Merkelapp-arkiv: setesdalswiki

Krullane

Langs riksveg 9 står det nokre store bautaer. På min tur mellom Mandal og Valle ser eg dei på Hornnes, Bygland og Helle. Steinane strekkjer seg mot himmelen. På steinane er det montert krullar i aluminium, trur eg. Dei bind symbolsk saman Setesdal ved at same bautaen står fleire stader i dalen.

Krullane er logoen til Setesdal Regionråd og finst på heimesida deira og på publikasjonar dei gjev ut. Dei fem krullane symboliserer dei fem kommunane som var med i Setesdal Regionråd frå starten, at Iveland gjekk ut av samarbeidet er skuffande, men logoen vart ikkje endra.

Når nokon har gjort ein jobb for Setesdal Regionråd, vankar det ofte ein sylv-pin som takk for innsatsen. Den har og form som krullane på bautaen. Etter at eg hadde presentert Setesdalswiki på ein konferanse, vart eg overraska med ein slik pin og eit blått fat frå Glashytta på Bygland med krulle-dekor. Begge deler gjorde meg overvelda og glad.

Vi brukte ganske lang tid på å finne ein logo til Setesdalswiki. Eg ville helst ha ein logo med krullane på for å symbolisere at Setesdalswiki var oppretta som eit initiativ frå Setesdal Regionråd, men ettersom det ikkje skuldast eit vedtak i styret, men eit benkeforslag på Setesdalskonferansen 2009, var ikkje dagleg leiar Signe Sollien Haugå så stemt for det. I staden gjekk utfordringa til designer Ove Kjetså om å prøve å finne ein logo. Eg ville gjerne ha noko som heldt forbindelsen til regionrådet sine krullar.

Etter mange diskusjonar og utkast snudde han på flisa ein dag og kom opp med eit tre som var laga av krullane, og då sa det klikk. For Setesdalswiki veks og nye krullar legg seg til gamle krullar. At han også fekk med fargane frå Setesdal gjorde det endå betre. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hovedside

Krullane tek utgangspunkt i løyesaumen som er til bunaden. Slik vert symbol knytte saman og tilpassa ei ny tid.

Ein gangar og ein spelemann

‎Sigurd Brokke har eit fyldig teksthefte i plata Munnharpe. Der fann eg nok informasjon om Gangar etter Tarkjell Aslakson Austad til at eg kunne lage ein artikkel om slåtten på Setesdalswiki. Og så blei det ein artikkel om mannen bak gangaren, han som kappspelte med Myllarguten. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tarkjell_Aslakson_Austad

Eg har ikkje særleg peiling på folkemusikk, men eg har funne ut at eg kan skrive litt på Setesdalswiki om slåttar eg kjem over dersom plateomslaget har noko informasjon eg kan bruke. Ofte vil eg finne litt her og litt der, og i artikkelen kan eg ha med ulike innspelingar av slåttane. Det er lite slikt stoff på Internett, så ofte vert desse artiklane slått opp. Artikkelen om Klunkaren har blitt vist knapt 300 gonger på snautt to år. To andre slike artiklar har blitt vist vel 80 gonger. Eg trur difor det er eit behov for slike artiklar, folk som høyrer ein slått kan finne ut meir om han om dei slår opp i Setesdalswiki.

Av og til kan ein kome over ein opphavsmann til ein slått. Då er det spennande å skrive litt om han og, særleg om han er frå Setesdal. Då høver ein artikkel godt inn i konseptet til Setesdalswiki. Men Tarkjell Aslakson Austad var fødd i 1802, så det var ikkje så lett å finne noko stoff. Men så sat eg og bladde i Setesdals Spelemannslag 50 år 1930-1980, og plutseleg dukka namnet hans opp. Dermed vart det ein artikkel med kjeldetilfang frå denne boka og frå litt eg fann om han i artikkelen om Myllarguten i Norsk Biografisk Leksikon. Dei nytta Gamalt or Setesdal som kjelde, truleg kunne eg funne meir om eg hadde leita der, men artikkel vart det.

Og om eit par veker, laurdag 23. juni 2012 er det hundre år sidan bautasteinen over han vart reist på Austad kyrkjegard, der han vart gravlagd i 1875. Då låg kyrkja enno på Austad, det var først i 1880 ho vart reist på Tveit.

Om å møte seg sjølv

Når ein skriv leksikon både på Setesdalswiki og Wikipedia, hender det at ein møter seg sjølv. Det skjedde sist veke då eg skreiv inn overskriftene i eit Setesdølen frå 2007. Der var det eit lesarbrev som hadde fått overskrifta Den store dreparen i Kosåna, og eg tenkte eg ville finne ut noko om denne elva.

Så viste det seg at Wikipedia hadde ein artikkel om Kosåna, der ein artikkel i Setesdølen hadde vore brukt som kjelde. Eg sjekka historikken, og det synte seg at forfattaren var meg sjølv.

Kosåne er eit sidevassdrag til Mandalselva. Når ein køyrer frå Kjetså mot Sveindal, kjem ein til Bjørnekroa, og så må ein opp over eit nytt høgdedrag, der grensa mellom Aust-Agder og Vest-Agder går. Vatnet ved Bjørnekroa er ein del av Kosåna-vassdraget, som startar i Åseral og renn ut i Mandalselva ved Foss nær Bjelland, kunne eg lese i den artikkelen.

I grunnen var det ein så god artikkel at eg kopierte han over til Setesdalswiki. Eg var nøgd med han, eg hadde skrive han sjølv. Men eit søk synte at det kunne skrivast langt meir, for 11. juni 2004 vart Kosåna teken inn i Verneplan for vassdrag. I samband med dette er det gjort ei rekke undersøkingar, så lenka nederst i artikkelen viser til mykje stoff som kan flettast inn. Det får kome etter kvart. Setesdalswiki veks i talet på artiklar, men og ved at artiklane vert større og meir utdjupande. Eg vil og prøve å få lagt inn kart i artikkelen, men då må eg ha koordinatar, og dei har eg ikkje fått heilt på plass enno.

Varmebølge

I dag vart eg heilt slått ut. Varmen kom brått denne veka og med store vindu mot sør i klasseromet vert det rimeleg heitt utover dagen. Eg hadde planar om å skrive Setesdalswiki i dag, som eg hadde det i går, men det går noko tregt. Heldigvis fekk eg informasjon frå Rolf Erik Homme i går, så då hadde endå ein av medarbeidarane i Valle Radio fått artikkel. Sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Rolf_Erik_Homme I ei av dei gamle avisene eg har skrive inn denne veka var det også omtale av ei av musikkgruppene han har vore med i, så då kunne eg få med ein artikkel om Country Caravan og.

Men så slo varmen meg ut og eg måtte heim og sove. Det hjelpte noko, ein liten kjøretur med god vind hjelpte og, så eg tok turen tilbake til klasseromet og skreiv litt meir. Eg hadde som mål denne veka å skrive inn nokre av dei avisene eg fekk frå kommunen i vinter, og det klarte eg. Men det er mange att. Dei får kome med tida. Det beste skriveveret er når det er under 20 grader, med 25 grader slår varmen meg heilt ut.

Men det vart til og med ein blogg i kveld, mai har vore noko skiftande i så måte. Men det lagar seg vel etter kvart, det og.

2400 artiklar

I kveld runda vi 2400 artiklar på Setesdalswiki. Det var artikkelen om Olav Mosdøl som stod for det, han hadde konsert i Fjellgardane kyrkje i kveld og då tenkte eg at det var eit godt høve til å få på plass ein artikkel om denne produktive byklaren som slo seg ned i Kviteseid. Der arbeidde han som lærar på Kvitsund gymnas til han vart 62, sidan har det mest vore skriving han har vore oppteken med.

Gjennom dei vel 20 åra eg har budd i Setesdal har eg jo møtt han nokre gonger. Eg har intervjua han for Valle Radio, det skjedde heime i stova hans i Kviteseid, og han har jo og vore i Valle med ulike konsertar gjennom desse åra. Mange av dykk som les bloggen, hugsar kan hende tilbake til året då Jol i Setesdal hadde kassettvedlegg. Sylvdråpan-kassetten hans fekk ekstra stort opplag då den kom som vedlegg til joleheftet. Også den er spelt i Valle Radio. Konserten på Hovden i kveld var basert på CD-plata Det syng, som kom ut like før jol. Om eg skulle skrive artiklar om utgjevingane til Olav Mosdøl, ville det gå fort mot 2500 artiklar, for han har vore produktiv sidan han slutta som lærar i 1999.

Elles vil jo om lag 30 artiklar kvar månad vere datoartiklar på setesdalswiki. Dagens dato ligg på framsida, slik at du kan sjå kva som skjer i Setesdal i dag. Denne sundagen er det mange møte og gudstenester, dei som arrangerer, er flinke til å få det med i Setesdølen, og dermed prøver eg å få det med på Setesdalswiki. Men det som ikkje vert avertert i avisa, vil vere meir tilfeldig om det kjem med på dagens side på Setesdalswiki.

Eg ser jo at det kunne vore fint med oversiktsartiklar av typen «språkstriden i Bykle 2012». Det er det vanskelegare å få til, for då må ein gjere ein noko større jobb enn det eg maktar å få til. Ein må gå gjennom artiklane i Setesdølen og sakshandsaminga i Bykle, og skrive ein oversynsartikkel. Det burde vore ein slik artikkel, men om han kjem, er nok noko meir usikkert.

Inntil vidare får vi gle oss over at Setesdalswiki veks med om lag 100 artiklar kvar månad.

Setesdalswiki runda 2300

I kveld runda Setesdalswiki 2300 artiklar. Det var journalisten Knut Olav Tveit i Mandagmorgen som var artikkelen, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Knut_Olav_Tveit

Eg oppdaga han ganske så tilfeldig og er glad for respons og hjelp til å skrive artikkelen, og plutseleg var det 2300. Dei hundre artiklane frå 2200 til 2300 har kome på tre veker, det er grunn til å glede seg over at utviklinga går rette vegen. Også besøkstalet har gått oppover i det siste. Snittet for januar er på 180 dagleg.

Eg hadde to dagar som eg ville sitje på biblioteket på Rysstad og i Valle. Det var ikkje mange som spurde om Setesdalswiki dei to dagane, men det får våge seg, det var hyggelege timar på biblioteket, sjølv om datamaskinane der ikkje var særleg eigna til redigering på nettstad. Dei gjekk i stein, både på Rysstad og i Valle, når ein skulle lagre, så var det bare å starte om att. Det er jo noko slitsamt. Bare korte fiksingar kunne maskinen godta.

Eg skreiv like godt eit brev til Setesdal IKT om problemet og om at ein burde få trådlaust internett inne på biblioteket, slik at ein kunne nytte eigen laptop der. Så får vi sjå om dei finn ei løysing på problema.

No startar vi på eitt nytt hundretal av artiklar på Setesdalswiki, det spørst om ein klarer det på under ein månad, som tidlegare har vore tida for eit hundre artiklar. Om fleire vert med i skrivinga, kan det nok gå, og vonleg vil fleire melde seg på etter kvart.

Gamle aviser

Etter å ha samla på gamle nummer av Setesdølen i tjue år, minst, hadde Valle kommune ryddesjau denne veka og valde å kassere heile arkivet. Men i staden for å køyre det til Syrtveit, kom det ein telefon til meg om eg ville bruke det til Setesdalswiki, så eg sa takk. Difor henta eg fredag ein haug med tidskriftboksar fulle av gamle aviser og tok med meg til Mandal. Resten skal heg hente på måndag. Mend korleis eg skal arkivere det, vert eit problem. Men det får eg løyse uover vinteren. Tusen takk til Elise Marie Kringen, som tok telefonen til meg, og til Valle kommune, som har samla aviser i så mange år for at dei kunne kome Setesdalswiki til nytte.

Etter kvart er no overskriftene i alle avisene frå 2010 og 2011 på plass på Setesdalswiki. Og så er det einskilde nummer av aviser tilbake til 2005. Eg såg på tidsskriftboksane som eg tok med meg til Mandal årstal tilbake til 1988, så det er ei stor gullgruve å grave i for å få dekt alt det som avisa har skrive gjennom 20 år. Men det vil ta tid å taste inn gamle avisoverskrifter frå så mange år tilbake, så det vil nok gå fleire år før dei er på plass. No går det mot 2300 artiklar, så nettleksikonet om regionen vår veks smått om senn, Besøkstalet går og oppover, fredag var det 160, og snittet til no i januar ligg på over 170, så det er mykje, samanlikna med kva det var for eit år sidan, til dømes, i mars i fjor var det på 44.

I dag hadde Knut Olav Uppstad skrive inn det meste av overskriftene i Setesdølen før eg sette meg til datamaskinen. Det var ei verdifull hjelp som eg er svært takksam for. Eg skulle jo ønske at fleire blei med i denne dugnaden til beste for Setesdal. Det er plass til mange medhjelparar for at leksikonet skal vekse vidare.

I dag fekk eg også ei hyggeleg helsing frå dagleg leiar i Aust-Agder Turistforening. Eg hadde skrive ein artikkel om Tjørnbrotbu, http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tj%C3%B8rnbrotbu og brukte eit bilete frå Turistforeninga si side. Så spurde eg om lov til å bruke biletet og la ved lenke, og då fekk eg dette svaret:
Hei Harald.
Det er helt iorden! Flott artikkel!
Med vennlig hilsen
Dag N. Fagermyr
Daglig leder

Andre gode hjelparar har og skaffa bilete, og det set eg svært stor pris på.

Setesdalswiki på Valle skule

I dag hadde eg gleda av å vere med ei gruppe elevar på Valle skule og fortelje om Setesdalswiki. Eg fortalde om nettvett og om korleis det er lurt å starte å skrive, og etter ein time der eg hadde demonstrert med projektor på tavla korleis ein kunne gjere, var det tid for elevane å prøve seg.

Då måtte dei registrere seg, og etter litt startkrøll var alle registrerte som brukarar, så i dag fekk vi fire nye brukarar, og alle fekk gjort ein redigering. Seinare skal eg kanskje tilbake til skulen for å syne fleire elevar korleis prosjektet fungerer, det er ikkje så dumt at unge folk lærer om det.

Å skrive leksikalsk er ikkje det same som å skrive ein vanleg stil. Ein leksikalsk artikkel er oppteken av å få fram fakta, og det er spesielle krav til form i eit leksikon. Til dømes skal ein artikkel starte med oppslagsordet, det skal og vere kjeldetilvising. Slike formelle ting er ikkje like lette å få med seg, så det tek som oftast noko tid før ein lærer det skikkeleg.

I går hadde eg kontakt pr. brev med ein som hadde prøvd seg som skribent på Wikipedia og blitt blokkert, han fylgde ikkje dei mange krava som tross alt er der, sjølv om slagordet er at alle kan skrive på wikipedia. Eg seier til folk at det beste dei kan gjere er å prøve seg fram på ein forsikig måte, gjerne med å rette ein ordfeil dei finn, for slik å få ei føling med korleis det verkar.

Sjølv om eg i dag var på Valle skule og fortalde nokre elevar om korleis det verkar, kan ein ikkje rekne med at det kjem så mange redigeringar frå elevar. Dei prøver det som ei skriveøving i klassen, men når timen er over, er det andre interesser som står i fokus. Men eg opplevde dei som interesserte og positive, det var ein hyggeleg time. Og framleis har eg ikkje funne kjelde til å skrive ein artikkel om Valle skule, vi får sjå kor lang tid det tek før eg finn nok stoff til å kunne skrive ein artikkel om skulen, eller om nokon andre let seg inspirere.

Ein produktiv kveld

I kveld var det ein produktiv kveld for Setesdalswiki. Eg hadde lova Astrid Nomeland at eg skulle prøve å få til at ho kunne kome i Valle Radio i kveld, og det hadde Ronny Stavsholt lova. Men så braut ho armen og måtte på sjukehuset. Dermed måtte intervjuet gjerast pr. telefon, og det var litt fram og tilbake om korleis eg skulle få gje nummeret hennar til teknikaren. Det enda opp med at eg tok turen ned i radioen, det hadde eg ikkje planlagt, men det vart interessant likevel. Når eg sit i radioen, er det ikkje alltid eg får høyre så mykje av sendinga, men i kveld fanga eg opp nok til å lage ei rekke artiklar.

Fyrst var det naturoppsynsmann Peter Hermansen, eg fann ikkje noko om han, men SNO Bykle fekk artikkel. Så kom Magnhild Hovet, ho skulle ha Kommunen informerer, og då fekk eg skrive ein artikkel om henne. Så kom Elin Uppstad og Aron Åkre Rysstad, løpartalenta som skulle vere med i Ronnys time i kveld. Øyvind Uppstad var med dei, og eg fekk artiklar om alle i tur og orden. Eg har jo artiklar om dei fleste medarbeiderane i Valle Radio, men telefonvaktene i kveld hadde eg ikkje artiklar om frå før. Begge jobbar i Valle Sparebank, så eg fann bilete der. Og plutseleg hadde eg sju nye artiklar i kveld. Du finn lenker til alle desse på sida på Setesdalswiki som fortel om sendinga i kveld: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radio_19._oktober_2011

Sjølv om kvelden på Setesdalswiki var produktiv, vert bloggen ikkje så lang i kveld. Det har vore mange telefonar til dei som har opi sending, og Ronny hadde eit variert program i kveld, så det har vore bygderadio på sitt beste.

Varaordførarar og ordførarar

Det teiknar seg no eit bilete av situasjonen når det gjeld politiske leiarar i Setesdal dei neste fire åra. Sjølv om Setesdalswiki ikkje har artiklar om alle kommunestyremedlemene, har det regionale leksikonet no artiklar om ordførarane og varaordførarane i alle dei fire Setesdalskommunane.

Bykle: Jon-Rolf Næss og Tor Hallvard Mosdøl
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Jon-Rolf_N%C3%A6ss
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tor_Hallvard_Mosd%C3%B8l

Valle: Tarald Myrum og Frode Verpe
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tarald_Myrum
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Frode_Verpe

Bygland: Leiv Rygg og Olav Neset
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Leiv_Rygg
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Olav_Neset

Evje og Hornnes: Bjørn A. Ropstad og Bjørn
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Bj%C3%B8rn_Ropstad
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Finn_Bj%C3%B8rn_R%C3%B8rvik

Så her kan du oppdatere deg på kven som skal leie det politiske arbeidet i Setesdal i dei komande fire åra. Med tida vil det og kome artiklar om dei andre medlemene av kommunestyra i Setesdal.

Ettersom Setesdalswiki registrerer overskriftene i Setesdølen, vert det og ein del artiklar om Iveland og Åseral. Setesdalswiki har difor og artiklar om ordførarane og om varaordførarane i Iveland og Åseral i komande periode.

Iveland: Gro-Anita Mykjåland og Sig Tove Aasen
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Gro-Anita_Mykj%C3%A5land
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Sig_Tove_Aasen

Åseral: Oddmund Ljosland og Kari Røynlid
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Oddmund_Ljosland
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Kari_R%C3%B8ynlid

Lukke til med lesinga