Uventa besøk kan vere svært hyggelege, og i dag opplevde vi eit slikt besøk då Aud og Arne Wihelm Haugland frå Kristiansand kom innom til oss. Dei er vener frå 50 år tilbake, då eg arbeidde i Den indre Sjømannsmisjon som redaktør av Fiskerens Venn. Arne Wilhelm var då velferdssekretær og Aud var husmor på betelskipet Elieser 4. Ho er frå Karmøy, så då vi kjørte mellom Bergen og Ålgård med små barn og måtte ha ferje frå Skudeneshavn til Stavanger, stoppa vi hos foreldra hennar for bleieskift på våre små.
Sidan har vi møtt kvarandre med ujamne mellomrom, og likevel er kontakten der med det same vi møter kvarandre. Det er fascinerande å sjå korleis gammalt vennskap kan halde gjennom mange år. Samtalen om gamle dagar gjekk over kaffe og eplekake og sanneleg kom vi innom nyare dagar også.