Takksam

Å ha bursdag og å ha konto på Facebook, det er interessant, i kveld vil eg takke for alle helsingane eg har fått. Eg har prøvd å trykke liker på alle saman, vonar eg ikkje har gløymt nokon. I tillegg til alle digitale helsingar kom også Solvor og Gaute, Brit og Sigurd i bil frå Varhaug og Jorunn og Ole Thorvald frå Lyngdal, så då kunne praten gå om laust og fast i mange timar.

På menyen hadde vi Bali kyllinggryte, fersken og seinare kaker og kaffe. Sjølv om folka rundt bordet er ganske bereiste, hadde ingen vore på Bali, men gryta som Reidun serverte med ris og salat, smakte nydeleg. Heldige med veret var vi også, så dei som ville, kunne gå ein tur, vi andre kunne nyte dagen saman inne eller ute, det var truleg same temperatur begge stader. Då høvde det godt med iskrem på kakebordet

Niklos og Olav

I dag var Niklos K. Besteland og Olav Føreland på besøk. Niklos brukar å ha ein sommartur til Søgne for å besøke Olav, og då høver det å ta ein tur vestover til oss, noko vi set stor pris på. Praten går lett om laust og fast over kaffe, Reiduns klippekrans og krydderkake som Niklos hadde med.

Naturleg nok handlar noko om Valle Radio og Niklos sine program, truleg når han 500 før jol. Han hadde også med kjøreplan for programmet i går kveld, denne gongen eit program med musikk av Johannes Brahms (1833.1897):

  1. Preludium og fuge i g-moll, spelt av domorganist Wolfgang Oehms i Trier på orgelet i Zisternienserklosterkyrkja i Nimmerod/Eifel
  2. Es ist das Heil uns kommen her. RIAS kammerkor, dirigent Marcus Creed, Frå Zwei Motetten, Opus 29, nr. 1
  3. Wenn wir in höchsten Nöten sein, RIAS kammerkor, frå Drei Motetten, opus 110, nr. 3
  4. O Welt ich muss dich lassen. Frå samlinga Elf Choralvorspiele, opus 122. Organist Martin Rest på orgelet i Tallin domkyrkje i Estland

Berrefjord og Brahms

I kveld starta Valle Radio med andakt av Ove Berrefjord. Han er konsulent i Søndagsskoleforbundet og kjem til Setesdal denne veka for å inspirere søndagsskolelærarar no før eit nytt semester startar. Ove budde 11 år i Brokke og var svært aktiv på mange felt før han flytta til Svarstad i Larvik kommune. I morgon er han i Bygland, så blir det Bykle på torsdag og Nomeland på fredag.

Sist i kveldens sending var det postludium der Niklos K. Besteland hadde funne musikk av Johannes Brahms. Det var både vakkert og sterkt å høyre på. Heile kveldsprogrammet var slik:

18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri

18.10 Andakt ved Ove Berrefjord frå Søndagsskoleforbundet med noko attåt. Nomeland bedehus

18.30 Folk og musikk med

– Hallvard T. Bjørgum om konserten med Ensemble Giorgi og grenseløs folkemusikk Setesdal Spelemannslag

Dina Elfrida Wiik er god i quadcross

– Har Valle Bygdekvinnelag kurs for deg? Kristin Nomeland fortel om planene. Studieforbundet Kultur og Tradisjon Valle

– Ellen Svalheim om neste års blomsterenger – kjem til Setesdalsmuseet 31. august

20.30 Postludium med Niklos K. Besteland

21.00 Kyrkjebakken

Ryfylke og USA

I kveld hadde vi besøk av Nils Helge Golf. Han var saman med Torbjørn Greipsland, og samtalen gjekk lett om far til Nils Helge, Olav Golf. Han var min pedagogikklærar på Stavanger Lærerskole, men viktigare er det i denne samanheng at han hadde stor interesse for norsk utvandring til USA og har skrive bøker om det. Doktoravhandlinga hans handla om presteseminaret i Red Wing som utdanna nordmenn til prestar for utvandrarane.

Hovudfagsoppgåva heitte Opplysningsinteresser hos haugianerne og er ei på nesten 300 sider i A4-format. Den har ei rekke vedlegg som eg nok vil kome tilbake til å Setesdalswiki, mellom anna over haugianarar som tok artium, som vart lærarar og som vart ordførarar.

