Kategoriarkiv: Ymse

Bokaktuelt 18. april

I samtalen min med Lisbeth D. Homme denne kvelden tok vi opp bøkene som var premierte i Kyrkje- og kulturdepartementet sin konkurranse om beste barne- og ungdomsbok og teikneserie. Alt om dette finn du her http://www.barnebokinstituttet.no

Lisbeth kunne fortelje at ho hadde dei fleste av desse bøkene på biblioteket, men at dei var på utlån denne dagen, så det var vanskeleg for henne å syne dei til meg. Men ho hadde lese dei fleste og kunne fortelje om dei. Sjekk heimesida til biblioteket og sjå om bøkene er komne inn her: http://www.valle.kommune.no/bibliotek/

Eg lurer forresten på kva tid Valle kommune skal ta eit nytt bilete av biblioteket og legge ut på den sida. Huset er det same, men miljøet utanfor huset (Valle sentrum) har blitt oppgradert for 3 millionar kroner. Det ser ikkje ut til å nytte om ein seier frå, truleg må mange melde frå om at det er naturleg med eit nytt bilete før det vert teke noko. Om alle som les dette på bloggen sender ein mail til post@valle.kommune.no, så hjelper det kanskje. 🙂

Aktuelt frå kyrkje- og kristenliv i Valle

**1. Basaren for NMS**
Marit Salvesen kom i studio og fortalde om basaren til inntekt for Det Norske MisjonsSelskap som nettopp hadde slutta av på Menighetshuset i Valle. Basaren vert halden av Homme og Tveitebø kvinneforening i lag med Prestegardsforeninga, til saman er dei vel 13-14 personar. I fjor fekk dei inn 23.000 kroner, i år vart det vel 28.000 kroner etter fire timar med loddsal. Som vanleg på basar i Valle er det suppe og eplekake (potetkake), kaffi og noko å bite i til kaffien. Marit hadde også med seg namna på nokre av premievinnarane, som ho las opp. Her er link til NMS: http://www.nms.no/

**2. Bispevisitas i Valle prestegjeld**
Sissa Ringstad kom i studio for å fortelje at det skal vere bispevisitas i Valle prestegjeld siste veka i april. Visitasen er kunngjort i Vegleiaren og Bygdenytt, men det er nyttig å få ut informasjon om programmet. Her er informasjon om biskopen, Olav Skjevesland. http://tinyurl.com/hycpb

Opplegget for kva biskopen skal gå gjennom og for korleis ein organiserer ein bispevisitas finn du her:
http://www.kirken.no/agder/tekstsider.cfm?id=72210

Programmet for visitasen kjem eg tilbake til seinare.

Noreaprogramma veke 16 2006

**Over ein open Bibel** 0616
var ved Gunstein Vetrhus, lærar på Bibelskolen i Grimstad. Her er link til andaktane hans
http://www.norea.no/page.php?mtid=44&elid=1607
Og her er link til Bibelskolen i Grimstad

Forside

**Noreamagasinet** 0615
I sendinga denne kvelden nytta eg programmet for veke 15, som var ein samtale med Arnhild Reinum om påskevandring i Trefoldighetskirken i Arendal. Her er link til dette på Norea sine sider:
http://www.norea.no/page.php?mtid=1&elid=1616
Her er link til ein annan omtale av dette:
http://tinyurl.com/mtdu4

**Møteplassen** 0616
Gjest i Møteplassen denne kvelden var Liv Synnøve Granli, dotter til den kjende musikaren Trond Andersen (Storsalens Minikor og Grimstad Kammerkor). Her er ein link til minneprogrammet NRK Salmer til alle tider laga http://tinyurl.com/nt9zj

Påska er over

4. påskedag, no er det tilbake til normal aktivitet att. Eg har ikkje hatt høve til å høyre på Valle radio i påska, så eg har nok gått glipp av mykje triveleg. Dersom du lytta til radioen onsdag, skjærtorsdag og 1. påskedag, kan du skrive ein kommentar til denne meldinga. Skriv om kva du likte å høyre på eller kva du ikkje likte. Vi får tilbakemelding, lesarane får informasjon.

Etter det eg har høyrt av dei som var med i radioen, var det stor stemning og triveleg lag alle dagane. Det er jo inntektene frå Radiobasaren vår som finansierer arbeidet i radioen resten av året (saman med reklamen) og i år fekk vi inn nesten 160.000 kroner. Takk til alle som var med.

Hovudgevinsten, som i år var dalebukse, gjekk til Rolfs elektro. Han leverer mykje kvitevarer til Setesdal, så kva er meir naturleg enn at han tek på seg nysauma dalebukse neste år.

2. påskedag var radioen open som vanleg for utlevering av premiar til folk som køyrde forbi på veg frå påskefjellet. Dei fleste gevinstane er no leverte.

