Kategoriarkiv: Ymse

Når uhellet er ute

Når uhellet er ute, er det godt å vere to som kjenner hus og heim. Her i huset er det nok Reidun som kjenner det best, ho vaks jo opp her medan eg bare har vore her på heil tid dei siste åra, etter at eg vart pensjonist.

Når ein gløymer å sette kanna under kaffetraktaren fordi det ringer på døra medan ein held på og dermed går for å lukke opp etter at ein har sett på traktaren og hatt i vatnet, då er uhellet ute. Då renn vatnet fritt ut over kaffitraktaren og så kortsluttar den. I alle fall går jordfeilbrytar eller sikring, og så blir det mørkt i huset.

Heldigvis er vi i den lyse årstida, så det er råd å finne fram til sikringsskapet. Så er det bare å vippe opp brytaren, og så er alt i orden att.

Verre er det når ein leier ut ein leilighet og den som bur der flyttar ut utan å avslutte abonnementet på straumen og heller ikkje seier frå. Når kraftselskapet ikkje får pengar, går purringane til kunden. Men kunden har flytta og betalar jo ikkje purringane heller. Langt om lenge blir straumen kopla frå og då får endeleg huseigar beskjed. Men då må ein betale for ny påkopling i tillegg til rekninga for straum sidan forrige leigetakar flytta ut.

Når uhellet er ute, må ein altså enten fikse feilen eller betale rekninga. Best er det om ein kllarar seg utan uhell.

Kor står støtta?

I mitt skrivearbeid kom eg i dag over ein liten artikkel i Setesdølen nr. 91, 1980. Den avisa kom ut i november 1980. Notisen handla om kor støtta av spelemannen Eivind Aakhus skulle stå, den måtte flyttast i samband med at den gamle løa frå Ose skulle opp ved Bygland Tun.

Støtta var laga av bilethoggaren Ingemund Berulfson og kulturstyret hadde tenkt at ho kanskje kunne stå ved Jordalsbøvegen, men formannskapet ville først på befaring.

Kor det heile enda, veit eg ikkje, for den avisa der det kanskje står om det, har eg ikkje sett ennå.

Men notisen førte til at eg leita fram jubileumsboka til Setesdal Spelemannslag frå 1980 og der kunne eg lese om ein spelemann eg ikkje hadde artikkel om på Setesdalwiki. Han hadde endåtil gitt ut sjølvbiografi, så det var eit godt innblikk Hallvard T, Bjørgum gav lesaren i referatet frå boka. Då eg googla litt, fann eg at han levde frå 1854 til 1938 og i boka fortel Hallvard om eit aktivt liv som spelemann.

Eg må nok prøve å lage ein artikkel på Setesdalswiki etter kvart. Bildet fann eg hos Marcus, ei bildesamling hos Universitetet i Bergen.

Bok-kiosk

Den 1. juni skreiv eg om at Foreningen Les! hadde inngått eit samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB om å gje 100 gamle telefonkioskar nytt liv ved å gjere dei til bok-kioskar. I dag dlukka det opp ei melding på Facebook om at kiosken ved det gamle kommunehuset i Valle hadde blitt ein slik kiosk.

Om det var mitt innlegg som førte til tanken på å bruke kiosken slik, veit eg ikkje. I meldinga heitte det at dette ikkje var eit samarbeid med Foreningen Les!, men eit lokalt initiativ. Folk kan ta med seg ei bok eller legge inn ei bok. Ettersom det er lokalt, trur eg ikkje at det er bøker dei har fått frå Foreningen Les!, i deira prosjekt stilte organisasjonen opp med 100 nye bøker til kioskane sine.

Uansett er det flott at biblioteket gjer publikum eit høve til å ta med seg ei bok på sommarturen. Mange tilbod på kultursektoren er viktige for å få reisande folk til å stoppe litt, og er du ein lesande turist, vil du sikkert like å stikke innom ei slik bokbu.

