Kategoriarkiv: Uncategorized

Frå blogg til Facebook

Etter at vi måtte bytte systemet for å publisere bloggen, har vi fått det meste på stell. Men før hadde Helge laga eit system der ein ny post automatisk vart lagt ut på ei side som bloggen hadde på Facebook. Dermed kom han opp i feeden til dei som hadde vald å følgje bloggen min.

Det hadde vore fint å få det systemet tilbake, så eg må nok ta ein prat med Sigmund om det i helga. Det var jo flott at han kunne overta som sysop for Setesdalswiki og for bloggen.

Elles bir det vel helst å unngå å kome ut i vinden i helga. Eg misunner ikje dei som reiste og skulle ha skihelg på Geilo eller Hovden denne helga. Danskane kom seg korkje fram eller tilbake, så for dei som satsa stort på vinterferietrafikk, vart det nok eit vonbrot. Men . men…

Oksygen

I mange år har eg hatt pustehjelp om natta. Ein oksygenkonsentrator hentar oksygen ut av lufta og blæs inn i lungene mine. Eg må difor sove med maske, slik at lufta kjem inn. Den eg har hatt, song etter kvart på siste verset og peip svært, ikkje bare når eg starta han men med ein høg lyd det ikkje var råd å sove med.

I dag kom ein mann frå hjelpemiddelsentralen på sjukehuset og bytta maskinen. Eg fekk ein ny, meir stillegåande maskin klokka 10 i dag, og halv elleve hadde eg min første runde i senga med den nye hjeparen. Det var godt.

Vi treng oksygen for å leve. Det lærte vi i naturfagtimen på skulen, og vi hadde eksperiment for å lage oksygen i kjemitimane. Det er lettare å ha ein maskin som gjer den jobben når vi treng litt ekstra.

Tidebønn

I Valle Radio har Siri Johannessen starta noko som skal bli ein serie om bønn. I går snakka ho med Torleiv Austad om det. Professor emeritus i dogmatikk og etikk frå Menighetsfakultetet og oppvaksen i Valle prestegard. Ho har også plan om å snakke om tidebønn, og då kom eg på at vi for mange år sidan møttest til tidebønn kvar 2. dag i Hadsel kirke. 2. juledag, 2. påskedag og 2. pinsedag om ettermiddagen kom vi til kyrkja og hadde tidebønn (vesper) før prost Olav Holten inviterte oss til kaffe i den store prestegarden.

Så eg tok ein telefon til han, han var på kjøretur, men ein kan jo svare i telefonen likevel utan å bryte loven. Så vi fekk ein hyggeleg samtale om ei tid som no er langt tilbake i livet mitt. Eg reiste frå Stokmarknes i 1991 for å begynne som kyrkjelydsekretær i Valle.

Han kunne gjerne fortelje om tidebønn i Valle Radio, sa han, så det vil du nok få høyre ein tirsdag i nær framtid.

Bønn, lovsang og UNESCO

Alt dette og mykje meir kan ein få med seg om ein høyrer på Valle radio denne veka. Siri Johannessen er ansvarleg for tysdagskvelden og Ørnulf Hasla har ansvaret onsdag- Her er programma:

arlig og tekniker: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret med kåseri av Asbjørn Kvalbein (Norea)18.15 Over en åpen bibel med  Geir Stomnås fra Norea
18.30 Country-gospel timen med Per Govertsen

19.30 Timen med bl.a.Torleiv Austad om bønn

20.30 Postludium med lovsang

21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 15 februar

19.00-19.30 Tankar frå bibelen med Håvard Viki.

19.30-20.00 Komm.info med Rektor på Valle skule, Marit Jaabeæk Brokke.

20.00 Aktuell time.

20.00-20.15 Desentralisert vernepleiar utdanning i Setesdal i regi av Sipr. Med Marianne Hovet Steig og Thea Dblu.

20.15-21.15 Unesco status i Setesdal, nå og framover, intervju med Annbjørg Lien.

21.15 Musikk Med Johs Bjørkeli

Teknikar: Jørund Georg Jore

Ansvarleg: Ørnulf Hasla

Høyr Valle radio på www.valleradio.com

Du kan følge linken til sendinga på Valle radio si Facebook side

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Kurdistan

Kurdistan er ikkje ein stat, som Norge og Sverige. Men kurdisk språk finn vi i Tyrkia, Iran, Irak og Syria og landet har mykje av felles kultur med Afghanistan. Så når eg i det siste har lese bøker som Bokhandleren i Kabul, De krenkede og To kvinner av Åsne Seierstad, var det ikkje ukjent å kome til Dødevaskeren av Sara Omar.

I denne boka vekslar handlinga mellom 1980-talet i Kurdistan og 2016 i Danmark, der ei kvinne ligg på sjukehus. Ho var barn i Kurdistan på 1980-talet. Livet for kvinner var ikkje lett, dei var mannen sin eigedom. Ein snill mann kunne gje dei eit leveleg liv, men mange måtte tåle både slag og spark, om ein skal tru Sara Omar, og det er det vel ingen grunn til å ikkje gjere.

Bøker kan hjelpe oss til å forstå verda rundt oss sjølv om vi ikkje reiser på tur. Som turist ser ein også bare overflata.

Fager kveldssol

I kveld var det igjen sending i Valle radio. Eg høyrde ikkje alt i kveld, Ukjent arving på TV er eit interessant program som eg likar å sjå, så det vart prioritert. Men eg løyste ein rebus og kom inn i studio, det var Valentinsdagen det var tale om, 14. februar. Og så vart eg utfordra til å syngje for å få ein ekstra lapp i bollen. Då song eg

Fager kveldsol smiler
over heimen ned,
jord og himmel kviler
stilt i heilag fred.

