Kategoriarkiv: Ymse

Pilegrimar

Hovden Fjellstoge har funne seg ei nisje som har lagt grunn for mykje aktivitet siste året. Det starta med boka til Bjarne Tveiten om Underet i Breive. Deretter kom tilsetjing av Birte Løvåsen som pilegrimsprest i eit samarbeid mellom Hovden Fjellstoge, Agder Bispedømmeråd og Bykle kommune. I Setesdølen for i går hadde Sigurd Haugsgjerd ei heilside med tittelen Over 100 gjekk pilegrimstur.

Om pilegrimar finn du og på nynorsk wikipedia: http://nn.wikipedia.org/wiki/Pilegrim
Frå denne sida kan du gå til wikipedia på andre språk og sjå kva dei har skrive. På bokmål finst det liste over pilgrimsmål. Der er Røldal med, men det er enno ikkje nokon artikkel om pilgrimsturar til Røldal. Ved å leite med utgangspunkt i desse sidene på wikipedia, kan ein finne mykje om pilegrimstradisjonen i alle kulturar og religionar.

Når Bjørnar Mørenskog vurderer opplegget, seier han at det har vore over all forventning. Å få over 100 personar til å melde seg på for å gå pilgrimstur frå Breive til Røldal er langt meir enn han hadde våga å håpe på då dei bestemte seg for å gå i gang med dette, seier han til Setesdølen.

Avisa kan fortelje at det ikkje bare er sjølve turen. Før turen startar er det ein kulturkveld på Hovden Fjellstoge. Morgonen etter er det gudsteneste i Fjellgardane kyrkje, så i sommar har det vore fire kulturkveldar og fire ekstra gudstenester i kyrkja på Hovden. I tillegg til lokale deltakarar har folk frå store deler av Sør-Noreg vore med på turane.

Strekninga er 80 km i fjellet, siste dagen er etappen 23 km. Då er det godt å kome fram til stavkyrkja i Røldal. http://no.wikipedia.org/wiki/R%C3%B8ldal_stavkirke

I fjellet har det vore mykje snø, så det har ikkje vore lette turar. Det fortel prostidiakon Per Emanuelsen i eit innlegg i same avisa. Han fortel at dei fyrste dagen gjekk til Sloaroshytta. http://no.wikipedia.org/wiki/Sloaros

Sidan overnatta dei på Holmevassbu og i oppsette lavvoar ved Kaldevassrustene før dei etter 23 km siste dagen kom fram til Røldal. Der var det så avslutningsgudsteneste.

Pilegrimane som gjekk i sommar var ikkje så opptekne av om krusifikset i stavkyrkja
sveitta, det var turen som var målet, ikkje lækjedom for sjukdom på underfull vis. Men naturen si kraft til å skape fellesskap gjennom felles slit og arbeid, det fekk dei alle oppleve.

Ved desse reportasjane fyller Setesdølen ut det vi har hatt fleire program om i Valle Radio i vinter. Det er hyggeleg at det lukkast for satsinga på dette for Hovden Fjellstoge.

I ein forstand er vi alle pilegrimar. Det er kanskje grunnen til at songar med pilegrimsmotiv framleis vert sungne og skapar atterklang i sinna våre.

Fuglar i aust og vest

I går og i dag har eg skrive om fuglar på wikipedia. Det er utruleg kva ein kjem bort i når ein går på Internett, og ikkje minst når ein er på wikipedia.

Det hadde seg slik at ein brukar på wikipedia lurte på om han kunne legge ut nokre fuglestubbar han hadde laga. Han hadde bilete og lenker til andre språk, men sjølve artiklane var korte, og han ville ikkje sjølv utvide dei, for han heldt på med andre oppgåver.

Eg sa ja, han kunne det, så skulle eg sjå kva eg kunne gjere. Dermed la han ut 20 artiklar om ugler. Det er korte saker, du kan sjå på dei blå lenkene i artikkelen om ugler: http://no.wikipedia.org/wiki/Ugler

To av artiklane i gruppa for hubro la eg inn desse dagane. Det gjeld Bengalhubro, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Bengalhubro som held til i India. Og i dag har eg skrive om http://no.wikipedia.org/wiki/Amerikahubro, som held til både i Nord- og Sør-Amerika. Ingen av dei er utryddingstrua, tvert imot, dei lever i beste velgåande kvar på sitt kontinent. Aldri har dei møtt kvarandre heller.

Av og til er det interessant å halde på med noko ein ikkje visste så mykje om frå før. Det har eg fått gjere i arbeidet med desse artiklane. Men eg har jo hatt om fuglar i Valle Radio, seinast i vår hadde vi ei open sending der eg trur at vi og hadde med hubroen sine ho ho hoo. Fuglar er fascinerande skapningar og ornitologi eit spennande studium. Eg hugsar ein klassekamerat på gymnaset som var hekta på fuglar. Han fekk høve til å jobbe med det seinare og har stått på for å formidle kunnskap om fuglar gjennom forskning mellom anna.

Naturen vert fattigare når fuglane forsvinn.

Torleif og Sissa

Det er ikkje bare eg som går frå den eine festen til den andre. Eg las i Setesdølen tysdag at laurdag 28. juli giftar Torleif B. Harstad og Sissa seg. Frå Valle Radio vil vi gratulere så mykje. Det er to gode medarbeidarar i radioen som no giftar seg.

Torleif stiller opp ein gong i månaden med Tankar frå Bibelen. Det har han gjort i mange år. I tillegg er han svært viljug til å bidra når vi spør om konkrete ting som han har greie på. Då kjem han i studio og fortel viljug om det aktuelle emnet.

Sissa har ikkje eit fast engasjement for radioen. Men når vi treng informasjon om aktivitet i kyrkja, stiller ho opp så sant som ho har høve til det. Om vi gjekk gjennom gjesteboka vår, ville vi finne namnet hennar svært mange gonger.

No slår dei seg saman. Vi gleder oss saman med dei og helsar til lukke.

Nutevatn

Eg lasta ned kartet for Vatn i Valle som ein kan fiske i for å finne ut kor Nutevatn var. Langt inne nord i Setesdal Vesthei ligg det, innanfor Bossbu og Bossvatn, mellom Roskrepp og Rjuven.

Der inne i Setesdal Vesthei får ein stor og fin aure. På heimesida til VAFA fortel Torjus Uppstad at både Tom Arild Homme og Peter Hermansen (SNO) har fått mykje fin fisk der inne i år.

Når ein tenkjer på korleis situasjonen var då kalkingsarbeidet starta, er det mest som eit eventyr. Det har blitt kalka for ein kvart million kroner årleg, og arbeidet er ikkje slutt enno. Sjølvsagt burde det og vore pengar til å få tilbake ei lokal fiskestamme, men det har det vore vanskeleg å finansiere.

Sjå meir om dette på http://vafa.no/

VAFA har nytt stoff

VAFA skriv mykje interessant på heimesidene for ein som er interessert i Vatn i Valle, som jo har vore ein programserie eg har hatt i vår, og som eg nok vil prøve å halde liv i og til hausten. Sjå http://vafa.no/index.php?option=com_content&task=view&id=82&Itemid=2 der får du ei oppdatering på fiskeprosjektet til VAFA i sommar.

Eg rekk ikkje å skrive meir i kveld, skal kome attende til noko av dette i morgon.

I dag gjekk eika

I tunet vårt i Mandal har vi hatt ei eik. http://no.wikipedia.org/wiki/Eik

Eg brukar har hatt når eg skriv i dag, for i dag tok vi henne ned. Stamma gav ein del ved, men der ho deler seg i greiner var ho så vanskeleg å behandle at vi køyrde heile stykket på søppelplassen. Brennevinsmyra søppelplass for Mandalsregionen ligg ganske nær garden vår, så det var ein kort veg å få bort både greiner og anna då vi fyrst hadde fått henne ned.

Ho har stått i alle år, Reidun har bilete av seg sjølv då ho var lita ved sida av treet. Vi prøvde å telje årringane, det var i alle fall 110, noko som tyder at ho har sett heile nittenhundretalet utfalda seg på Sørlandet. Men ho var 50 år gamal då dei bygde vegen forbi huset vårt i 1947. Ho såg at dei sprengde seg gjennom fjellknausen og steinen som nesten landa i vogna der Reidun låg sommaren 1947. Ho såg og at ved alle sprengningane etterpå kom ein av vegarbeidarane og køyrde vogna i hus før salven gjekk av.

Eika har sett mang ein flaum, der Fidja vår har stått under vatn, ikkje bare no i sumar. Sjølv har ho stått turt og gått delvis på ein stein, så ingen flaum har nådd henne. Ho har sett elg og rådyr i hagen vår og sett både Reidun og far hennar mor hans stelle med blomar i hagen. Ho fylgde med på bygging av huset vårt midt på 50-talet og utvidinga ved årtusenskiftet. Då hadde det fyrste huset på garden vore nede i mange år. Eika såg og då dei bygde låven vår med material frå ei seilskute som vart sett på land i stranda ein kilometer frå huset vårt og kor dei køyrde tømmer på vinterføre til byggeplassen og fekk sett opp ein etter måten stor låve til garden.

I mange år såg ho og sommarselskap i hagen på svigerfars geburtsdag 9. juli. Då hadde gjerne store deler av slekta vore heime og hjelpt i høyonna. Mitt minne er at det som oftast var solskin 9. juli, som regel fall 9. juli på ein sundag, men mitt minne er ikkje til å stole på.

Livet har rulla forbi eika, ho har gjeve skugge på varme sommardagar. Men dei siste åra vart det meir mose og lav enn blad på greinene. Vi skjøna at i år kom til å verte siste sumaren for eika. Ho kjem nok til å gje varme nokre kalde vinterdagar, men så er ho bare eit minne. Noko av treet var rote og, så ikkje alt kunne brukast til ved.

Ein nabo kom innom og såg på medan vi heldt på, han hadde og mange minne frå garden vår og eika som no er borte. Vi prata litt saman om at det ikkje var meir å gjere med henne no.

Det var ei spesiell eik, så spesiell at ho fekk ein nekrolog på bloggen min.

Besøk

Kven les på bloggen? Det er eit spørsmål eg har stilt meg sjølv mange gonger den siste tida, for lesartalet har gått opp ganske mykje. Eg får ein oversikt over kor mange sidevisningar det har vore siste døger, men ingen informasjon om kven som les eller kor dei er frå. I går var det 410 besøk, det er jo ganske mykje.

Men i dag fekk eg ein telefon frå ein gamal ven frå Nord-Noreg som eg ikkje har hatt særleg kontakt med sidan vi flytta til Valle i 1991. Dei flytta før oss til Molde, og til Molde er det sjeldan vi reiser. Då vi var på ferietur nedover Vestlandet for nokre år sidan og kom innom Molde, var dei ikkje heime, så det har vore smått med kontakten.

Stor var då gleda då telefonen ringde i dag og dei kunne fortelje at dei var på Sørlandstur i år og hadde ein avtale i Søgne, men at dei ville stikke innom hos oss. Ei tid etter svinga dei inn på tunet i bubilen sin og vi kunne friske opp kva som hadde skjedd dei siste 20 åra. Då fortalde han at han las på bloggen til Valle Radio for å halde seg oppdatert på kva eg held på med. Det hadde eg jo ikkje hatt tanke om i det heile, så eg vart jo litt overraska.

Eg måtte då fortelje at Valle Radio er eit tiltak som engasjerer meg mykje og som eg er glad for, og han fortalde kva han var oppteken med. Konene våre fann kvarandre i felles syn om at vi bruker for mykje tid på Internett, og vi snakka om laust og fast, timen gjekk bare så alt for fort. Snart var dei på vegen att, vi hadde fått friska opp att gode relasjonar frå 20 år tilbake minst, og sundagen i juli hadde ennå ikkje blitt til nok ein regnversdag. Men når dette vert skrive, er det tilbake til det same gamle.

Heldigvis kan eg då nyte bilete frå ein annan blogglesar som sender blomar frå hage og hei til glede for ein som ikkje så ofte tek turen ut for å feste dei til digitale pixlar, men som gleder seg over at nokon gjer det.

Det er hyggeleg å få besøk, anten det er at nokon stikk innom fysisk eller virtuelt.

Harry Potter

Sjøv om eg har vore ein ivrig lesar av bøkene om Harry Potter på engelsk, er det måte på å stille seg i kø klokka 01 om natta for å få siste boka. Det gjorde eg ikkje, sjølv om eg då kunne fått den ein god del billegare enn til full pris.

Men eg gleder meg til å ta fatt på mursteinen om nokre dagar. Harry Potter sin kamp mot vonde makter er spennande og interessant å fylgje med i. Det er den einaste av bøkene i denne sjangeren som har gripe meg, men den har halde interessa gjennom alle banda.

Det vert nok eit bokprogram om denne til hausten. Inntil vidare kan ein jo finne mykje stoff rundt dette. Ein god plass å starte er http://no.wikipedia.org/wiki/Harry_Potter
men du må vere forsiktig om du har Firefox på Ubuntu og prøver å starte den offisielle sida, for då krasjar systemet. Det har det gjort for meg så mange gonger at no lagrar eg for å sleppe fleire uhell.

God helg til alle som les bloggen min.

Fredagskveldar i Lyngdal

Kvar fredag i sommar er det konsert i Lyngdal kyrkje klokka 19.30. I kveld tok eg turen dit, syster mi er organist og det er interessant å oppleve kva ho legg opp til desse kveldane.

I kveld var det døtrene Margrethe og Torunn som spelte, piano og obo. I tillegg var det mykje firhendig piano mellom Margrethe og ei pianistinne frå Esland, og det er sjeldan ein opplever firhending pianospel på konsert. Pianistinna frå Estland hadde og med seg systera si, dei var Estlandsmeistrar i firhendig pianospel, så det var ingen tvil om kvaliteten.

Då dei slo an akkordane til fyrste stykket, eit stykke av Mozart, var det klar at dette kom til å bli ei storhending. For eit spel! Det trilla og dansa og hoppa og let i klassiske klangar med god Mozart-kvalitet. Det var herleg.

På desse konsertane er det og som regel song. I år minnest ein diktarane Petter Dass og Paul Gerhard, som har jubileum eller minneår. I tillegg var det ei jente som song solo og eit lite kor som framførte fine salmer og motettar. Det minna meg om at kristen song er i utvikling, at vi som er eldre må venne oss til nye melodiar, det er ikkje bare dei gamle salmetonar og folketonar som gjeld. Truleg burde eg gjere noko på det stoffet til hausten i tysdagssendingane i Valle Radio. Det er mykje vakker nykomponert musikk som vi sjelden høyrer.

Denne kvelden fekk vi høyre noko av det, og vakkert var det, alt saman. Etter konserten pleier dei å ha kaffe på kyrkjebakken, og i kveld var fyrste fredagskvelden ein kunne vere ute. Nydeleg solskin over lyngdalsbygda ein julikveld.

Dyreparken

Det har vore godt ver for Dyreparken i Kristiansand denne sommaren, og i dag var det særleg godt. Når det er opphaldsver og sol, men ikkje for varmt, kan det vere fint å gå der, særleg om ein er saman med små og interesserte born.

I radioen i dag høyrde vi på lokalsendinga at det var kø frå Lillesand til Dyreparken og frå Kristiansand til Dyreparken. Alle skulle dit. Borna våre ville også på tur dit i dag. Dei hadde planlagt å dra dit tidleg, Dyreparken opnar klokka 10, og før 9 var dei på vegen. Dermed kom dei før rushet, fekk parkere nær inngangen og kunne kome inn utan lang tid i kø.

Med dei nye digitale kamera kan ein ta ubegrensa med bilete. Det kunne vi nyte godt av då dei kom heim. 100 bilete i eitt kamera og halvparten i eit anna gav eit godt inntrykk av kva dei hadde sett. Artig å høyre barnebarn på fem med full kontroll over namn på alle dyra, dyr eg aldri hadde høyrt namn på før han fortalde det.

Sjølv tok eg ikkje turen dit i dag, men kunne nyte ein dag i godt ver heime i Mandal. Om du ikkje vil betale det det kostar i høgsesongen, men heller vil gå i kø saman med kunder i Agder Energi/ LOS, kan du alt no planlegge for den opne dagen dei pleier å ha, er det ikkje fyrste sundagen i september. Det er ei stor oppleving, og då er den gratis. Men då planlegg eg ein tur til Sunnmøre, så det blir neppe nokon tur i Dyreparken for meg i sommar.