Kategoriarkiv: Ymse

Aktuell time fredag 7. april 2006

18:00 Nyhetstime
Første tema var Ny rådmann i Valle. Noverande rådmann Vidar Homme fortalde at han hadde halde seg utanfor arbeidet med å finne sin etterfølgjar, men at kommunestyret i går, torsdag 6. april, tilsette Arne Tronsen, dagleg leiar i Setesdal regionråd i stillinga. Sjølv skal han begynne i ny stilling i Bykle frå 1. september. http://www.valle.kommune.no/innhald/h_nyheter_detalj1.asp?Id_Nyheter=370

Neste tema var Valle kommune i skibakken. Rådmann Vidar Homme fortalde at Valle kommune har hatt fleire slike tiltak for å skape samhald mellom folk som jobbar i kommunen. I haust var det ei flott samling med Per Anders Nordengen som kåsør og med mykje bra underhaldning, mellom anna ein film der rådmannen og driftssjef Ingvar Nes prøvde seg på oppgåver rundt om i etatane i kommunen. Astrid Nomeland, tilsett i ein liten stilling, kom også i studio og fortalde om gleda ved å ta på seg alpinski, skidagen i Brokke onsdag 5. april var puffet som ho trong for å få på seg alpinski i år. Etter tre rundar i bakken kjende ho det framleis i beina.
http://www.valle.kommune.no/innhald/h_nyheter_detalj1.asp?Id_Nyheter=367

Til slutt snakka vi litt om evalueringsrapporten frå omorganiseringa i Valle. Oppslaget i Fædrelandsvennen var sett på spissen, det stod meir i rapporten enn det ein kunne lese der.
http://www.fvn.no/nyheter/setesdal/article353895.ece
Rapporten skal brukast til å utvikle sider der kommunen ikkje er god, slik at dei kan bli betre, men det er for tidleg i denne prosessen til å trekke konklusjonar enno. Truleg vil dette vere tema i program seinare i Valle radio.

Neste tema var det Karin Bøe i Valle Vev som stod for. Ho skal vere med på to utstillingar på Hovden i påska, både “Kreative Kvinner” si utstilling på Hovden Grendehus frå onsdag 12. april kl. 12 til og med langfredag 14. april. Der finn ein også Sørlandsutstillinga frå palmesøndag til 1. påskedag, (open mellom 12 og 18). http://www.sorlandsutstillingen.no/ På denne linken kan ein sjå alle bileta på Internett. Karin Bøe skal også vere med på påskeutstillinga på Hovden gård. http://tinyurl.com/z685r

Vi tok og ein telefon til Mona Ida Frøysnes om påskeutstilling og konsert på Bykle Hotell. http://www.byklehotell.no/

Neste tema var Gilde og Prior fusjonerar. Torleif B. Harstad var på Bolkesjø Der snakka dei også om e-coli-problema som Gilde har hatt, og Torleif fortalde litt om systemet ein har hatt for å gje eigarane – bøndene – representasjon i organisasjonen sine organ.
Her er hovudsida til Gilde http://gilde.no/

Torleif Homme kom så i studio for å minne om ein viktig sak:
Hugs å sjekke brannvarslaren i hytta. Hyttebrannen på Hovden minna oss om at det er viktig å ha utstyret på plass og i orden, ein kontroll seinare viste at ei av fire hytter hadde manglar og feil på utstyret. http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article1210609.ece fortel om hyttebrannen, http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sorlandet/5525280.html fortel om kontrollen.

Til slutt kom Malmfrid Nyborg Homme i studio for å fortelje om eit arrangement som folkeakademiet i Valle skal ha 3. påskedag om hageglede. Tysdag 3. påskedag klokka 20.00. Litt nede på denne sida finn du informasjon om programmet: http://www.folkeakademiet.no/distrikt/09.htm

Dermed var første timen av kveldens sending slutt.

Fuglar og fisk i Valle radio

-Programmet i Valle radio i kveld handlar om både fuglar og fisk, fortel kveldens programleiar, Harald Haugland, til Setesdølen. -I den opne sendinga frå klokka 21 skal Anne Grete Haugå og Harald Haugland teste kunnskapane til folk når det gjeld fuglar. Anne Grete er eit oppkome av soger knytta til fuglelivet, så eg vonar at ho skal få dei som ringer inn til å fortelje eigne opplevingar knytt til fuglelivet. I samband med rebusane skal vi også spele fuglelydar, så det blir ei interessant sending, seier Harald Haugland.

-Når det gjeld fisk, er det bleka som er tema. Det er mange som har høyrt om bleka i Byglandsfjord, men ikkje alle veit at ein nesten er garantert å få fisk om ein kastar ut snøret. Det er dei to tilsette på Syrtveit fiskeanlegg som stiller opp i Valle radio for å fortelje om denne spesielle fisken. Nils Børge Kile og Bernt Olav Matisen skulle ha godt grunnlag for å fortelje om bleka, Matisen har arbeidd med dette sidan tidleg på 80-talet.

-Elles vert det eit møte med Indre Agder Futsal, klubben som vann NM i innandørsfotball i fjor. Lars Tarald Myrum var med på laget og kjem i studio. I tillegg vert det mykje godt stoff, nytt og litt mindre nytt heile kvelden. Sendinga startar klokka 18:00 og held på til midnatt. Programmet finn du på annnan plass i Setesdølen, sluttar Harald Haugland.

** Dette sende eg som pressemelding til Setesdølen. Eg veit ikkje om dei tok det inn, ho kom litt seint til Bygland torsdag, og ettersom Setesdølen denne fredagen har eit opplag på 12.000, var deadline nokså tidleg, noko eg ikkje var klar over. **

Sendinga fredag 7. april 2006

**Palmefredagssending – heile dalen**

18:00 Nyhetstime
19:00 Valle kommune informerer. Leiar for Bygg, eigedom og anlegg, Halvor Rike
19:30 Tankar frå Bibelen. Bjørgulv T. Berg
20:00 Indre Agder Futsal vann NM i innandørsfotball 2005. Lars Tarald Myrum fortel
20:30 Bleka i Byglandsfjord. Ein samtale med Bernt Olav Martinsen og Nils Børge Kile på Syrtveit fiskeanlegg.
21:05 Open sending. Harald Haugland og Anne Grete Haugå har fuglar som tema for rebusar og samtaler med folk som ringer inn.

Program tysdag 4. april 2006

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel. Geir Johannessen
18:30 Noreamagasinet. Om Prosjekt Hannah
19:05 Møteplassen. Mathias Mjølhus
19:30 Påskesang med noko attåt. Mest Skruk
20:20 Dagens Mozart. Rondo alla turca
20:30 Postludium. Felix Hell spelar orgel
21:00 Kyrkjebakken

Litt for sein, strevde med å få kople opp og måtte prøve fleire gonger før eg fekk det til klokka 18:10.

Aktuell time 31. mars 2006

Gjesten som Theis hadde med seg denne timen var Ingebjørg Nomeland. Ho og systera Ragnhild skal ha konsert saman med Øystein Kikut sundag 2. april kl. 20:00 i Spelestoga. Han var musikklærar for dei på vidaregåande skole her i Valle, og dei spelte firhendig piano. På konserten skal dei spele sekshending musikk av ein dansk kvinneleg komponist. Men dei skal og spele Grieg, Schubert og Dvorak. Ho studerer musikkvitenskap på Universitetet I Oslo http://www.hf.uio.no/imv/ og tek sikte på å få jobb i kultursektoren når ho er ferdig. Ho har øvd to timar dagleg dei siste to månadene, men får likvel tid til å gå på ski, og har saman med vener som ho deler husvære med gått på ski frå Frognersætra til Hadeland. Når ho er heime, likar ho godt å stå på brett i Brokke.

Den neste Theis snakka med, var Brita Mosdøl i Bykle. Ho fortalde på telefon at ei møtehelg Normisjon hadde planlagt i Bykle, vart utsett til seinare og at dei denne helga skal ha ei barnegospel-helg i den nye kyrkja, som er blitt ein svært triveleg stad å samlast. Bykle kyrkjelyd er no blitt prøvekyrkjelyd for ny liturgi på Agder.

Deretter hadde han ein prat med Eva Olafsdottir frå Brokke, som tok 2.-plass i NM half pipe for yngre junior på Kongsberg.
http://www.snowboardforbundet.no/?page=561&article=1283
Eva har stått mykje på brett i Brokke, men dei har ikkje half pipe der. Theis meinte at dei måtte få det til neste år, og det var ho samd med han i. I hennar klasse var det 6 deltakarar. Når ho er ferdig med ungdomsskulen, vil ho til Geilo på Toppidrettsgymnaset.

