Kategoriarkiv: Ymse

Sauesjåsending 2006

Fredag 6. oktober

Sauesjåsending
Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Gudrun Rysstad
Telefonansvarleg: Torbjørg Hoftuft

18:00 Nytt og aktuelt
19:00 Kommunen informerer. Bygg, eigedom og anlegg.
19:30 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
20:00 Bygdekvinnelaget sin halvtime ved Randi Myrum
20:30 Før sauesjået. Marthon Laksesvela fortel
21:00 Open sending med tema “Sauer er ålreite dyr”. Harald Haugland og Olav K. Nomeland ventar på telefonar frå heile dalen. Ring 37937577 med løysing på sauerebusane.

Stengelen

**Kåseri i Valle radio tysdag 3. oktober 2006**

Vi ser korleis naturen førebur seg på vinter. Trea gulnar, blomane visnar og sjølv om graset på grunn av den mildaste september på nærare 150 år enno må slåast, så nærmar vinteren seg. Enkelte år tidlegare har vi fått førevarsel om vinter på denne tid. Og snart må vi finne fram vinterdekka og bu oss på glatt føre. Sjølv har eg opplevd at vinteren har kome før eg har fått skodd om til vinter, og det er ikkje ei god kjensle. Men enno er det bare haust.

Wikipedia er eit internettleksikonet som alle kan redigere. Det har 77.000 artiklar og kvar veke får det fleire hundre nye. Adressa er her: http://no.wikipedia.org/wiki/Hovedside
Ein dag fann eg eit spørsmål på spørjesida til leksikonet: “Kva er det som gjer at stengelen kan halde seg oppe?” Eg hadde ikkje tenkt så mykje på det før, men trur eg hugsar noko frå naturfagtimane om celler som strekkjer seg. Så søkte eg på Internett og fann ei side med informasjon om stengelen sin funksjon.
http://biologi.uio.no/plfys/haa/leks/s/stengel.htm

Ut frå dette laga eg eit lite vers i stevform om stengelen:

Her kan du mere om stengel lære:
En urtestengel skal løfte, bære
på blomster, blader og bær og frø
en liten sommer, og siden dø.

Og plutseleg såg eg at dette kunne vere eit perspektiv på livet mitt og. Kunne eg få løfte og bere blomar, blad, bær og frø den stunda eg har på jord, til glede for medmenneske.

Premiar 20. september

Denne sendinga var det Theis som hadde ansvar for. I studio hadde han med seg Astrid Kringlen Trydal, og tema for rebusane var Fysak-postane i kommunen. Dermed var det grunnlag for ganske mange samtalar om trim og turgåing. Premiefordelinga vart slik:

**Radiosekk** – Johanna Solheim
**Radio** – Turid Brottveit
**Sudokuspel** – Gunvor Ruth Salvesen
**Pussemaskin** – Signe Lund
**Kubbespel** – Angerd Mosdøl

Endringar i programmet

Du som les bloggen veit alt at det denne veka vert vanleg sending i tysdag. Men i oppsettet på http://www.valleradio.com/sendinga.htm kan du sjå at planen var at Hallvard Kjelleberg skulle ha sauesjåsending for heile dalen fredag 6. oktober.

Etter ein samtale med Theis har eg teke på meg å stå for den sendinga. Det vert difor ikkje onsdagssending denne veka, men vi vil ha ei sauesjåsending fredagskvelden med Gudrun Rysstad som teknikar og Torbjørg Hoftuft som ansvarleg for telefonen.

Den fredagen er innleiinga til haustferien her i Valle. I haustferien vert det ikkje tysdagssending, men det er sett opp onsdagssending ved Bjørgulv T. Berg og med Rolf Erik Homme som ansvarleg for Open sending. Torhild Sandnes styrer teknikken og Jorunn Helle telefonen.

Så får vi finne vegen vidare etter kvart.

Harald

Hallvard Kjelleberg si gravferd

I dag var det gravferd klokka 13 for Hallvard Kjelleberg. Kyrkja vart etter kvart stuvande full, så full at mange måtte stå under samlinga. Frå 12.30 spelte Asbjørn Renberg melodiar vi kjende att frå Hallvard sitt musikalske repertoar på pianoet.

Sokneprest Theis Salvesen hadde med seg prostidiakon Per Emmanuelsen til å forretta. Etter eit preludium med orgel og saksofon song Rolf Erik Homme Amazing Grace og Eg ser før kyrkjelyden opna med Deilig er jorden. Deretter heldt Theis eit personleg minneord og fortalde frå sitt nære vennskap med Hallvard. Deretter las Per Emmanuelsen helsingar frå sløyfer og kort.

Medarbeidarane i Valle radio bad meg om å bere fram eit lite minneord i kyrkja. Då blomehelsinga frå radioen kom, hadde eg denne helsinga:

Eg gjekk i radioen i dag for å sjå i gjesteboka. Vi opna i det nye studioet 4. september 1999. 7 år har vi vore der, før det var vi på gamle kommunehuset i 2 år. I 9 år var Hallvard primus motor for å drive dette. I tillegg hadde han vore leiar av komiteen som la planane for å kome i gang med Valle radio. Om ein reknar tre års førearbeid, kan vi seie at han var engasjert av spørsmål knytt til Valle radio i tolv år.

Hallvard sitt engasjement var stort. Han organiserte og gav oppdrag, løyste problem når noko kom opp. Han fungerte som olje i radiomaskineriet. Sjølv var han mannen for dei store høva: Påskesendingane, innsamlingsaksjonane. Lang tids planlegging, gjerne med spesielle tekniske løysingar. Han hadde sett seg inn i alt saman, visste kva det handla om. Når vi programleiarane stakk innom på Motellet for å få inspirasjon og råd, hadde han ei kjelde å ause av som aldri traut. Idear til program, stoff om nytt i bygda, løysing på tekniske spørsmål, alt fann han ut av.

Då me opna i nytt studio, skreiv Ellen Lien eit dikt:

Ingen av oss veit vel kor mange timar som gjekk
før allting var ferdig og flytte de fekk.
Det er nettopp slik ei dugnadsånd me treng,
ja, her var det ein flott arbeidsgjeng.

Dette kunne seiast om Hallvard sitt store engasjement. Sendingar frå Åraksøyne og andre scooterarrangement, Amerikatur, plateproduksjon, små og store element i veven som vart Valle radio, han var inspirasjonskjelde og pådrivar som ingen andre.

Så er han ikkje meir. Aldri meir skal vi høyre røysta hans når vi ringer Valle motell. Og likevel, inspirasjonen han gav oss vil vere ei kjelde til å halde fram, til beste for bygda og folk som bur her eller kjem innom. Vi lyser fred over minnet til Hallvard Kjelleberg.

Jon Kjelleberg la ned ei helsing frå Nordibø jaktlag før Theis heldt talen. Etter talen song vi Kjærlighet fra Gud før kista vart boren ut av kyrkja. Kyrkjeklokka klemta i nærare eit kvarter før alle var komne ut. Ved grava nytta vi salma Fager kveldssol smiler. Theis kasta dei tre skuffene med jord på kista og las bibelorda om oppstode, lyste velsigninga og inviterte til minnesamver på Valle Motell.

Der var det duka til 300 gjester, og det vart heilt fullt. Hallvard Homme ynskte velkomen til eit minnesamver som hadde innslag frå Valle Radios bylgjeband med helsing frå Åsmund Åmli og Jørund Georg Jore, Sigurd Haugsgjerd og Nils Bjelland. Tradisjonell servering med suppe og lefse, kaffe og kake var av beste merke, servert effektivt av Hallvard sine vener.

Av og til når vi i triveleg lag på Motellet skulle ha mat, kunne Hallvard stemme opp frå Blix-salma Himmelske Fader som bordvers:

Ramn-ungar ropar, og du gjev dei mette.
Hungrande hopar til ditt bord vert sette:
alt gjev du føda, signar landsens grøda,
sender oss solskin og regn.

Det verset er ikkje med i Norsk Salmebok lenger, men eg hadde skrive det ned slik at om vi skulle syngje det, kunne forsongaren hugse det. Det vart ikkje som når Hallvard stemde opp, kvar stove på motellet song sin variant, men det gjorde nytta.

Til slutt takka Hallvard Homme på vegne av familien for at så mange hadde kome til gravferda og for at så mange fekk vere med. Så lyste Theis velsigninga og dei mange tok på heimveg att.

Munnharpefestivalen på Rysstad denne helga

I dag startar Munnharpefestivalen 2006. Her er programmet:

**Fredag 22. september**
Kl. 18.00 Frammøte, registrering.
Kl. 20.00 Opning av festivalen, konsert med Bjørgulv Straume og Sigurd Brokke.
Kl. 22.00 Munnharpepub fram til kl. 01.00.

**Laurdag 23. september**
Kl. 10.00 – 12.00 Kurs for nybyrjarar og vidarekomne, munnharpesmedane etablerar seg
utanfor Soknehuset.

Kursoversikt:
Nybyrjarar ved Sigbjørn Solbakken og Bernhard Folkestad.
Setesdalsspel for vidarekomne ved Ånon Egeland.
Irsk speletradisjon for vidarekomne ved Per Helge Alnes.
Samspel med seljefløyte,langeleik og hardingfele ved Svein Westad

Kl. 12.00 – 13.00 Matpause.
Kl. 13.00 – 16.00 ”Munnharpesafari”. Rundtur til kjende munnharpekjelder i Hylestad. Stopp ved munnharpemonumentet i Valle. Avslutning hos Folke Nesland i Bykle.

Kl. 16.00 – 17.00 Kursa held fram.
Kl. 17.00 – 19.00 Årsmøte i Norsk Munnharpeforum.
Kl. 20.00 – 21.00 Festmiddag.
Kl. 21.30 – 22.30 Munnharpekonserten.
Kl. 23.00 – 24.00 Nattkonsert i Heddisstoga med ”utandals-Setesdøler ”.

Munnharpepub i Soknehuset til kl 01.00.

**Prisar:**
Festivalpass – alle arrangement med unntak av konserten i Heddisstoga: kr 300,-
Enkeltkonsert: kr 100,-
Kurs – inkludert leige av munnharpe: kr 200,-

Påmelding til jomelh@online.no

http://www.munnharpe.no/nmf_festivalar.html

Jon Melhus var i studio tysdagskvelden og fortalde om opplegget og spelte munnharpemusikk av Bjørgulv Straume, Ånon Egeland og Svein Westad i programmet.

Onsdag 20. september

Ansvarleg: Theis Salvesen
Teknikar: Inga Flateland
Telefon: Ingebjørg Ellinor Rysstad

18:00 Aktuell time. Theis med gjest Tonhild Kråkenes
19:00 Kommunen informerer. Torgeir Haugå frå Plan og utvikling
19:30 Tankar frå Bibelen. Håvard Viki
20:00 Gunvor Salvesen og Monica Helle spelar plater og prater saman
20:30 Brevet – Ingebjørg Vegestog les frå Bygdekvinnelaget sine annalar.
21:00 Open sending. Theis med gjest Astrid Kringlen Trydal

"Kommunen informerer" hausten 2006

Denne lista har Valle kommune sett opp og sendt til radioen. Programma går onsdagskveldane klokka 19.00 – 19.30.

Dato
06.09 Rådmann Arne Tronsen med lensmann Knut H. Nomeland som gjest.
13.09 Valle skule. Rektor Leif Kvinlog og Cuba-entusiast Jan Olsen
20.09 Plan og utvikling
27.09 Kommunestyremøte
04.10 Bygg, eigedom og anlegg
11.10 Velkomstsenter
18.10 Driftsjef Ingvar Nes
25.10 Kommunestyremøte
01.11 Økonomi
08.11 Hylestad skule
15.11 Kulturdrift
22.11 Sosial og arbeid
29.11 Kommunestyremøte
06.12 Valle barnehage
13.12 Pleie og omsorg
20.12 Kommunestyremøte

Det er flott for radioen at vi kan ha dette samarbeidet med Valle kommune, både når det gjeld informasjon og når det gjeld overføring av kommunestyremøta.