Kategoriarkiv: Ymse

Blogging

Aftenposten skriv i dag at få topp-politikarar brukar bloggar. Dei har intervjua Lars Sponheim, som ikkje vil skrive sjølv, Dagfinn Høybråten, som blogga i valkampen og Erna Solberg som meiner det er godt nok når ho skriv på NA 24. Eg har ikkje funne stykket på nettet til no, men avisa fortel at Carl Bildt og Heikki Holmås bloggar. Her er lenke til Heikki sin blogg: http://heikki.no/
Og Carl Bildt har denne bloggen: http://carlbildt.wordpress.com/ Bloggen hans heiter Alle dessa dagar.

Og så er det meg då. Eg er ikkje topp-politikar, no er eg ikkje politikar i det heile tatt. I fagorganisasjonen kallar dei meg senior, folk som er over 55 får ein slik merkelapp. Men eg skriv blogg og sjølv om eg har hatt pause sidan torsdag, prøver eg å skrive kvar dag. Det går mot 500 innlegg på bloggen her og over 55.000 sidevisningar sidan 1. november i fjor.

Det er mange som bloggar om privatlivet. Det er betre å blogge rundt eit tema, tykkjer eg. Å blogge med utgangspunkt i Valle radio, gjer at temavalget kan vere ganske vidt. Erfaringa er at om ein bloggar dagleg, får ein mange som les. Men no kan du skrive deg opp på lista over dei som abonnerer på bloggen, så får du det som epost når eg har skrive eit nytt innlegg. Enno er det ikkje så mange som har teke i bruk den tenesta, så det er god plass til fleire.

Av andre kjende personar som blogger, vil eg nemne Oddbjørn Evenshaug. Den kjende pedagogen og misjonsleiaren har sin eigen blogg. http://evenshaug.blogspot.com/ Han skriv ikkje kvar dag, men minst kvar veke om aktuelle spørsmål i kyrkje og samfunn. Før helga skreiv han om Rally Norway, men han hadde ei eiga vinkling på saka. Ta turen innom bloggen hans og les. Her er lenke til ei side om han på wikipedia http://no.wikipedia.org/wiki/Oddbj%C3%B8rn_Evenshaug Nettleksikonet som alle kan redigere og som eg er svært fascinert av, vil denne veke runde 100.000 artiklar. Ta deg gjerne eit sveip rundt om i det ved å klikke på dei blå lenkene. Du vil verte overraska over kor mykje interessant du finn der.

Blogging er ein fin måte å få sagt noko til andre på. Under føresetnad at nokon les det ein skriv, då. Takk for at du tok deg tid til å lese dette.

Nyhetstimen på Valentinsdagen 2007

Det er Valentinsdagen i dag, men det vil nok ikkje prege sendinga i særleg grad, sjølv om det nok vil verte nemnd, kanskje særleg i fyrste innslaget i kveld. Grete Hasla kjem i studio for å fortelje om aktivitetar hos **Hasla, Sylvsmia i Valle sentrum** og om respons etter at dei har vore på messe på Lillestrøm. Sjå
http://www.norskdesign.no/utmerkelser/mfgd/grafisk/2004/dbaFile7717.html
og http://www.hasla.no/hoved.html

Etter Grete kommer Gjermund Espetveit og skal fortelle om **Otra Kraft** http://www.otrakraft.no/ På heimesida står det “Lukerevisjon og tunnelinspeksjon Brokke kraftverk” og det får du vite meir om i kveld.

Bua på Rysstadmo har blitt ei **englebu**, fortel Ellen Jansen i eit intervju eg gjorde med henne før ho drog til Danmark i dag tidleg. Ho fortel meir og om du vil høyre.

Til slutt i kveld kjem Olav K. Nomeland og vil fortelje litt om korleis det er å køyre på leiteaksjon når det er dårleg ver i fjellet. Då tenkjer eg nok at tida går fort mot klokka 19.

I **Kommunen informerer** er det økonomiavdelinga som har ansvaret. Då er det som oftast økonomisjef Wenche Gundersen som stiller opp i radioen. I tillegg til nytt frå eiga avdeling vil ho sikkert nemne at i morgon får Valle ei avdeling som heiter Utviklingsavdelinga. Men om ho vil nemne at Valle kommune er interessert i å leige bustader til flyktningar, veit eg ikkje. Dei er det, men det står ikkje på heimesida, enno. Sjå http://www.valle.kommune.no/

Folkemusikk og utøvarar

Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg / redaktørar: Andreas Bjørkum … [et al.]. – Oslo : Notabene , 1996-2006 – 2 b. Band 1 / redaktørar: Jarnfrid Kjøk og Magnar Sundt. – Cop. 2006. – 199 s. : ill. ; 27 cm ISBN 978-82-482-0171-7 (b. 1) (ib.)

Dette var ei bok Lisbeth snakka om i sendinga. ei bok som ho har på biblioteket. Boka kom ut i 2006 og er ein antologi med åtte fagartiklar. Boka har desse kapitla:

Tor Erik Jenstad: Nemningsbruk i folkemusikken
Bjørn Aksdal: Instrumentene
Gunnar Stubseid: Eg skal lære deg stille, men ikkje å slå
Dagne Groven Myren: Vokal folkemusikk
Bjørn Aksdal: Slåttene på valig fele
Tor Stallvik: Om bygdedansane
Oer Åsmund Omholt: Hardingfeleslåttene
Jan Ling: Folkemusikken i europeisk perspektiv

Ein rask titt i boka fortel at fleire av utøvarane frå Valle er nemnde. Ein blir og fjetra av biletstoffet, det er utsøkt, både foto og teikningar. For ein som ikkje kjenner så mykje av miljøet utanfor Setesdal er det interessant å sjå breidda som boka dokumenterer. Og artiklane gjer at stoffet vert variert, ein plukkar litt her og der og tenkjer: Det må eg få lese seinare. Så blar ein eit par sider fram og finn meir interessant å lese. Anekdotar og små forteljingar illustrerer poeng som forfattaren vil ha fram. I artikkelen om opplæring skriv Gunnar Stubseid:

Ein del av fossegrimtradisjonen frå Telemark og Setesdal har eit spesielt drag: Fossegrimen gjer eit eller anna med hada eller fingrane til spelemannen. Om spelemannen Olav Faremo heiter det: Det var fossegrimen som lærde Olav til å fele. Han var til med han tvo gonger. Fyrste gongen vreid han lislefinger or led på venstre hondi. Olav kunne sveive han plent som han vilde sidan. So var han til med han att i Farøyi. Då vreid han hendene hans, so fingrane på vinstrehondi krøktest etter strengjene og etter bogen på høgre. Men han sov, Olav, med dette gjekk til. Sidan var han ovspilemann.

Med slike soger spreidd utover i boka, vert ho meir enn vanleg interessant å bla i. Du finn henne på biblioteket om ho ikkje er utlånt.

Program i veke 7 – 2007

**Tirsdag 13. februar**
Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Salmekveld
20:00 Bokaktuelt med Lisbeth D. Homme
20:15 Dagens Buxtehude
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 14. februar**
Ansvarleg: Harald Haugland/ Jorunn Lund Harstad
Teknikar: Geir Uppstad
Telefonvakt: Ingebjørg Ellinor Rysstad

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer. Økonomiavdelinga
19:30 Tankar frå Bibelen ved Bjørulv T. Berg
20:00 Barnevern og musikk. Liv Gyro Homme spelar musikk frå musicalen We Will Rock You og fortel om barnevern
21:00 Open sending ved Jorunn Lund Harstad

To gonger i nyhetene

To dagar etter kvarandre har Setesdal vore i nyhetene. Fyrst var det Jan Olsen sitt Cuba-prosjekt i går, i dag var det mindre hyggeleg, for dei leita etter gruppe tyske speidarar som ikkje kom fram dit dei skulle. Heldigvis synte det seg at dei hadde gått til ei hytte og var i god behald, men det var mange som var ute og leita etter dei før det vart konstatert at dei ikkje leid noko naud.

Fjellet er flott om vinteren, og folk køyrer i tusental frå Kristiansand til Hovden, og no etter kvart og til Brokke, for å gå på ski. Men om uveret kjem, er det ikkje til å spøkje med. Mange er det som har late livet i norsk vinter på fjellet. Difor er det godt at nokon vil ta den tøffe jobben det er med å rykkje ut og leite. Heldigvis er det lettare no, snøscooter gjer nyttig arbeid for alle som vil fram.

Lokalkunnskap er viktig. Difor er det naudsynt at folk i bygdene får høve til å halde den ved like. No når ein ikkje i like stor grad som før nyttar heia, er det lett for at denne kunnskapen døyr ut om ein ikkje på ulike måtar finn høve til å halde den ved like.

For nokre år sidan fortalde Knut O. Nomeland i Valle radio om korleis dei slo høy langt oppe på fjellet og la det i små høybuer. Når vinterføret kom, var det å dra innover med hesten for å hente høyet. Lange dagar i fjellet gav stor kunnskap om fjellet og stor respekt for naturkreftene. Dei som brukte heia på denne måten er snart ikkje mellom oss lenger. Margit Hovet fortalde i ein telefonsamtale på Open sending om korleis ho var på støylen ved Bossbu. Det er klart at dei som har slik erfaring veit mykje om fjellet både i godver og uver. Truleg er det uråd å bringe den kunnskapen vidare til nye generasjonar, for den kan ein ikkje få ved å lese, om dei no hadde skrive det dei veit. Den må ein lære ved å erfare det som ein kan erfare når ein opplever det.

Kor vil eg med det eg skriv no? Jo, eg meiner at jo mindre bygdefolk får kjøre i heia om vinteren (snøscooter), jo vanskelegare er det å halde oppe kunnskap som kan vere livsviktig når uhellet er ute og skigåande turistar ikkje kjem fram dit dei skal. Det er ein av grunnane til at politikken ein fører på dette området, ikkje er populær hjå bygdefolk. Nyttekøyring og faste løyper er vel og bra, men heia er mykje større og ein treng å vere kjent andre stader enn i dei faste løypene.

Så får eg gå ned av såpekassen min for i kveld. God natt til alle lesarar.

Jan Olsen på laurdagsrevyen

Eg sat på loftet og førebudde program for neste veke då det kom eit rop frå stova nede: Jan Olsen er på TV, kom og sjå. Eg sprang ned tids nok til å høyre ein lokal person lovprise arbeidet Jan gjer og sjå to blinde på tandem. Her er sida til Jan: http://home.no.net/jaol2/startside.htm

Og her er den nye sida med blogg: http://www.syklertilcuba.org/

Bjørgulv T. Berg var til Cuba på ferie i slutten av januar, og då besøkt han Jan. Han fortel at dei var med Jan rundt og delte ut noko ein dag. Bjørgulv var imponert over arbeidet og dei mange som fekk noko å glede seg over gjennom Jan sitt engasjement. -Jan er pragmatisk og finn ei løysing på det meste, fortalde Bjørgulv då vi prata om det sist veke. Det er eit strålande arbeid han gjer.

Annbjørg og Sigrun var jo også til Cuba for å sjå korleis det gjekk med syklane Valle skule hadde samla inn. Dei hadde program i Valle radio då dei kom heim att og var fulle av lovord over prosjektet.

Aani Aanisson Rysstad

I går spurde Helge Haugland (son min) om det hadde vore nokon stortingsrepresentant frå Valle. Eg måtte tenkje meg litt om, for Osmund Faremo var fødd i Hylestad, men er elles kjend frå Bygland, der han jo var ordførar eit par periodar. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Osmund_Faremo

Men så hugsa eg at Aani Rysstad hadde vore på eit arrangement på Soknehuset og fortalt om far sin, Aani Aanisson Rysstad, som hadde vore stortingsmann. Dermed kunne eg seie at det var ein. Ikkje lenge etter kom det ein ny artikkel på Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Aani_Aanisson_Rysstad , så no er det 49 artiklar med tema frå Valle. Men framleis er lenka til Rysstad raud, det vil seie at det ikkje er nokon artikkel om Rysstad enno. Vi må kanskje gjere noko med det snart.

