Kategoriarkiv: Ymse

Hellige skrifter og herlege bøker

I bokaktuelt i kveld fortel biblioteksjef Lisbeth Dalquist Homme om samlinga av heilage bøker dei har på biblioteket. Her finn du bøker frå mange religionar, shintoisme, inuittane, islam og buddhisme for å nemne nokre. Fleire er nemnde i programmet. Du finn bøkene ved å søke på Verdens hellige skrifter på biblioteket si søkeside. Den finn du ved å gå til http://www.valle.kommune.no/ og så i høgre marg gå til “Søking i biblioteket sine bøker”.

I programmet snakkar vi og om Alexander McCall Smith. Han er ein skotsk forfattar som har fått mykje ros dei siste åra. Professor i jus som skriv barnebøker og bøker for vaksne i stort tempo. Sjå meir om han her: http://tinyurl.com/yuyzpt Der er det og lenke til andre nettstader med informasjon om forfattaren.

Lisbeth har to bøker av han på biblioteket. Det er Damenes detektivbyrå nr. 1 og Sjiraffens tårer. På norsk er det av han i 2006 kome ut to bøker til, som ho skal kjøpe inn: Moral for vakre piker og Skrivemaskinskurs for menn.

Til slutt snakka vi litt om A Million Penguins, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/A_Million_Penguins , eit romanprosjekt som alle kan redigere, etter modell av wikipedia, som er eit leksikon alle kan redigere.

Program for veke 6

**Tysdag 6. februar**
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Salmekveld
20:00 Bokaktuelt
20:15 Dagens Buxtehude
20:30 Postludium ved Harald Haugland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 7. februar**
Kveldsansvarleg: Bjørgulv T.Berg/ Rolf Erik Homme

18.00 Aktuell time
19.00 Kommunen informerer
19.30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20.00 Bjørgulvs time med gjester
21.00 Opi sending ved Rolf Erik Homme

Karènfolket

Om du ikkje alt har kasta Setesdølen frå fredag 2. januar, bør du lese på side 2 ein gong til. Der skriv prostidiakon Per Emanuelsen om Karènfolket i Burma. Heile folket står på lista over truga folkegrupper. Her er informasjon frå engelsk wikipedia om dette folket: http://en.wikipedia.org/wiki/Karen_people

Det var eit tankevekkande innlegg Per Emanuelsen skreiv om dette folket. I artikkelen fortel han at det er 5-8 millionar av denne folkegruppa. Det er meir enn det er nordmenn, i den engelske artikkelen står det 7,4 millionar. Dei fleste lever i Myanmar, som landet no heiter. Dei fleste er kristne, fortel diakon Per, som opplevde dåp med 170 som vart døypte då han og Tore Ljøkjel var i Thailand fyrst i januar.

Ingen ny rekord i januar

Eg har av og til skrive om sidevisning og besøkstal her på bloggen. Det vart ingen ny rekord i januar, det skulle også noko til, i desember var det 1000 besøk og talet på sidevisningar var 11.332. I januar vart det 8.323 sidevisningar og 961 besøk. Men sjølv om det var 3000 færre sidevisningar, var det bare 39 færre besøk. Det tykkjer eg er godt. Eit besøkstal på om lag 30 kvar dag er greitt nok for denne bloggen, som ikkje tek sikte på sensasjonar, men som heller vil spegle livet rundt Valle radio.

Diverre har eg ikkje fått høyre dei to siste sendingane. Sist onsdag var eg i London og fredagssendinga 2. februar hadde eg heller ikkje høve til å få med meg. Difor vert det ikkje nokon store referat frå desse sendingane med mindre andre skriv noko og sender meg. Då kan eg leggje det ut på bloggen.

Det er mange som spør om korleis det går med Valle radio når vi kjem i prat. Det er ikkje til å stikke under ein stol at vi saknar Hallvard Kjelleberg som inspirator og leiar, men etter mi meining fungerer det framleis å lage radio. Mange lurer på korleis det er mogleg å finne noko å lage radio om i ei så lita bygd som Valle. Men det ser ikkje ut til at kjelda med emne ein kan ha som grunnlag for program, kjem til å tryta. Nye vinklingar og nye idear dukkar opp når ein minst ventar det.

Av og til kan det vere slik at idear til kva eg skal skrive på bloggen ikkje kjem av seg sjølv. Men som regel finn eg eit tema. No nærmar det seg 500 artiklar i alt. Talet på sidevisningar er passert 50.000

Fredag 2. februar

**Sending for heile dalen**

Ansvarleg: Theis Salvesen
Teknisk ansvarleg: Geir Uppstad
Telefonar: Jorunn Lund Harstad

18:00 Aktuell time. Theis med gjest Jorunn Tveiten
19:00 Olav Rike les frå Jol i Setesdal om sokneprest Blom
19:30 Tankar frå Bibelen ved Torleif B. Harstad
20:00 Annbjørg Uppstad og Sigrunn Askland tek oss med til Cuba
21:00 Nytt frå regionen. Theis i samtale med Bjørn Robstad
21:15 Open sending. Theis med gjest Birgit Attestog

Fredagssending

På møte i haust vart det diskutert om vi skulle ha sendingar fredagar i vintersesongen. Vi valde å ikkje ha det. Erfaringane frå perioden etter at Bykle radio slutta då vi hadde fredagssendingar i vintersesongen var gode i høve til respons frå publikum på open sending. Men det var ikkje lett å få folk til å vere med, korkje som gjester i studio eller i oppgåver i radioen.

Vi har difor gått tilbake til å ha onsdagssendingar også i vintersesongen. Men vi held fram samarbeidet med Evje Radio om sending for heile dalen første fredag i kvar månad. Det betyr at fredag 2. februar er det vår tur til å ha sending for heile dalen. Theis er ansvarleg, Geir skal vere teknikar for Inga er på vinterferie til Syden, og etter lista er det Jorunn som skal sjå til at du kjem gjennom med rette svar under open sending. Programmet kjem i Setesdølen i morgon, og eg vil prøve å få lagt det ut på bloggen så tidleg at du finn det her før seindinga startar.

Skulevegspørsmål

Eg plar sjeldan skrive noko om kommunestyresendingane i Valle radio. Men eg gjer eit unntak denne gongen:

I kommunestyret i Valle i kveld tok Torunn Charlotte Nyberg Lund opp eit spørsmål i den offentlege spørjetimen om skulevegen mellom kyrkja og skulen. Ho gjorde det på vegner av FAU og refererte til at spørsmålet om kva ein skal gjere har vore aktuelt sidan ho kom til Valle, -Det er 12,5 år sidan, sa ho og nemnde at det er tre utdanningsinstitusjonar i området: Valle barnehage, Valle skule og Valle vidaregåande skule. Ho meinte difor at det er eit spørsmål som gjeld alle barn og unge i Valle.

Ho fortalde at FAU hadde sendt brev til kommunen og til Vegvesenet. Frå Vegvesenet hadde dei fått svar at dei ikkje hadde pengar, korkje til skilt eller andre tiltak. Frå kommunen hadde dei ikkje fått svar.

Ordføraren kunne fortelje at kommunen venta på ei utgreiing frå Sørlandsconsult som skal vere ferdig tidleg vår. Når det gjeld den kommunale vegen, vart det opplyst at den skal få fartsdumparar og skilting med 30 km.

Tolv og eit halvt år har Torunn venta. Må vi vente til nokon vert påkøyrd før det skjer noko?

Etter at Offentleg spørjetime var over, var det Setesdal vidaregåande skule ved rektor Birgit Attestog som fekk ordet til å fortelje om Noregs lengste skule.

Salmekveld

No på nyåret har eg på tysdagane hatt eit program eg kallar Salmekveld. Frå 19.30 spelar eg nokre salmer frå Salmeboka. Eg vil prøve å leggje ut ei liste over dei salmene eg spelar i desse programma. Nummeret fyrst viser til nummer i Norsk Salmebok

**16. januar**
689 Kirken den er et gammelt hus. Musica Ficta Naxos 8.554976 Danske salmer
299 Nå la oss takke Gud. Musica Ficta
222 I all sin glans nå stråler solen. Musica Ficta
777 I Østen stiger solen opp. Nidarosdomens guttekor EKCD 34
416 Alltid freidig når du går. Nidarosdomens guttekor

**23. januar**
597 Skriv deg Jesus på mitt hjerte. Reflex MMD 2055 Salmer og sanger
346 Han tek ikkje glansen av livet. Espen Samuelsen. MMD 2055
333 Hvilken venn vi har i Jesus (Instrumental – Hymns for sax)
423 Jesus det eneste. Per Søetorp MMD 2055
487 Ingen er så trygg i fare. Lillian Haugesteten med fleire MMD 2055
312 Lær meg å kjenne dine veie. Stein Ove Berg MMD 2055

**30. januar**
460 Velt alle dine veie. Dagsland FXCD 157 Det er makt i de foldede hender
219 Den signende dag. Musica Ficta
479 Deg å få skode. E. Ødegård Widmer og Ann-Jorid Aghnell MMD 2055
493 Ein fin liten blome. Instrumental Arild Stav MMD 2055

Tilbake frå London

Så er me heime att. Etter trivelege dagar i London var det godt å kome heim att, sjølv om fleire av oss nok tykte at turen frå Torp til Valle var lang. Så var det godt å finne senga etter ein lang reisedag og vakne opp til ein mild januardag i Valle.

Når ein har vore nokre dagar utan tilgang til Internett, er det ein del som må lesast og der ein treng å bli ajour med kva som har skjedd. Eg hadde lagt opp til at eg ikkje skulle bruke mobiltelefon, og det var ikkje naturleg å stoppe på Internett-kafeen for å skrive på bloggen frå London. Likevel ser det ut til at mange har vore innom og lese litt også desse dagane.

Vi hadde gleda av å få ei stor fellesoppleving i musicalen We will rock you. Sjå http://en.wikipedia.org/wiki/We_Will_Rock_You_%28musical%29

Elles hadde vi ulike kulturopplevingar etter smak og behag. Det skal eg kome tilbake til seinare.