I nattas mulm og mørke, no klokka 23.30, kom Jorunn og Ole Thorvald Moen innom oss her på Eskeland. Han hadde fått tak i boka Haugianerne – Enevelde og undergrunn av Trygve Riiser Gundersen i Lyngdal krisne bokhandel. Den er ein murstein på nesten 600 sider og eg gleder meg til å starte på den.
Men først må eg lese ferdig Matrix av Lauren Croft, den hadde eg bestilt på biblioteket, og i dag fekk eg melding om at ho var komen inn. Den handlar om Marie som blir sendt frå Frankrike for å gøymast bort som abbedisse i eit kloster i England. Klosteret er fattig og skakkjørt og ho får det på beina gjennom mange år som leiar av nonnene som held til der.
Eg var så oppslukt av boka at eg vart for sein til å høyre på Valle Radio frå starten i dag. Her er programmet:
