Medisin

Dersom det hadde vore ein medisin som motverka gløyming, trur eg det kunne vore ein vinnar, i alle fall om den var reseptfri. For kven av oss er det som ikkje har gløymt noko vi absolutt skulle hugse. Om ein måtte innom legen for å få resept, ville nok mange ha gjort det også.

I går var vi til Kristiansand for å få høyre kva legen meinte om blodprøven eg tok måndag. Eg har begynt å ta med Reidun på slike turar, for to hugsar betre enn ein, og ho har full kontroll på dei medisinane eg tek, det er ho som fyller dosetten kvar veke etter lista vi har fått frå legen.

Denne gongen var det ein ny lege, eg har lenge gått til Tor Kristian Støle, men no var det Lars Riud Rysstad som hadde overteke. Vi kunne nok ha prata mykje saman om Setesdal og Rysstad, for sjølv om han ikkje hadde budd der, var han godt kjent. Men vi heldt oss til det vi skulle snakke om, og han kunne fortelje at prøvene var fine, så i grunnen var det bare å halde fram med medisinane eg brukar å ta. Sjølv kjenner eg meg i høveleg form og hadde ikkje noko å peike på.

Ein av dei medisinane eg brukar er visst blitt svært populær for folk som skal slanke seg, så den er det vanskeleg å få tak i. Den kjem på ein penn, og så stikk ein seg ein gong i veka. Men apoteket har så lite av den at eg fekk bare for ein månad, til vanleg får eg for tre månader om gongen. Men så lenge eg får for ein månad, er eg jo nøgd. Godt er det når også legen er nøgd.

Blodprøve

I morgon skal eg ha ein prat med legen på sjukehuset i Kristiansand, difor måtte vi ein tur dit i dag for at dei skulle få litt blod å analysere, slik at vi kunne ha noko å snakke om i morgon.

Prøvetakinga er no utanfor sjølve sjukehuset, og då eg kom inn, var det ikkje mange som venta, men det stod nokre framom luka, så då tok eg ein kølapp. Men eg gløymde å registrere meg i luka, og plutseleg kom ein bioingeniør og ropa opp mitt nummer, det var visst blitt litt surr på tavla som eigentleg skulle rope.

Vel inne var det bare å rulle opp ermet og rette fram armen. Ho stakk, men årene mine likar å rulle unna, så ho måtte gje opp på høgre armen, men på venstresida vart det treff. Fem glass seinare var det bare å gå ut att til bilen, Reidun var sjåfør og hadde hatt ein runde og venta litt utanfor, men så bar det heim att.

Med den flotte nye vegen går jo turen fort, og i dag skulle eg hatt mobilen med og teke eit bilete, for det varei låg sol og strålande morgon. Men den låg heime ved senga, så det var det ikkje noko av.

Vel heime kom akkurat naboane Steinar og Ellen forbi, så då fekk vi ein prat med dei, dei tek turen rundt Kigevannet når høva ligg til rette for det, men dei går også i Furulunden når dei vil ha litt variasjon.

For meg var det godt å ta ein formiddagsstrekk, Reidun ville på butikken, og så gjekk dagen som han pleier etter det. I kveld vart det endåtil ein ny artikkel på Setesdalswiki.

Høyr når du vil

Mange har spurt om det er høve til å høyre Valle Radio etter at programmet er sendt. Grunnane kunne vere så mange til det, alt frå at ein fekk ein telefon eler besøk til at ein ikkje var heime då programmet gjekk. Då har eg måtta svare at ei slik teneste, podcast om du vil, det har vi ikkje.

Men no er det planar om å endre det. Styret har hatt møte, og dei fann ut at det vil vere naturleg å knytte det opp mot Setesdalswiki, som jo lenge har lagt ut programma som nettsider, der ein også kan klikke seg inn på informasjon om mange av gjestene vi har med i studio. Så no er det lagt ut lenker til nokre program som ein start, og så vil det kome fleire etter kvart. Programma er delte opp, slik at du kan velje å høyre andakten eller den aktuelle timen, og ikkje treng å høyre gjennom alt for å kome til det du har mest lyst å høyre. Men av og til har nok teknikaren gløymt å lagre i små bolkar, så då vil det bli større deler av kvelden du vil få høyre.

Her finn du lenker til programmet for 6. desember 2023

Møte med fortida

Måndag var Thor Gunnar Hansen innom oss, han ville at eg skulle legge inn nokre artiklar han hadde skrive i artikkelen om han på Setesdalswiki. Det var jo ei sjølvsagt glede å kunne gjere det, så no er artikkelen om han oppdatert med dei artiklane. Eg fekk låne dei aktuelle tidsskrifta også, og i går og i dag har eg kost meg med å lese om mange emne.

