Kart

På framsida, hovudsida, av Setesdalswiki ligg det kart over kommunane som wikien først og framst skal dekke. Desse karta var henta frå Wikimedia Commons, ein nettstad som alle wikiane kan hente bilete frå.

Til no har det gått svært seint å få laste framsida av Setesdalswiki. Teknisk ansvarleg Sigmund fann ut at grunnen er at vi lastar desse karta frå Commons og at det ville gå mykje raskare om vi hadde karta på eigen server. I dag fiksa han det, så om du klikker på lenka til framsida, vil du oppleve det.

På framsida ligg det jo informasjon om det som hender i dag og om dei som har fødselsdag i dag. No kan du innom den sida og få vite det raskare enn du gjorde før denne endringa. Så får vi prøve å halde sida oppdatert med aktuelle hendingar framover.

Favicon

Dette var eit nytt ord for meg. Eg lærte det i dag då eg snakka med Sigmund om at Setesdalswiki sin logo ikkje var på fana når ein har oppe fleire faner i nettlesaren. Om logoen er der, hadde det vore lettare å sjå kva fane ein skulle opne.

Han fortalde at etter at Setesdalswiki flytta til ny nettstad, hadde han tenkt å få det på plass, men så var det gått i gløymeboka. Men no skulle han ordne det. Ikkje lenge etter var det på plass, og takk for det.

Takk også til Siri Johannessen som har sendt meg program for sendingar i radioen. Eg la ut eitt slikt i dag, kan hende blir det fleire i morgon

Kveldsarbeid

Når sola går ned i vest, arbeider den late best, heiter det i eit gammalt ordtak. Eg kom til å tenke på det i kveld, då eg hadde planar om å skrive litt på Setesdalswiki. Men så ville eg snakke litt med Jorunn først, og ho var på styremøte og skulle ringe tilbake, så då sat eg og venta på det utan å skrive.

Etterpå var det tid for litt kveldsmat, og så var kvelden plutseleg over utan at eg skreiv noko sjølv. Men i Valle var det folk som skreiv litt, for der var det opplæring i samband med at Valle Radio skal bruke Setesdalswiki meir for å legge ut program. Så sat eg og høyrde på det.

Det kan du også gjere. Du finn litt på denne sida

https://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagssending_i_Valle_Radio_20231122

Telefonen

Telefonen er god å ha når snøen legg seg og skapar glatt underlag og dårleg fotfeste for gamle folk. Då kan ein få seg ein prat utan å vere redd for å gå på rattata, og om ein har gløymt noko, kan ein ringe opp att.

I dag hadde vi samtalar med alle barna våre, dei ville vite korleis vi hadde det i snøveret. Sigmund på Vigra hadde ein aktiv to-åring rundt seg som gjerne ville snakke med farmor, Rønnaug var på veg til Gøteborg der det skal vere ei stor innebandy-turnering som Nikolai sitt lag skal delta i, og Margunn hadde ikkje fått like mykje snø som folk lenger nedover kysten av Agder, men hadde likevel meir enn nok. Det har vi også, eg måtte ta ein telefon til min tidlegare kollega Øystein Berg, han var glad at det ikkje var kome like mykje i Berg som ved kysten.

Vi er likevel heldige, vi har ved og straum og framleis nok mat i skapet, så vi treng kanskje ikkje ta turen på butikken i morgon heller, om det då ikkje gir seg. Vi kan putle og lese i ei bok sjølv om avisene uteblir, kanskje både i dag og i morgon. Vi som likar papiraviser, er ikkje glade for at avisene bare seier vi kan nytte det digitale tilbodet vi har, det er jo ikkje det same, men så får vi nøye oss med det likevel.

Eg skulle vel skrive litt meir på Setesdalswiki og lese litt mindre, men kan hende blir det litt meir i morgon, i dag fekk eg ein telefon om at Valle Radio vil ha meir aktiv bruk av Setesdalswiki for å fremje programma sine. Gled deg.