Vesthei og Wikipedia

I den aktuelle timen onsdag 7. februar hadde Bjørgulv T. Berg fått med seg **Tarjei Haugen** til ein prat om Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane Landskapsvernområde. http://tinyurl.com/3946c6 er lenka som hjelper deg her.
Tarjei vart tilsett som leiar for sekretariatet frå 1. februar, og dei hadde ein interessant samtale om verdiane som ligg i dette området og om korleis ein kan nytte dei lokalt.

Deretter kom *Rune Mikkelsen** i studio for å diskutere med ordførar **Steinar Kyrvestad** (som var med på telefon) vedtaket som fylket har gjort i høve til søknaden frå Brokke Utvikling om å få køyre med 4-hjuling i området som dei disponerer. Planen er å køyre med eit slikt køyrety for å gjere naudsynleg arbeid i området, arbeid som ein ikkje kan gjere om vinteren og nytte snøscooter.

Så hadde Bjørgulv ein telefonprat med **Signe Sollien Haugå** om seminar/ studium i styrearbeid som Setesdal Regionråd set i gang. Bakgrunnen var ein annonse i avisa, og Bjørgulv ville vite meir om prosjektet.

Til slutt fekk **Harald Haugland** høve til å fortelje litt om Wikipedia, som i går hadde 48 artiklar om Valle mellom dei snart 100.000 artiklane i leksikonet. Ein reknar med at dette dugnadsleksikonet rundar 100.000 artiklar i løpet av februar. http://no.wikipedia.org/wiki/Hovedside Alle kan redigere på Wikipedia, og ekspertane på Valle bur ikkje i Oslo. Difor kan like gjerne folk her skrive i dette leksikonet, og om noko er feil, vert det retta opp av ein av dei mange som brukar det.

Med det var timen slutt og **Jorunn Tveiten** kom i studio for å ha Kommunen informerer. Etter kveldens andakt, som var ved **Håvard Viki**, kom **Roar Tveit** i studio for å prate med Bjørgulv og spele plater. Like før den opne sendinga gjekk på lufta, var **Helge Dahle** innom og fortalde om revyen Galskapen lenge leve, som dei skal ha på Valle Motell komande helg.

No har eg vore teknikar på Open sending

Det var Rolf Erik Homme som hadde ansvaret for Open sending onsdag 7. februar. Han hadde Jorunn Lund Harstad med seg i studio, Torbjørg Hoftuft og Harald Haugland tok telefonane, medan Gudrun Rysstad var teknikar. Siste timen overtok Harald som teknikar, så Gudrun kunne få fri litt tidleg.

Rebusane var basert på Setesdølen frå 6. februar 2007

Lisbeth Dalquist Homme fekk sekken.
Torill Lunden fekk kruset.

Dei andre premiane gjekk til

Borgny Karlsen: Lampe
Annbjørg Trydal Jansen: Skål, gåve frå Gyro Homme
Ingebjørg Vegestog: To lommelykter
Gyro Trydal: Radiopenn
Margit Hovet: Kalkulator

Premiane kan hentast på Statoil, Rysstad og Esso, Valle

Nytt design

Leverandøren av bloggen har laga eit opplegg som gjer at det gamle designet for bloggen ikkje lenger kan brukast. Eg streva litt med å få ting til å fungere att, for det var nokså kaotisk ei stund.

Ein av funksjonane som gjorde at eg oppretta det nye systemet, var at du no kan abonnere på bloggen min og få han tilsendt som epost. Om det vil føre til at eg får færre besøk i statistikken, veit eg ikkje. Kanskje vert det slik at eg får ei liste over dei som kjem til sidene og ei anna liste over dei som får det eg skriv tilsendt på epost.

Uansett synest eg at det nye tilbodet leverandøren har, bør brukast. Difor har eg teke det i bruk. Vonar at du finn det greitt.