Rådmann i Bykle, Tallak Hoslemo fortalde om Bykle kommune sitt arbeid i høve til mogleg ekspropriering av eigedom til Breive-utbygginga som Hovden Skisenter planlegg. Om det vert aktuelt med oreigning vil verte avklåra fram mot midten av mai. Han fortalde og at kommunestyret i Bykle har gått inn for å løyve 200.000 kroner til løn for tilsette i Bykle radio. Alle meinte det var viktig med informasjon frå kommunen.

Torleif Harstad var i studio og fortalde om Sesilåmi og om “Karetrimmen” som han har leia i 35 år, og som var ein viktig grunn til at han vart utnemnd til æresmedlem i Valle IL.

Program fredag 31. mars 2006

Ansvarleg: Theis Salvesen
Teknikar: Geir Uppstad

18:00 Aktuell time. Theis med gjest Ingebjørg Nomeland talar med folk frå Valle og Bykle.
19:00 Kommunen informerer. Sissel Åkre frå Valle barnehage
19:30 Tankar frå Bibelen. Håvard Viki
20:00 Min musikk ved Ragnhild Nomeland
20:30 Ingebjørg Vegestog Homme les frå Bygdekvinnelaget sine annaler.
21:00 Opi sending, Theis med gjest Liv Brattlie Løyland.

Meir enn ein intelligens. Ein prat med Astrid O. Knutsen

Før sendinga fredag 24. mars fekk eg ein telefon frå Astrid O. Knutsen, som er rektor på Hylestad skule.
http://www.valle.kommune.no/innhald/h_hylestad_skule.htm

Ho var ansvarleg frå Valle kommune for innslaget til Kommunen informerer denne fredagen klokka 19:00. Problemet hennar var at heile skulen skulle på studietur denne fredagen, og ho kom ikkje til å vere heime slik at ho kunne kome i studio. Eg reiste difor ut og gjorde eit opptak med henne som vart sendt denne kvelden. Her kjem noko av det på bloggen. Grunnen til at det ikkje er lagt ut før, er at MD-en som opptaket vart gjort på, låg att i radioen etter sending

-Vi skal til Telemark på studietur, vi reiser til Øyfjell skole i Vinje kommune, ein liten, tredelt skole akkurat som Hylestad. Den driv med ein del interessante ting som vi vil sjå nærare på.
http://www.vinje.kommune.no/default.asp?uid=663&CID=58

-Vi har klart å lage oss fri, vi tek ein av dei fem planleggingsdagane som vi til vanleg har i begynnelsen eller slutten av skuleåret. Dermed kan vi reise frå Hylestad skule klokka åtte fredag, og så reiser vi frå Øyfjell skule til Straand Hotell i Vrådal. http://www.quality-straandhotel.no/

-Der overnattar vi til laurdag, så held vi fram med arbeidet der utover laurdagen. Dette er ein personaltur, ikkje bare ein lærartur, så vi har med oss andre i personalet og eit par foreldre frå FAU også. Vi gleder oss, alle saman.

-Kva driv Øyfjell skule med?

-Dei driv med mange spennande ting. Dei siste åra har dei spesielt arbeidd med teorien om mange intelligensar, at eit menneske ikkje bare har logisk/matematisk intelligens, men også kroppsleg intelligens, sosial intelligens, visuell intelligens. Dette har dei brukt mykje tid på å lære foreldre og elevar om, og så brukar dei det som utgangspunkt når dei skal drive tilpassa opplæring og lage arbeidsplanar.

-Klarar dei å få til eit opplegg med arbeidsplanar for alle elevar, ikkje bare for elevar med spesielle behov?

-Det er det vi skal sjå om dei klarar. Eg har vore der før og ser at dei lagar arbeidsoppgåver som skal utvikle alle desse intelligensane, og så må elevane sjølv fylle ut skjema for å sjå kva for ein intelligens som er dominerande hjå dei. (Her er ei side om mangesidig intelligens): http://www.tftnorway.com/artikkel/dinetalenter.shtml

-Harvardforskaren Howard Gardner er opphavsmannen til den teorien dei arbeider med, og elevane vil helst arbeide med det som dei kan best, men så lagar dei arbeidsoppgåver for å utvikle alle dei 7 intelligensane, og så må elevane velge oppgåver som går på dei sidene som dei ikkje er så flinke på, og dermed kan dei få utvikle fleire sider av seg sjølv.

