Merkelapp-arkiv: setesdalswiki

Haustferie 2011

I dag stod det i annonsen for Valle Radio at det ikkje var sending tysdag i haustferien og at onsdagssendinga gjekk ut. I staden vart det sending til heile dalen fredag. Programmet for den sendinga kjem i fredagsavisa.

Då klokka var seks i kveld, tenkte eg på sendinga som altså ikkje vart gjennomført i dag. Eg har no prøvd å skrive litt på Setesdalswiki i staden, men det er rart å sitje heime og sjå på TV ein tysdagskveld mellom 18 og 22, det er heilt ukjende program for meg, ettersom det er den tida eg til vanleg er i radioen.

For sjølv om kroppen min er i Mandal, er det nok slik at ein stor del av tankane mine er i Setesdal. Etter at eg tok til å skrive på Setesdalswiki, leitar eg i gamle og nye nummer av Setesdølen for å finne stoff, som eg så tilpassar leksikonformatet og lagar artiklar om. I veka før haustferien starta, hadde vi 1700 artilar, no nærmar det seg 1800. Kan hende når eg målet før haustferien er slutt. Då kan ein jo seie at det har vore ein produktiv haustferie, sjølv om eg ikkje har plukka ei einaste potet.

Medan eg sat og skreiv dette, kom Annemor innom på Facebook og takka meg for gårsdagens blogg. Ho var svært nøgd med opplevinga i går, naturleg nok. Her er ei lenke til NRK Sørlandet sitt intervju med henne i høve at ho vart tildelt statsstipend frå 2012: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.7820158?utm_source=twitterfeed&utm_medium=twitter

Har det skjedd noko anna i dag. Sjølvsagt har det det. For ein som er oppteken av Wikipedia, sjølv om eg ikkje skriv så mykje der noe som tidlegare, er det litt dramatisk å oppleve at italiensk wikipedia har gått til streik. Vi har jo sett at dei streikar i Hellas, men i Italia får ein ikkje lese på Wikipedia i kveld. Det skuldast at det blir føreslått å innføre ein lov der ein som er misnøgd med ei side på Internett, kan klage, og då må den som eig nettsida gjere som klagaren seier. Ikkje rart om wikipediafolk protesterer, for om dei har skrive ein artikkel og det er ein som ikkje likar det, vil han kunne kreve artikkelen fjerna. At ein snakkar saman om korleis ein artikkel skal vere, er heilt naturleg i wikipediamiljøet, men ikkje at nokon som ikkje skriv, skal kunne bestemme.

Så du skjønar at haustferien 2011 byr på litt av kvart.

Ljomsnuten

I dag skreiv eg ein liten artikkel om Ljomsnuten på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Ljomsnuten Eg visste ikkje så mykje om fjellet frå før, så eg gjorde eit søk med Google, og då kom eg til ei lenke med ein kommunepresentasjon. Der las eg: I Rjuvenområdet på Vestheia er det fleire toppar over 1400 m.o.h. På Austheia er Ljomsnuten den høgaste med 1268 m.o.h.

No har det seg slik at eg i samband med at eg lagar Setesdalswiki, har skrive om boka til Reidar Tveito: Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra 3 Han har vore på Kaldeskardnutan på 1342 moh. Sjå:
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Dei_h%C3%B8gaste_fjell_og_nutar_langs_b%C3%A5e_sider_av_Otra_3

Dermed måtte eg tilbake til boka til Reidar, for å finne ut meir. Etter å ha sett litt i den boka lurer eg på om ein i Valle ikkje reknar området mellom Bjørnevatn og Bykle til å høyre med til Valle kommune, for Kaldeskardnutan ligg i det området, ein kan gå opp Mjågeskor for å kome til høgaste fjellet i Valle kommune på austsida. Som kartet i artikkelen på Setesdalwiki syner ligg Ljomsnuten søraust for Valle kyrkjebygd.

Eg meiner nokon bør oppdatere informasjonen kommunen sender ut om kva som er høgaste fjellet på austsida av dalen. Her er nokre lenker:
http://tomter.no/kommune.php?newsid=1068&pageid=4 (litt nede på sida)
http://www.karriereguiden.no/valle-kommune-har-litt-over-1-400-innbyggjarar-68045.html (sjuande linje)
http://www.valle.kommune.no/modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=620&Category.ID=1144 (Tredje avsnitt)

Truleg er det den siste lenka som er grunnlaget for dei to første. Den kan ein eller annan i Valle kommune fikse.