Så er det bare å vente til neste påske på ny radiobasar.

Harald

Program tysdag 18. april 2006

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel 0616-2
18:30 Noreamagasinet 0615
19:05 Møteplassen 0616
19:30 Aktuelt frå kyrkje- og kristenliv i Valle. Marit Salvesen og Sissa Ringstad
20:00 Bokaktuelt ved Lisbeth D. Homme. Tema: Premierte barne- og ungdomsbøker.
20:20 Dagens Mozart
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

Påskesending 2006

**Onsdag 12. april**
Ansvarleg: Hallvard Kjelleberg
Teknikar: Dreng Homme
Telefonvakter: Torbjørg Hoftuft, Jorunn Lund Harstad og Anne Birgit Larsen

19:00 Nyhende
19:30 Andakt ved Bjørgulv T. Berg
20:00 På vegen. Utereporter Ørnulf Hasla. Me fylgjer med på trafikken utetter kvelden.
21:00 Opi sending. Litt loddsal. Musikk og rebusar. Gitaren er med i studio. Rolf Erik Homme og Åsmund Åmli har mykje på lur. Programleiar: Hallvard Kjelleberg

**Torsdag 13. april**
Ansvarleg: Hallvard Kjelleberg
Teknikar: Torleif Soltun
Telefonvakter: Gudrunn Rysstad,Ingebjørg H. Haugen, Gunnar A. Helle, Haldis Harstad, Tobbi og Jorunn, Helge Homme, Olaf Henrik Homme

19:00 Nyhende. Brokke er med kl. 19
19:45 Bygdekvinnelaget si bok. v/J. L. Harstad
20:00 Theistimen. v/Theis Salvesen
21:00 Radiobasar m/ Dalebukser som hovudgevinst,Tyrkiatur, dansesko, surroundanlegg, stereoanlegg, motorsag, høgtrykkspylar og mykje meir.Gevinstar for Nkr 60 000. Rolf Erik Homme og Helge Dahle

**Sundag 16. april**
Ansvarleg: Hallvard Kjelleberg
Teknikar: Jørund Georg Jore
Telefonvakter: Ingunn Å Uppstad, Rolf Erik Homme, Haldis Harstad, Jorunn L. Harstad, Bitte, Gunnar A. Helle Torleiv Soltun, Helge Homme, Olaf Henrik Homme

19:00 Nyhende
19:30 Andakt v/Håvard Viki
20:00 Jorunn les frå Bygdekvinnelaget silagsbok.
21:30 Radiobasar
23:30 Trekking. Lensmann Knut Nomeland

**Telefonar:**
Lodd: 37937574, 37937575, 37937578, 37937580.
Rebusar: 37937577.
Helsingar: Bare SMS 99237578
Me sender og på Internett: http://www.valleradio.com

Rebusar om fuglar

Her er fuglane og rebusane vi brukte i Opi sending fredag 7. april. Eg har og teke med namna på dei som kom inn i studio for ein prat med Anne Grete Haugå og Harald Haugland i programmet.

1. Raudstrupe = Sivbåt + ut (dansk) + hals **Vidar Sørensen, Abusdal/ Kristiansand**
2. Stare = Egen + tone **Tor Pedersen, Fjellestad/ Kristiansand**
3. Vipe = Pronomen + nr 16 + tone **Torleif Harstad, Valle**
4. Bokfink = Lesestoff + vakker + kilo **Bjørn Langgaard, Fjellestad/ Kristiansand**
5. Bjørkefink = Tre med kvit stamme + nr 5 og 6 + engelsk blekk **Johanna Solheim, Rysstad**
6. Linerle = Fiskeredskap + Radius + smile **Bodil Larsen, Reiersvann/ Mandal**
7. Grågås = Ukokt mellom nr. 7 + låg fjellrygg **Gyro Trydal, Trydal**
8. Kvinand = Skjerande eller pipande lyd + engelsk og **Helge Ruthgjersen, Moisund**
9. Taksvale = Grep + kjølig + tone **Laila Tveit, Evje**
10. Skogdue = Fottøy + nr. 7 + pronomen + nr. 5 **Halvor Kittelsen, Skafsåheia**
11. Tyrkerdue = Tonn + smått regn + kilo + lever + pronomen + nr. 5 **Doris Standal, Arendal**
12. Gauk = Leverte + United Kingdom **Oddvar Lund, Rysstad**
13. Flugesnappar = insekt + grip snøgt **Anne Nordli, Byglandsfjord**
14. Sisik = To gonger tale + kilo **John Olav Karlsen, Reiersvann/ Mandal**
15. Flaggspett = Fane + jernstong til å bryte laus stein med, **Alfhild Hodne, Moisund**

Kveldens hovudpremie, **Valle Radio-ryggsekk og -krus, gjekk til Halvor Kittelsen frå Dalen,** som høyrde på oss frå hytta på Skafsåheia og hadde gode tilhøve. Den premien vart lagd inn på Esso i Valle saman med premiane til Torleif Harstad og Gyro Trydal.

