Fager kveldssol

I kveld var det igjen sending i Valle radio. Eg høyrde ikkje alt i kveld, Ukjent arving på TV er eit interessant program som eg likar å sjå, så det vart prioritert. Men eg løyste ein rebus og kom inn i studio, det var Valentinsdagen det var tale om, 14. februar. Og så vart eg utfordra til å syngje for å få ein ekstra lapp i bollen. Då song eg

Fager kveldsol smiler
over heimen ned,
jord og himmel kviler
stilt i heilag fred.

Berre bekken brusar
frå det bratte fjell,
Høyr kor sterkt det susar
i den stille kveld!

Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro,
ingi klokke bera
honom kvilebod.

Så mitt hjarta stundar,
bankande i barm,
til eg ein gong blundar
i Guds faderarm.

På Wikipedia fann eg både teksten og litt informasjon, den står under her.

Tekst
August Heinrich Hoffman von Fallersleben, til norsk Peter Hognestad

Melodi
Chr. H. Rinck ca. 1814 

Kjelde
Frå Ivar Grimstad (red): Songbok for pensjonistlag og andre lag, 2. utgåva 1987. Tysk original 1837, trykt 1839. Norsk omsetjing første gong prenta i Norsk Barneblad 4.12.1904, med endra siste strofe i Stille Stunder, 1910.

Etter meg var det fleire andre som kom inn, så sendinga kunne gjennomførast heilt fram mot klokka 23, men då sa Jorunn og Kåre god natt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *