Kategoriarkiv: Ymse

Kongeleg

I dag fekk vi som såg på dansk TV vere med på å feire at dronning Margrete av Danmark hadde 50 år på trona. Det starta klokka 10, så dei kongelege måtte tidleg opp, det var mange av dei, i tillegg til andre presidentar og parlamentarikarar og offisielle folk frå mange land. Etter gudstenesta kom limousinar på rekke og rad for å hente dei prominente gjestene, dei skulle visst til eit arrangement på Dannebrog.

Flott musikk fekk vi, endåtil frå Grønland og Færøyene, biskopar i fargerike bispekåper og prestar med pipekrage og svarte samarier, slik prestar har i Danmark, og slik det var i Norge før i tida. Etter det eg kunne sjå, song alle, det var mest så taket løfta seg, og det er høgt under taket i Københavns domkirke.

Etter ein så flott gudsteneste måtte vi jo mest ha kyrkjekaffi her heime og. Sidan vart det laksemiddag, då var Siri Johannessen på besøk hos oss, og sanneleg vart det ikkje også plommegrøt til dessert. Siri hadde med boka om Setesdal Bilruter: Livsnerva gjennom Setesdal. Den gleder eg meg til å lese, kan hende vil noko av det eg finn der også finne vegen til Setesdalswiki.

Her har vi bilde avisa Setesdølen har teke av boka og forfattar Leonhard Jansen:

Spennande bilrutehistorie

Ett minutt til sending

I dag dukka ei gammal bok opp i ei bokhylle: Ett minutt til sending av Per Øyvind Heradstveit. Dei som hugsar fjernsynet sin barndom her i landet, hugsar kanskje også den hardtslåande journalisten. Her har han skrive ei bok med refleksjonar om journalistikk, og den er interessant også for ein som aldri har vore på TV, for på  radio gjeld dei nok mange av dei same journalistiske reglane.

Mykje vatn har runne i havet etter at boka kom ut i 1970, den gongen var det nokså eksotisk å ha direkte kontakt med USA, i dag reflekterer vi ikkje over slikt. Vi har fått fargar og får med oss blomehav i samband med at Elisabeth II  er død og reaksjonar frå Australia kjem også inn i stova. Boka har mange treffande illustrasjonar av Ellen Auensen. Eg tek med ein slik, henta frå Wikipedia, og difor fri til å bruke. Her dansar Gro Harlem Brundtland med Francois Mitterand, ikkje alle var glade for slike dansetrinn i EU-kampen i 1994, 20 år etter at boka kom ut

Ei rar bok

Dei siste dagane har eg lese ei rar bok. Ann O’Loughlin er ein irsk forfattar, forlaget presenterer henne slik:

Ann O’Loughlin er en anerkjent journalist, og har jobbet i Irish Independent, Evening Herald og Irish Examiner. Hun har gitt ut to bøker på norsk, Kafeen på Roscarbury Hall og Dommerfruen. Hennes tredje roman på norsk, Minneteppet, kommer våren 2019. Hun bor på østkysten av Irland sammen med ektemann og to barn.

Boka eg har lese er Kafeen på Roscarbury Hall og dei 334 sidene måtte eg helst slite for å fullføre. Men eg sa til meg sjølv at eg får prøve å fullføre når eg no først har fått boka i hendene.

Kvinnene i boka er to eldre søsken, spinsters, ville dei kanskje blitt kalla på engelsk. Dei har begge vore forelska i same mannen, men bare den eine fekk han. No lever dei i kvar sin del av huset, og for å prøve å få inntekt til å halde på huset, opnar den eine søstera ein kafe. Det verkar som om kafegjestene kjem kvar dag etter messa i kyrkja om morgonen for å ta ein kopp kaffe eller te og sladre litt før dei startar dagen.

No er eg ikkje så kjent med katolske tradisjonar i Irland, men at folk går til messe kvar morgon, verkar noko i meste laget. Inn i dette miljøet kjem ei amerikansk kvinne på leiting etter røtene sine. Ho er kreftsjuk og oppgitt av legane. Som barn vart ho adoptert til USA av nonner i eit kloster som hjelpte mødre som hadde fått barn utan å vere gift.

Eg tenkte eg skulle skrive om forfattaren og bøkene ho har skrive på Setesdalswiki, men eg finn ikkje fødselsår, heller ikkje med Margunn si hjelp, så eg trur eg droppar det.

Eg likar at artiklane i det minste har fødselsår. I dag hadde Geir skrive ein artikkel om Karl Kallhovd utan å ha fødselsår. Men eg var heldig og fann omtale av at han var 60 år i Varingen, avisa for Nittedal, så då kunne eg legge det til.

Kafeen på Roscarbury Hall av Ann O'Loughlin (Heftet)

70 år

I dag var ein epoke over då dronning Elisabeth II gjekk bort, ho hadde vore 70 år på trona. NRK dekka hendinga og la om heile programmet. Vi fekk med oss litt av det, men sjølv om Norge og Storbritannia står kvarandre nært, er det nok litt ulikt korleis vi opplever det her i landet.

Då vi var på klassetur til London med avgangsklassen på Valle skule for mange år sidan, var eg utanfor Buckingham Palace. I dag var plassen stappfull av folk, den gongen kom eg heilt bort til gjerdet, men det var jo langt opp til slottet. Vi var også i Westminster Abbey, men vi kom på ingen måte nær dei kongelege.

Då var vi kan hende nærare våre eigne kongelege då dronning Sonja opna Setesdalsmuseet og vi fekk vere med på middagen med kongeparet saman med ganske mange i Valle.

Far fekk Kongens fortenstmedalje, då var han på Slottet i Oslo og takka, og slo av ein prat med vår konge. Diplomet far fekk, arva eg etter han, det heng her i huset.

Ho var altså dronning i Storbritannia så lenge eg kan hugse. Nå er ein epoke over.

Konkurranse

Lokalradio har konkurranse i mediebildet. I kveld starta Farmen på TV2, og då er det mange som heller ser på det programmet enn leitar seg fram på radio for å høyre på lokalradio. Dermed var det ikkje så mange som ringte inn til Opi sending med Jorunn og Kåre. Jorunn hadde laga nokre nye typar rebusar, men det vesle eg høyrde, virka ikkje til å vere nok til å få telefonane til å gå varme. Sjølv ringde eg inn på den første, og det var ikkje noko ventetid for å kome gjennom.

Elles i sendinga var det ein reportasje Ørnulf Hasla, kveldens ansvarlege, hadde laga i samband med Setesdalsfestivalen i sommar. Her fekk vi høyre ein prat med Bjørn Tomren og Liv Bakke Kvinlog, musikkinnslag og prat med unge deltakarar.

Eg trur nok det er viktig å tenke over korleis lokalradioen skal møte konkurransen frå konkurrentane. Eg tenkjer at det er viktig å ha innslag som bringer positive nyheiter. Kan hende må vi også prøve å gi informasjon om innhaldet i sendingane før dei går på lufta.

Eg har av og til sagt at vi nok har nokre hundre lyttarar, sjølv om det er få som ringer inn. Vi har ikkje lyttarundersøkingar som kan seie noko om kor mange som høyrer på Valle Radio. Det er mange som høyrer utan å ringe inn, tenkjer eg. Men når vi ser korleis program på TV blir forhåndsomtalt i fleire dagar før dei går på lufta, skjøner vi nok at lokalradioen har ein jobb å gjere om vi skal bli så relevante for lyttarar at dei prioriterer å høyre på oss.

Amerika og Setesdal

I kveld var det lange avstander i sendinga i Valle Radio. Det starta med at Siri Johannessen snakka med Lars Erik Domaas om hacking, for nå er det fleire i Setesdal som er blitt hacka. Dei har trykt på ei lenke på Facebook og så gått vidare etter det. Det burde dei ikkje gjort, ein bør ikkje trykke på lenker utan å vite kva ein gjer.

Av og til kan det kome gode tilbod, men om eit tilbod er for godt til å vere sant, er det som regel heller ikkje sant, sa Lars Erik.

For meg var samtalen med Torleif Harstad om Bjug Harstad svært interessant. Han kom frå husmannsplassen Gangsei, den ligg i skogen mellom Valle skule og Tveiten. Familien emigrerte til USA og der vaks han opp. Etter ha teke pastorutdanning og vore pastor i fleire kyrkjer, etablerte han Pacific Lutheran University og var leiar for dette i mange år.

Postludium var det Niklos K. Besteland som hadde ansvaret for, og han hadde eit program om Mendelssohn med svært vakker musikk.

 

Oppstart

Denne veka startar onsdagssendingane opp att i Valle Radio. Komande onsdag er Ørnulf Hasla ansvarleg for sendinga.

Teknikar, Liv Gunn Viki
Telefonvakt Ingeborg Åkre Løyland.

19.00 Tankar frå Bibelen med Torleif Harstad
19.30 Kommunen informerer med kommunedirektør Vidar Homme.
20.00 Opptak frå årets Setesdalsfestival.
21.00 Opi sending med Jorunn Lund Harstad og Kåre Rike.

Du kan og høyre Valle radio på www.valleradio.com eller følg lenka på vår Facebook side.
Velkomen til haustens onsdagssendingar.

Tirsdag 6. september
Ansvarlig og tekniker: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret, programinformasjon og kåseri av Harald Haugland
18.15  Andakt fra Norea ved Asbjørn Kvalbein
18.30 Timen med m.a. Torleif B Harstad som forteller om Bjug Aa Harstad og

Åpne dører: «Farlig tro» – en reise med forfulgte kristne gjennom Apostlenes gjerninger
19.30 Sang og musikk
20.30 Postludium: Mendelssohn ved Niklos K Besteland

21.00 Kyrkjebakken

Oppslukt

Av og til blir ein oppslukt av ei bok. Ein undrar seg over om det kan vere sant, det som vert fortalt. Ei slik bok er Noe tapt, noe vunnet av Tara Westover. Eg fekk henne til 75-årsdagen, endåtil med byttelapp, men den blir ikkje bytta.

Rett nok er den amerikanske landsbygda langt borte, men forfattaren fortel om seg sjølv, ei jente som hadde heimeskole med mor som lærar, og det var mest Bibelen og Mormons bok som var lærebøker. Og sjølv om dei levde midt i samfunnet, så var dei eit samfunn for seg sjølv. Det meste utanfor var synd, så ein måtte halde seg innanfor.

210 sider i dag, framleis oppslukt.

Noe tapt og noe vunnet

 

Marknad

I dag var det marknad på Omland grendehus, den gamle skulen som Reidun gjekk på då ho vaks opp. Det er ikkje så mange arrangement der i løpet av eit år, men i dag møtte mange opp for å sjå kva bygdefolk ville by fram for sal. Arne Frivoll, lastebilsjåfør-pensjonist er ein kunstnar ved dreiebenken, så Reidun sikra seg noko av det han hadde laga. Ho kom også heim med eit glas eplegele, den må nok etast med andakt, for glaset var ikkje veldig stort.

Eit slikt arrangement gjev også høve til å slå av ein prat med folk i bygda, og i dag var det så godt ver at det også var høveleg å sitte ute, bygdelaget har fått tak i eit rasteplassbord ein kunne samle seg rundt. Sjølv hadde eg bare ein rast ved kjøkkenbordet her heime, dørstokkmila er ganske lang for meg. Så sat eg der med mi brødskive og kunne sjå at Reidun også hadde vore på butikken, for plutseleg blinka ein bil inn til oss og rett i garasjen. Då var det bare å glede seg til grøt i kveldinga. Eg trur det var Gitte Garvik som tok bilda, som eg har henta frå Omland bygdelag si Facebook-side.

Kan være et bilde av 9 personer, folk som står og innendørs

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

Solrikt

Endå ein solrik dag på Sørlandet er over. I dag vart den litt ekstra fin for oss då vi fekk besøk av Anne Berit og Atle Bjørn Høgholm  saman med Freydis Stensrud på terrassen vår i dag. Dei to første bur i Bergen, medan Freydis bur lenger ute i Tregdevegen, heilt ved sjøen der ho framleis tek seg ein dukkert når det høver slik. Jentene er søskenbarn til Reidun, men det er ikkje så ofte dei har møtt kvarandre, for Freydis budde på Toten og Anne Berit bur i Bergen. Men praten gjekk lett i godveret, og først godt etter at sola var borte, braut dei opp, då vart det jo litt meir kjølig.

I går var eg kan hende litt pessimistisk med tanke på om Setesdalswiki kunne klare å nå målet om 100 artiklar kvar månad. Eg fekk svar frå Geir på det i dag då han skreiv:

Vi går for 95.200 artiklar ved årsskiftet, Harald! Då klarer vi målet om 100 artiklar pr. månad. Siri skriv så “blekket sprutar” nå, og vi andre får bare prøve å henge oss på. Så bør vi jo ha 100.000 artiklar som eit mål på litt sikt. Når vi har klart det, om 3–4 år, trur eg vi fortener å samlast til eit aldri så lite bløtkakestykke.