Kategoriarkiv: Ymse

Pieter og Lucinda på besøk

I dag kom Pieter Leebeek og kona Lucinda på besøk. Vi måtte halde oss inne det meste av dagen, for det kom regn i byger, men praten gjekk lystig om folk og hendingar i Valle så vel som om livet i Vestfold. Det er alt blitt sju år sidan dei flytta til Larvik. og der held dei seg enno. Han var fyrst organist i Østre Halsen, men er no i Nanset, som og er kyrkjelyden han soknar til der han bur. Der har dei sju kor, han dirigerer eit par av dei, men elles er det mange andre som og er med. Eit av kora er på 200 songarar.

Det vert jo noko anna enn som det var i Valle og Hylestad, og å vere organist i Larvik inneber og å spele i ganske mange gravferder. Men dei har ingen lokalradio av typen som vi har i Valle, så han får ikkje halde fram med å presentere orgelmusikk slik han gjorde i Postludium. Eg kunne fortelje at eg gjerne brukte CD-plata han spelte inn med musikk til jol i eit av programma mine ved joletid.

Pieter og Lucinda kom jo til Noreg frå Nederland, men som med så mange som flytter har det skjedd og for deira born, dei er nok blitt meir norske enn nederlandske. Så når besteforeldre er på besøk, kan dei nok snakke nederlandsk med dei, men dei likar helst at samtalar går på norsk, så dei slår fort over til norsk. Som lærar i norsk for utlendingar er det ei problemstilling eg har vore klar over og ofte snakka med elevane mine om. Dei vil nok og oppleve at ungane blir norske med åra, sjølv om dei prøver å halde ved like morsmålet.

Vi snakka med glede om Vegkyrkja i Hylestad kyrkje og alle hyggelege stundene vi hadde der, og det var ikkje unaturleg å ha vaflar til kaffe denne dagen. Mange hyggelege minne knytt til både musikk og folk gjorde at det vart ein særs hyggeleg dag sjølv om veret dynka grenda vår her i Mandal også denne dagen. Vi ser imidlertid framover og trur på statsmeteorologane som lover betre ver mot helga.

Frå Burundi til Østfold

Nokre gonger oppdagar ein samanhengar ein ikkje visste om. I dag var det ei liste på wikipedia over presidentar i Burundi. http://no.wikipedia.org/wiki/Liste_over_Burundis_presidenter

Når det kjem inn ein slik ny artikkel, er det ofte at den ikkje er wikifisert, som det heiter, det vil seie at den ikkje er sett opp slik vi gjerne vil ha det på wikipedia. Ofte går eg inn og gjer det, og det gjorde eg med den artikkelen. Mellom anna sette eg lenker på namna, slik at ein skulle kunne finne ut om det var artiklar om folka i leksikonet. Men det var bare ei lenke som vart blå. det var denne: http://no.wikipedia.org/wiki/Pierre_Nkurunziza

På den artikkelen var det eit bilete og teksten til biletet fortalde at denne afrikanske presidenten hadde vore i Østfoldhallen i fjor sommar. På wikipedia er det råd å finne ut kven som har lagt inn biletet, og det synte seg at det var ein som eg av og til skriv litt med, chattar som det heiter på moderne norsk. Så eg spurde han korleis det kunne ha seg at denne presidenten var i Østfoldhallen.

Svaret eg fekk var litt annleis enn det som eg kunne finne ut om eg las på wikipedia om Østfoldhallen. http://no.wikipedia.org/wiki/Østfoldhallen

Han kunne fortelje at Aril Edvardsen http://no.wikipedia.org/wiki/Aril_Edvardsen i fjor hadde ein møtekampanje der presidenten i Burundi var med og talte. Aril Edvardsen var ven med denne presidenten og fekk han difor med i kampanjen.

Burundi er elles eit land som har vore utsett for mykje ettersom det var borgarkrig der for få år sidan. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Burundi Biletet av landet vart litt annleis etter å ha fått ein slik informasjon.

Tour de France

I dag var det kviledag i Tour de France, og dei kunne vel trenge det, både Michael Rasmussen (http://no.wikipedia.org/wiki/Michael_Rasmussen), Thor Hushovd (http://no.wikipedia.org/wiki/Thor_Hushovd) og alle dei andre syklistane som held sirkuset i gang og klistrar oss til fjernsynsskjermen anten det regnar eller sola skin i juli.

