Kategoriarkiv: Ymse

Fotball for heimlause

Når ein har TV2 sine kanalar på parabolen, kan ein kanskje få nok fotball ei helg. Laurdag, to kampar på sundag og måndag, slik er gjerne tilbodet til den som vil fylgje med på kva som skjer i eliteserien.

I helga kom eg til å lese i Stavanger Aftenblad. Der var det ein artikkel om Fotball-VM for hjemløse, som dei skreiv. Det skjedde i Danmark sist veke, og her er lenka til heimesidene for arrangementet i København: http://www.homelessworldcup.org/

Frelsesarmeens rusomsorg står bak det norske laget som er med for tredje gong i år. I fjor tapte dei alle kampane, målet er å vinne i alle fall ein kamp. Før arrangementet var dei ranka som nr. 47 av 48 deltakarar. Det norske laget må betale reiseutgiftene sjølv, men opphaldet vert dekt av arrangøren. Laget er på 11 personar, men bare fire er på banen samstundes. For å få vere med må ein spelar inngå kontrakt om å ikkje ruse seg på landslagssamlingar, trening eller under mesterskap og ein må vere heimlaus, asylsøkjar eller med i eit rehabiliteringsopplegg.

For å verte betre arbeider ein for å få ballbinge i byane der lag kan trene og slik inspirere til å halde seg unna rus. Neste år vert VM for heimlause i Stavanger i mai.

I år slo det norske laget svenskane 8-2, men det var Skottland som vann VM for heimlause.

Kulturprisen 2007 til Kirsten

Gratulerer til Kirsten Bråten Berg som har fått Valle kommunes kulturpris 2007. Det skjedde i dag på Tveitetunstemna, og i kveld klokka 21.00 var wikipedia oppdatert med informasjonen. Sjå det på denne sida: http://no.wikipedia.org/wiki/Kirsten_Br%C3%A5ten_Berg

Det er imponerande å sjå kor fort wikipedia vert oppdatert. Det gjeld ikkje bare det som skjer i sentrale strok av landet, men og hendingar i utkantane. Meldinga om at Kirsten har fått Kulturprisen for Valle var lagt inn som fyrste bidrag av ein ny brukar på wikipedia. Ettersom ein ikkje treng å bruke sitt eigentlege namn, men kan bruke eit nick, veit eg ikkje kven som la det inn, brukaren kalla seg Ocean.

Frå artikkelen om Kirsten kan ein gå til ei rekke artiklar om kva ho har halde på med. Wikipedia er det ein kallar hypertekst, det vil seie at det er lenker i teksten som gjer at ein kan hoppe frå emne til emne etter kvart som ein les. Det er ei rekke lenker på sida om Kirsten, men det kunne vore mange fleire om ein hadde lagt inn lenker til alle platene ho har vore med på. Ein kan og sjå kva det står om henne på engelsk, tysk og polsk. Men det er ikkje komen nokon artikkel om henne på nynorsk wikipedia enno.

Valle Radio sluttar seg til gratulantane: Det var ein vel fortent pris. Kirsten set Valle på kartet med sitt verdsfemnande kulturarbeid. I tillegg har ho inspirert nye generasjonar i Valle og Setesdal til å ta opp og halde folkemusikken høgt. Valle Radio har nytt godt av det i mange samanhengar. For dei fleste av oss er nok aksjonen der vi samla inn pengar til ofra for tsunamien på Sri Lanka ein kveld vi minnest med glede. Då samla Kirsten vener og musikarar til ein stor dugnadskveld i radioen. Kultur på høgaste nivå med eit engasjement for dei som trong hjelp.

Gratulerer med kulturprisen!

Joker og Lotto og opsjonar

Gratulerer til Olav Rysstad som fekk seg ein fin Jokergevinst i kveld, over ein halv million etter det eg høyrde. Eg såg ikkje sendinga sjølv, men Reidun kommenterte at han fekk dårlege tal å velje mellom då ho fortalde om hendinga. http://no.wikipedia.org/wiki/Joker_%28Norsk_Tipping%29

Onsdag var det ei dame frå Tinnheia som tok heim den største gevinsten i VikingLotto til no, var visst 26 millionar. Etter det dei sa var ho ugift, så no kom ho nok til å få mange friarar. http://no.wikipedia.org/wiki/Viking_Lotto

Det verkar som om det ikkje er like lett å få mykje pengar mellom hendene. Difor tilbyr Norsk Tipping rådgjeving til dei som får store premiar. At to store premiar skulle kome til Agder i same veka, er lite truleg, så lite truleg at det var folk som sa i avisa at dei ikkje kom til å spele no. Andre tenkte nok stikk motsett, og la inn ein kupong i von om at lukka skulle smile den vegen dei gjekk.

Siste veka har det og vore ein del storm i media over opsjonar i Norsk Hydro. Styret har bedt om å bli granska av bedriftsforsamlinga og dei har stilt plassane til disposisjon. I samband med dette har ein og snakka om at det ser ut til å vere problem når ein leiar gjer ein god jobb og får bonus i form av opsjonar, men ikkje problem når ein fotballspelar er i tilsvarande situasjon. http://no.wikipedia.org/wiki/Norsk_Hydro
http://no.wikipedia.org/wiki/Opsjoner

I Valle Radio har vi ingen milliongevinstar og ingen opsjonar. Vi har heller ikkje løn. Dugnadsprinsippet lever her, og vi har ikkje tenkt å byte det ut med andre prinsipp. http://no.wikipedia.org/wiki/Dugnad

Nytt semester

Det er tid for å begynne planlegginga av haustsesongen. Det kan vere godt å starte med kommunestyremøta. Dei er lagde til 29. august, 26. september, 31. oktober, 28. november og 18. desember.

No vert det vel og nytt kommunestyre i haust, så truleg vert det ekstramøter i samband med konstituering. Valle Radio tek sikte på å sende frå møta på same måte som elles.

**Her er datoane for sendingane i haust. No har eg fordelt ansvar for program, teknisk og telefon. Få det inn i kalenderen din. Om det ikkje høver, finn du ein å byte med. Deretter gjev du melding, så eg kan oppdatere sida. **

Første namnet er ansvarleg for kvelden, namnet bak + er teknisk ansvarleg
OS=Open sending

22. august Harald + Gudrun Rysstad, telefon
29. august Kommunestyremøte, Torhild

NB! Torsdag 6. september Ørnulf + Jørund, telefon Ingebjørg E. **Valsending**
7. september HEILE DALEN Evje
12. september Harald (OS: Jorunn LH) + Inga, telefon Ingun
19. september Bjørgulv, (OS:Britta Lise) + Knut Olav, telefon Berit
26. september Kommunestyremøte + Gudrun Rysstad

3. oktober Haustferie
5. oktober HEILE DALEN Sauesjåsending Bjørgulv T. Berg. (OS: Rolf Erik), + Inga, telefon Bjørg Ragnhild
10. oktober Helge D + Knut Olav, telefon Torbjørg
17. oktober Øyvind Jacob (OS: Jorunn LH) + Torhild, telefon Gudrun Nomeland
24. oktober Britta Lise + Gudrun Rysstad, telefon Ingebjørg E.
31. oktober Kommunestyremøte. + Inga, **Oppsettet med Theis og telefon Berit går ut**

2. november HEILE DALEN Evje
7. november Harald + Knut Olav, telefon Ingun
14. november Ørnulf (OS: Rolf Erik) + Torhild, telefon Jorunn
21. november Britta Lise + Inga, telefon Gudrun Nomeland
28. november Kommunestyremøte + Gudrun Rysstad

5. desember Øyvind J. (OS: Rolf Erik) + Torhild, telefon Ingun
7. desember HEILE DALEN Helge D + Inga, telefon Ingebjørg E Går ut
12. desember Ørnulf (OS: Britta Lise) + Knut Olav, telefon Berit
19. desember Kommunestyremøte + Inga
22. desember BITTE LISLE JOLEPTKVELDEN Ansvarleg: Ørnulf i samarbeid med Valle handelsstand. Men alle som kan, hjelper til.

Quiz nr. 5, løysing

Det kom inn to rette svar på quiz nr. 5. Eg lova ein refleksvest til vinnaren, og den går til Brit Obrestad på Varhaug, som sende inn dette svaret:

1 = Høyland
http://no.wikipedia.org/wiki/H%C3%B8yland_%28Sandnes%29
2 = Vatneleiren
http://no.wikipedia.org/wiki/Vatneleiren_kapell
3 = Vikeså
http://no.wikipedia.org/wiki/Vikes%C3%A5
4 = Nærland
http://no.wikipedia.org/wiki/Grunnkretser_i_H%C3%A5_kommune
5 = Randaberg
http://no.wikipedia.org/wiki/Randaberg

Fornøgd nå?

Takk for sist. Nå har eg vore i Ørsdalen og plukka blåbær, ca 6 liter, og det er fantastisk til meg å vere. Det hadde vore folk før oss. Nå blir det nokre “medisindosar” med antioksidantar til vinteren.

Eg la til wikipedialenkene til svaret hennar. Så kan du leite litt og finne meir informasjon om desse plassane i Rogaland.

I grunnen gav dette meg blod på tann, så eg vil lage ein quiz til i morgon som de kan tygge på i helga, om de då ikkje skal ut og plukke blåbær. I ei gamal vise heiter det:

Ut og plukke blomster, ut og plukke bær.

Men eg trur eg tuslar meg i seng.

Meir statistikk

Her er statistikken for 2007 når det gjeld besøk på bloggen:

Måned 2007 Sider vist Besøk
Juli 2007 19907 6885
Juni 2007 12473 4277
Mai 2007 3523 1658
April 2007 2370 1076
Mars 2007 2147 974
Februar 2007 6291 880
Januar 2007 8325 961

Til saman har det vore nesten 100.000 sidevisningar sidan eg starta å skrive 31. oktober 2005.

Besøk i juli er altså 2600 meir enn i juni, som og var svært mykje høgare enn i mai. I snitt ser kvar som er innom bloggen på tre sider, så det vert ein del i løpet av ein månad. Til no i dag har det vore 145 innom og lese på bloggen.

Ein slik vekst har vore interessant å vere ein del av. Ikkje minst har det vore interessant å få tilbakemeldingar frå lesarar. De har gjeve innspel til emne eg kunne skrive om så vel som oppmuntrande kommentarar til det eg har skrive.

Eg tek ikkje sikte på å skrive ein blogg for å kritisere, men for å trekkje fram positive saker eg kjem over. På sitt beste blir bloggen då eit dokument over verdfulle tilhøve og saker øvst i Setesdal, med ein og annan sveip til andre stader og.

Eg hadde jo likt å sjå tilsvarande respons på andre bloggar, men det er opplysningar dei fleste får som dei ikkje bringer vidare til lesarar. Når det er sagt er det ikkje så mange andre bloggar eg les, så eg kan ikkje uttale meg med stor visse om dette.

Takk til Ånund K. for kommentar frå Sunnmøre på bloggen. Truleg har han hatt finare ver der oppe i havgapet nord om Stadt enn dei som reiste til det blide Sørland i år. Smeigesommar kan ein ikkje kalle sommaren 2007. Men det har vore ein god bloggsommar.

Resultatet av quiz 5 kjem i morgon.

Ny rekord

Det er ny rekord denne månaden. I juli månad har eg klart å skrive på bloggen alle dagar. I dag, som er siste dag i juli, klarar eg å skrive to innlegg. Eg måtte bare gjere det, det er den fyrste månaden eg har klart å skrive noko alle dagar.

Samstundes har det vore ein månad som mange har vore inne på bloggen og lese det eg skriv. Etter det eg ser av statistikken, kjem eg til å sprengje grenser for både besøk og sidevisningar, det vert truleg ein rekord som vil vere vanskeleg å slå. Tross alt er det grenser for kor mange som vil lese ein blogg med tema Valle Radio.

Eg vil gjerne takke kvar og ein som er innom og les på bloggen. Tema som eg skriv om, varierer mykje, dei skal spegle eit mangfald som det vi finn i Valle Radio. Sjølv om radioen no held sommarferie, er det litt av kvart å skrive om. Det lesarar er og ganske tålmodige og finn dykk i ulike krumspring.

I morgon vil eg kome tilbake til meir statistikk for besøk på bloggen.

Folkemusikk

Det stundar til Setesdalskappleiken, les eg i avisa. Konsert til minne om Knut Jonsson Heddi fredagskvelden. I same avisa les eg at Hallvard T. Bjørgum har nye planar etter ein lang pause der han ikkje har halde konsertar. I sommar har han halde konsertar på Sylvartun. Vidare les eg at Bjørgulv Straume si plate frå ætt til ætt no kjem ut på Grappa Musikkforlag.

Det var sanneleg mange gode folkemusikkmeldingar på ein gong.

Avisene melder og at det er fleire unge som engasjerer seg i folkemusikk. Landskappleiken synte at det og gjeld Setesdal, der Knut Kjetilson Jore fekk 3. plass i Vokal folkemusikk klasse C med seks deltakarar og syster hans, Sigrid Kjetilsdotter Jore fekk ein 8. plass i Vokal folkemusikk klasse B med 21 deltakarar.

Kim André Rysstad fekk fjerdeplass i Vokal folkemusikk klasse A der sju konkurrentar tevla om plassene. Birgit Anette og Tor Espen Helle dansa Setesdalsgangar i skarp konkurranse med 15 andre par i klasse B og kom på 10. plass.

Så må det nemnast at Tor Hoslemo drog det lengste strået i Hardingfelespel klasse C. Denne klassen hadde 21 deltakarar, og Tor gjekk av med sigeren.

Endeleg finn eg og Sigurd Brokke på resultatlista. Av årets åtte deltakarar i klasse for eldre folkemusikkinstrument fekk han ein andreplass, og Kjetil Carolis Jore fekk ein sjuandeplass.

Dei som representerte Setesdal Spelemannslag gjorde det så godt at det lovar godt for kappleiken til helga.

Fuglar i aust og vest 2

I dag sender eg ei venleg helsing og takk til Øyvind Jacob for kommentaren han gav på bloggpostinga mi fredag. Der viste eg til ein artikkel på wikipedia om bengalhubro, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Bengalhubro
Han meinte at det måtte vere feil at vingespenn på fuglen, som er over ein halv meter lang, ikkje var meir enn 36 til 42 cm, og det hadde han heilt rett i. Difor gjekk eg i dag inn og retta det til ein vingelengde, det er noko anna, for då blir vingespenn meir enn dobbelt så stort.

Dette førte til at eg måtte registrere meg på tysk wikipedia for å skrive ei melding til dei om feilen. Det hadde eg ikkje tenkt å gjere, men no har eg gjort det. Eg skreiv det på diskusjonssida til artikkelen, eg retta ikkje i artikkelen. Eg burde kanskje ha gjort det, for dei har ikkje retta det. Men eg tykkjer nok det er eit steg lenger å skrive i eit tysk leksikon enn å gjere dei merksame på feil.

På denne måten vert det synleg korleis wikipedia fungerer. Den som veit noko, legg det inn. Diverre er det folk som likar betre å lage trollskap enn kunnskap, det vil seie at dei legg inn tull og tøys. Men det aller meste av stoffet i wikipedia kan ein stole på. Det er sikkert nærare hundre personar som nesten til ei kvar tid kontrollerer det som vert skrive, sjølv har eg over 600 artiklar på overvakingslista mi. Når nokon skriv på dei, får eg melding med det same. I tillegg er det folk som fylgjer med på kvar einaste retting.

Du kan jo ta deg ein tur på artiklane om Valle og sjå om du finn feil. Anten kan du gå inn og rette sjølv, eller du kan sende ein kommentar til meg, så skal eg fikse det. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Kategori:Valle

Quiz 5

Sjølv om det ikkje kom svar på quiz tidlegare i sommar, prøver eg ein gong til. Framleis er premien ein refleksvest. I dag kjem quiz nr. 5. Den er forma som fem rebusar og hentar svarord frå stader i Rogaland:

1. Turt gras + ikkje hav
2. Ikkje land + straum + belegg + artikkel
3. Bukt + hev + elv
4. Ikkje fjern + nr. 12 + fugl
5. Kant + tysk men + tone

Fem stader i Rogaland. Send svar på epost til harhaugl at gmail.com innan 1. august.