Kategoriarkiv: Ymse

Onsdag 14. november

Øyvind Jacob skreiv i brev til meg i dag:

Onsdag var eg stand in for Ørnulf. Eg hadde alliert meg med Ingvar Nes som ville samtale om Kulturskulen, og Rune Mikkelsen om planutvalget sin kontrovers med villreinnemnda (jfr. siste Setesdølen).

Det blei eit greitt opplegg med info, prat og musikk. Kulturskulen ligg jo nesten brakk inntil nyttår, då har dei håp om å få tilsett eit allsidig og dugande menneske.

Det kom ingen til andakt og kommunen informerer, men det gjekk musikk.

Frå kl 20 til 21 hadde eg Lidia Gavoura på besøk. Ho fortalde frå sitt liv som flyktning og opplevingar frå Tadsjikistan. Egentleg lova eg å kome attende med fleire av kommunen sine tilflytte frå framande land for å presentere breidda i miljøet. Lidia spillte russisk musikk i norsk oversetting. Veldig fint!
Ø

Eg legg til ei lenke til Tadsjikistan, slik at du kan surfe litt rundt og gjere deg kjent med området: http://no.wikipedia.org/wiki/Tadjikistan

Open sending stod Rolf Erik Homme for, kjenner eg han rett var det trivelege og morosame kommentarar rundt rebusane denne kvelden.

Vår Gud han er så fast en borg

I kveld var eg i Oddernes kirke og høyrde Ian Richards spele til Vest-Agder Kammerkor, som framførte kantate nr. 80 Ein feste Burg ist unser Gott av Johann Sebastian Bach. Det vart ei stor oppleving. Fyrst framførte Ian fleire stykke av Bach med presentasjon av melodien av songarar før han så presenterte Bach sitt stykke. Det var innsiktsfullt og vakkert. Så kom sjølve kantaten, som er i åtte deler med kor, ariar, resitativ og duettar. Bryan Breidenthal dirigerte frå kyrkjeromet, medan koret stod på galleriet for å vere nær orgelet. Det vart ei stor oppleving. Denne kvelden var det og ganske mange folk på konserten, så det var ekstra hyggeleg.

Konserten vart framført i Farsund fredag. Her er omtale i avisa Agder:
http://www.avisenagder.no/artikkel.asp?Artid=1744

Det var eit stort intervju med Ian i Fædrelandsvennen laurdag. Det er ikkje lagt ut på nett endå, men det var interessant å lese, så finn fram avisa frå laurdag og møt ein entusiast.

**Her er programmet for konserten: **

Preludium i D-Dur, BWV 532

Kyrie, Gott Vater in Ewigkeit; Christe, aller Welt Trost; Kyrie, Gott Heiliger Geist, BWV 669-671

Allein Gott in der Höh sei Ehr, BWV 676

Orgelkoral over “Ein feste Burg ist unser Gott”, BWV 720

Kantate nr. 80: “Ein feste Burg ist unser Gott”

Sjå og http://www.kristiansand.kirken.no/index.jsp?page=15695

Då vi kom i kyrkja, fekk vi eit fint programhefte med heile teksten til kanta. Dei song på tysk, og då var det greitt å ha teksten slik at ein kunne fylgje med. Det var og ei omsetting av Ragnar Grøm, så det var greitt å forstå og for dei som ikkje kan tysk. Slik auka innsikta i verket.

Takk til Ian og Bryan for ein fin sundagskveld.

Jolemesse

Det er jolemessetid. I dag har det vore jolemesse på Rysstad. Resultatet får du i Setesdølen tysdag. Men eg var på jolemesse i Mandal. Det var Gunnar Prestegård som var hovudtalar, og han er ein sjeldan person når det gjeld å kjenne folk. Helsar på dei fleste og kjenner att folk sjølv om det er mange år sidan sist ein hadde kontakt.

Jolemesse er eit høve til å prate med kjente, og eg fekk ein prat med Bjarne Christensen, som ville vite nytt om folk i Valle. Den pensjonerte krinssekretæren i Indremisjonsselskapet (no Normisjon) hadde mange spørsmål og eg prøvde å svare etter beste evne. Han ba meg helse til alle kjende, det gjeld til dømes dei tre andaktshaldarane i Tankar frå Bibelen, Håvard, Torleif og Bjørgulv. Men og andre var i tankane våre der vi sat.

Jolemesse i Valle er ei kunstform, i Mandal tek dei etter. Det var ertesuppe og risengrynsgrøt i god stil, billeg og godt, slik at ein kan ta lodd. Rundane med årer var ikkje så gjennomførte som dei pleier å vere på Rysstad, men dei kom tettare, og det er ikkje dårleg.

Neste helg skal Normisjon ha jolemesse i Valle, og plutseleg så er desember rett rundt neste sving. Viktige arrangement for å få inn pengar til eit friviljug arbeid. I år vart det visst over 350.000 på to dagar i Mandal, det er pengar som kjem godt med for å drive eit stort arbeid ute og heime.