Før om åra har kviledagen vore eit kjærkome høve til å gjere noko anna. I år synte det seg at eg fekk nok å gjere med å godkjenne artiklar på wikipedia om alle syklistane. Ein ivrig entusiast har lagt inn alle syklistane i leksikonet. Ettersom det var ein ny brukar som skreiv, måtte alle artiklane godkjennast av ein administrator, og store deler av den oppgåva fall på meg. Ikkje det at eg tykte det var utriveleg, eg gjorde det med glede, og i morgon vil eg vite meir om folka når kommentatorane på Eurosport eller TV2 snakkar om dei ulike deltakarane.

Nå er huset fullt av familie, så ein må jo begrense seg litt i kor mykje av dagen TV får styre, det er ikkje alle gjestene som er like interesserte i sport på TV. Sigmund, som lever av å formidle signal til sportskanalar, er ingen sportsidiot, og dei andre i familien er vel heller ikkje så ivrige som far og mor. Det er vel slik at vi må finne ei form for fredeleg sameksistens og ha alternativ som høver for store og små.

Wikipedia er jo eit leksikon, men det er svært oppdatert på sport. Både fotball og Tour de France er oppdatert kort tid etter at det har vore ein ny runde. Det betyr at i juli, når fotballen har ferie, er det Tour’en som er mest i fokus. http://no.wikipedia.org/wiki/8._etappe_i_Tour_de_France_2007 Artiklar som dette vert laga for kvar dag. Det er eit informativt og aktuelt leksikon. Artiklar om pågåande hendingar er jo litt vanskelege å lage leksikalske, for ein treng gjerne litt avstand. Men den forma artiklane har fått til no, synest eg dekker godt både det aktuelle og det tidlause.

Ingen svar denne gongen heller

Eg fekk ein kommentar frå ein av dei som får bloggen på epost om at han tykte det var interessant med spørsmåla mine. Han hadde ikkje sendt inn svara, nokre kunne han, andre fekk han ikkje til. Men interessant var det, sa han.

Her kjem svara på quiz nr. 3:

1. Kven var Lady Bird og kva var ho kjent for? http://no.wikipedia.org/wiki/Lady_Bird_Johnson
2. Kva er Lingvong? http://no.wikipedia.org/wiki/Lingvong
3. Kven malte Pikene fra Avignon? http://no.wikipedia.org/wiki/Pikene_fra_Avignon
4. Kva var Kjetil Flatin? http://no.wikipedia.org/wiki/Kjetil_Flatin
5. Kor ligg Møysalen? http://no.wikipedia.org/wiki/Møysalen

Nr. 1 er altså den nyleg avdøde kona til den amerikanske presidenten Lyndon B. Johnson. Nr. 2 er ein fråflytta heiegard i Suldal. Nr. 3 er Pablo Picasso. Nr. 4 var ein spelemann frå Seljord i Telemark. Nr. 5 er eit fjell på grensa mellom Troms og Nordland. Eg såg fjellet kvar dag då vi budde på Stokmarknes, og det var vanskeleg å ikkje late seg fascinere av fjellet og fjellrekka det er ein del av.

60 år igjen

4. juni skreiv eg eit stykke her på bloggen med tittelen 60 år. No er det tid for ein ny runde. Denne gongen er det ikkje Torleif B. Harstad, men mi eiga feiring av milepelen. Eg skreiv jo då at borna våre planla noko midt mellom dagane til meg og Reidun, og no var vi komne så langt.

Vi hadde planlagt fest i hagen på Eskeland, men veret den siste tida sette stoppar for det. Sist laurdag hadde vi Eskelandsfest, då vart vi og tvinga inn. Men den kvelden var vi bare 14, så då var det plass på låven. Denne gongen måtte vi til grendehuset, den gamle skulen her i bygda. Borna hadde tinga den som reservestad, og med 14 grader ute og regn frå morgonen var det bare å sjå i augo at hagefest var for risikabelt.

Born og svigerborn stilte opp og ordna det som var naudsynleg for å få til ein fest. Etter dei oversiktene Margunn heldt, skulle vi bli pluss minus 56, og det vart vi og. Svigerson Lars stod for gryteretten curry, og mange gode hjelparar stod for kaker, og snart stod volumet på praten i taket. Folk frå Setesdal (Valle Radio var representert ved Torleif B. Harstad og Bjørgulv T. Berg – det får vere det radiorelaterte i kveld) kosa seg saman med slekt og vener frå Mandal og Rogaland og tida rann og alli snåva like mykje den kvelden som ho elles gjer. Med start klokka 15 og høve til å gå når ein følte for det.

Ettersom det var Frankrikes nasjonaldag i dag, framførte Jorunn og Ole Th. eit vers til Marseillesemelodien før dei sette kursen mot Lyngdal. Eg tek det med, så kan du få del i det, du og, ettersom framføringa kom då dei fleste var gått og bare den harde kjernen framleis heldt ut:

Vi feirer 60 år for to i dag
så det blir hundre og tjue år.
For Reidun fylt år en gang i mai
og Harald følger hakk i hæl.
De samlet hele slekta og vel så det
og se, regnet hølja ned.
Ingen fest i hagen det ble,
men skolestua ble god erstatning.
Her var mat og kaker i fleng
og drøset gikk som bare det.
Vi klarte ikke henge med.
Men takk for hygg’lig dag
at vi fikk vær’ i lag.
Vi nå
skal gå
og reise hjem
om to uker ses vi igjen.

Det verkar som om svært mange i vår familie har satsa på å ha fest i år. Fire bryllup, minst fire bursdagar er status for mitt vedkomande.

Takk til alle gode vener for ein triveleg dag. Takk til born og svigerborn for ein triveleg fest. Takk til deg som les på bloggen for at du les dette noko meir personlege innlegget, i morgon skal eg tilbake til meir allmenne saker att.

Quiz 3

Her kjem svara på Quiz 2:

1. Jøssingfjord http://no.wikipedia.org/wiki/Jøssingfjord
2. Vikeså http://no.wikipedia.org/wiki/Vikeså
3. Flekkefjord http://no.wikipedia.org/wiki/Flekkefjord
4. Kvinesdal http://no.wikipedia.org/wiki/Kvinesdal
5. Hidra http://no.wikipedia.org/wiki/Hidra

Heller ikkje til denne konkurransen kom det inn svar, så det ser ikkje ut til at de som les på bloggen har lyst til å vinne ein refleksvest.

Men eg gjev meg ikkje så lett. I kveld lagar eg heller spørsmål:

1. Kven var Lady Bird og kva var ho kjent for?
2. Kva er Lingvong?
3. Kven malte Pikene fra Avignon?
4. Kva var Kjetil Flatin?
5. Kor ligg Møysalen?

Svar innan sundag 15. juli klokka 15 til harhaugl (at) gmail.com
Premie til den som blir trekt ut er ein refleksvest frå Valle Radio.

Sommarkonsert i Egersund kyrkje – ei oppleving rikare

Eigersund Musikkråd i samarbeid med Eigersund kulturskole og Egersund kirkes kulturutvalg arrangerer lunsjkonsertar med tittelen **Musikkstund i kirken** i kyrkja kvar måndag, onsdag og fredag i juli. Eg hadde gleda av å oppleve ein slik konsert i går, onsdag 11. juli. Det vart ei stor oppleving.

Musikarane var Henning Rød Haugland på piano og Magnus Rød Haugland på kontrabass. Om du når du ser etternamnet tenkjer at det er familien min, har du rett, eg er onkel til dei to flotte musikarane. Onsdagen før denne konserten spelte Magnus då Dronning Sonja hadde lunsj i Stavanger, så ein kan kanskje seie at det var kongeleg.

Henning og Magnus spelar jazzinspirert musikk, og dei starta med ein Ballade som Henning hadde skrive. Deretter var det religiøse folketonar, mellom andre Swing low, sweet chariot og Kven kan seia ut den gleda. Ein rik halvtime var det i alle fall, og opp mot 100 personar fann vegen til arrangementet. Ikkje dårleg ein onsdag midt i juli.

Egersund har ein gjestevennleg parkeringspolitikk. Du kan stå ein time midt i sentrum, like utanfor kyrkja, utan parkometer. Det heldt godt for min del. Etter konserten flytta eg bilen til ein annan stad, og så spaserte vi gjennom gågata til Eikunda, der vi fekk oss litt mat. På menyen stod det at dei hadde steikt kveite, men då vi skulle bestille, var den utseld, så vi måtte finne noko anna. Eg og dei som var med meg brukte nok minst 1000 kroner i Egersund denne dagen, alt fordi det var ein liten konsert vi ville oppleve. Truleg var det slik for mange andre og, noko som tyder på at om det vert arrangert noko ein stad, vil det ofte føre til omsetning i næringslivet.