Sjølv er eg medlem av Bokklubben og svarer nei til nesten alle tilbod som kjem i magasinet deira. Men av og til gløymer eg det, og det gjorde eg i juni, så i dag dukka boka Den elskelige giftblandersken av Arto Paasilinna opp i postkassen. Då eg budde i Valle, las eg Harens år av same forfattaren, så eg tok det ikkje så tungt at eg hadde gøymt å avbestille, for det var ei sjarmerande bok. Også boka eg fekk i dag var fornøyeleg, om enn noko morbid å lese. Hadde eg budd i Valle, ser eg ikkje bort frå at eg kanskje hadde lagt ho att i bok-kiosken slik at andre kunne få ei annleis leseoppleving. Foto: Valle bibliotek – Sæbyggjen

Bildet kan inneholde: utendørs

Fleire svar

Ettersom eg i går hadde fleire spørsmål, får eg i dag kome med fleire svar:

  1. Kor høgt er Tindefjell i Åseral?  916 meter
  2. Kor skal Kjell Steinbru ha gudsteneste 21. juni 2020? Han skulle hatt friluftsgudsteneste på Tveitå, men på grunn av regnet i går vart den flytta til Årdal kyrkje.
  3. Kva heitte far til Hans Olav Lauvstad? Halvor Gravdal budde i Skien der han var bonde.
  4. Kor gjekk Knut K. Homme på lærarskule? Han gjekk på Sagene lærersole.
  5. Kor gjekk Bergit K. Rike på lærarskule? Ho tok høgare lærarprøve på Notodden lærarskule i 1904. Etter lærarpostar to plassar kom ho til Vikeland i Vennesla, der var ho resten av tida som lærar.
  6. I 1980 snakka dei om Brokkelina. Kva var det? I dag snakkar vi nok helst om Brokke-Suleskarvegen
  7. Kven stiller ut bilder på Setesdalsmuseet i sommar? Utstillinga 6+4 er ved kunstnarane Grete Swahn og Atle Pakusch Gundersen, ho med maleri, han med lydinstallasjonar
  8. Kor ligg Ånebjør? Lengst vest i Bygland, lettast å kome dit frå Åseral, garden ligg i nordenden av Juvatn
  9. Kven hadde sangtime i Valle Radio tysdagskvelden? Olav Lindstølen frå Misjonsradioen i Grimstad
  10. Kva heiter organisasjonen til Hallvard Hasseløy? OpenHeart samlar inn klede i Bykle ved Sigrid Bjørgum og på Nomeland bedehus ved Astrid Nomeland

 

Fleire spørsmål

I dag var det laurdagsavis og då har Vårt Land svært mange spørsmål, eg trur det er 70, 10 i seks ulike kategoriar og så dei vanlege 10 som står ved sida av kryssordet på tredje siste sida.

Mine spørsmål kan ein finne svar på ved å leite på Setesdalswiki om ein ikkje alt veit svaret.

  1. Kor høgt er Tindefjell i Åseral?
  2. Kor skal Kjell Steinbru ha gudsteneste 21. juni 2020?
  3. Kva heitte far til Hans Olav Lauvstad?
  4. Kor gjekk Knut K. Homme på lærarskule?
  5. Kor gjekk Bergit K. Rike på lærarskule?
  6. I 1980 snakka dei om Brokkelina. Kva var det?
  7. Kven stiller ut bilder på Setesdalsmuseet i sommar?
  8. Kor ligg Ånebjør?
  9. Kven hadde sangtime i Valle Radio tysdagskvelden?
  10. Kva heiter organisasjonen til Hallvard Hasseløy?

 

Svar på spørsmål

I går stilte eg nokre spørsmål på bloggen. Her kjem svara:

  1. Kva heitte far til sangarinna Vera Dalen? Andreas Birkeland
  2. Kva heitte bror hennar? Helge Birkeland
  3. Kor gjekk Hallvard Eldhuset på lærarskulen? Volda
  4. Kva var jentenamnet til Gunda Ropstad? Wiberg
  5. Kva år gifta ho seg? 1980
  6. Kva årstal vart Senterpartiet stifta? 1920
  7. Kven fullfører Gard og ætt i Bygland? Ådne Fardal Klev
  8. Kven driv Joker Valle? Kent Even Andersen
  9. Kor ligg Tveitå? På vestsida av Byglandsfjorden
  10. Kor gammal vart Jon A. Helle? 97 år

Eg kjem ikkje til å legge ut spørsmål kvar dag, om det då ikkje skulle bli eit folkekrav. Men av og til kan det nok hende at eg lagar nokre spørsmål. Dei over kan jo brukast i quiz i heimen, no har det også svara.

I dag dukka det opp bilder av Jon Hornnes på Facebook saman med noko tekstinformasjon, så eg fekk høve til å oppdatere artikkelen. Ta gjerne ein kikk på den og lær noko du kanskje ikke visste. Men i varmen orkar eg ikkje så mykje, eg blir sitjande utan lyst til å skrive, og det er jo ikkje så ofte.

Spørsmål

Vi har avisene Fædrelandsvennen og Vårt Land og kvar dag kjem det nye spørsmål i dei. Så sit vi saman og les spørsmåla høgt for kvarandre og lurer på om vi klarer å få alt rett. Det er sjeldan det sjer. Når vi er ferdig med dei spørsmåla, finn Helge dagens Quiz frå Aftenposten på nettet, og så tek vi også dei.

I kveld tenkte eg at eg kunne jo lage nokre spørsmål frå Setesdalswiki:

  1. Kva heitte far til sangarinna Vera Dalen?
  2. Kva heitte bror hennar?
  3. Kor gjekk Hallvard Eldhuset på lærarskulen?
  4. Kva var jentenamnet til Gunda Ropstad
  5. Kva år gifta ho seg?
  6. Kva årstal vart Senterpartiet stifta?
  7. Kven fullfører Gard og ætt i Bygland?
  8. Kven driv Joker Valle?
  9. Kor ligg Tveitå?
  10. Kor gammal vart Jon A. Helle?

Flytting

Når eg skriv overskrifta flytting, så er det ikkje eg som skal flytta. Eg er takksam for å kunne bu her på Eskeland med mine bøker og gamle nummer av Setesdølen som eg kan hente stoff frå til artiklar på Setesdalswiki. Heller ikkje skal eg kommentere Geir Daasvatn si flytting, han og Rita Flottorp flytter til Farmo, der Geir vaks opp.

Nei, flyttinga går på at eg i går var for sein til å lagre bloggen på gårsdagens dato, men i kveld flytta Helge den til rett dato, så no måtte eg i gang med ein blogg att i kveld. Eg hadde vel tenkt at når eg skriv ein blogg kvar kveld og så bomma i går, så var det bare å halde opp i kveld for å kome i rute att.

Det har vore triveleg å ta opp kontakten med Torbjørn Greipsland att, og i kveld kom han innom etter at eg hadde ringt han og lurte på om han ville ha vaflar og is hos oss. Praten gjekk om laust og fast, vi har mykje å snakke om og mange felles tema som samtalen kan gå rundt. Han var redaktør av Santalen nokre år, sidan redaktør i Kristielig Pressekontor. Han har skrive mange bøker, nokre av dei har danna grunnlag for artiklar på Setesdalswiki, så kvelden gjekk svært fort.

I morgon skulle han til Erik Kjebekk på Evje, eg ba han ta med helsing og takke for andakten han hadde i Valle radio tysdagskvelden.

Valle Radio hadde sending i ikveld også, det var kommunestyremøte, og det gjekk unna på ein time. Alle vedtaka var samrøystes slik innstillinga i sakene var, og det var stort sett bare spørsmål om dei som skulle vedta sakene var habile. Når dei ikkje var habile, gjekk dei ut medan ordføraren klubba, og så kom dei inn att. Eg laga ei side om det på Setesdalswiki, Der kan ein sjå kva saker det gjaldt.

Variert radiokveld

Kveldens sending i Valle radio var variert. Først hadde Erik Kjebekk andakt, den var på ein halvtime. God klassisk forkynning over Kol. 1,1-3. Eit av dei tema han var innom var at vi måtte ta eksemplet til Paulus og takke Gud for folk, det er vi kanskje ikkje så flinke til.

Misjonsradioen i Arendal har ein ivrig medarbeidar i Olav Lindstølen. Han lagar musikkprogram og vi fekk høyre eit slikt etter andakten. Halv åtte var det ein samtale med Hallvard Hasseløy frå OpenHeart. Han samlar inn klede og pengar for å sende til Ukraina, der organisasjonen har eit stort arbeid for dei fattigaste. I desse koronatidene har det vore ekstra vanskeleg. Han berømma Sigrid Bjørgum og Astrid Nomeland for det store arbeidet dei har gjort for å få hjelp frå Setesdal til prosjektet. Framleis treng OpenHeart pengegåver frå folk for å kunne drive hejlpearbeidet sitt, og kan hende er det ekstra viktig no når han ikkje har kunna halde innsamlingsmøter.

Andre innslaget i den aktuelle timen var Åpne Dører som handla om arbeidet deira i Sentral-Asia. Så kom Niklos K. Besteland med eit noko uvanleg program. I kveld fekk vi høyre orkestermusikk, først Våren av Vivaldi og til slutt sommarpastorale av Arhur Honegger. To svært ulike stykke, men fine å høyre på, kvar på sitt vis.

Orgelmusikken var først eit lite stykke av Beethoven Allegro i C-dur. Bernhard Bartelink spela på orgelet i St. Laurenskerk Rotterdam. 2:00. Vista LP VRS 1908, så kom
Johann Christian Heinrich Rinck (1770-1846): «Freu dich sehr, o meine Seele». Koral og variasjonar. Ewald Kooiman spela på orgelet i St. Catharinakerk Utrecht . 4:13. Motette Ursina CD 13701 CD 2

Til slutt var det noko om det som skjer framover, henta frå Setesdalswiki. Då oppdaga Siri at det der var opplyst at det skulle vere fjellkyrkjestevne på Hallbjørnsekken, men då ho sjekka på heimesida, var det avlyst på grunn av korona. Så då måtte eg rette det.

I kveld vart eg for sein til å lagre, for eg vart sitjande å sjå på programmet om Martin Luhher King før Kveldsnytt og deretter var det eit program om ferja til Skjæløy ytterst i Larvik kommune. Det er kjentfolk, Margunn og Stein er venner med folka der. Så dermed gløymde eg å lagre før midnatt, så i juni blir det nok eit hol i kalenderen. Det får våge seg, det går mot sommar og det er vel ikkje sikkert at eg kjem til å skrive kvar dag i denne tida.

 

Konflikt

Eg burde ha lært at eg kjem i konflikt på måndagskveldane om eg ikkje har skrive bloggen før Kveldsnytt. Etter Kveldsnytt er det krim på TV, og det likar eg å sjå på, anten det no er Vera eller Tause vitner eller ein annan serie dei syner.

Så då blir det å sitje og fylgje med på TV med eit halvt auga til eg har fått ferdig bloggen.

I dag hadde eg ein hyggeleg prat med Alf Gunnar Eritsland, som eg skreiv om sist veke. Hans to forelesningar i samband med doktorgraden var blitt avlenka, men han lova å sende dei til meg.

Eg lærer noko kvar dag ved å skrive på Setesdalswiki. I samband med at eg skreiv om Volda lærarskule i går, fann eg ut at det var fleire kristne lærarskular for 100 år sidan, mellom andre Nidaros lærarskule, Notodden lærerskule og Oslo lærerskole.  Eg vil prøve å finne ut meir om dette i dagar som kjem.