Det var og premiar til Vidar Sørensen og Bodil Larsen. Desse vart leverte på Texaco, Evje laurdag om lag klokka 13. Premien til Anne Nordli tok Anne Grete Haugå med seg, for dei skulle bake i lag laurdag morgon.

NM til Indre Agder Futsal

For å markere at Indre Agder Futsal vann NM i 2005 hadde eg invitert Lars Tarald Myrum i studio for ein prat. Kristian Stubseid og Kjetil H. Homme var også med på laget, medan dei andre sju spelarane kom frå Evje og andre kommunar på indre Agder. Her er heimesida til Indre Agder Futsal, som Lars Tarald redigerer: http://iafutsal.com/ Du bør sjekke den, det er artig å lese humoren der.

Lars Tarald gjekk gjennom kva futsal er (innandørsfotball), laget held til i Kristiansand fordi deltakarane arbeider eller studerer. Dei var med i grunnspelet lokalt, der dei fem beste går vidare til sluttspel. Dei er ti deltakarar, men bare fire spelarar og målmann er på banen samstundes, kampen varer to omganger og omgangane er bare 10 minutt. Men dei kan byte heile tida, og det trengst, for sporten er hurtig og tek på kreftene.

Frå anna hald har eg fått vite at Valle IL har sponsa Indre Agder Futsal med 5000 kroner. http://www.valle-il.no/
Valle radio markerte at Indre Agder Futsal har vunne NM i futsal med å gje laget Valle Radio-ryggsekker til slutt i den halvtimen han var med i studio. Lars Tarald vart både overraska over og glad for gåva og lova at dei i neste sluttspel skulle stille med ryggsekkene frå Valle radio. Då tek dei nok heim NM-tittel nr. 2. 🙂

Tankar frå Bibelen

Fredag 7. april var det Bjørgulv T. Berg som skulle ha andakt i Valle radio. Han var i Kristiansand og såg at han ikkje rakk heim innan 19:30, så han fekk Sissa Ringstad til å kome i staden. Ettersom eit av kveldens tema var Fuglar, hadde eg bede Bjørgulv om å lese Selma Lagerlöfs legende om Rødstrupen i andakten denne kvelden. No vart det Sissa som fekk oppgåva. Her finn du legenden
http://www.sveinunghobberstad.net/rodhist.htm

Halvor Rike i Kommunen informerer

Fredag 7. april var det leiar for Bygg, Eigedom og Anlegg (BEA) i Valle kommune som skulle informere i Valle radio klokka 19:00. Det var første gong Halvor hadde denne oppgåva, og her er noko av det vi var innom:

BEA har 11 mann i teknisk vedlikehald og 10 reinhaldarar. Ikkje alle reinhaldarane i kommunen er i denne avdelinga, nokre er organisert under den driftseininga dei arbeider i. Reinhaldarane i Valle kommune skal i mai til Brüssel på ei reinhaldsmesse, og Halvor har fått tilbod om å vere med på turen. Her er glimt frå reinhaldsmessa dei var på i oktober på Lillestrøm. http://www.valle.kommune.no/innhald/h_reinhaldstur.htm

Når det gjeld renovasjon er det i påsken kjørt ut containerar til å ta vare på avfall frå dagsturistar på dei mest populære utfartsstadene. Det kan kome vel med, men Halvor presiserte at desse containerane ikkje er for normal hytterenovasjon. Då eg fortalde at glascontaineren ved Bergtun var full tidlegare fredag, lova han å setje opp ein ny før påske.

Vi snakka og noko om arbeidet kommunen gjer for å legge til rette for nye bustader. Ein har no rydda trea i vegtraséen til bustadfeltet Åsan 2 på Rysstad. Det er og planar om å få til fleire bustader i nedre del av Leite, men om det lukkast, er uvisst, mellom anna fordi planen inkluderer bruk av dyrka jord.

Vidare skal ein fullføre arbeidet med vegljos frå Jore til Homme. Her vil det og kome breiband i luftstrekket, det er greitt å nytte stolpane også til breibandskabel. Arbeidet med vassleidning til Hovet held fram, men her må ein krysse Otra nedstrøms Brokke, og det er ikkje gjort utan mykje planlegging, men det er tanken å nytte høvet ein gong i haust når det skal vere stans i kraftverket nokre dagar. Breibandskabelen vil nok bli lagt over elva ved Skagebrua og følgje ljosstolpane over til Hovet og Bjørgum.