I morgon spelar Viggo Fagerjord orgel i denne konsertserien.

Måndag i neste veke er det Margun Risa, sang og Solvor Kvåle Konstali, klaver, som skal halde konserten.

Onsdag 18. juli er det Line Haukland, cello og Gundhild Kristoffersen, sang/klaver.

Fredag 20. juli er det Knut Magnus Bøen, fløyte og Bodil Fagerheim, orgel.

Alle konsertane er støtta av ulike firma i Egersund. Det er 17. året på rad at Eigersund Musikkråd står for denne serien med konsertar.

Quiz 2

Eg veit ikkje om quiz er så populært hjå lesarane på bloggen som open sending er onsdagskveldane. I alle fall kom det ikkje inn særleg mange svar på quizen eg la ut i går kveld. Faktisk kom det inn bare eitt svar, men det var ikkje rett, så det vert ingen premie å dele ut i kveld. Her er svara, og den som svarte har heilt rett i at ein kan finne meir om svara på wikipedia. Difor legg eg ut lenke til artiklane på wikipedia om desse.

1. **Mandal** http://no.wikipedia.org/wiki/Mandal
2. **Spangereidkanalen**, det er ikkje nok med Spangereid: http://no.wikipedia.org/wiki/Spangereidkanalen
3. **Ålgård** http://no.wikipedia.org/wiki/Ålgård
4. **Lista** http://no.wikipedia.org/wiki/Lista
5. **Åvik** http://no.wikipedia.org/wiki/Åvik

Her kjem fem nye, framleis i Agder og Rogaland:

1. Hedersnavn under krigen + nr. 6 + mold
2. Bukt + hev + elv
3. Flå av never eller bark + smal arm av hav
4. Grue seg for + odde + søkk
5. Bjørnebustad + trekk

Svar innan klokka 18 i morgon til harhaugl (at) gmail.com, så kan du vinne ein refleksvest.

Quiz 1

I dag startar eg ein serie innlegg på bloggen. Nokre av dei kan brukast som rebusar medan du ventar på at vi skal kome i gang att med Open sending.

Tema i dag er stader i Agder og Rogaland. Send svaret til harhaugl at gmail.com

1. Hestehår + forsenkning
2. Grave + karakter + lever + smalt land + ferdselsåra
3. Fisk + rusler + Tyskland
4. Bakke + egen
5. Elv + pronomen + tusen

Send svara, gjerne med informasjon om kva du veit om dei stadene du kom fram til.

Det vert ein refleksvest i premie til den som eg trekkjer ut som vinnar, så du må skrive adressa eg skal sende den til.

Ny heimeside for Valle kommune

Eg hadde ikkje vore inne på heimesida til Valle kommune sidan eg tok ferie. Då eg i kveld gjekk til den adressa, var det ei heilt ny side som møtte meg. Eg visste at det hadde vore arbeidd med å utforme ny heimeside ei stund, men no var ho altså klart. Du kan sjå henne her: http://www.valle.kommune.no/

Så går eg rundt på heimesida og leitar etter aktuelt stoff å fylle bloggen med i kveld. Det kan jo vere greitt å kommentere noko av det som ein kan finne på heimesida til kommunen. Men fyrst vil eg kommentere noko eg ikkje fann. Då eg gjekk på lenka Lag og organisasjonar, syner det seg at det er lenke til 36 organisasjonar. Men det er ikkje noko lenke til Valle Radio. Det undra meg at kommunen sin informasjonsansvarlege har gløymt denne viktige organisasjonen i lista over lag og organisasjonar. For eg trur at kommunen veit om oss, truleg held dei no på å setje opp liste over kven som skal ha ansvar for halvtimen **Kommunen informerer** til hausten.

Valle kommune finst og på wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Valle Om du går nederst på sida, der det står Kategori:Valle og klikker på den, får du alle artiklane om kommunen som finst på wikipedia. Det er no 64 artiklar der.

Kommentar for kva anna eg fann på Valle kommune si heimeside får vente til i morgon. No tek eg kvelden.