Kristne strateger

Til jul fekk eg ei bok med denne tittelen. Den har artiklar om folk som har betydd mykje for kyrkje- og kristenliv i Norge frå Hans Nielsen Hauge og framover. I år er det 200 år sidan Hauge døydde, så det vil nok bli nokre minnemarkeringar framover. Her er omtalen av boka frå forlaget:

Omtale

Kristne strateger handler om kristen strategi i Norge på 1800- og 1900-tallet slik et trettitalls kvinner og menn utformet og arbeidet med den. Boka gir ny kunnskap både om kristendomshistorien og strategifeltet.

Er kristen strategi annerledes enn strategi fra mer kjente strategiområder som krig og forsvar, politikk og næringsliv? På hvilke måter ble kristenlivet i og utenfor Den norske kirke utviklet og forandret gjennom strategisk arbeid? Hvordan gikk kristne strateger fram for å påvirke politikk, kultur og samfunn, og hva oppnådde de? Forfatterne svarer gjennom studier av enkeltstrateger fra Hans Nielsen Hauge til Rosemarie Køhn, og gjennom overordnede kapitler.

De utvalgte strategene satte seg ekstraordinære mål og arbeidet systematisk for å realisere dem. Noen la planer for Den norske kirke. Andre startet frikirker. Mange grunnla og videreutviklet organisasjoner for misjon, eller for diakonale og sosiale formål. Flere arbeidet politisk for å bevare eller utvide kristen innflytelse i samfunnet – gjennom skole, kulturliv, media eller politikk. Noen, som Ole Hallesby og Eivind Berggrav, ruver vanligvis i kristendomshistorien. Andre, som Berthe Kanutte Aarflot og Bodil Biørn, har tradisjonelt hatt begrenset plass der, men bidro like fullt til kristen strategiutvikling.

Bidragsytere: Helje K. Sødal (red.), Nils I. Agøy, Rakel Y. Alegre, Anders Aschim, Ingunn F. Breistein, Hans Bringeland, Lars Dahle, Knut Dørum, Kenneth F. Ellefsen, David S. Hamnes, Harald Hegstad, Stig W. Holter, Lars G. Jøssang, Birgitte Lerheim, Birger Løvlie, Kristin Norseth, Inger M. Okkenhaug, Pål Repstad, Marie N. Sørbø, Aud V. Tønnessen, Nils O. Østrem, Morten Øveraas og Per A. Aas

Smått om senn vil nok både forfattarane og strategane få omtale på Setesdalswiki.

Godt nytt år!

Så har vi runda nytt år. Eg tenkte at eg skulle få litt statistikk over kor mange som besøkte oss i fjor, men det var noko vanskeleg, for då vi flytta til ny server, vart slik logging ikkje sett opp, så då må teknisk ansvarleg Sigmund gjere miks i ettertid. Han har funne at besøkstalet er noko under 500 dagleg, det høyrest naturleg ut, vi har ikkje vore så aktive med skriving i år som i fjor.

Det er i dag 95860 artiklar på Setesdalswiki, inkludert dei mange datoartiklane vi har (alle dagar frå 1800 til no). Før om åra har vi klart 100 nye artiklar i månaden, i snitt. Om vi klarar det i året som ligg framfor oss, står att å sjå, vi blir eldre og skrivetrongen er kanskje ikkje så stor som før. Men det er mange røde lenker å ta fatt i, så om skrivelysta kjem, kan det nok bli nokre artiklar i komande dagar også. 

Eg har funne nokre kjelder å bruke som kan hjelpe meg på vegen. Årbøker er fine for å gje grunnlag for små artiklar om folk og anna, så eg kjem til å vere på leiting etter fleire slike i tida framover.

Oppmuntring

I dag hadde eg ein god samtale med Torbjørn Greipsland i Askim, han har vore ein periode hos familie i Singapore, men er no på heimleg jord att. Han fylgjer med på det eg skriv på blogg og wiki og kommenterer gjerne det eg skriv. Det set eg stor pris på. Han inspirerte meg til å gå til skrivekråa mi og lage eit par artiklar. Geir skreiv også i dag, så då auka talet på artiklar med seks nye i dag. Det trur eg var eit godt resultat.

Romjula har eg jo nytta mykje av tida til å sjå på sjakk-VM frå Samarkand. NRK sender heile dagen frå klokka 11, og med gode folk til å kommentere vert det ganske interessant. Mange norske er jo med, og det er spennande å sjå korleis Magnus Carlsen klarar seg i striden. I går vann han hurtigsjakk, no står kampen om lynsjakk, den blir avgjort i morgon.

Nytt år

I kveld starta vi på eit nytt år på Setesdalswiki. Vi lagar jo datoartiklar med hendingar om kva som skjer i Setesdal og det er jo best når slike artiklar er ferdige før datoen kjem.

Til dette fekk eg hjelp av Sigmund, ein telefon til Sunnmøre var alt som skulle til, så ordna han det. Han overtok jo den tekniske drifta av Setesdalswiki etter Helge, men han har ikkje arva skrivetrongen min, så skrivinga må eg halde på med sjølv. I kveld vart det ein artikkel om historikaren Jan Helge Munksgaard, den er basert på artikkelen om han på Wikipedia. Men den blir gjerne litt endra på Setesdalswiki,

Eg har lånt Agder Historielag Årsskrift nr. 83, 2007 av Thor Gunnar Hansen og prøver å skrive om dei som har skrive artiklar i dette årsskriftet. Det kjem nok til å ta si tid, truleg vert det nytt år før eg er ferdig. Slike årsskrift med mange artiklar er interessante og varierte, det er plass til mange sider av livet mellom permane. Dermed blir det til at eg les litt og skriv lite.

Korsets Seier

Kvar helg kjem eit vedlegg til avisa Dagen. Det heiter Korsets Seier og var tidlegare gitt ut av pinserørsla. Her kan journalistane i Dagen finne plass til større artiklar som ikkje høver så godt i papiravisa. I utgåva før jul hadde dei ein artikkel om ei kvinne som hadde samla 465 julekrybber. Då eg i romjula kom til å lese om henne, slo det meg at noko var kjent, og litt meir gransking synte at det var kona til misjonær Asbjørn Haugen, som var i Bangladesh. Ettersom søster mi Solvor Rasmussen og mannen hennar, Gaute, også var i Bangladesh for Santalmisjoen, så var forbindelsen der.

I kveld vart det difor ein artikkel om Asbjørn på Setesdalswiki. Han var frå Halden og vart prest der då han kom heim frå misjonærtenesta. Eg skulle nok ha skrive om Aslaug også, men det får vente til i morgon, for eg er blitt så forkjølt at eg nok heller vil ha litt varm melk med honning, eg fekk honning i julegåve i år, og så vonar eg at eg søv krimsjuka av meg.

Julegåver

Bøker er den beste julegaven. Slik prøver bokhandlarane å få oss til å handle bøker, og under vårt tre var det fleire prov på at dei hadde lukkast med slagordet sitt. Sjølv fekk eg tre romanar og ei sakprosabok, og dei blir slukt i tur og orden. Sakprosaboka er neppe til å sluke, men heller se hva jeg kan bruke” som det heiter. Den heiter Kristne strateger og har artiklar om 30 personar som var med i å forme landet vårt, kyrkje og kristenliv på kvar sin måte.

Til Reidun hadde eg funne noko ganske så originalt, truleg finst det bare eitt eksemplar. Det var ein innbunden årgang av bladet Familien frå 1974, altså 50 år gammal. Det er mange oppskrifter dder, og eg veit at ho lkar oppskrifter, særleg strikkeoppskrifter. Men 50 år gamle, eg vonar dei er så gamle at dei no er blitt moderne att.

Vi feira jul med Jorunn og Ole Thorvald, og Jorunn skulle nok gjerne ha bladd litt meir i den boka, for har ein strikkedilla, så er ein hekta. Ho må nok snart kome ein tur frå Lyngdal for å sjå. Ole Thorvald hadde funne eit par bøker på Gjenbruken i Lyngdal der han stiller opp på vakter. Ei handla om Kvås folkehøgskole, noko frå den kjem nok på Setesdalswiki etter kvart.

Men no er det tid for å vende tilbake til bøkene før det blir alt for langt på natt.

Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.