Olav Golf skreiv også fleire andre bøker, mellom anna om Knut Rettedal, Elling Eielsen, Haugebevegelsen og om Grundtvig. Så no har eg mykje å lese framover.

Kvalitet

Når det er sommar, er det mange som seier at det ikkje er så viktig å ha radioen i drift, men Valle Radio held koken med fine kvalitetsprogram likevel. Sjølv om høvet er til å sende repriser frå år tilbake, leiter Siri Johannessen heller fram nytt og spennande stoff.

I kveld hadde ho etter dei faste postane programmet Folk og musikk, der første kvinne ut var Astri Rysstad som fortalde om Setesdal folkemusikkfestival. No nærmar det seg, og det blir eit flott program. Ikkje minst skjøna vi det då ho snakka med Jim Roger Pettersen som skal vere med på festivalen. Han bur i Vennesla og er vaksen opp i reisande-miljøet.

Men før det skjer det også litt av kvart i lokalmiljøet. Olsok, 29. juli skal Gunnar D. Ose vere naturlos til Rustefjødd, det er ein topptur som ikkje kven som helst kan ta, for det er parti der som er nokså bratte. Men Gunnar har vore der mange gonger, særleg då han dreiv med sau, då var han mykje rundt i heia. Toppen ligg i hans hei, etter det vi fekk vite.

Siri hadde også ein fin samtale med Oddvar Høgevoll om sanghelga han skal ha på Ose 5. august. År om anna har det vore mykje folk på desse samlingane, og Oddvar eg reknar med at Oddvar stiller med band og hatt slik han pleier når det er tale om country gospel.

Sist, men ikkje minst, fekk vi høyre eit flott Postludium, denne gongen med musikk av norske komponistar som Arild Sandvold og nokre av hans elevar, Det er mykje å ta av når deira stoff skal fram i lyset, og misjonskantaten frå 1940 hadde vore fin å spele, men den er visst ikkje å finne innspelt, så i kveldens program fekk vi litt anna.

Slik var programmet:

18.00 Kvarteret

18.15 Over en åpen Bibel

18.30 Folk og musikk med

– Astrid Rysstad om Setesdal Folkemusikkfestival 2023 / Setesdal Spelemannslag

– Gunnar D. Ose, naturlos på Sogelagets Olsokvandring til Rustfjødd på Oseheii 29. juli Setesdal Sogelag

– Oddvar Høgevoll om Evangelisk song- og musikkdag på Ose 5. august

– Jim Roger Pettersen kjem til Folkemusikkfestivalen 4. august

20.30 Postludium med “tre lærere, en bror og en elev”, Siri Johannessen

Søren

Ein kan ikkje anna enn å bli imponert over Søren Wærenskjold sin innsats i Tour de France. I dag sat vi og fylgde innspurten og lurte på om han skulle klare å vinne, han hadde Kristoff som skulle trekke han opp. Det såg fint ut, men han nådde ikkje heilt fram, så det enda med ein åttandeplass.

Så vart det ikkje siger for ein mandalitt i verdas største sykkelløp i år, men vonleg vil han få høve ein annan gong. Uno-X, laget hans, hadde fått invitasjon til å bli med på såkalla wild-card, og dei synte at dei fortente plassen, for dei hadde fleire gode plasseringar, sjølv om dei ikkje nådde opp som lag.

Mange av syklistane som var med, har også vore i Setesdal og sykla i samband med Tour of Norway. Norsk wikipedia har artiklar om alle deltakarane, det leksikonet er sterkt på sportsrelatert stoff. Og det er mange som er interesserte i dette stoffet. Dei har også bilde av den danske vinnaren av heile rittet, Jonas Vingegaard. Det tek eg med her på bloggen og takkar for tre veker med sykling på tv;

Festivalfokus

Sendinga i Valle Radio i kveld hadde festivalfokus, for Setesdalsfestivalen, det som før vart kalla kappleiken, står snart for døra. Då var det kjekt å ha med Liv Tanche-Larsen som kunne fortelje litt om det som skal skje. Programleiar Siri Johannessen hadde også fått med seg Margit Dale til å fortelje om kunstustillinga på Systog Dale. Det skjer litt av kvart i sommar, ferietid er ofte ei aktiv tid når det gjeld kultur.

Og så var Niklos K. Besteland i studio med orgelmusikk av fin, gammal årgang, musikk frå rundt 1800-talet:

Først fekk vi høyre organisten Herbert Manfred Hoffman spele Liebster Jesu, wir sind hier, koral og fem variasjonar i G-dur av Johann Christian Heinrich Rinck (1770-1846) på orgelet i Limburger Dom.