1700 artiklar

I dag runda Setesdalswiki 1700 artiklar. Det var ein artikkel om Coop Marked Byglandsfjord som førde det regionale leksikonet over på neste hundretal, og ein kan vone å runde 2000 ved joletid, for dei siste månadene har det vore om lag hundre nye artiklar i månaden, og i dag er det tre månader til jol.

Ikkje lenge etter at artikkelen var skriven, hadde Reidar Tveito lagt inn bilete av butikken på Byglandsfjord. Han fylgjer med på kva som skjer på setesdalswiki, og når han har eit bilete som høver, legg han det inn. Det er ei god hjelp i å gjere leksikonet best mogleg når ein kan ha bilete til å illustrere artiklane.

Eg fann og informasjon til å legge inn om selskapet som no driv butikken i Grendi. Det er eit aksjeselskap med Oddvar Omnes som styreleiar, Grendi Handel AS. Leksikonet vart jo starta for å gjere næringslivet i Setesdal kjent. Det har nok blitt meir kultur og natur enn næringsliv, for det er ikkje lett å finne kjelder på næringslivet, og eit leksikon skal helst ha grunnlag i kjelder som kan finnast ein eller annan stad. Eg er svært takksam til Setesdølen for at vi får nytte avisa som kjelde, den er den einaste trykksaken som systematisk dokumenterer det som skjer i Setesdal. Men også den har meir kultur og politikk enn næringsliv, noko som vel er nokså naturleg. Og sjølv om den har næringslivsartiklar, er det ikkje alltid informasjonen høver til å omforme til leksikonspråk.

Leksikonspråk er ein eigen sjanger. Då leksikona var papirbaserte, var det om å gjere å skrive kort. Slik er det ikkje i eit digitalt leksikon, men ein må likevel halde seg til fakta og ikkje til reklame. Målet er at artiklane skal vere nøytrale. Då er det mykje som fell utanfor i høve til avisartiklar, så artiklane i Setesdalswiki er nok meir kjedelege enn artiklane i Setesdølen. Det fine er at når Setesdølen er brukt til å tenne opp i omnen med, så ligg i alle fall litt att frå avisa på Internett, ettersom eg har fått lov til å skrive overskriftene inn i artiklar. Det var slik artikkelen om Coop Marked Byglandsfjord kom til, dei hadde kome på andreplass i ei undersøking om korleis kundene såg på butikken.

Gratulerer frå Setesdalswiki til butikken på Byglandsfjord.

Dette var artikkel nr. 1700:
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Coop_Marked_Byglandsfjord

Og her er lenke til artikkelen om aksjeselskapet Grendi Handel:
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Grendi_Handel

Politiske biografiar

Setesdalswiki har hatt ambisjonar om å få på plass biografiar om dei som stiller til val i 2011 og dei som har vore i kommunestyra i perioden som har gått. Det har ikkje vore lett, Iveland KrF og Evje Høgre er unntak som stadfester regelen heller enn standard.

No er vi gått inn i siste veka før valet, og det er nok bare å sjå i augo at ambisjonane ikkje vart innfridde. Sjølv om vi har over 1600 artiklar, har vi ikkje klart å få på plass biografiar for dei som skal styre kommunane i Setesdal i åra som kjem. Heller ikkje dei som går ut av kommunestyra i haust, har vi fått biografiar om.

Situasjonen ei veke før valet er slik:

5 i Bykle av 60 (8 prosent)
15 i Valle av 59 (25 prosent)
7 i Bygland av 55 (13 prosent)
20 i Evje og Hornnes av 77 (26 prosent)

Det er ikkje så mykje som treng å stå i ein slik biografi, men eg likar at ein får på plass jobbar og utdanning saman med anna engasjemnet ein kandidat har hatt i lokalsamfunnet. I utdanning likar eg å få med skular ein har gått på, ikkje bare at ein er bonde, snekkar, sjukepleiar eller lærar, men at ein er sivilagronom frå Ås, har gått på Blakstad VGS, har sjukepleiarutdanning frå Lovisenberg eller lærarutdanning frå Nesna lærarhøgskole. Slike opplysningar er med på å gje eit rikare bilete av den som ein eventuelt skal gje personstemme.

Eg klarar ikkje å få på plass biografiar over alle kandidatane til valet i 2011, men om du som les dette, hjelper til, kan det gå. Kvar dag er det minst 60 som les bloggen, og om de som les, fiksa ein artikkel og utfordra vener til å å ta ein, kan vi klare det.

Marhyl og kappleik

Sjølv om Marhyl bare ligg ein snau kilometer frå huset på Nomeland der eg budde i mange år, har eg aldri vore nede ved badeplassen. Mange gonger når eg har køyrt forbi, har eg registrert at det har vore folk der, for det har stått bilar på parkeringsplassen. Etter kvart er den blitt oppgradert og har fått plass nok til at det dei fleste dagar er plass.

Fredag kom det fram i Setesdølen at dei ynskte flytebrygge og vassklosett, og sjølv om folk såg i augo at det siste ville vere vanskeleg å få på plass, meinte både Bjørgulv T. Berg og Kim Pedersen at flytebrygge burde vere meir oppnåeleg.

Artikkelen i Setesdølen førte til at eg skreiv ein liten artikkel på Setesdalswiki, men den manglar bilete, og ei etterlysing av bilete på Facebook har ikkje gjeve resultat så langt. Artikkelen finn du her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Marhyl

I dag kom resultatlista frå Setesdalskappleiken 2011. Eg prøver å få lagt den inn i artikkelen på Setesdalswiki, men det tok litt tid, for det var ei pdf-fil som var organisert på ein annan måte enn det eg fann naturleg. Så eg må taste det heile om att, men etterkvart vil heile lista finnast i artikkelen om kappleiken på Setesdalswiki. Sjå nederst i artikkelen her http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalskappleiken_2011 Framleis vil det ta tid før dei raude lenkene er blitt blå, men det fyllest på med artiklar, kvar dag kjem det ein eller fleire nye. No er det 1543 artiklar og dagleg er om lag 100 personar innom og finn eitt eller anna nyttig. Velkomen innom du og.

Hund og katt

Den som har høyrt eit kåseri av HC Hansen der han legg ut om pus sine vurderingar av situasjonen i verda, har ofte trekt på smilebandet over kåsøren sin omgang med kattar, Whiskas og whisky.

Me har og ein katt og den har etter kvart fått mange kommentarar. Han hoppar opp på gelenderet og bankar på vindauga når han vil inn, og når vi et frukost, kjem han og set seg på golvet ved sida av bordet og sit til han får ein brødbit med smør på. Av og til er han nøgd med ein bit, andre gonger vil han ha meir. Ei halv skive av familieskinke vert ofte og sett pris på, før han luntar opp trappa og finn ein roleg plass å tilbringe dagen inntil Reidun kjem heim. Av og til lurer eg på om han kan klokka, for nokre minutt før ho kjem ned bakken, sit han i vinduet og kikkar etter henne, og når bilen kjem, er det full fart ut i gangen for å vere mottakingskomite.

Men om eg vil ha han ut og han sjølv ikkje vil, nyttar det ikkje om eg opnar døra, han snur halen til døra etter å ha kikka ut, så jamtar han og vil ut døra på andre sida av huset. For min del kunne vi godt vore utan katt, men det er ei anna soge.

Då eg vaks opp, hadde vi hund eit par år, det er ei tid eg minnest med glede. Difor kan eg forstå det når den nye skulepsykologen Silje Marie Rygnestad Nesvaag tek med seg hunden Lobo på biletet i Setesdølen fredag 5. august. I den artikkelen hadde Helene Horverak fått med så mykje informasjon at eg kunne lage ein artikkel på Setesdalswiki om henne. Du kan lese den her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Silje_Marie_Rygnestad_Nesvaag Og då eg leita etter eit bilete av henne, kom det opp bilete på Facebooksida hennar, der var også Lobo med.

Den hunden er kanskje meir enn bare ein hund, for psykologen har skrive masteroppgåve om Tassende terapi. Den ligg ute på internett, og du finn oppgåva via Setesdalswiki og kan lese det ho skreiv om å bruke hundar i dyreassistert terapi.

Tid for å fylle opp kalenderen 3

I denne serien om å fylle opp kalenderen har eg eit poeng til. Det er litt mindre personleg enn dei ande to artiklane mine, som har handla om Time Manager og Valle Radio sin kalender. Men Setesdalswiki har og ein kalender.

Om du ser i venstre margen på Setesdalswiki, står det Kalender 2011. Om du trykker på den lenka, kjem det opp ein kalender for heile 2011. Nokre tal er raude, nokre er blå. Dei raude betyr at det ikkje er skrive noko, dei blå har alt informasjon om eitt eller anna.

Tanken med å ha ein kalender på Setesdalswiki er at ein skal kunne skrive inn informasjon om hendingar i Setesdal på den aktuelle dagen. Alle kan skrive inn informasjon der, det kan til og med gjerast om ein ikkje har registrert seg, men det er noko enklare å gjere det registrert, for då slepp ein å skrive inn koden som uregistrerte brukarar må nytte for at vi skal unngå spam i nettleksikonet for Setesdal.

I denne kalenderen kan ein altså skrive inn hendingar som skal skje. Nokre lurer på kvifor eg skriv dei i fortid, det er fordi då slepp eg å gå inn og rette det når dagen har vore der. Eg skriv inn mangt og mykje, mest slikt som er annonsert i Setesdølen, ettersom eg ikkje i særleg grad har andre kjelder å basere informasjonen på.

Eg hadde likt godt om du skreiv inn hendingar i den kalenderen. Det tek bare ein augneblenk, men om ti personar skriv for aktivitetar som lag og organisasjonar har, vil det fort verte ei stor kjelde til informasjon som folk kan nytte. Eg veit det er andre slike tenester, men det fine med Setesdalswiki er at alle kan skrive, om ein skal ha det inn på ei kommunal informasjonsside, må ein sende mail til dei som har rett til å leggje inn stoff der. Ved å skrive det på Setesdalswiki, sparar ein eit ledd og kan legge ut informasjonen som ein sjølv vil. Nokre gonger fortener arrangementet ein eigen artikkel, andre gonger kan alle informasjonens stå direkte i kalenderinnslaget, det er valgfritt. Men det fine med Setesdalswiki er at ein kan lenke til namna på dei som skal delta med foredrag eller musikk, og ofte er det artiklar om dei, og om det ikkje er, kan ein skrive artiklar om dei og.

Tenk om vi kunne fylle kalenderen på Setesdalswiki slik at alle dagan for resten av 2011 vart blå.

The Jore’s

The Jore’s er ei musikkgruppe frå USA som har namn og slekt i Valle. Torsdag har dei konsert i Valle kyrkje, country gospel er kan hende stilen deira, dei som høyrde gruppa spele på sentrumsfrokosen i fjor, veit det betre enn eg, for eg har ikkje høyrt dei, og får ikkje høve til å høyre dei i år heller. Men eg skreiv artikkel om dei på Setesdalswiki, den kan du lese her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/The_Jore’s

Det var ikkje så lett å finne informasjon om dei, dei har ikkje prioritert å vere til stades på Internett, som mange andre musikkgrupper eg har skrive om. 15 av 1470 artiklar på Setesdalswiki er om musikkgrupper. Dei fleste har eg funne informasjon om i Setesdølen og på Internett, slik var det med The Jore’s og, men der var det lite å finne på Internett. Hadde det ikkje vore fordi dei spelte på noko som heiter Deutschesfest i Odessa, hadde eg truleg gitt opp. Men dei har vore på denne festen i staten Washington, og der fann eg omtale av gruppa. Odessa er ein stad med tusen innbyggarar, men Deutschesfest samlar tusenvis av tyskætta frå store område, kanskje på same måte som Norsk Høstfest i Minot, som Valle Radio sin styreleiar Ørnulf Hasla har vore med på i ei årrekke.

Ein svært talentfull og musikkglad familie, The Jore’s. Så eg skjøner eg går glipp av noko, men heller ikkje i år har eg høve til å få høyre dei. Så klokka 20 torsdag 14. juli, då er tida inne for ein tur i Valle kyrkje. Eg kan bare ønske lukke til.

Tenk om Setesdalswiki vart meir brukt

Tenk om folk i Setesdal ville bruke Setesdalswiki til alt den nettstaden kan brukast til. Bare fantasien set grenser. No ligg det ganske mykje stoff der, det nærmar seg 1500 artiklar, og for kvar ny artikkel som kjem, veks nytteverdien for denne informasjonskanalen ved at hyperteksten vert betre og betre. (Hypertekst er namnet ein nyttar for å seie noko om lenkene i leksikonet, dei gjev lesaren høve til enkelt å gå frå artikkel til arikkel.)

I dag fann Helge ein måte å legge inn ein heil årskalender, slik at det er mogleg å få oversikt over dager der det ikkje er artiklar, ikkje bare i løpet av ein månad, men for eit heilt år. Setesdalswiki er spesiell på den måten i høve til wikipedia, som skil mellom dag og årstal. Ved å ha dei saman, vert det ei unik oppslagstavle for akkurat den dagen, og det gjev høve til å legge inn ein aktivitetskalender for eit lag eller ei forening. I og med at kven som helst kan redigere, kan informasjonen oppdaterast når det er trong for det utan at ein må sende det til ein ansvarleg som skal gjere det på vegne av deg. Du kan gjere det sjølv. Lenke til kalendersida ligg i venstremargen, med eitt klikk har du heile kalenderen på plass, og eit nytt klikk gjev deg datoen du vil legge inn informasjon på.

Når eg legg inn hendingar i kalenderen, er det som oftast hendingar som er omtalt i Setesdølen. Men det er jo ikkje noko krav at det skal vere hendingar som er annonsert eller omtalt der. Om laget eller foreninga di har ein møteplan, kan den leggjast inn. Og når du skriv ein artikkel om laget eller foreninga di, kan du lage ei lenke der du legg inn møteplanen for laget for eit semester eller eit år. Til dømes kan Valle bygdekvinnelag ha ei lenke som heiter Valle bygdekvinnelag – Møteplan 2011, så lagar du ei lenke for denne teksten og skriv inn heile møteplanen for 2011 der. Og slik kan alle lag og foreningar i Setesdal ha si eiga side med møteplan. I tillegg kan ein altså no leggje det inn på den aktuelle datoen. Tenk om nokon hadde teke det i bruk for hausten 2011!

Setesdal Husflidssentral

Setesdal Husflidsentral har no fått artikkel på Setesdalswiki, og Britta Lise Homme hadde bilete, så artikkelen har fått to bilete. Opp gjennom åra har Randi Gåserud Myrum ofte vore i Valle Radio og fortalt om aktivitetar dei har på Husfliden, så eg syntest det var på tide å skrive litt om emnet her på bloggen og. Om du går inn på artikkelen http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdal_Husflidssentral kan du finne ut om det manglar noko som burde vore med.

Men grunnen til at eg skreiv om Husfliden i dag, er nok at eg held på å fylle ut røde lenker i artikkelen om Kunstlaget si sommarutstilling 2011. Eg har ein tanke om at det kan vere ein fordel for utstillinga, og eg vil gjerne hjelpe Ånund K. Homme på min måte. Han og Nella har vore inspirasjonskjelder for meg i dei 20 åra eg no har vore i Valle (kom hit i august 1991, så det manglar vel ein månad). Ånund er pensjonist, men har heile si pensjonisttid halde fram med kulturaktivitetar i bygda, og i år slo utstilling til med betre sal enn på lenge, trass i at medlemstalet i kunstlaget sjeldan har vore så lågt som no.

Sommaren 2011 kan godt brukast til å skrive på Setesdalswiki, så eg skriv litt innimellom. Men i dag måtte eg sjå Thor Hushovd sykle i gul trøye i Tour de France, så det vert lange avbrekk. Ettersom det norske damelandslaget sparka fotball i kveld, vart det litt fotball og. Slik rullar dagane med ymse gjeremål. Det eg held på med, kan ikkje leverast for sal på Setesdal Husflidssentral, men vonleg kan det gjere folk i Setesdal meir kjende med kva som rører seg i bygdene, både kven som bur her og kva dei held på med.