Kategoriarkiv: Ymse

Sommarvarme

Kveldens nyhetssendingar på TV var opptekne av at det var badetemperatur i vatn og at populære badestrender var tettpakka. Det verka som om folk hadde gløymt at ein skal halde avstand i desse koronatider.

Espen Rostrup Nakstad minna om at vi må vaske hender, halde avstand og vere heime om vi har symptom på luftsveginfeksjon. Eg kom plutseleg til å tenke på at det var nokre timar sidan eg hadde vaska hendene, så eg gjekk på badet like etter og fekk litt betre samvit.

Sjølv har eg halde meg innandørs også i sommarvarmen. Reidun gjekk ut og sette seg i vinden, men etter ei stund kom ho også inn, det vart for mykje sol ute, så ho måtte i det minste finne skugge om ho skulle vere ute.

Men bading, det blir nok ikkje noko av å hoppe i havet for meg, så redningsselskapet vil neppe ha noko å gjere i så måte. Dei har visst nok å gjere likevel.

Etter disputasen

I går fortalde eg at eg høyrde på ein digital disputas. Den handla om lærarutanning og at det var etablert fleire kristne lærarskolar frå 1890 til 1947, som var perioden doktorgradsavhandlinga til Alf Gunnar Eritsland handla om.

I dag sette eg meg til å lese litt meir om dette, eg skumma gjennom avhandlinga, fann fram boka Skolefolk av Gro Hagemann og søkte på Setesdalswiki om det var lærarar her i regionen som hadde gått på Volda lærarskule. Då fann eg to, Sigurd Faret frå Hornnes, som gjekk ut i 1915 og Hallvard Eldhuset frå Bygland ein generasjon seinare. Han gjekk ut i 1941.

Med hjelp av artiklar på Wikipedia laga eg så ein artikkel om Volda lærarskule på Setesdalswiki. Kan hende kjem eg til å lage artiklar om fleire knytta til skulen, som altså var ein privat driven kristen lærarskule frå starten og langt inn på 1900-talet. Likevel var det ikkje noko sterkt kristeleg som prega skulen. I disputasen i går sa Alf Gunnar Eritsland at det først og framst var det faglege som gjorde at så mange søkte seg til skulen. Og på Wikipedia las eg at det i 1920-åra var den største lærarskulen i heile Norden.

Norden var forresten eit tema i disputasen også. Opponentane tok opp spørsmålet om kvifor doktoranden ikkje hadde noko sideblikk til korleis situasjonen var i Norden. Han erkjente då at det sikkert hadde vore lurt å ha med noko om det for å sjå om situasjonen var lik eller ulik dei andre nordiske landa. På lokalhistoriewiki fann eg eit bilde av hovudbygget på Volda lærarskole. Johan Magne Nerbøvik tok bildet.

Fil:VLH c1950 FAKf-0330.00069.jpg

 

Disputas

I desse koronatider må også doktorgradsdisputasar bli digitale. I går fekk eg ei melding frå dotter mi Rønnaug om at det skulle vere ein disputas på Universitetet i Oslo om eit emne som kanskje ville interessere meg. Den begynte i dag klokka 10.15, og den vart halden i Teams, så eg lasta ned programmet, installerte det og logga meg på då sendinga starta.

Doktoranden Alf Gunnar Eritsland forsvarte avhandlinga si Med skolen som misjonsmark. Den norske vekkingsrørslas satsing på lærarutdanning 1890 – 1946. Det vart fire interessante timar.

Etter eit innleiingsforedrag innleia første opponenten professor Helje Kringlebotn Sødal, Institutt for religion, filosofi og historie, Universitetet i Agder til ein interessant samtale om kristne lærarskular.

Så var det pause, då kunne publikum stille spørsmål som leiaren ville formidle vidare til doktoranden. Det kom ingen spørsmål, så då dei opna att etter ein pause til klokka 13, var det andre opponenten, professor Vegard Kvam,  Institutt for pedagogikk, Universitetet i Bergen   som fekk ordet. Han gjekk gjennom meir formelle ting i oppgåva, som var på over 300 sider og over 1000 noter.