-Det er jo så flott at vi har forskjellige intelligensar, og det som er viktig er at vi verdset dei ulike sidene, at det ikkje bare er den som kan matematikk, eller kan skrive fine stilar og er flink i norsk språk som er noko verd. Det vi kan på andre måtar er jo også viktig. Eg ser nokre av elevane her, dei er utruleg flinke til å jobbe med kroppen og hendene, sjølv om dei ikkje er så flinke i dei såkalla skulefaga. Men det er viktig at elevane sjølv lærer at dette er viktig, og at vi som er rundt dei lærer å verdsette alle sider ved mennesket.

-Tenkjer de å bruke meir av denne teorien på Hylestad skule neste år?

-Vi har ikkje heilt bestemt oss korleis vi skal arbeide vidare med dette, men om vi går inn i modellen slik som Øyfjell skule har gjort eller ikkje, så er det viktig for lærarar å vere klar over dette. Lærarar er klare over dette, men det er viktig å få synligjort det.

-Skulen har forandra seg mykje i løpet av nokre år, og ein er mykje meir observant på slike tilhøve no enn før, sluttar Astrid O. Knutsen.

Noreaprogramma veke 13-2006

Over ein open Bibel
Denne veka var det Rita Åsen som hadde andakt. Eg veit det er mange som likar å høyre henne, så eg sende andaktane for måndag og tysdag. Tema hennar var Moses. Her er link til andaktar av henne:
http://norea.no/page.php?mtid=44&elid=1443

Noreamagasinet
Ansgarskolen i Kristiansand var første innslag. Dei har arrangert eit torg der kyrkje og organisasjon som treng nye folk kunne presentere seg for studentane. Sjå
http://www.ansgarhs.no/sider/tekst.asp?SIDE=262

Peru var tema nr. 2. Per Byrknes fortel om Placida, 18 år gamal, som har fått mykje hjelp av å høyre på kristne program på radio HTR. Foreldra likte ikkje det, så ho måtte slutte.

Asfaltevangeliet
Ein film om kva som ville skjedd om Jesus hadde kome til Oslo i dag. Adressa til bloggen til David Åleskjær, som har laga filmen, finn du i kommentaren til denne posten. Ved ein feil hadde eg brukt linken som skulle vere til sida om Jan Honningdal to stader. Takk til Jørgen, som gjorde meg merksam på dette.

Lytterbrev frå Kambodsja – prosjekt Hannah
“Håp for kvinner” var eit program i radio som hadde gjeve henne hjelp.

Songane i programmet var
Michael Smith – Open the eyes of my heart
T/M Paul Baloche, Michael Smith RRA 10025.
Her er teksten: http://tinyurl.com/zhd5v

Frisk luft – Tror på ham
T/M Arnold Børud Lynor 0006

Jan Honningdal med venner: Løven av Juda
T/M: Jan Honningdal. Her er ei side om Jan Honningdal. http://www.janhonningdal.dk/ny_side_3.htm

Mons Leidvin Takle – Blott en dag
Tekst: Lina Sandell Melodi: Oscar Ahnfeldt
Her er ein artikkel i Vårt Land om Lina Sandell
http://tinyurl.com/esnxj

Møteplassen
Eit møte med regissøren av filmen Asfaltevangeliet, David Åleskjær. Her er ein omtale av filmen. Filmen si heimeside er vanskeleg å laste, men denne fungerer: http://tinyurl.com/o5h9t

Eit program gjekk skeis

Eg har lenge tenkt på om det hadde vore mogleg å integrere tekst og musikk til ei radionovelle. Sist helg sette eg meg ned og skreiv ei slik novelle. Til det trong eg ulike musikkinnslag som kunne illustrere noko av det som var med i novella.

Eg visste at eg hadde noko av denne musikken i arkivet til radioen. Difor tok eg sjansen på at eg hadde det eg trong, og dermed kom radionovella “Gravferd” i programmet for sendinga tysdag.

Men det hadde eg ikkje. Dermed måtte eg kansellere programmet. Når eg får tak i den rette musikken, skal eg kome tilbake til det.

Harald

Tysdag 28. mars 2006

Ansvarleg: Harald Haugland

Program:
18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Radionovella Gravferd av Harald Haugland
20:00 Bokaktuelt. Annemor Sundbø fortel om “Usynlege trådar i strikkekunsten” Samlaget, 2005, boka som er nominert til Sørlandets Litteraturpris.
20:20 Dagens Mozart
20:30 Postludium til Maria Bodskapsdag ved Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken