Kategoriarkiv: Ymse

Usemje

Det er visst brann i rosenes leir, som det heiter, i alle fall var det usemje i Valle kommunestyre i kveld. Saka gjaldt straumstøtte, der Kim Pedersen i ein interpellasjon ville gi straumstøtte til alle. Ordføraren sa nei til å handsame saka, grunngjevinga var at det var ei sak med høg kostnad, og då ville han sjå det saman med budsjettet. Og slik vart det, det er retten hans, sa Kim Pedersen etter møtet til avisa Setesdølen.

Først i møtet var Rolf Velle frå NAV Midt-Agder orienterte om verksemda. Så kom desse sakene:

PS 62/22 Referatsaker
RS 31/22 Kvittering på innsendt høyringssvar på Valle kommune
RS 32/22 Brev frå ordførar i Sirdal og svar frå AU
RS 33/22 Melding om vedtak: Bruk av konsesjonskraftmidlar til å utvikle infrastruktur i Setesdal
RS 34/22 Møteprotokoll styremøte i Setesdal IPR 22.06.2022
RS 35/22 Møteprotokoll representantskap Setesdal IPR 22.06.2022
RS 36/22 Møteprotokoll styremøte SVR 20.06.2022
RS 37/22 Protokoll representantskapet Setesdal Brannvesen IKS 10.06.2022
RS 38/22 Møtebok Valle kontrollutval 17.08.22
RS 39/22 Uttale frå fylkeseldrerådenes landskonferanse 07.-09.06.2022
RS 40/22 Kopi – Vidare utbygging av riksvegane i Agder – bekymring
RS 41/22 Melding om interesse for deltaking i pilotprosjekt – bygdevekstavtale region Setesdal

Saker
PS 63/22 Førespurnader
PS 64/22 Ordførar orienterer
PS 65/22 Søknad om skjenkebevilling/utvida areal, laurdag 22.10.2022 – Bykle hotell AS
PS 66/22 Prinsipp/grensesnitt for tilkopling av stikkleidningar til kommunale trykkleidningar (pumpeleidningar)
PS 67/22 Heilskapleg plan for oppvekstsektoren 2022-2028
PS 68/22 Søknad om midlar til stilling som miljøarbeidar – Setesdal vidaregåande skule
PS 69/22 Tilstandsrapport for barnevernet frå 2021
PS 70/22 Flaggreglement for Valle kommune
PS 71/22 Leigeavtale for gymsal ved Setesdal Folkehøgskule
PS 72/22 Detaljregulering for Osenausen (PlanID: 202001) – Slutthandsaming
PS 73/22 Koordinatorstilling for Tovdal vassområde

 

Før eit arrangement

Før eit arrangement bør ein jo drive litt PR, reklame, kunngjering eller kva ein no kallar det. Ofte fører det til annonse i avisa, men om ein kontaktar Valle Radio, kan dei også hjelpe med å gjere kjent det som skal skje.

Det hadde Berit Henriksen gjort, ho er leiar i Valle folkeakademi, i dag var ho 80 år, men det er ingen hindring for å vere aktiv kulturformidlar. Ettersom folkeakademiet skal ha Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen på besøk torsdag klokka 19 i Sæbyggjen, hadde Siri Johannessen ein prat med Eva Bratholm om livet som journalist og korrespondent i USA, som nok var hennar andre fedreland, om ein skulle døme etter entusiasmen. Den som tek turen til arrangementet får heilt sikkert valuta for pengane. Kan hende kan ein også stille spørsmål om ein lurer på noko.

Neste på telefonen var Tor Bernhard Slaathaug i stiftelsen Rettferd, ein organisasjon som har hovudkontor på Dokka og avdelingskontor i Oslo. Det likte eg å høyre, vi bør få fleire som organiserer seg slik. Eg kopierer litt frå heimesida deira:

Kontoret på Dokka
1. november 1993 åpnet statssekretær Ole Jacob Frich, Sosialdepartementet, verdens første «taperkontor» på Dokka i Nordre Land kommune i Oppland. Kontoret ledes av generalsekretær Tor Bernhard Slaathaug. For øvrig består bemanningen av kontor/ økonomisjef, saksbehandlere og kontorsekretær.
Stiftelsen Rettferd har også etablert et distriktskontor i Oslo.

Stiftelsen Rettferd ledes av et styre som består av følgende medlemmer:

Knut Lunde (Leder), Gro Hillestad Thune (Nestleder), Asmund Kristoffersen, Kirsti Birkeland, Hanne Mæland, Katrine Olsen Gillerdalen, Bjørn Bratbakken, Mona Anita Espedal, Lars Birger Salvesen, Kari Kjønaas Kjos (vara), Morten Solberg (vara)

Fra starten i 1993 og t.o.m. mai 2020 er det innvilget søknader med over 416 millioner kroner.

Siste innslag i kveldens time var frå Åpne Dører. Både dei og Norea har fokus på Nord-Korea no og vi vart minna om å be for dei kristne i landet.

 

Den dag du gav oss

Strofa ovanfor tonar i øyrene mine etter minnegudstenesta for Dronning Elisabeth som vi såg på TV i dag. Her i huset vart vi fanga og såg ganske mykje av sendinga. Vi kunne gle oss over flott musikk og fulltonande sang.

Det blir sikkert fin musikk og sang i Valle Radio i morgon også, for då har Siri Johannessen sett saman eit variert program med plass også for kristen sang og musikk.

Tysdag 20. september
Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen

Program
18.00 Kvarteret
18.15 Over en åpen bibel med Svein Anton Hansen frå Norea Mediemisjon
18.30 Musikktimen: Per Govertsens Country Gospeltime
19.30 Aktuell time med Eva Bratholm,
ca 19.55 Generalsekretær i Stiftelsen Rettferd, Tor Bernhard Slaathaug, og
ca 20.15 Åpne Dører om radiolytting i Nord-Korea
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Sendinga kan høyrast via  https://valleradio.com/ Nettsida til Valle Radio

 

Agderlag i USA

I dag fekk Setesdalswiki ein interessant artikkel frå Torbjørn Greipsland. Han har gode kontaktar i USA og fylgjer med på mangt og mykje. Artikkelen Agderlag i USA vil at medlemmene skal skrive slektshistorie er ein artikkel på Setesdalswiki du burde ta deg tid til å lese. Kan hende finn du namn du kjenner. I så fall skulle eg ønske at du ga ein kommentar, slik at eg kanskje kan skrive om det på bloggen eller på Setesdalswiki.

Torbjørn lurte på om eg hadde tid til å legge inn artikkelen, eller om eg var så oppteken med å lese om Haugianerne, at det var knapt med tid. Eg prøver å lese litt om han kvar dag, men boka er på 600 sider, så det går ikkje så fort.

 

Meir plommer

Det bugnar av plommer, skreiv eg i går og fortalde litt om kva ein kan gjere med dei. I dag var nabo Hans Kyllingstad ein tur her frå Kristiansand, og han likar å klatre i tre, sa han til Reidun. Det gjer eg så visst ikkje, eg slapp endåtil å sjå han klatre i plommetreet vårt, for eg hadde meg ein middagskvil medan det skjedde.

Resultatet vart tre bøtter plommer til Hans og halvanna til oss. Eg er ikkje sikker på om alt er kome inn no, men noko skal vel fuglane også få.

Laurdagsunderhaldninga på NRK droppa vi. Eg har hatt glede av ein serie på Netflix den siste tida, så eg såg den ferdig i kveld. No får eg nok droppe slikt og kanskje heller skrive litt på Setesdalswiki att. Eg er takksam til Geir som stadig finn noko å skrive om. Eg fekk lagt inn overskriftene i tysdagsavisa i dag, så noko vart det då.

Setesdølen nr. 68, 2022

Plommer

Det er eit rikt fruktår i år. I dag såg vi ein reportasje på Sørlandssendinga at det kom tonnevis med epler til Grimstad for å bli til eplesaft. Dei har år om anna vore her i Mandal og teke imot frå hagar her også, om dei har vore eller kjem seinare, er eg ikkje sikker på.

I vår hage er det ikkje så mykje epler, eg veit ikkje om det er fordi epletrea vart tynna noko i vår, eller om det er andre grunnar.

Derimot er det mykje plommer, i dag plukka Reidun inn ei bøtte, og det er nok minst ti bøtter til. Men dei heng noko høgt, så ein må bruke stige, og gamle folk bør ikkje gå i høge stigar. Så vi får heller vente på at når de er modne, så faller de ned, som det heitte i regla vi song då vi var små: Epler og pærer, de vokser på tre/ når de er modne, så faller de ned.

Ei og anna plomme kan ein jo ete direkte, men det må ikkje bli for mange, for då blir det fort fleire turar på do enn godt er. Våre plommer er vel Victoria, vi hadde også nokre trånplommer, men det hadde ikkje så mange i år.

Så blir det å lage plommesyltetøy og plommegrøt, det første er godt på brød, mens grøten er god som dessert. Som barn hadde vi syltetøy som vi åt med skei på tallerken, det var visst ikkje så vanleg her sør, men eg har no prøvd å gjere det når avlinga er så god som ho er i år.

 

Frivillig

Det er frivillighetens år i år. Regjeringa har bestemt at ein skal markere det store arbeidet som blir gjort av det frivillige. Det må då vere i motsetnad til det offentlege, tenkjer eg. Her kjem alt foreningslivet inn, no er vel tida for oppstart av det etter sommarferien. I kveld var det møte for kvinneforeninga som Reidun er med i på Manda bedehus, eg trur også det var øving for eit kor, det brukte i alle fall å vere det.

Her kjem også Valle Radio inn, for det er frivillig så det held. Kvart semester blir det sett opp ei liste over oppgåver dei skal ha, folka som har meldt seg til å vere med på onsdagssendingane. Eg trur det er meir enn 20 som er med på å halde hjula i gang, ingen får løn, her er det bare gleda over at vi klarer å halde i gang eit slikt prosjekt som er løna.

Mykje av det frivillige arbeidet i Norge starta for over 100 år sidan. Då organiserte misjonsorganisasjonar og bondelag seg, sidan kom arbeidarforeningar og klubbar til. Samhald gjev styrke, ein kan løyse fleire oppgåver saman enn om ein er aleine.

Som å drive lokalradio i ei bygd med bare eit tusentals innbyggarar.

Leseglede

I dag begynte eg å lese Haugianerne – Enevelde og undergrunn av Trygve Riiser Gundersen. Boka på over 600 sider er ein murstein, men ho har fått terningkast 6 både i Adresseavisen og Dagbladet og no er det 2. opplag.

Så langt er det mykje stoff eg visste og endå meir eg ikkje visste. Til dømes at det var eit skip som heitte Hans Nielsen Hauge og hadde ein gallionsfigur av Hauge. Det forliste i 1899. Det frakta emigrantar til USA.

Her finn eg også informasjon om Sven Brun. Ei gate i Oslo er kalla opp etter han, soneson til Johan Nordal Brun. Den gata gjekk eg ofte i då eg gjekk på Bibelskulen i Oslo, for klasseromet vårt låg i Sven Bruns gate. Han var prest i Trefoldighet og advarte sterkt mot Hauge, som så mange andre prestar.

I boka er det også omtale av maleriet Haugianerne.

Haugianerne

 

Haugianerne

I nattas mulm og mørke, no klokka 23.30, kom Jorunn og Ole Thorvald Moen innom oss her på Eskeland. Han hadde fått tak i boka Haugianerne – Enevelde og undergrunn av Trygve Riiser Gundersen i Lyngdal krisne bokhandel. Den er ein murstein på nesten 600 sider og eg gleder meg til å starte på den.

Men først må eg lese ferdig Matrix av Lauren Croft, den hadde eg bestilt på biblioteket, og i dag fekk eg melding om at ho var komen inn. Den handlar om Marie som blir sendt frå Frankrike for å gøymast bort som abbedisse i eit kloster i England. Klosteret er fattig og skakkjørt og ho får det på beina gjennom mange år som leiar av nonnene som held til der.

Eg var så oppslukt av boka at eg vart for sein til å høyre på Valle Radio frå starten i dag. Her er programmet:

18.00 Kvarteret, programinformasjon og mediekommentar frå Jarle Haugland, Tro & Medier
18.15 Over en åpen bibel ved Svein Anton Hansen frå Norea Mediemisjon
18.30 Timen med
– Gaute Christian Molaug om avtrykk.no, tekster om og frå Agder
– Podcasten «Isbjornjegerne fra Setesdal» sjå meir her: https://avtrykk.no
Folkeakademiet Valle og Kulturveka i Valle med Berit Junge Henriksen og Nina Skjellanger i studio
19.30 Country Gospeltime med Per Govertsen
20.30 Postludium ved Siri Johannessen
21.00 Kyrkjebakken
Her er bildet av boka eg fekk:
Haugianerne av Trygve Riiser Gundersen (Innbundet)

Setesdølar på Svalbard

I sending i Valle Radio i morgon får vi høyre om setesdølar som var på Svalbard. Det er ei interessant historie som du bør nytte høvet til å få med deg. Når du først har funne frekvensen, kan du også få med deg informasjon om Kulturveka 2022, sang og musikk og Postludium ved Siri Johannessen. Her er programmet:

Tirsdag 13. september
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og mediekommentar fra Jarle Haugland, Tro & medier
18.15  Over en åpen bibel ved Svein Anton Hansen fra Norea
18.30 Timen med Gaute Christian Molaug om avtrykk.no, tekster om og fra Agder,
Podcasten Isbjornjegerne fra Setesdal fra avtrykk.no
Folkeakademi og Kulturveke – Berit Junge Henriksen og Nina Skjellanger i studio

19.30 Sang og musikk
20.30 Postludium ved Siri Johannessen

21.00 Kyrkjebakken