I pausen ringte eg til Rønnaug og takka for at ho gjorde meg merksam på dette og fortalde kor interessant det var. Ei stund etter at dei hadde starta att, fekk eg melding frå henne om at ho også fylgde med på gjennomganen til Vegard Kvam og då vi snakka saman etterpå, fortalde ho at ho fekk mange tips til sitt eige doktorgradsarbeid, sjølv om det er artikkelbasert, slik dei fleste gjer det som fylgjer eit doktorgradsprogram no. Det betyr at dei må publisere artiklar i vitskaplege tidsskrift, og når dei har publisert fleire slike, så blir dei sette saman og kan prøvast for doktorgraden.

Her er sida til det som skjedde. Der ligg det også lenke slik at ein kan høyre to prøveforelesningar som Alf Gunnar Eritsland heldt før sjølve disputasen.

 

Interessant besøk

Tysdag fekk eg ei melding frå Torbjørn Greipsland. Han skreiv at han var på Sandnes camping og lurte på om vi kunne treffast. 12. februar var han på Senioruniversitetet i Mandal og snakka om Søren Jaabæk. Etter foredraget gjekk vi saman med Ådne Fardal Klev på kafe og prata vidare. Denne gongen inviterte eg han heim, og det vart eit interssant besøk.

Han hadde med seg kopi av ein artikkel han hadde i Klassekampen i går, 10. juni, om Søren Jaabæk, så praten gjekk jo litt om han denne gongen også. Eg har tidlegare fått legge ut artiklar han har skrive på Setesdalswiki, og det fekk eg no også. Søren Jaabæks bøker om blodige hendelser kan du lese om du trykker på lenka.

Med tida vil det nok kome fleire artiklar av Torbjørn Greipsland på Setesdalwiki.

Artiklar om historiske tilhøve på Sørlandet høver godt for Setesdalswiki, så om det er andre som har slike artiklar dei vil publisere, er det bare å ta kontakt. Ved publisering i wiki-format, kan ein lage lenker til artiklar med meir informasjon, slik at det blir ein meirverdi i forhold til kva ein kan få til i ei papiravis, og truleg også ved bare å legge den ut på Internett.

Det er hyggeleg med gode samtalar om interssante emne. Takk for besøket, Torbjørn.

Niklos i studio att

I tysdagskveldens sending var Niklos K. Besteland i studio for første gong sidan februar-mars.

Hans starta med eit flott stykke Lobe den Herrn av Kern spelt av Gustav Philip Schuba på Klais-orgelet i Münsterkirche Konstanz.

Deretter var det eit stykke av Balbastre, Hvor skal disse glade hyrdene, ein fransk komponist som levde på 1700-talet. Han var organist i St. Roche i Paris, men kvart år var han tre månader i Notre Dame. Konsertane hans til jul var så populære at eitt år forbaud borgermeisteren han å ha konserten av frykt for opprør. Sjølv om det er sumar, var det ein Noël, ein julesang. Han har komponert mange noëls.

Til slutt var det eit stykke av Charles John Stanley, ein engelsk komponist, som gav ut fleire samlingar med Voluntaries. Albert de Klerk spelte Voluntary i d-moll på orgelet i St. Baavo kerk i Harlem. Det var eit stykke i tre deler, og dei som var med Pieter Leebeek på tur til Nederland i 1995 var i den kyrkja.

Og Niklos hadde alt klart programmet til neste gong. Då ville han endåtil ha to stykke, det første og det siste med orkester utan orgel.

Eg har ikkje fått programmet ennå, så eg reknar med at det blir nokre forandringar når eg får det i posten om ein dag eller to.

 

Ny leiar på Evjetun

I kveldens sending i Valle Radio hadde Siri Johannessen ein samtale med den nye leiaren på Evjetun, Sverre Høgsås. Han var tidlegare tilsett på Konsmohus, han er frå Konsmo, men har kjøpt hus på Byglandsfjord og flytta dit. Snart kjem kona etter, ho er hjelpepleiar og håpar å få jobb i Bygland eller på Evje.