Berre bekken brusar
frå det bratte fjell,
Høyr kor sterkt det susar
i den stille kveld!

Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro,
ingi klokke bera
honom kvilebod.

Så mitt hjarta stundar,
bankande i barm,
til eg ein gong blundar
i Guds faderarm.

På Wikipedia fann eg både teksten og litt informasjon, den står under her.

Tekst
August Heinrich Hoffman von Fallersleben, til norsk Peter Hognestad

Melodi
Chr. H. Rinck ca. 1814 

Kjelde
Frå Ivar Grimstad (red): Songbok for pensjonistlag og andre lag, 2. utgåva 1987. Tysk original 1837, trykt 1839. Norsk omsetjing første gong prenta i Norsk Barneblad 4.12.1904, med endra siste strofe i Stille Stunder, 1910.

Etter meg var det fleire andre som kom inn, så sendinga kunne gjennomførast heilt fram mot klokka 23, men då sa Jorunn og Kåre god natt.

På tur

I dag var det igjen ut på tur. Eg hadde time på sjukehset i Kristiansand klokka 18, så seint har eg ikkje hatt time før. På medisinsk poliklinikk var det stor aktivitet, minst like stor som på ein føremiddag.

Fredag var eg inne og tok blodprøve, i dag tolka legen min det dei fann og sa at situasjonen var på same nivå som tidlegare, det kalla han eit godt resultat.

Før vi dro innover, hadde vi Jorunn og Ole Thorvald til middag og kaffe. Dei fekk laks og ovnsteikte grønnsaker. Slik feira vi at vi har vore gifte i 53 år. Derme høyrde eg ikkje på Valle radio i kveld og kan ikkje gje noko referat frå det som skjedde der i denne bloggen.

På heimvegen i mørket tulla vi oss opp på Mjåvatn industriområde,. Det er så mange skilt og avkøyringar og omkøyringar et ein kan bli litt tullerusk. Men vi kom oss no heim etter kvart.

Breitt

Programma i Valle Radio famnar breitt denne veka. Siri Johannessen har ansvar for både tysdag og onsdag, og ho har funne sinterssante folk å snakke med både i og utanfor Setesdal.

Her er progamma:

Tirsdag 7. februar

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen

18.00 Kvarteret med kåseri av Asbjørn Kvalbein (Norea)18.15 Over en åpen bibel med  Geir Stomnås fra Norea
18.30 Country-gospel timen med Per Govertsen

19.30 Timen med 

* Astrid Nomeland med nytt fra kirke og bedehus, og Helge Flatøy fra Open Heart

* Nytt fra Bykle kommune ved Ole Birger Lien og  Kjetil Vik

20.30 Postludium med Niklos K. Besteland

21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 8. februar

Ansvarlig: Siri Johannessen, tekniker: Liv-Gunn Viki, telefonvakt Ingeborg Åkre Løyland

19.00 Tankar frå Bibelen ved Torfinn Brokke

19.30 Kommunen informerer med Torunn Charlotte Nyberg fra kultur og fritid

20.00 Timen med etnolog Kathrin Pabst og leder for Bygland Næringslag Rune Steen Moen

21.00  Opi sending med Jorunn og Kåre – Telefon 41 77 77 66

NETTRADIO via http://www.valleradio.com

Stille dagar

Eg lever ganske stille dagar for tida. Sjølv om det ikkje er snø, er det ikkje så fristande å gå ut heller. Difor var det hyggeleg å få besøk for ei tid tilbake då Aud og Arne Wilhelm Haugland dukka opp. Han er frå Kristiansand, ho frå Karmøy, dei er gamle vener frå Den indre Sjømannsmisjon, der ho var husmor på Elieser 4 og han var velferdssekretær og styrar på fiskarheim. Då kunne praten gå om laust og fasm folk vi møtte for mange år sidan og eitt og anna tema av nyare slag.

Så fekk eg ein mail frå Eddie Vigesdal om eg ville ha bilder han hadde fått digitalisert frå oppveksten vår på Ålgård. Han var næraste nabo og gjekk i same klasse som meg. Ettersom eg reiste frå Ålgård etter gy,maset og sidan bare budde der ei kort tid, har eg ikkje så mange kontaktar der lenger, det er bare yngste bror Hermund som bur der nå. Eddie hadde fått låne album og digitalisert gamle bilder for historielaget. No var dei tekne vare på, og truleg blir mange av folka også identifiserte.

Sjølv gleder eg meg over at det går framover med Setesdalswiki. Vi har passert eit nytt hundretal, men det kan eg skrive meir om seinare.

Er vi tilbake?

I kveld prøvde Sigmund å hjelpe meg å få bloggen tilbake. Vi veit ikkje heilt om det lukkast, men eg prøver å skrive noko, og då er det naturleg å kegge ut programma for radioen denne veka.

Tirsdag 31. januar

Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Programinformasjon, kåseri ved Asbjørn Kvalbein (Norea)
18.15 Over en åpen bibel med Geir Stomnås fra Norea

18.30 Arkivert og hentet frem igjen

19.30 Bibeldagen 2023 med Bernt Greger Olsen fra Bibelselskapet

20.00 Pre- og Postludium til minne om Magnar Mangersnes med Kolbein Haga og Ivar Mæland

21.00 Kyrkjebakken