Deretter spelte domorganist Hillmann Benfer på orgelet i Verden Dom, Niedersachsen Padre Davide de Bergamo (1791-1863) stykket Alla communione – Andantino affectuoso i C-dur.

Kveldens finale var stykka Air og Gavotte, begge i F-dur, frå samlinga Twelve short pieces for organ av Samuel Wesley (1766-1837) spelt av organisten Stephen Cleobury på orgelet i Westminster Abbey.

Tomt hus

Etter at huset vårt den siste veka har vore fullt med barn og barnebarn, opplevde vi det mest som å ha tomt hus i dag. Sigmund og familien reiste til Danmark for å ha ei veke der før dei vender nasen nordover att. Ettersom det var noko vind, var det ei stund usikkert om ferje skulle gå, men no er dei vel framme sør på Jylland ikkje så langt frå Legoland. Dei skulle jo dit, han har teke legobygging til høgder eg ikkje hadde trudd var mogleg og fått premiar for byggverk frå noko dei kallar brikkelauget.

Men toåringen Johannes har gjort mykje av seg som ein smilande gutt for det meste, noko skeptisk til farfar, men sangglad som farfar, det var han. Enno har han ikkje starta på Ein farfar i livet skulle alle ha, men den kjem nok.

Men framleis er det feriefolk att som vi kan prate med ei stund til før kvardagen vender tilbake. Det har jo ikkje vore så mange dagar vi har kunna ha kaffe ute til no i sommar, for kjøleg vind gir ikkje same opplevinga som vindstille dagar.

Henrik og Camilla kunne eg i alle fall sjå på Tour de France saman med, sjølv om lange klatre-etappar ikkje er det mest spennande å sjå på. Men då slo vi av TV ei stund og dukka ned i ei bok, Henrik er med i noko dei kallar Sommarles, og han hadde visst vore gjennom over 30.000 sider til no, mange Donald-poket, men likevel, det skal litt tålmod å bla gjennom så mange sider.

Nytt brett

Denne veka har vi besøk at Sigmund, og då nytta eg høvet til å få meg eit nytt nettbrett, for han kunne hjelpe med å overføre det eg hadde på det gamle brettet. Sjølv om det bare var to-tre år gammalt, vart det fullt, dei programma eg nyttar er blitt mykje større og tek meir plass.

Det passa godt at det ikkje var sending i Valle Radio i går kveld, for med huset fullt, er det ikkje aktuelt å høyre på radioen på Internett. Dei nære ting går føre det som er lenger borte.

Med eit barnebarn på eit par år i huset, er det mykje å glede seg over, for han er høgt og lågt og fylgjer med på det meste. Men det er pappa som må passe på han, farfar treng ikkje, og til no er han nok litt usikker på alle dei nye folka han har fått rundt seg. Men kan hende kan eit nytt brett gi grunnlag for litt samarbeid, for han likar å sjå på små filmsnuttar.

Festdag

I dag tok vi turen til Åpta i Farsund. Der har NMS ein leirstad, og her hadde søster Jorunn invitert slekta til å feire gullbryllup. Det er 50 år sidan ho gifta seg med Ole Thorvald Moen i Ålgård kirke, og ein kavalkade av bilete let oss få oppleve noko frå den tida.

Dei feirar tre dagar til ende, ettersom dei starta i går og sluttar i mogon. Og dei var heldig med veret, i da var det strålande sol og folk bada og koste seg der innerst i Åptafjorden. Vi kom der til middag klokka 16, og sidan gjekk det slag i slag med program utover heile kvelden. Eit stort kakebord var med på å gjere festen smakfull, her var både Verdens Beste, Firkløverkake, trollkrem, ostekake og eg veit ikkje kva, eg likar jo å smake på alt, men denne gongen strakk ikkje magemålet til.

Vi kunne blitt over til søndag, men valde å reise heim og sove i eiga seng. Turen vestover var prega av stor trafikk, heimturen gjekk rolegare, trafikken ein laurdagskveld er ikkje så stor.

Mange kjente , som naturleg var, og kjente som vi ikkje møter så ofte. Det gjorde dagen til ein festdag. Under ser du dekorasjonen på frontveggen i matsalen på Åpta. Foto: Stein Haugland

Om Setesdalswiki og programma i Valle radio, som sender tysdag og onsdag kvar veke.