I timen frå 18 til 19 ser det ut til at vi får desse sakene:
1. Valle sparebank har lagt fram rekneskapen og delt ut pengar.
Fungerande banksjef Torleif Hovet kjem i studio. Her er rapporten og hovudsida til banken
http://www.terra.as/oth/0080/061480.pdf
www.valle-sparebank.no/
Han har lova å ha med lista over gåver, og eg vil spørje han om namnet på banken snart skal verte Terra.as, som no er blitt domenenamn på nettet. Og så skal vi sjølvsagt snakke om rekneskapen.
2. Rypene rømmer fjellet
I radioen har vi plater med fuglelydar, og til denne posten vil eg nytte fjellrype-lyden. Eg skal ha ein prat på telefonen med oppsynsmann Jon Haugen i Bykle om temaet. Sjå oppslaget i Fædrelandsvennen torsdag: http://tinyurl.com/hnfnm
3. Valle IL hadde årsmøte på Valle motell torsdag 23. mars.
Tarald Myrum vart attvald som leiar, og Torleif B. Harstad vart utnemnd til æresmedlem. Begge kjem i studio i kveld. Her er heimesida til Valle IL: http://www.valle-il.no/
Gå til “Om oss”, der finn du linkar til styrepapir og årsmøtepapir.
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torhild Sandnes
18:00 Aktuelt
19:00 Kommunen informerer. Astrid Knutsen frå Hylestad skule
19:30 Tankar frå Bibelen. Torleif B. Harstad
20:00 Ein time om Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane (SVR). Lars Arne Bay frå Statsskog og Dag Matzov frå Fylkesmannen i Aust-Agder si miljøvernavdeling fortel om den nye planen for utvikling av fiskeressursar i SVR og nærliggjande område.
21:00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad
I kveld var temaet det 70. norske bibliotekmøtet som er i Trondheim denne veka, og der Lisbeth D. Homme er deltakar saman med 700 andre bibliotekfolk. Det er ikkje eit møte bare for bibliotekarar, ein som er interessert i bibliotek kan i prinsippet vere medlem i Norsk Bibliotekforening, som arrangerer møtet.
NBF http://www.norskbibliotekforening.no/
Foreninga har mange særgrupper, Lisbeth er med i
BUF http://www.norskbibliotekforening.no/site/buf/
som er spesialgruppa for barn og unge, som har årsmøte under møtet i Trondheim.
Vi ønskjer henne eit hyggeleg opphald i Trondheim.
Over ein open Bibel
var ved misjonær Alf Halvorsen i Normisjon
Du kan høyre fleire andaktar her:
http://norea.no/list.php?mtid=44&menu=157
Noreamagasinet
hadde tre saker som du finn meir om på linkane:
1. Tørke i Etiopia,
http://norea.no/page.php?mtid=1&elid=1365
2. Kirkens SOS. Her finn du kontoret i Kristiansand
http://www.kirkens-sos.no/vis?side=2×0
3. Vekekommentaren ved Eivind Algrøy. Han er redaktør i Familie og Medier, som du finn her:
http://fom.no/sider/tekst.asp?side=1012
Møteplassen
Gjest var Rita Austad, dagleg leiar av Kirkens SOS i Kristiansand. Her er to linkar:
http://www.gimra.no/page.php?mtid=1&elid=817
http://www.gimra.no/page.php?mtid=1&elid=821
I kveld, tirsdag 21. mars, spelte eg Tema con variazioni frå Serenade i b-dur for 13 blåseinstrument K 361 (Gran partita). Anten er verket laga til bryllupsfeiringa 4. august 1782 eller til ein støttekonsert organisert 23. mars 1784 av den velkjende klarinettisten Anton Stadler, som Mozart seinare skreiv klarinettkvintetten og klarinettkonserten til.
I programmet 21. mars har Niklos planlagt tre stykke. Ingen av dei er av dagens bursdagsbarn, Johann Sebastian Bach, som vart fødd 21. mars 1685. I staden har han funne tre komponistar som alle var eldre enn “Gamle Bach”.
1. Johann Pachelbel (1653-1706): Preludium i d-moll
frå Preludium, fuge og ciaconne i d-moll.
Organist Joachim Dorfmüller på orgelet i St. Lambertikyrkja i Münster.
Meir om Pachelbel:
http://jan.ucc.nau.edu/~tas3/jpachelbel.html kort
http://www.hoasm.org/VIB/Pachelbel.html lang
Meir om Dorfmüller:
http://tinyurl.com/ql3oq
Meir om Münster
http://tinyurl.com/ofwo5
Orgelet:
http://www.muenster.org/mom/po126.htm
2. Dietrich Buxtehude (1637-1707): Ach Herr, mich arme Sünder (BuxWV 178).
Organist Birgitte Ebert på orgelet i Ribe Domkyrkje.
Meir om Buxtehude
http://jan.ucc.nau.edu/~tas3/buxtehude.html kort
http://www.classiccat.net/buxtehude_d/biography.htm
Meir om Birgitte Ebert
http://www.doks.dk/organistbog/person/158788.htm
Orgelet og kyrkja
http://www.doks.dk/organistbog/stilling/240916.htm
3. Georg Philipp Telemann (1681-1767): Triosonate i D-dur (Grave – Presto – Andante – Allegro)
Organist Konrad Philipp Schuba på orgelet i Münsterkyrkja i Konstanz.
Meir om Telemann
http://www.baroquemusic.org/bqxtel.html
Det har vore vanskeleg å finne noko på nettet om organisten og orgelet, men orgelbyggjar Klais har ei heimeside her:
http://www.orgelbau-klais.com/
18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Niklos har fått nye plater
20:00 Bibliotekaktuelt. 70. norske bibliotekmøtet i Trondheim
20:20 Dagens Mozart
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland. Tema: Musikk frå tysk barokk.
21.00 Kyrkjebakken
Fredag kveld var det trøbbel med Internett. Då eg prøvde å kople meg opp klokka 18:00, var det bare melding om at serveren ikkje var kopla til.
Eg ringte til radioen og varsla, og prøvde fleire gonger mellom seks og sju utan å få samband. Klokka kvart på åtte ringte Theis tilbake og sa at dei no hadde fått internett opp att. Dermed fekk eg høyre at det var Bjørgulv som hadde andakten, ikkje Torleif Harstad, slik det stod i Setesdølen. Torleif ville jo hatt problem med det ettersom han var annonsert å halde andakt på Nomeland bedehus og klokka halv åtte.
Vidare fekk eg med meg at den som var omtala som “guess who” i programmet i Setesdølen, var Torhild Jåvold. Ho spelte nydeleg musikk, som eg høyrde på ei stund. Men så vart eg oppteken, og kom ikkje tilbake til PC-en før klokka ti. Då var det same meldinga frå Windows Media Player som klokka seks.
Harald,
som førebur neste fredagssending sending og gjerne ville høyrt kva Theis hadde på blokka si.
18:00 Aktuell time. Theis med gjest Såve Nomeland.
19:00 Kommunen informerer. Driftssjef Ingvar Nes.
19:30 Tankar frå Bibelen. Bjørgulv T. Berg
20:00 Min musikk med Torhild Jåvold
20:30 Ingebjørg Vegestog les frå bladet
21:00 Open sending. Theis med gjest Helene Horverak