Merkelapp-arkiv: setesdalswiki

Honnevje rasteplass og andre rasteplassar

Honnevje rasteplass vart kåra til Årets rasteplass av NAF. Setesdalswiki hadde artikkel om rasteplassen, og no har snart 300 vore inne og lese på artikkelen. I dag la eg inn eit bilete der av tilsette i Valle Sparebank som plaskar i eit av dei mange plaskebassenga som elva lagar ved rasteplassen, men eg kunne godt hatt fleire bilete frå den fine staden. Då ville eg lagt dei i galleri under artikkelen.

Det er mange rasteplassar både nord for og sør for Honnevje rasteplass. Eg hadde likt å ha artiklar om alle saman, men det har ikkje vore lett å finne stoff, så til no har det ikkje blitt noko særleg. Men ikkje minst i sommarsesongen er rasteplassar populære stader med mange besøkjande, og i våre dagar, der folk har iphone og andre små maskinar som dei tek fram når dei stoppar på ein rasteplass langs riksveg 9, hadde det vore flott om dei kunne finne artikkel på Setesdalswiki. Om ein kunne fått artiklar om rasteplassar med toalett på plass, så hadde mange passasjerar blitt glade. Men og alle dei andre burde hatt artiklar.

I ein slik artikkel burde det stått noko om kva tid rasteplassen vart bygd. Eg trur kanskje det er grunnen til at eg ikkje alt har starta på det prosjektet. Men det kan kanskje vere mogleg å fylle det ut etter kvart, så om ein startar på ei liste, kan utfyllande informasjon kome når ein finn det. Kanskje det kunne høve som eit lite ferieprosjekt på Setesdalswiki.

Setesdalswiki: Første artikkel på engelsk

Vi har diskutert litt om vi skulle skrive nokre av artiklane på Setesdalswiki på engelsk, og i dag kom den første, det var artikkel om Honnevje rasteplass. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Honnevje_rasteplass/english Det var Siri J som skreiv artikkelen, basert på artikkelen Ånund K. hadde skrive og som eg utvida noko i dag etter at Honnevje rasteplass var kåra til Årets rasteplass 2011 av NAF. Den artikkelen har no vore vist 254 gonger, eg trur ganske mange av dei var no i helga, ettersom kåringa skjedde på Reiseradioen. No i kveld la eg og inn kart i den norske artikkelen.

Så får vi sjå om det kjem fleire artiklar om Setesdal på engelsk etter kvart.

Etter at eg hadde hatt besøk i går og skrive artikkel om Daniel Sandén-Warg, tenkte eg at eg skulle skrive om spelemannslaget Knut Heddis Minne. Dei ga ut plate våren 2003, men etter det eg hugsar, vart det nokså lite av dei då musikklinja på Valle vidaregåande skule vart avslutta. Eg tok ein telefon til Harald B. Knutsen på Agder Folkemusikkarkiv, og han kunne stadfeste det, folk er spreidde over store område no, sa han, Knut Breivegen er inne i sin andre periode på Svalbard, så det er ikkje så lett å samle folk, sjølv om gruppa ikkje er formelt nedlagd. Plata Lea Deg fekk vi i Valle Radio då ho kom ut, så den har vore brukt i nokre program, men vi spelar nok meir country enn folkemusikk i lokalradioen, så ho har ikkje vore så mykje i bruk. Eg hadde for ein del år sidan ein serie program der Harald B. Knutsen presenterte noko av musikken han har på arkivet sitt, og det er kanskje snart på tide å ha ein ny programserie med folkemusikk.

Eg skreiv ein artikkel om plata deira, Lea Deg, den var ikkje stort meir enn ei sporliste, men då var det slutt på folkemusikk-artiklane for i dag, for då tok Tour de France til, og det var spanande å fylgje Thor Hushovd i gul trøye på tredje etappen. Sanneleg klarte han å medvirke til at lagkameraten hans, amerikanaren Tyler Farrar, vann på 4. juli, som jo er nasjonaldagen over there. Og sjølv får han sykle i gul trøye i morgon og. Tour de France engasjerer mange, og eg synest det er fascinerande å sjå alle syklistane i feltet så lenge eg ikkje må ut på sykkel sjølv.

Helseprosjekt og festivalsommar

I dag skreiv eg om eit av prosjekta til Helseprosjekt Setesdal på Setesdalswiki. Eg har jo lese om det, men i dag fann eg, takka vere ei lenke på Facebook, prosjektomtalen som har gjort at prosjektet psykisk helse og rus får pengar frå Staten og andre instansar. Eg fann og dei som er i prosjektgruppa, men det er ikkje lett å finne informasjon nok til ein liten biografisk artikkel om medlemene. Wenche Tangene, som er prosjektleiar i Helseprosjekt Setesdal, har vore med i Valle Radio fleire gonger, og du kan lese meir om Rus- og psykiatriprosjektet i Setesdal på http://www.setesdalswiki.no/w/index.php?title=Rus-_og_psykiatriprosjektet_i_Setesdal&redirect=no

Eg la ut lenke til prosjektet på Twitter, kanskje nokre av dei som fylgjer det eg skriv på Twitter, fekk nokre idear. Truleg får eg meir stoff om dette etter kvart.

Ettersom det var fredag, var det nytt Setesdølen, og eg tenkte at alle no hadde fått ekstrabilaget, men etter det eg fekk høyre frå Tina Høgevold, hadde folk i Valle ikkje fått det, men Øyvind Jacob sa at det var kome på Rysstad. Eg veit ikkje om posten har vore i manko på ferievikarar, Ronny Stavsholt har jo begynt på Bykle Vindu, og eg såg dei lyste etter folk, så kanskje det er grunnen. Eg la ut overskriftene til dagens Setesdølen her: http://www.setesdalswiki.no/w/index.php?title=Setesd%C3%B8len_nr._51,_2011&redirect=no

Og lenke til temaavisa, som eg fekk tysdag, finn du her:
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesd%C3%B8lens_temaavis_juni_2011

I morgon er det Blueslaurdag på Ose, her er Setesdalswiki sin artikkel om arrangementet, som startar klokka 15. http://www.setesdalswiki.no/w/index.php?title=2._juli_2011&redirect=no På den lenka ser du andre arrangement som går av stabelen i morgon. Mykje raudt, eg klarar ikkje å få med meg alt som skjer i Setesdal for tida. Difor hadde det vore triveleg om du som les dette og veit noko, og vart med i skrivinga. No har Setesdalswiki 1424 artiklar, alle kan skrive, og det er nok å skrive om.

Gamlestev og nystev

Å skrive om stev på Setesdalswiki hjelper meg til å lære noko nytt. No har eg skrive om gamlestevet Der æ so vent å vesteheio som er laga av Jon Bjørgulvson Rysstad, oldefar til Kim André Rysstad, som han skreiv på Facebook i dag. I løpet av dagen har det fått ei rekke kommentarar på Facebook etter at Øyvind Jacob siterte stevet der. Då gav han meg eit godt høve til å syne til artikkelen på Setesdalswiki, takk skal du ha for det, Øyvind.

Det meste i stevet, som har tre vers, er lett å forstå, men fivel, det trong ei forklaring. Difor la eg lenke til ordet, og skreiv ein artikkel om det og. Det er det same som myrull.

Det fine med hypertekst, som Setesdalswiki jo er, er at ein kan lage lenker til nye ord og omgrep. Her la eg til og med inn eit bilete av myrull. Frå lenka nedanfor kan du finne det
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Der_%C3%A6_so_vent_%C3%A5_vesteheio

Utgangspunktet for dette er ein kassett eg lånte på biblioteket i Valle. Det er rart å tenke på at då vi starta med Valle Radio, nytta vi kassettar ganske mykje. No kan vi knapt spele dei, om vi finn ein kassettspelar. Tidene forandrar seg.

Det andre stevet eg skreiv om i dag, er nystevet I fjødd å finne av Gunnar Tarjeisson Rysstad (1867-1928). Det er bare eitt vers, men innhaldsrikt likevel. I artiklane skriv eg ikkje diktanalyse, eit leksikon ser meir på korleis det er blitt brukt. Dette stevet er det mange som har lært seg, i Agder Folkemusikkarkiv er det ei lang liste med utøvarar som har framført stevet, men så langt har eg bare funne Bjørgulv Straume som har det på kassett eller plate som har vore til sals. Det kan vel fort endre seg når eg leitar litt.

I den artikkelen var det og turvande med ei ordforklaring, ordet finne er ikkje så vanleg i bruk lenger. Så då blei det endå ein artikkel. Alt finn du om du går på denne lenka: http://www.setesdalswiki.no/wiki/I_fj%C3%B8dd_%C3%A5_finne

Folk og natur

I sommar kjem du nok til å få høyre mest om aktiviteten på Setesdalswiki her på bloggen. Ettersom det ikkje er sending i Valle Radio, må eg jo finne andre ting å skrive om, og Setesdalswiki er jo meir relevant enn kva eg har på brødskiva mi til frokost eller kva eg et til middag. Med tema frå Setesdal går ein ikkje så lett tom. Og eg synest det er viktig å ha ein tekst på bloggen dei fleste dagane i veka. Etter at eg tok til å legge ut lenker til nokre av artiklane på Facebook og Twitter, har besøkstalet teke seg opp ein del. Det gleder meg naturleg nok.

I eit slikt regionalt leksikon vil det jo kome artiklar om folk og natur i regionen. I dag hadde Setesdølen to sider om Jon Bjones, byklaren som vart ordboksredaktør. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Jon_Bjones Der var det nok informasjon til at eg kunne skrive ein liten artikkel om han. Då eg leita på nettet etter bilete, fann eg eit lite på heimesida til Bø Rotaryklubb, der han har vore president frå juli i fjor og no skal levere kjedet vidare til ein annan i klubben. Det fekk meg til å mimre, for då eg var rektor på Hadsel Folkehøyskole på Stokmarknes, var eg aktivt med i Hadsel Rotaryklubb og var president i klubben eit år for lenge sidan.

Av dei andre nye artiklane i dag vil eg nemne artikkelen om Kaldsåni, som er ei elv sør for Hartevatnet der dei no planlegg eit småkraftverk. Eg fann informasjon nok i ein annonse i dagens Setesdølen til at eg kunne starte artikkelen, og etter kvart fann eg og litt informasjon på Internett.

Når ein lagar artiklar på ei slik wiki, er det viktig å få hyperteksten til å fungere. Hypertekst er lenker til andre artiklar, og på Setesdalswiki er dei blå når det er andre artiklar og raude når det ikkje er artiklar. Hypertekst er nok det som har gjort Wikipedia så populært, for med det kan ein lett gå frå artikkel til artikkel, utan å skrive inn nye søkeord. Artikkelen om Kaldsåni fekk blå lenke til Bykle, Hartevatnet, Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane Landskapsvernområde og Setesdølen nr. 44, 2011. Men om du slår opp på artikkelen, ser du at det er røde lenker på fleire andre oppslagsord, der er ikkje artikkelen skriven enno. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Kalds%C3%A5ni Slik er det på nesten alle artiklar, dei lagar nye røde lenker. Så ein kan halde på lenge før hyperteksten er blå. No har Setesdalswiki 1341 artiklar og sikkert tre gonger så mange røde artiklar som ventar på å verte skrivne. Du som les dette er velkomen til å vere med og lage leksikon for ein flott region.

Programheltar og doldisar

Dei siste dagane har eg arbeidd med å gjere alle lenkene blå på artikkelen om Setesdalstinget 2011 på Setesdalswiki. Du finn artikkelen her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalstinget_2011

No er alle lenkene blå, men det var ein stor jobb å finne informasjon om nokre av dei som stod på programmet. Difor kalla eg kveldens blogg for programheltar og doldisar. Etter å ha skrive artikkelen om Jan-Inge Tungesvik, som er direktør for KS Region Agder, sende eg ein mail til han i ettermiddag for å høyre om det ikkje var råd å få litt meir informasjon om han. Han svara ganske fort at han diverre var forhindra frå å vere med på Setesdalstinget 2011 og at Wenche Tangene skulle halde innlegget han etter planen skulle hatt.

No i kveld er det klart at heller ikkje Per Bendixen kjem, dei to skulle vore saman om første økta torsdag morgon, der tema var Helsenytt, og dei skulle hatt eit innlegg om Økonomiske avtalar mellom kommunane og Sjukehuset. No er det ikkje så stort problem, Wenche klarar nok fint å halde det innlegget. Ho er Setesdal Regionråd sin prosjektkoordinator på dei mange helseprosjekta som etter kvart har vakse fram i samarbeid mellom kommunane.

Men mitt utgangspunkt for å skrive om dei på Setesdalswiki var at det er godt for deltakarar på ein konferanse å ha høve til å verte litt kjent med dei som held foredrag. På Setesdalskonferansen 2011 gjorde eg det same, og erfaringa derifrå støtta meg i at det er godt å ha ein wiki der ein kan lage lenker av programelement. Med hypertekst kan ein late lesaren få lese litt grundigare om dei som held foredrag og kva dei har gjort før dei går på talarstolen på ein slik konferanse. Men å finne slik informasjon er svært vanskeleg. Dei to som denne gongen vart programheltar er ikkje dei einaste doldisane i Aust-Agder. Fylkesrådmann Arild Eielsen er det heller ikkje lett å finne noko som helst om på Internett, verken kor lenge han har vore fylkesrådmann eller kva han gjorde før han fekk den jobben. I artikkelen om han har eg lista opp nokre styreleiarverv han har, dei fleste av dei er i selskap som Aust-Agder fylkeskommune eig. Noko måtte eg jo skrive i artikkelen om han.

Eg er for at vi får eit samfunn som er opnare og der fleire får vite om folk som held foredrag på konferansar og folk som er med i styre og råd. Difor jobbar eg med Setesdalswiki, til beste for regionen og folka som bur her.

Setesdalstinget 2011

Dei siste dagane har eg vore oppteken av dette arrangementet som skal gå føre seg på Hovdestøylen komande veke. Du finn artikkelen her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdalstinget_2011

Målet mitt har vore å lage alle dei røde lenkene blå før konferansen startar. Dermed kan folk som skal på konferansen få vite litt meir om dei som skal halde foredrag. Eg gjorde det same til Setesdalskonferansen, som var på Refsnes Hotell tidleg i mai, det er ein måte å gje tyngde til arrangementet på. Setesdals Regionråd, som står bak konferansen, er jo og utgangspunktet for Setesdalswiki.

Etter kvart som eg skriv, lærer eg meir om arrangementet, og dei folka som kjem. Målgruppa for konferansen er kommunestyremedlemmene i Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes. I prinsippet får dei innkalling, det er som eit vanleg kommunestyremøte. Men dei som skal slutte i politikken, er kanskje ikkje like interesserte i å delta på ein konferanse som går over to dagar, i alle fall ikkje om dei har ein annan viktig jobb som dei må få fri frå for å reise til Hovden.

No har eg bare att to røde lenker, så er heile artikkelen blå. Vonleg klarar eg å finne stoff om dei to siste i morgon eller tysdag.

Setesdal Regionråd gjer etter mi meining ein stor jobb for å binde saman Setesdalskommunane. Alle kommunane strevar med forholdsvis like problem, og regionrådet jobbar for at dei skal finne løysingar saman, ikkje på tvers av kvarandre. Det er betre med fire kommunar som samarbeider enn at dei vert slegne saman og all administrasjon flytt til Evjemoen.

Meir om medaljar

Tysdagskvelden kåserte eg i Valle Radio om å vise vyrdnad for kvarandre og snakka om Kongens fortenstmedalje og at eg hadde fått respons frå Tor Brokke og Angerd Gjerden i høve sendinga for ei tid tilbake. Tor fortalde då at Eivind Hovet hadde fått hederen i 1987, han hadde vore inne på Slottet sine sider og funne datoen 1. juli 1987.

I dag tok eg ein telefon til Knut T. Brokke for å høyre om han hadde noko informasjon om dette, og det hadde han, Eivind var gift med Gro, som var syster til Knut. Anny og Knut inviterte meg til å kome ut til dei for å finne ut meir. Dermed tok eg turen i ettermiddag, og det vart ein triveleg dag. Medan dei venta på meg, hadde dei endevendt papir dei hadde teke vare på, og det dukka opp både det eine og det andre som kunne få artiklar i Setesdalswiki. Til slutt fann dei programmet for markeringa då Eivind Hovet fekk medaljen. Det synte seg at den samlinga var i heimen til Eivind og Gro 28. november 1986. Ordførar Gudmund Åkre stod for tildelinga på vegner av Kongen, og Kongens vedtak var gjort om lag ein månad tidlegare, 27. oktober 1986.

Då sende eg ein epost til Slottet om at dei hadde feil dato på sidene sine, og ikkje lenge etter fekk eg svar om at dei skulle ta saka opp og sjå i sine protokollar og eventuelt rette det som stod på nettsidene. Du kan sjølv sjekke det på Slottet sine nettsider: http://www.kongehuset.no/c34070/tildelinger.html?ar=&sok_navn=eivind+hovet&sok_yrke=&sok_sted=&typer%5B%5D=kongensfortjenstmedalje&arkiv=1

Knut og Anny hadde og teke vare på dødsannonsen til Eivind Hovet, så dermed hadde eg dei viktigaste data for å kunne starte ein artikkel, så det gjorde eg. Artikkelen finn du her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Eivind_Hovet Foreløpig er han ikkje så lang, men det er ein grei start.

Då det var gjort, var det naturleg å skrive om Knut. Etter kvart som eg skreiv, kom vi til å hugse på mange tema som kunne få plass i artikkelen. Det er ofte slik at når ein skriv, så veks det litt etter kvart. Det gjorde det også her. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Knut_T._Brokke

Takk til Knut og Anny for ein hyggeleg ettermiddag og for stoff til Setesdalswiki, som i kveld har 1291 artiklar.

Om du har noko du vil eg skal skrive om, kan du ta ein telefon til 9763 1408, så kan vi avtale det.

Innspurt før Setesdalskonferansen 2011

Eg held på med ein innspurt på Setesdalswiki. Eg sette meg som mål å ha 1200 artiklar der før Setesdalskonferansen 2011 går av stabelen. Og den startar komande torsdag. Difor er eg i innspurten no.

I den forbindelse har eg skrive om fleire av dei som skal vere med på konferansen i det siste. Det gjeld Knut Olav Lunden frå Vetserve og Morten Rød frå Agderposten. Sist veke skreiv eg om Vidar Udjus frå Fædrelandsvennen og Anders Sårheim frå NRK Sørlandet. Desse tre finn du i kategori:Mediefolk, og dei skal snakke om og diskutere Medias makt – omdømmebygging og nyhende med Sigurd Haugsgjerd frå Setesdølen og Odd Helge Liestøl frå moisund.com. Tidlegare har eg skrive om Olav Grendstad og då vart ei lenke til Hovden-revyen 2009 og blå, så det fungerte jo fint. Konferanseleiaren Styrk Fjærtoft Trondsen har eg og fått laga ein artikkel om.

Målet om 1200 artiklar er no elles bare eit kunstig mål. Det ser ut til at det kjem minst tre røde lenker for kvar artikkel eg skriv, så no er det over 4000 røde lenker, det kjem på statistikken over ønska artiklar. Så det er nok å skrive om.

I dag la Reidar Tveito inn eit bilete av isflaket som tok akterfortøyningane til 61 båtar på Byglandsfjord, det stod om det i tysdagsavisa. Her er biletet: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Fil:Senumsund_2011.jpg Då fekk eg til to nye artiklar, både om sundet og om brua, så det var eit nyttig bilete. Elles er det Setesdølen som skaper det meste av røde lenker, no har eg kome godt i veg med å leggje inn overskriftene i aviser frå 2009, og mest kvar avis gjev ein eller fleire nye artiklar. Når eg skriv dette, har eg 28 artiklar att, det bør vere råd med det på tre dagar om eg nøyter litt.

Frå programleiar til intervjuobjekt

Som oftast er eg programleiar i Valle Radio, men i kveld var eg intervjuobjekt. Bjørgulv T. Berg hadde lese i Setesdølen at eg skulle ha informasjonsmøte om Setesdalswiki i kommunestyresalen på Evje i morgon og meinte at det var på tide at eg snakka om det i den aktuelle timen.

Eg likar godt å snakke om Setesdalswiki, så det var ikkje noko problem, eg fekk om lag like lenge som då eg hadde informasjon om Setesdalswiki for lærarane på Valle skule, det vil seie ein halvtime. Eg fortalde om korleis Setesdalswiki kom i stand, og då han spurde om det var min ide, måtte eg innrømme at det var min ide, men at utgangspunktet var at vi skulle få til ei nettside som kunne binde saman bedrifter i heile Setesdal. I tillegg kunne ein leggje inn informasjon om natur og politikarar og kultur og mykje anna interessant. Setesdalswiki er ikkje ein konkurrent til bedriftene sine eigne nettsider, eg vil heller kalle det eit supplement. Medan bedrifter ofte har eit reklamepreg, skal artiklar på Setesdalswiki vere reklamefrie. Det betyr at teksten må vere objektiv. Tanken er og at den skal kunne stå ei stund, ofte vert heimesidetekst bytta ut nokså fort.

Setesdalswiki er den første regionale wiki der alle kan skrive i Norge. Det finst eit par andre regionale wikiprosjekt, men ein må vere tilsett i NRK for å kunne skrive på Sogn og Fjordane fylkesleksikon og på Nordland fylkesleksikon, så det er ikkje ope for kven som helst.

Eg har no vore med informasjonsmøte på Setesdalsmuseet, det var for Valle kommune, og i kommunestyresalen i Bygland, det var for Bygland kommune. No står Evje og Hornnes kommune for tur, og til slutt må eg ha eit tilsvarande møte i Bykle. Tanken er at dette dugnadsprosjektet skal fungere som lim i Setesdalsregionen, slik at ein med tida lærer kvarandre betre å kjenne. Til no er det eit besøkstal på vel seksti kvar dag, og om lag 850 artiklar.

I løpet av samtalen spurde eg Bjørgulv om han visste kva det høgaste fjellet i Valle heitte, og han lurte på om det var Svarvarnuten. Eg avleidde saka då han returnerte spørsmålet og fortalde i staden om det høgaste fjellet i Bygland kommune og om korleis eg kom til å skrive om det på Setesdalswiki. Det var basert på eit bilete av ein molteblom Reidar Tveito hadde teke på toppen av fjellet i sommar, og så sett biletet inn i Setesdølen saman med informasjon om Reinnshornheii. På Setesdalswiki er det kart som syner kor fjellet ligg. Grunnen til at eg avleidde han, var at eg vart usikker, og eg har ikkje skrive om det høgaste fjellet i Valle. I følge ei liste over dei høgaste fjella i kvar kommune i Norge er det Urdalsnuten i Rjuven på grensa til Sirdal som med sine 1434 meter er høgast. Men eg har skrive om Sæbyggjenuten, som er høgaste fjellet i Aust-Agder og ligg i Bykle på grensa til Tokke. Det er oppgitt til 1507 meter i Store Norske Leksikon, men den lista som fortel at Urdalsnuten er høgast i Valle, seier at Brandsnuten er høgast i Bykle kommune med 1496 meter. Så eg veit ikkje heilt kva eg skal tru om dette.

Takk til Bjørgulv som spurte meg med i studio for å lufte tankar om Setesdalswiki.