Sverre Høgsås har vore engasjert i Misjonssambandet og lokalt kristent arbeid heile livet. Opprinneleg er han frå Mandal, han vaks opp heilt i sjøkanten. Framleis har han hus i Mandal, og frå huset på Byglandsfjord ser han fjorden, det er nokså likt som ved sjøen.

Etter å ha gått på Mandal videregående skole, studerte han seinare på Universitetet i Agder. Sverre Høgsås var snekker, men tok vidareutdanning etter ei ulukke, så det vart mest kontorarbeid etter kvart. Det er det også på Evjetun, han kan nok fikse litt på morongen, men å administrere bedrifta med mange tilsette og mange elevar i 6. og 7. klasse på leirskuleopphald, krev mykje kontorarbeid.

I sommar skal det vere camping på Evjetun. To veker skal det vere bibelcamping, der er det alt påmeldt 100 stk. I møtesamanheng kan det vere 200 saman.

Dei prøver også å få til Mini-UL, ungdommens landsmøte. Det pleier å samle 2-3000 unge i Kongeparken på Sandnes. På Evjetun vil det bli 200.  Opplegget der er laga sentralt og blir streama på storskjerm. Så bruker dei lokale attraksjonar som Gocart og rafting. Målgruppa er 15-20 år på desse.

Dei tek koronarestriksjonane på alvor, både på leirskule og på leirar. Det er elevar frå fire skular samstundes, men dei blir ikkje blanda når det er leirskule.

Og når dei skal delta på noko, må dei melde seg på via Facebook eller epost.

Sjølv håpar dei å få kontakt med andre kristne i området og kunne ha eit kristent fellesskap med dei.

Unge på Evje deltek på sommarjobb med ulike oppgåver.

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

 

Strand- og hoderydding

I dag var det tid for å rydde på toppen. Korona har medført at frisøer har hatt stengt i mange uker, jeg tror hun sa åtte uker, June da jeg satte meg i stolen hennes klokka fem over ni i dag tidlig. Om håret mitt ikke var så langt som i ungdommen, så var det lite lystelig å tenke på at man skulle ha det lenger.

410 kroner senere gikk en ny mann ut av frisørsalongen og snudde bilen mot Tilbudsenteret. Der oppdaget jeg at jeg hadde glemt brillene, men heldigvis hadde de noen jeg kunne sette på hodet mens jeg kikket etter gode tilbud. Det beste jeg fant var en grillet kylling til 40% rabatt, den hadde vi til middag i dag. De andre var vel helst lystbetonte, i alle fall posen med moreller.

Når jeg er på de kanter, må jeg alltid en tur ut på piren og se på havet. I dag var det jo særdeles nydelig, og noen godt voksne mennesker var i full gang med å rydde på Sjøsanden. Havets og naturens aktivitet forårsaker litt av hvert som må ryddes opp slik at Mandals kanskje viktigste trekkplaster viser seg fra sin beste side. Å nyte en is og se ut over havet, det er bare godt.

Når både stranda og hodet var ryddet, kunne jeg vende nesa hjemover og etter en middagslur før middag lese avisene og gjøre det som en pensjonist ellers får dagene til å gå med.

Om du ser godt bortover Sjøsanden, kan du skimte noen svarte flekker, det er ryddegjengen.

Bildet kan inneholde: hav, himmel, strand, utendørs, natur og vann

Gjenbruksbutikkar

I dagens gudsteneste frå Alver kyrkje var det eit innslag om gjenbruksbutikkar. På Knarvik var det ein gjenbruksbutikk der pensjonistar var aktive medarbeidarar. Dei tek ikkje ut løn, så alle pengane dei får inn, går til misjonen, i dette tilfelle var det NMS:

I ein samtale etter preika med ei av dei som hadde vakter i butikken, kom det fram at ho såg på dette som ein ny måte å få inn pengar til misjonsarbeidet på etter at misjonsforeningane si tid langt på veg var over. Kvinner møtest ikkje så ofte lenger for å ha foreningsmøte med bibel og misjon som tema.

I staden har altså gjenbruksbutikkane dukka opp. Dei skaffar pengar til misjonen gjennom resirkulering av gamle møbler, klede eller bøker.

Sjølv har eg funne mange bøker i gjenbruksbutikkane her sør, både i Lyngdal, på Vigeland og i Mandal. -Som om eg ikkje hadde nok bøker frå før, seier du. Jo, men plutseleg er det ei bok eg finn interessant, og då er det jo flott å kunne finne den i ein gjenbruksbutikk og sleppe å gå på biblioteket og bestille den. På Vigeland har dei endåtil posesalg, der ein kan fylle ein plastpose for ein 50-lapp.

I Lyngdal fann eg ei prestebok frå 1974, den har lagt grunnlaget for mange artiklar på Setesdalswiki, for den har biografisk informasjon om presten si teneste fram til boka kom ut. Så kan ein google litt og finne resten på Internett.

Reidun meiner at det bør vere ei bok ut for kvar bok eg tek inn. Det er litt vanskeleg å halde det, men eg prøver jo. Og som ho sa det, pengane går jo til ein god sak.

Sogevandringar

I dag var det sogevandring på Flateland, 23. mai var det sogevandring i Åraksbø. Setesdal sogelag er aktive, ikkje bare med å gi ut Setesdal og setesdølar, men også ved å gi folk opplevingar med historisk sus. I mai møtte over hundre, så det vart to store grupper. Kor mange som møtte på Flateland, har eg ikkje sett at nokon har skrive, men ut frå bileta, var det nok ikkje like mange der.

Det verkar som om folk gjerne vil ha noo sosialt å samle seg om etter at landet har vore koronastengt i tre månader. For vi treng å møtast, ikkje bare digitalt, men også fysisk. Sjølv om ein må halde avstand, er det verdifullt å møtast, snakke saman, le saman, undre seg saman. Det kan ein ikkje så lett få til digitalt.

I morgon er det sundag og det er tillyst gudstenester og møter, heller ikkje på denne sektoren av kutlurlivet kan digitale møter erstatte sosialt samkvem. Sjølv om vi framleis må halde avstand og vaske hendene, som Espen Rostrup Nakstad seier, så er det fint at ein kan opne for samvær i mindre grupper.

Så får vi håpe at smitten ikkje aukar i samfunnet att, i dag var det protestdemonstrasjonar der folk gløymde å halde avstand både i Oslo og Stavanger. Men sogevandringane fulgde reglane. Foto: Karin Bøe.

 

Levande musikk

I dag hadde eg ein time minst til morgonen der eg såg på Nederland zingt. Det er ein programserie som blir sendt på ein evangelisk TV-kanal i Nederland med opptak frå kykjer der folk kjem saman og syng salmer og evangeliske songar. Dei opptaka eg såg på, var nok gjort før koronasmitten kom, for kykjene var fullsette og sanggleda stor.

Slike salmesang-samlingar har stor verdi. Når mange folk møtest for å syngje saman, skapast det ein energi som eg knapt trur kan skapast på andre måtar.

I desse koronatider har det jo ikkje vore lov å samle meir enn 50, så det har nok ikkje vore råd å samle så mange folk til å syngje saman.

Fellessang er blitt mindre vanleg også i vårt sekulariserte samfunn. No ser at det til og med vert diskutert om ein skal ha musikk frå musikkanlegg i gravferder. Eg kan jo forstå det om ein tenkjer på at det er få som kan salmer lenger, og i gravferder skal ein helst synge salmer.

Men musikk frå musikkanlegg kan ikkje erstatte levande musikk, skapt der og då. Anten av ein solist, som syng ein sang den avdøde var glad i, eller av dei frammøtte som syng saman slik liturgien legg opp til.

I vår gjekk det ein serie på facebook der ein skulle syngje frå Mads Berg Skolesangbok. Framleis syng folk dei gamle sangane. Det er greitt å gjere opptak, men levande musikk er best.