.

Kolportør på moped

I mange år ha Norsk Litteraturselskap hatt eit program der studentar frå sør kjem til Norge for å selja bøker i tre månader om sommaren. Kolportørane nyttar moped for å kome seg rundt, det er lettvint og billig, men sommaren 2023 var kald og det var merkbart mindre omsetning av bøker enn tidlegare. Det kunne vår nye ven Bramwell frå Kenya fortelje då han kom innom oss i dag. Sundag går turen tilbake til heimlandet. Vonleg fårdei nok inntekter til at det går rundt og at dei kan ha noko att til å finansiere studier i året som kjem. Bramwell studerer økonomi pg vonar å få jobb innan rådgjeving når han er ferdig.

Programmet hadde sitt siste år i år, bøkene var frå lager, og ikkje så lette å selje, for mange av kundene hadde alt kjøpt dei tidlegare år. No har folk heller ikkje kontantar, så det har gått mykje på VIPPS i år, kunne han fortelje. No gledde han seg til å kome heim til familien, og til å få ta eksamen og bli ferdig. Men det har vore vanskeleg i Kenya etter at det kom ny regjering, dei gjorde om på det systemet som hadde vore før, så no visste han ikkje heilt kva situasjonen ville bli. Slikt som dette les vi lite om i avisene, om korleis storpolitikken får konsekvensar for vanlege folk, han meinte at på landsbygda levde nok folk mest som dei gjorde før, om det var noko endring, var det vel heller at skattane var høgare for kvart nytt regime som kom.

Vi ønska han Guds vesigning over fullføringa av studiet og med å få seg jobb etterpå.

Uventa besøk

Uventa besøk kan vere svært hyggelege, og i dag opplevde vi eit slikt besøk då Aud og Arne Wihelm Haugland frå Kristiansand kom innom til oss. Dei er vener frå 50 år tilbake, då eg arbeidde i Den indre Sjømannsmisjon som redaktør av Fiskerens Venn. Arne Wilhelm var då velferdssekretær og Aud var husmor på betelskipet Elieser 4. Ho er frå Karmøy, så då vi kjørte mellom Bergen og Ålgård med små barn og måtte ha ferje frå Skudeneshavn til Stavanger, stoppa vi hos foreldra hennar for bleieskift på våre små.

Sidan har vi møtt kvarandre med ujamne mellomrom, og likevel er kontakten der med det same vi møter kvarandre. Det er fascinerande å sjå korleis gammalt vennskap kan halde gjennom mange år. Samtalen om gamle dagar gjekk over kaffe og eplekake og sanneleg kom vi innom nyare dagar også.

Lærarar

I siste nummer av Utdanning, medlemsbladet til Utdanningsforbundet, har Inge Eidsvåg ein kronikk som eg tenkte eg ville trekke fram litt frå. Han skriv om lærarar i skjønnlitteraturen. Hamsun hadde ikkje noko godt tilhøve til lærarar, verkar det som. Han skildrar visst spesielt lærerinnene som lite å samle på.

Men Eidsvåg, som var rektor på Nansenskolen, har ei liste med positive omtalar av lærarar i litteraturen. Best kjent er nok Bård skolemester i Bjørnsons En glad gutt frå 1860. Eidsvåg har også merka seg den blinde rektoren i Fusker du av Nordahl Rolfsen i Lesebok for folkeskolen frå 1928, Ei anna er Trine Torgersen i romanen av samme namn av Magnhild Haalke frå 1940. Johannes Vik er læraren i romanen Løgneren av Martin A. Hansen frå 1950 og i 1952 skriv Tarjei Vesaas om ei lærarinne i novellen Vesle-Trask i samlinga VIndane. Tre år seinare, i 1955, skreiv Jens Bjørneboe i romanen Jonas om overlærer Jochumsen, alle desse lærarane er skildra at dei har kunnskap, klokskap og kjærleik til barna, skriv Eisvåg.

Eg har ikkje lese nokon av av dei. Det burde eg ha gjort alt på lærarskulen, og slik blitt inspirert til eigne gode gjerningar.

Skriving

-Du skriv ikkje så mykje på bloggen lenger, var ein kommentar eg fekk i dag. Og det er sant, eg har ikkje vore så flittig til å skrive i sommar. Før hadde eg ambisjon om å skrive kvar dag, men denne sommaren har ein slik ambisjon ikkje vore merkbar i hugen min.

Kva kan så grunnen vere til det?

Kan hende er det at eg har fått ein ny stol, og den er ikkje så komfortabel når eg skal skrive som den eg hadde tidlegare. Den høver godt til lesing og til å sjå på tv, men skriving krev litt meir aktivitet, og då kan eg ikkje lene meg tilbake i stolen.

Men takka vere Geir sin innsats, runda vi eit nytt hundretal på Setesdalswiki i går, så skrivinga der er ikkje heilt slutt, sjølv om det også der går seinare enn før. Når eg skal gjennom fem aviser dagleg, tek det si tid. Men kan hende vil aktiviteten auke noko når hausten no stundar til. Det er i alle fall å håpe. Eg har i grunnen planar om å lage ei slektsbok også etter at vi hadde slektsstevne i sommar, korleis det går, er eg nok noko usikker på. Men no kom det i det minste eit nytt innlegg på bloggen i kveld, så får vi sjå korleis det går.

Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.