I ein av artiklane møtte eg meg sjølv, ikkje i døra, for det tyder noko anna. Men det var ein artikkel om ein båt, DS Lindesnæs/MS Jøsenfjord. Den båten kjende eg att, for eg jobba ombord på den nokre veker i 1966, like etter at eg var ferdig med gymnaset. Då gjekk han i indre Ryfylke, kvar dag om morgonen frå Vadla i Jøsenfjorden eller ein annan stad i indre Ryfylke og så til Stavanger. Om ettermiddagen var det å styre innover i fjorden att. Båten hadde bildekk, så av og til hadde vi med bilar, men eg hugsar nok best alle kassane med tomatar og agurk som vi hadde med frå gartnaria i Ryfylke som skulle til grossist i Stavanger. Tomatar var billige der den gongen, så eg åt mykje tomat den sommaren.

Av og til hadde vi også med kyr eller ein hest, dei fekk ei presenning under magen og vart løfta ombord med vinsjen. Så stod dei under bakken framme til dei skulle av att. Etterpå var det å spyle bort skiten. Men eg visste ikkje at båten hadde gått på Sørlandet før han kom til Rogaland, så den artikkelen var interessant å lese.

Funderingar

I føremiddag fekk eg ein telefon, det var Thor Gunnar Hansen som var på tråden, som vi seier, sjølv om telefonane for lengst er blitt trådlause. Han ville gjerne kome ein tur til Eskeland, om det passa for oss. Og det gjorde det, så han sette seg i bilen og kom ein tur. Med seg hadde han tre hefte eg kunne få låne og nytte til å legge inn stoff på Setesdalswiki. Han hadde skrive artiklar i desse hefta, og ville gjerne at artiklane skulle kome med i artikkelen om han på Setesdalswiki. Det er no gjort.

Før han rakk å kome, fekk eg ein telefon frå Jørund Georg Jore, teknisk sjef i Valle Radio. Han og Ørnulf Hasla har eit prosjekt saman der Setesdalswiki er involvert, så kan hende vil du som les bloggen og er innom på wikien sjå endringar knytta til Valle Radio om ei stund.

Å vere til nytte også etter at ein er blitt pensjonist, det er jo noko ein kan fundere på. Det er jo nokre grenser for gamle folk, dei er ikkje så spreke som dei var, så det gjeld å finne ei form som kan fungere. Eg har no fått ein arbeidsplass for skrivinga mi som skal inspirere til litt meir skriving, slik eg fortalde om i bloggen min. Så no er det nok helst bare meg sjølv det står på.

Ny skriveplass

Denne helga er Stein og Margunn på besøk, og vi har ominnreda i stova for at eg skulle få ein ny skriveplass. Til no har eg hatt ein datqamaskin på eit bord framfor stolen eg sit i når eg ser på tv. Det er jo lagleg, for då kan eg kombinere dei to aktivitetane utan å byte plass. Men det fører nok til at eg ser meir enn eg skriv. No kan det bli andre tider, kanskje.

I alle fall var det høveleg å få ordna dette, som eg har tenkt på ei stund, så takk til Margunn og Stein for jobben med å rigge ein ny skriveplass for meg.

Den gamle skriveplassen var forresten litt farleg. På veggen over meg hang eit bilete eg kjøpte i Bergen for over 50 år sidan. Det har vore med oss gjennom ulike flyttingar nordover og sørover att. Det har blitt hengt opp på veggen utan noko meir kontroll, men ein dag sist veke rauk snora det hang i, og eg fekk biletet i hovudet. Heldigvis, kan ein seie, for hadde det falle heilt ned på golvet, hadde kanskje glasset blitt knust. No var det like heilt, og hovudet ,mitt tok heller ikkje skade.

På den nye skriveplassen er det ingen slike farer.

Eit lite mysterium

I kveld hadde eg eit lite mysterium på Setesdalswiki. Eg oppdaga at det på framsida stod at Gunnar Flateland var 82 år, men eg hugsa jo at han døydde i fjor, og då skal jo ikkje slik informasjon kome.

No er det Sigmund som styrer det tekniske på Setesdalswiki, så eg tok ein telefon til han og fortalde om problemet og vi var samde om at han skulle sjå på det i helga, om han kunne finne feilen.

Artikkelen om han hadde bilete av fire skip som Gunnar seilte på, men det avsnittet hadde ikkje nokon tekst, så eg tenkte at eg kunne skrive ei linje om at dette var skip han var ombord på, og så gjorde eg det og lagra det eg hadde skrive.

Like etter fekk eg telefon frå Sigmund om at det ikkje lenger låg noko på framsida om dette, og han hadde ikkje gjort noko. Det hadde ikkje eg heller, med unntak av den lille linja i artikkelen.

Vi fann ikkje løysinga på mysteriet i samtalen, men tydelegvis gjorde redigeringa mi at noko endra seg i den malen som er nytta. Så dei siste ti minutta av kvelden var ikkje Gunnar Flateland sitt namn på framside-lista over dei som har bursdag i dag.

