På tur

I dag var det igjen ut på tur. Eg hadde time på sjukehset i Kristiansand klokka 18, så seint har eg ikkje hatt time før. På medisinsk poliklinikk var det stor aktivitet, minst like stor som på ein føremiddag.

Fredag var eg inne og tok blodprøve, i dag tolka legen min det dei fann og sa at situasjonen var på same nivå som tidlegare, det kalla han eit godt resultat.

Før vi dro innover, hadde vi Jorunn og Ole Thorvald til middag og kaffe. Dei fekk laks og ovnsteikte grønnsaker. Slik feira vi at vi har vore gifte i 53 år. Derme høyrde eg ikkje på Valle radio i kveld og kan ikkje gje noko referat frå det som skjedde der i denne bloggen.

På heimvegen i mørket tulla vi oss opp på Mjåvatn industriområde,. Det er så mange skilt og avkøyringar og omkøyringar et ein kan bli litt tullerusk. Men vi kom oss no heim etter kvart.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *