Kategoriarkiv: Ymse

Londontur

No står eg på flyplassen på Torp og skriv dagens innlegg på bloggen. Alle tilsette på Sosial og arbeid er på tur til London for teambygging. Vi reiste frå Valle klokka 07 om Arendal, veret var ikkje så lovande for ein fjelltur, og turen hit gjekk bra. No har vi sjekka inn og står i kø før flyet har kome.

Tre dagar med teambygging for 9 personar. Elevane på vaksenopplæring har fri og kontoret elles er dekka av andre medarbeidarar desse dagane. Ingvar, Guro, Liv Gyro, Cathrine, Alfhild, Trond, Kim og Øystein sender helsingar til alle kjende.

Program for 23. og 24. januar 2007

**Tysdag 23. januar**

Ansvarleg:Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Salmekveld
20:00 Bokaktuelt
20:15 Dagens Buxtehude
20:30 Postludium
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 24. januar**

Ansvarleg: Øyvind Jacob
Teknikar: Geir Uppstad
Telefonvakt: Torbjørg Hoftuft

18:00 Aktuell time: Stoda for folkemusikken i Setesdal
19:00 Kommunen informerer ved Avdeling for bygg, eigedom og anlegg
19:30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20:00 Øyvinds time med ymse slag
21:00 Opi sending ved Jorunn Lund Harstad

Dette er første gongen Øyvind har ansvar for ein kveld i radioen. Lukke til.

Prestegjeldsaksjonen 2007

Talar: Jan Gossner

Torsdag 25. januar kl. 19: Valle Menighetshus
Fredag 26. januar kl. 19: Bykle kyrkje
Lørdag 27. januar kl. 17 og 19: Hylestad soknehus
Søndag 28. januar kl. 11: Fjellgardane kyrkje

Offer til kyrkjelydane sitt misjonsprosjekt i Santiago-kyrkjelyden på Cuba.

Jan Gossner har vore aktiv i Oase. Her er ei lenke til heimesida til Oase, der Gossner har skrive ein artikkel:
http://www.oase.no/index.php?art=37&kat=3&mid=11

Her er lenke til Frikyrkja i Kristiansand, der han er pastor
http://www.krsandfrikirke.no/sider/program.asp

Her er lenke til Salmesus fra Sørlandet, der han har vore talar
http://www.nrk.no/programmer/sider/salmesus_fra_soerlandet/

Her er eit intervju i Norge IDAG der Gossner snakkar om fellesmøtene
http://idag.no/aktuelt-oppslag.php3?ID=11845

Gossner er og reiseleiar. Her er info om ein tur han skal leie til Israel i vår. http://www.fokusreiser.no/sider/tekst.asp?side=155

Til slutt ei lenke som viser bøker han har skrive: http://tinyurl.com/yt8hk5

Takk til Setesdølen

I dag måtte eg smile då eg las Setesdølen. På framsida, nederst skriv Sigurd Haugsgjerd:
Valle radio sist onsdag:
**I kø for å leggje fram valliste**
Ved sida av bilete av gjestene mine i nyhetstimen sist onsdag, Torleif B. Harstad og Pål Dale skriv han at dei konkurrerte om lyarane på Valle radio onsdagskvelden, men Torleif hadde ikkje ferdig lista han presenterte. Nominasjonsmøtet har ikkje handsama denne enno, og fristen for å svare ja til å stå på lista, er ikkje gått ut.

Inne i avisa har saka fått det meste av side 7, det er bare annonsar der elles. Eg sende eit brev til Sigurd og takka for oppslaget. I radioen ynskjer vi å ha stoff som kan vere aktuelt og nært, og det var jo hyggeleg at avisa fann glede og nytte av stoffet. Som oftast er det vi som finn nytte og glede i tysdagsavisa når vi skal lage stoff til onsdagssendinga, både til rebusar og nyhetstime. Denne gongen var det motsett.

Slik utfyller vi kvarandre. Når ein ser på ei sak frå fleire sider, får ein eit fyldigare bilete. Om vi held oss til saka slik Setesdølen dekkjer det, får vi eit rikare bilete og, for dei har fått med at Tarald Myrum er Senterparti-topp i Aust-Agder, og overskrifta på side 7 tek med eit perspektiv som eg ikkje var inne på i samtalen med Pål: Om han blir attvald vil han ha 36 år i politikken. Setesdølens redaktør har også hatt ein personleg prat med Pål og skriv om blåveisen som vi såg då han var i studio, utan at vi tok opp det med han på lufta.

Er du interessert i politikken i Setesdal, bør du lese Setesdølen grundig i dag.

Kommunen informerer Anna Arneberg

Rådgjevar skog og utmark, Anna Arneberg, var gjest i Kommunen informerer onsdag 17. januar som representant for avdeling Plan og utvikling. Ho hadde fleire ting på blokka:

**Utsett frist for brannvarslingsanlegg i sauefjos**
http://tinyurl.com/23k6hw
Sauefjos med over 30 vinterfora dyr må han brannvarslingsanlegg. Men fristen for å få det på plass er utsett til 1. september.

**Kjøp av mjølkekvote**
Ho fortalde at fleire bønder i Valle hadde kjøpt mjølkekvote og at kommunen har eit tilskot til dette. Men no er det eit nytt oppslag på heimesida om ekstraordinær kvote. Så her er det vel helst: Løp og kjøp, tenkjer eg.
http://tinyurl.com/2ykz25
Ekstraordinært kjøp av økologisk mjølkekvote

**Årskort i Brokke**
var ikkje på lista hennar, men eg tek det med, for fristen er utsett i høve det som driftssjef Ingvar Nes sa i ei sending tidlegare. Ny frist er 1. mars. Ta kontakt med velkomstsenteret om du vil vite meir.

**Spitekafe**
Anna er ein ivrig deltakar på spitekafeen som er kvar onsdagskveld frå klokka 18 på Husfliden. Då ho var i radioen onsdag, hadde ho ein liten pause, og ho nytta høvet til å slå eit slag for den, det er plass til fleire, og det er eit triveleg fellesskap anten ein spitar eller gjer andre ting.

Christiansfeld

Snø og regn og eit ver som nok er litt annleis enn vinter, men like fullt. Vi skriv søndag 21. januar og eg fekk nettopp eit par bilete frå Jæren der både krokus og snøklokker var komne alt. Så lett er det ikkje andre stader, på Austlandet har det helst vore vanskeleg føre denne helga, med fleire ulukker.

Sjølv fekk eg gleda av å la tankane gå tilbake til turen me var på i Danmark i sommar. Då besøkte vi Christiansfeld, byen som Brødremenigheten grunnla. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Christiansfeld Me var der og opplevde både museet, kyrkja og Gudsageren. I artikkelen om Christiansfeld kommune http://no.wikipedia.org/wiki/Christiansfeld_kommune står det at Camilla Collett gjekk på skule i byen der. Det er fleire linjer frå Noreg til denne byen sør på Jylland enn ein skulle tru. Inspirasjonen til å danne NMS Det Norske Misjonsselskap kom herifrå, og mange folk som fekk mykje å bety i kyrkje og kristenliv henta inspirasjon frå brødrene som budde i byen.

Så eg tykte det var ei glede då det dukka opp ein artikkel om dette då eg sat og las på Internett i helga. Det førte tankane mine tilbake til kurset om Nordisk sang som me var på på Løgumkloster Højskole, og eg måtte ein tur innom for å sjå på skulen sine sider. http://www.lkhojskole.dk/kk2007/ Dei skal ha tilsvarande kurs i 2007 også. Eg lurer på om me skal melde oss på att. Det var inspirerande å vere der, og lærerikt også.

Men fyrst er det nye program til Valle radio. Tysdagsprogrammet har eg ansvar for, men onsdag er det Øyvind Jacob som har ansvar medan Bjørgulv T. Berg, som opprinneleg var sett opp til å ha ansvar for kvelden, nyt sola på Cuba.

Gjev eg var i eit varmare land, syng diktaren.

Biskopen sin nyårstale, visitasforedrag og vita

Biskopen sin nyårstale har vore tema i fleire innlegg i Setesdølen. Slik var det i dag og. I innlegget var det ei slags adresse til nettstaden der talen ligg, men den kom eg ikkje inn på i kveld. Her er adressa til sida: http://kirken.no/agder/tekstsider.cfm?id=8550 Du kan finne nyårstalen seinare, og så kan du gjere seg opp ei meining sjølv.

I mellomtida kan du lese visitasforedraget frå bispevisitasen i Valle i vår. Det finn du her, og då eg var innom der, verka lenka http://kirken.no/agder/tekstsider.cfm?id=103552

Her finn du og oversikt over vita til biskop Olav Skjevesland. http://kirken.no/agder/tekstsider.cfm?id=103554

Han har hatt ei mangfaldig teneste i kyrkja. Det gjev han eit godt innblikk i mange sider av saker han får på bordet. Men eg er samd med Sigurd Haugsgjerd i at vi bør behalde statskyrkja i åra som kjem. Det meinte sokneråda i Valle og Bykle og då dei hadde saka til uttale. Det same sa dei andre sokneråda i Setesdal. Så redaktøren speglar synet til folk i Setesdal. Vi er i utakt med fleirtalet på Kyrkjemøtet, men då Marit Tingelstad, leiar i Hamar bispedømmeråd var i Valle og orienterte om saka, kom ho til sine eigne i den forstand at ho hadde meiningsfellar her, akkurat som elles på bygdene i landet vårt.

Vi bør hegne om kyrkja og gje henne ressursar til å arbeide i bygdene. Der er vi samde, både biskopen, redaktøren og eg. Diverre ser vi at offentleg fattigdom mange stader fører til at kyrkjer forfell. Kyrkjelydsarbeid kan og stagnere.

Lat oss mobilisere til prestegjeldsaksjonen som skal vere dei siste dagane i neste veke med frikyrkjepastor Jan Gossner som talar. Rake glørne saman og sjå at bålet fatar att og skaper varme og liv i frosne sjeler.

Hasla sin nye kolleksjon

Grete Fossen Hasla var i studio og fortalde om den nye kolleksjonen for smykke som dei skal lansere i neste veke. Den er utvikla i samarbeid med industridesigner Kathinka Dysthe, og Grete fortalde at det hadde vore eit fruktbart samarbeid.

No hadde dei laga ring, anheng som og kan brukast som brosje og øyrepynt. Dette skulle vere i ni fargevariantar for å passe til trendar i tida. Ettersom smykka ikkje er i tradisjonelle teknikkar, hadde dei knytt kontakt med eit firma i Bangkok for å produsere element til smykket.

Neste veke skal dei på messe på Lillestrøm og møte kunder og kontaktar frå heile landet. Då skal kolleksjonen vere ferdig, så det var travle dagar hjå Hasla no. Her finn du meir om Hasla: http://www.hasla.no/hoved.html

Open sending onsdag 17. januar

Rolf Erik Homme og Torleif Jansen stod for programmet i kveld. Dei hadde funne rebusar i Setesdølen frå tysdag, og det var mange telefonar. Desse fekk premiane:

Signe Lund: Valle radio sitt krus
Ingebjørg Ellinor Rysstad: Valle radio sin sekk
Tora Lund: Trådlaust termometer
Ingebjørg Berdalen: Øyreklokke med radio
Jorunn Lund Harstad: Kalkulator
Jorunn Hermansen: Isbøtte

Kristeleg Folkeparti si liste

Kristeleg Folkeparti hadde nominasjonsmøte på Soknehuset i går. Dei sette opp denne lista til kommunestyrevalet 2007:

1. Pål Dale, Valle, fødd 1944
2. Ellen Agnethe Jansen, Rysstad, fødd 1960
3. Arne Bakke, Valle, fødd 1974
4. Tone Å. Rysstad, Rysstad, fødd 1961
5. Åshild Bryggeså, Valle, fødd 1980
6. Arild Aabø, Valle, fødd 1976
7. Margrethe Bakke, Valle, fødd 1982
8. Ivar Olav Hovet, Rysstad, fødd 1963
9. Anne Helle Hagen, Rysstad, fødd 1973
10. Toril Dale, Valle, fødd 1950
11. Ellen Aslaksen, Valle, fødd 1961
12. Vilborg Brokke Lye, fødd 1950

I kveld var Pål Dale i Valle radio og presenterte den nye lista. Han var godt nøgd med lista og alle dei unge som hadde vore viljuge til å stå på lista.