Skriv meir

Eg fekk ei melding i dag der bloggen min var sakna, og at eg burde ikkje slutte å skrive. Det har blitt ein lang pause no, men eg hadde ikkje tenkt å slutte å skrive på bloggen, så her er er att.

Det er ikkje alltid det er så mykje å skrive om, for eg lever nokså stille, les litt, eg har mange aviser å pløye gjennom, og låner bøker på biblioteket, men elles hender det ikkje så mykje i mi vesle verd. Eg går ikkje på barrikadane for å argumentere for eller imot saker som er oppe i media, kan hende skulle eg gjort det, men det er ikkje slik eg er.

Men i dag var det ei stor oppleving å følgje bispevigsling frå Bodø domkirke. Der var både kongen og anna storfolk til stades, og musikk og song gav ei flott ramme om ei stor hending i den nye biskopen sitt liv. For mange år sidan var Eilert Hægeland domkantor i den kyrkja, eg møtte han der, for då var eg ofte innom i Bodødomen der Jørgen Rostrup frå Mandal var domprost, han var leiar i forstanderskapet for Hadsel folkehøgskole dei 15 åra eg var rektor der. Svein Valle var tenåring den gongen og eg meiner å hugse han som deltakar på sommarleir i regi av NKUF der. No har eg skrive det, vonar det ikkje var feil. Det er 50 år sidan. Då eg sjekka på Wikipedia i dag, hadde han ennå ikkje fått nokon artikkel, så eg må prøve å få laga ein i morgon, om ikkje nokon kjem meg i forkjøpet.

Valle Radio denne veka

Eg prøver å få med programma for radioen på bloggen kvar veke. Det beste er om eg kan legge dei ut før sendingane, for då er det kanskje nokon som ser det og leitar seg fram til å høyre på nettet eller i radioen. Men om eg ikkje klarar det, kan det jo vere greit å ha dei ein stad i ettertid også, og slik blir det denne veka. Eg hadde heller ikkje høve til å høyre på denne veka, så om sendingane gjekk som planlagt, det veit eg ikkje. Men her er programma:

Tysdag 31. oktober 2023

Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen

18.00 Kvarteret

18.15 Over en åpen bibel med Kåre Lid via Norea Mediemisjon

18.30 Olav Lindstølens musikktime

19.30 Timen med

– Basarnytt med Bjørg Bøggi Straume, Treungen grendelag

Åpne Dører – i tjeneste for forfulgte kristne: Med Jesus til barna

– Else Gyro Rysstad frå Hovdenrevyen

– Grete Fossen om Kundekveld Valle Sentrumsforeining

20.30 Postludium ved Siri Johannessen

21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 1. november 2023

19.00 Tankar frå Bibelen med Håvard Viki

19.30 Kommunen informerer med Marit Jaabæk Brokke, rektor Valle skule

20.00 Aktuell time med Ørnulf

– Opptak av Kulturpatrulja 10 år

Intervju med NRK Sørlandets journalist Svein Sundsdal på Setesdalskonferansen

– Samtale med Anna Slaby, marked på Brokkestøylen

21.00 Kristin Laasbye Sagneskar og Ørnulf Hasla i studio

Kontroll

I to netter har eg sove med pulsoksymeter på fingeren. I dag var det tid for å ta turen til sjukehuset i Kristiansand for å få vite korleis stoda var, om eg fekk nok oksygen i blodet når eg sov.

Det var flott ver, eg hadde time halv to, og det er godt å ha god tid om morgonen før ein skal ut. Reidun kjørte, dermed kunne eg ta bilete, dei la eg ut på Facebook. det er gjerne i slike høve eg tek bilete, eg er ikkje så aktiv fotograf elles, og heller ikkje legg eg ut så mange andre tekstar på Facebook. Endåtil for bloggen har eg slutta å ha ambisjon om å skrive noko kvar dag, no er det meir etter innfallsmetoden.

Vi hadde god tid i dag, så eg nytta høvet til å få ta blodprøve for kontrollen eg skal ha om ei veke også. Men kontrollen i dag var av eit anna slag, der skulle dei ha ein blodgassprøve. Den er litt vanskelegare å ta enn ein vanleg blodprøve, så her måtte sjukepleiaren hente hjelp etter å ha prøvd seg med to stikk, eit i kvart handledd. Men tredje stikket gjekk godt, så då kom prøven dei trong.

Godt var det at føret var tørt og bart, for vi fekk ikkje time til å skifte til vinterdekk før på torsdag. No er det bare å vone at det held seg slik så lenge.

Så startar vi på ein ny månad. Om eg får inspirasjon til å skrive oftare, det vil tida vise. I kveld vart det i alle fall eit innlegg.

Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.