Kategoriarkiv: Ymse

VAFA i Valle radio 13. september

Eg inviterte Torjus Uppstad til å fortelje litt om VAFA Valle Fiskeadministrasjon sitt arbeid i sommar. Han kom klokka 20 og var ein halv time og fortalde levande og engasjert som vanleg.

1. Kalking
I år har VAFA kunna nytta helikopter for kalking direkte i vatn. Fyrst var Torjus med ein tur i helikopteret for å syne kor dei skulle sleppe kalken, så ordna piloten resten. Fort og lettvint, men truleg vert det ikkje slutt på snøskoterkøyring av kalk: Det er viktig at grunneigaren fylgjer med på kultiveringsarbeidet.

2. Flugefiske
Biolog Tom Arild Homme hadde med seg eit par gutar, Henrik Assmann og Knut Olav Tveiten, til Kristiansand denne onsdagskvelden for å lære om flugefiske. Vi tok ein prat i telefonen med dei, det hadde vore ein lærerik tur. No måtte dei prøve det heime.

3. Fiske på bekken
Sjølv om det er bra med flugefiske, bør grunneigarane fiske på bekken ved å setje garn over bekken når fisken går opp for å gyte. Då kan ein få mykje fisk, og mange stader er det overbefolka vatn med mykje små fisk som treng å fiskast opp slik at det vert meir mat til den fisken som vert att.

4. Pilotprosjektet om Fiske utan fiskekort
Ein arbeider med å få fram meir informasjon til medlemmene i VAFA om dette. Vi fekk ikkje snakke noko særleg om det, for tida rann frå oss.

Det er eit viktig arbeid som vert gjort av Torjus og VAFA sine engasjerte folk. Eg er glad for å kunne ha med slikt stoff i mange av mine program i Valle radio.

Tysdagsprogram

Tysdag 19. september 2006

Ansvarleg: Harald Haugland

Program:
18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel: Kurt Hjemdal
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Før Munnharpefestivalen. Jon Melhus
20:00 Bokaktuelt. Lisbeth D. Homme
20:20 Dagens Mozart
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

Vinnarar Open sending 13. september 2006

Rolf Erik Homme var ansvarleg for Open sending denne onsdagskvelden. Med seg i studio hadde han Torleif Jansen, og dei hadde laga rebusar frå Setesdølen tysdag 12. september.

**Desse vann:**
Hovudgevinsten, radiokrus og duk, vart trekt mellom alle som hadde ringt inn denne kvelden. Vinnar: Ingebjørg Berdalen

Dei andre gevinstane vart trekt mellom dei som kom inn i studio:
Ullsokkar -Angjerd Mosdøl
Verktøysett – Ellen Lien
Hodelykt – Turid Brottveit
Radio – Torleiv Harstad

Cuba-prosjektet

I kveld var Jan Olsen i studio saman med rektor Leif Kvinlog. Jan er av typen som du stappar på 50 øre og så fortel han så ivrig og engasjert som bare han kan vere.

Leif fortalde at idéen om prosjektet kom opp då lærarane i vår diskuterte om dei kunne finne noko som **alle** elevane kunne vere med på. Dei følte at prosjektet Syklar til Cuba var nært og at mange elevar alt hadde eit tilhøve til det, ettersom nokre av elevane sine syklar alt var på Cuba. Difor inviterte dei Jan til å kome og fortelje, og i kveld skal han vere med på eit storforeldremøte på skulen.

Første veka i oktober er aksjonsveke på skulen. Då kan syklar og andre ting som folk leverer, gjerast klare og pakkast for å bli sendt til Cuba. Men dei treng pengar for å få sendt dei to containarane, så parallellt med innsamlinga av ting, må det og samlast inn pengar.

To lærarar vil dra nedover fyrst i desember for å sjå til at gåvene kjem fram. Det er Sigrunn Askland og Annbjørg Lindland Uppstad. Dei har og lese spansk på førehand.

Heimesida til Jan er http://home.no.net/jaol2/ Der kan du lese meir om Syklar til Cuba. Gled deg.

Hasla

Eg laga dette intervjuet til nyhetstimen onsdag 13. september:

-Ørnulf Hasla, eg høyrer at det skal bli ei ny satsing i USA?
-Ny og ny, fru Blom, det er å trekke det litt langt, men vi skal ha ei sterk vidareføring av noverande kontaktar, det er rett. ¨
-Skulle ikkje du vere der borte ein heil månad?
-Det vert vel tre veker.
-Du skal vel ikkje bare syngje country med Bjøro Håland på Norsk Høstfest? http://www.hostfest.com/
-Nei, første delen av reisa i år går til Epcot-senteret i Florida. (Sjå http://tinyurl.com/kg5ux for å finne den Norske paviljongen). Vi har handla med Epcot sidan 1988, vi er det einaste firmaet att i Noreg som har hatt ein kontinuerleg tradisjon så lenge. Dei har vore nede og vore små, men er no ein av våre største kundar. I år har det verkeleg teke av, dei skal ha ei ny avdeling i butikken, og vi skal ned og hjelpe dei med å setje i gang dette. Det er jo veldig hyggeleg å verte ringt etter her i Valle med spørsmål om å kome omtrent heilt til andre sida av kloden.

**Nye kolleksjonar**
-Tyder det at det er den nye kolleksjonen som går så godt?
-Vi lanserer jo nye kolleksjonar eit par gonger i året. Det er den kolleksjonen vi lanserte for eit år sidan som dei tek opp no, og det er artig at når det begynner å gå litt nedover her heime, så kjem dei opp og vil ha meir. For oss er det eit godt supplement, dei hjelper oss å tøme lageret. Ein eitt år gamal kolleksjon er jo ikkje for gamal. No tek dei og meir moderne ting, ikkje bare tradisjonelle, og det set vi stor pris på.
-Har du eksterne designarar?
-Ein del gjer me sjølv, men vi har og to designarar utanfor huset. Den som skal lanserast i januar, har eksterne designarar, den forrige var frå designarar på huset.

**Særpreg**
-Men ingen amerikanske designarar?
-Nei, nei, vi vil halde på særpreget vårt. Vi er opptekne av det, vi skulle ønske at vi kunne kome så langt at folk sa: “Det er eit typisk Hasla-smykke”, det hadde vore flott. Vi vil gjerne at kundar skal kjenne att den røde tråden i kolleksjonane våre.
-Den nye logoen gav ein jobbing med identitet.
-Ja, og det gjer deg medviten om kva logo og det som er rundt eit firma i dag. Det har gjort oss medvitne om å merkevarebygge namnet. Nyleg hadde vi ein telefon frå næringskonsulenten i Nordland fylke som hadde høyrt om satsinga vår i ein liten innlandskommune og gjerne ville ha oss til å kome og fortelje om det.

**Radio**
-Det er grunnen til at du ikkje kan ha radio på ei stund
-Det er det, eg er veldig glad i radio, som er den einaste fritidsaktiviteten eg har i Valle. Men no måtte eg seie ifrå at i september, oktober og delvis ut i november kan eg ikkje ha radio. Men når eg er ferdig med reisa, må vi prøve å få det til att.
-Lukke til!
-Takk for det, sa Ørnulf Hasla til Harald Haugland

http://www.hasla.no/hoved.html er lenka for å finne ut meir om firmaet.

Cuba-prosjektet i Kommunen informerer

I kveld er det Cuba-kveld på Valle skule. Den startar klokka 20 i Storstoga. Frå klokka 19 kan du høyre Jan Olsen, Cuba-entusiasten her i Setesdal, og rektor Leif Kvinlog i Valle radio i ein halvtime der dei snakkar saman om arbeidet han driv på med på Cuba. I haust får han drahjelp av elevane på Valle skule i arbeidet sitt. Dei har innsamlinga til Cuba som spesialprosjekt. Kanskje har dei med cuba-musikk og.

Skulen har og sett i gang kronerulling til Cuba-prosjektet sitt. Du kan og betale inn pengar til dette, det gjer du til konto 2890.12.12343 i Valle sparebank. I kronerullinga er det slik at folk betalar inn pengar og utfordrar andre til å gjere det same.

Skru på Valle radio i kveld og høyr meir om dette.

Bokaktuelt om bøker til barnehagane i Setesdal

I Bokaktuelt tysdag 12. september fortalde Lisbeth Dalquist Homme og Mari Rygg om prosjektet dei har der dei har sett ut bokkassar i barnehagane i Bykle, Valle og Bygland. Denne kvelden skulle dei starte ein runde med besøk på foreldremøte i barnehagane. Dei hadde bøker som kunne høve heilt ned til under året gamle born, sjølvsagt var det flott om dei vaksne las saman med barnet.

Vi gjekk gjennom nokre bøker dei hadde funne fram, det var mange, born har mange interesser. Men dei hadde ikkje barnebøker om snøscooter ennå.

Prosjektet som biblioteka i Setesdal har starta før ferien, vert no fylgd opp av ivrige bibliotekarar i kommunane.

Hans Olav sin musikk

Av og til møter ein folk som er engasjerte, og når det gjeld musikk, er Hans Olav Lauvstad svært engasjert. Tysdagskvelden hadde han funne songar av Marita og Svein Johnsen som han delte med lyttarane til Valle radio.

Plater som han nytta var

Marita Johnsen – Opp med hodet kjære venn
http://webshop.studioranch.no/shop/shop.php?action=full&id=6

Svein Johnsen – En drøm blir til virkelighet
http://webshop.studioranch.no/shop/shop.php?action=full&id=2

Svein Johnsen – Fri som fuglen
http://webshop.studioranch.no/shop/shop.php?action=full&id=8

I tillegg hadde han ei anna plate, som eg ikkje kan finne på nettet.

Hans Olav delte ein triveleg halvtime med lyttarane og er innstilt på å kome att med fleire kutt frå platene til Marita og Svein, som hadde konsert på Nomeland Bedehus fredag 18. august.

Sorg og glede

Kåseri tysdag 12. september

Denne helga feira mor 89-års-dag. Ho visste ikkje då ho vart fødd at World Trade Centre skulle falle i grus denne dagen i 2001, det gjorde ikkje vi heller, så vi har markert dagen hennar etter beste evne. Det tenkte vi å gjere i år også, men det var naturleg at markeringa var sundagen, den 12., for då kunne fleire folk kome saman. Difor gjekk SMSane varme rundt om med melding om at slekta var velkomen klokka halv fire.

Noko av det som gleder meg, er det gode tilhøvet mor har ikkje bare til borna sine, men og til barnebarn og oldebarn. Difor troppa unge og eldre opp denne ettermiddagen og hadde ei uneleg stund.

Men bak det heile låg kunnskapen om at eit syskenbarn låg for døden. Ho hadde fått kreft og låg på det siste i Stavanger. Likevel makta vi å ha ein triveleg ettermiddag saman. Dagen etter, 11. september, gjekk ho bort. Ho ville så gjerne leve, men det var ikkje råd å vinne over kreften. Så fekk ho 11. september som dødsdagen sin, som så mange andre som vart minna denne måndagen.

Før kåseriet spelte eg Lov Jesu namn og herredom. No høver det best å høyre Sigvart Dagsland syngje Jeg er i Herrens hender.

Etterpå vert det andakt ved Normisjonsmedarbeidar i Arendal, Arne Inge Vaalandsmyr. Han har Guds finger som tema.

Program for onsdag 13. september 2006

På grunn av ein feil kom programmet ikkje med i Setesdølen i dag. Difor legg eg det ut her no, slik at du kan sjå kva som kjem i morgon.

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakt: Ingebjørg Ellinor Rysstad

**Program:**

18:00 Aktuelt nytt
*Hasla – 22 år på Epcot Centre – Ørnulf på USA-tur md
*Kurs i lappeteknikk – Kristin Nomeland på telefonen
*Skitrekket – Hallvard md
*Valleutstillinga 2006 Karin Bøe i studio
*Bygdekvinnelaget sitt program for hausten. Telefonprat med Lisbeth D. Homme.
19:00 Kommunen informerer – ved rektor Leif Kvinlog og Cuba-entusiast Jan Olsen
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Fiskeaktuelt ved VAFA – Torjus Uppstad
20:30 Håvard Tanche-Larsen Knudsen om LOS-stipendet
21:00 Open sending ved Rolf Erik Homme

Etter kvart som programmet vert klart, skal eg oppdatere denne posten på bloggen. Sjå innom att fleire gonger i morgon.