Kva skjedde onsdag?

I avisa tysdag var det ikkje noko program for kva som skulle vere i Valle Radio onsdagskvelden. Etter lista var det Ørnulf som skulle ha programmet, så eg sende ein epost til han for å få informasjon som eg kunne legge ut på bloggen.

Eg fekk til svar at han hadde måtta overlate kvelden til Øyvind, då han sjølv var på møte i Kristiansand heile dagen. Dermed sende eg spørsmål til Øyvind for å få vite programmet, men han har ikkje lese eposten sin eller hatt det for travelt til å sende meg eit oversyn. Ettersom eg er i Mandal og ikkje hadde høve til å høyre på Valle Radio den kvelden, har eg ikkje kunna skrive noko om kva som var på programmet onsdagskvelden.

Eg hadde likt om dei som steller program, sendte meg ein kopi av sendeplanen, så vi kunne ha eit oversyn her på bloggen, men ettersom det er eit dugnadsprosjekt vi driv, må vi nok slå oss til ro med at det vert eit hol her og der.

BROKKE derimot, dei er flinke til å sende brev med alt som skjer i bakken. Du kan melde deg på nyhetsbrevet deira og få vite at der har 20 snøkanonar gått for fullt heile siste veka, også onsdagskvelden. Nyhetsbrevet deira er eit godt supplement til det som stod i Setesdølen i dag, så du kan gjerne abonnere på informasjonen deira. Du som les dette, veit vel at du og kan abonnere på bloggen her og få melding i epostkassa di kvar gong eg har skrive nokre linjer. Det kan vere greit å få det, så slepp du å gå innom for å sjå om det er noko nytt.

Om Øyvind eller Rolf Erik sender ein mail om kva som skjedde onsdag, skal eg prøve å få lagt det ut på bloggen så fort eg kan.

Passar best på radio

I dag var det eit innslag på SørNytt frå Sørlandet Sykehus Mandal om rehabiliteringsprosjektet som dei har der. Innslaget varte eit par minutt (eg såg det ikkje sjølv, men kona hadde sett det og meinte det varte så lenge). For å lage innslaget var ein journalist frå NRK Sørlandet til stades på sjukehuset frå klokka 0915 til klokka 12. Ho filma frå ein undervisningstime som Vegard Nilsen hadde for gruppa, og deretter frå ein treningstime gruppa hadde.

To minutt på TV og eit innslag i Sørlandssendinga på radio set litt i perspektiv alt arbeidet som ligg bak det vi høyrer og ser i massemedia. Sjølv har eg for lenge sidan funne ut at eg ut at eg passar best på radio, så eg gjorde mitt beste for ikkje å verte med på opptaket, sjølv om eg var til stades då det skjedde.

Takk til Knut Olav Uppstad for lenke til den nye foreninga Kostreform ved overvekt og sukkersykdommer. Eg sperra opp augo då det i dag kom ein ny artikkel på wikipedia om det same temaet: http://no.wikipedia.org/wiki/Foreningen_Kostreform_ved_overvekt_og_sukkersykdommer I den artikkelen kjem det fram at foreninga arbeider for endring av kosten som ei motsetning til Norges Diabetesforbund, som er meir oppteken av at pasientar skal få insulin og medisinar på blå resept. Den mest profilerte i den nye foreninga er nok Fedon Lindberg http://no.wikipedia.org/wiki/Fedon_Lindberg

Så langt eg kan finne ut, er dette mykje av det same som dei meiner på Sørlandet Sykehus Mandal, der ein fokuserer på sunt kosthald og fysisk aktivitet for å ta kontroll over eigen diabetes, eiga overvekt og eige liv.

Diabetesdagen

I dag, 14. november, er det diabetesdagen, les eg i avisa. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Diabetes

I fjor bestemte FN at dagen skulle gå inn i det som kallast United Nations Day, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Liste_over_FN-dager

At dei gjorde det, tyder på at dei godkjenner diabets som eit trugsmål mot global helse og vil vere med å kjempe mot auken i diabetes i verda. Ved å setje diabetes på lista over merkedagar vil FN setje fokus på sjukdomen, som i stor grad skuldast livsstil. I år er barn og unge med diabetes tema.

Om du har sett noko i avisene om dette i dag, er altså grunnen at det var ein spesiell dag der ein skulle fokusere på sunt kosthald og god trening som hjelpemiddel for å redusere diabetes 2. Det er om lag 200 barn under 14 år som kvart år får sjukdomen diabetes-1 og som treng støtte og hjelp for å ta kontroll over sjukdommen frå foreldre om miljøet dei er i.

Det er fleire nettsider enn dei eg har synt til som kan gje informasjon:

http://www.diabetesinfo.no
http://www.diabetes.no
http://www.accu-chek.no

Jolemessa på Rysstad

I samband med jolemessa i år har eg hatt to innslag i Valle Radio. Fyrst intervjua eg primus motor Ragnar Aas frå Evje, og så fekk eg tak i Gunnar Hamnøy og hadde ein god prat med han. I dag kom annonsen i Setesdølen:

Jolemesse i Setesdal
I soknehuset på Rysstad
laurdag 17. november 2007

Kl. 11.00 Opning
Kl. 13.00 Møte – Tale av Gunnar Hamnøy
Kl. 16.00 Song og familiemøte ved Strandakameratene og Valle og Hylestad Barnekor
ca. kl. 18.30 Avslutningsmøte ved Gunnar Hamnøy og Strandakameratene

Mellom møta blir det

SAL av handarbeid, lefse og flatbrød
LOTTERI med gevinstgaranti
UTLODNING av mange fine ting
ÅRESAL – 300 kaker: kransekaker, marsipankaker, kringler, ostekaker og sjokoladekaker
KAFETERIA med mykje god mat: lapskaus, kaffi, brus og heimebakt

Det vert sett opp private turbilar.
Ynskjer nokon å bli henta, ring tlf 379 30258/
950 73917 Roald eller
379 30840 Egil
VELKOMEN
Norsk Luthersk Misjonssamband

Eg vil ynskje lukke til.

Inga tysdagssending denne veka heller

Heller ikkje denne veka blir det tysdagssending i Valle Radio. Om du ynskjer å høyre Noreaprogramma, kan du gå inn på sidene til norea, der er det råd til å spele av program som dei lagar. http://www.norea.no

Men onsdag vert det sending. Kalenderen syner at det er Ørnulf som har ansvaret for den fyrste timen, og så er det Rolf Erik som kjem og har open sending. Torhild skal vere teknikar, og Jorunn har ansvar for telefonen. Meir informasjon finn du i Setesdølen tysdag 13. november.

Eg rekk ikkje å skrive meir i kveld, men helsar dykk alle med ynskje om ei god veke. Sjølv har eg no fått på vinterdekk på bilen, men eg vonar at det vert ei stund til snøen kjem enno.

Heimesider 2

Takk for kommentarar til det eg skreiv om heimesider. På eit kurs eg var ein gong, vart det sagt at ein måtte sende reaksjonar til NRK, for om dei fekk meir enn ein reaksjon, så var det ein storm. Ettersom det kom to kommentarar til temaet om heimesider, må det vel minst kallast ein storm frå Valle Radio sine lydarar, elles har det jo vore langt mellom kommentarane til det eg skriv på bloggen, det kan du jo sjølv kontrollere, dei står ved sida av teksten min.

Eg tek med reaksjonane til styret. Vi må finne ut om vi kan få til eit opplegg som ikkje krev for mykje arbeid eller som vi kan finne ei løysing på å gjennomføre utan at det kostar for mykje. Ånund K. lurer på kva det kostar, eg har sett tilbod som ligg mellom 30 og 40.000 kroner. Men her er det sikkert ulike storleikar og ulikt omfang. Bloggen eg skriv kostar til dømes ikkje noko for radioen. Det som gjer at det vil koste ein del, er sjølvsagt at podcasting krev lagringsplass på harddisk og bandbreidde for at folk skal kunne spele det når dei ynskjer.

Dersom andre har opplevd det same som Per Randa fortel om, at sendinga kjem som klumpar, bør vi få melding om det. Eg veit ikkje om det under noverande system kan endrast, men vil formidle det vidare til Jørund Georg Jore, som har ansvaret for det tekniske i Valle Radio.

Til dykk begge vil eg seie takk for reaksjonane. Eg vonar andre og vil gje tilbakemelding på dette.

Heimesider

Valle Radio sine heimesider var eit entusiastisk initiativ frå Hallvard Kjelleberg. Dei vart oppdaterte med ujamne mellomrom, særleg i samband med storsendingar som han stod for. Då tok han gjerne nokre bilete og skreiv litt på heimesidene på http://www.valleradio.com Men då Hallvard fall frå, vart det ikkje så mykje meir av desse sidene, dei har bare vore oppdaterte eit par gonger i det året som har gått.

Samstundes ser vi at teknologien utviklar seg mykje. No heiter det podcast og alle radioar med respekt for seg sjølv har eit tilbod der folk kan laste ned sendingar som podcast. Vårt tilbod er live streaming, og det er alltid triveleg når ein lyttar frå Sandnes eller Kristiansand eller Sirdal eller Nederland ringjer inn svar til Open sending.

Sjølv om det har vore periodar då live streaming ikkje har fungert, har eg inntrykk av at det i haust har vore høve til å høyre sendingane våre dei fleste gongene.

Vi har likevel diskutert om vi skulle prøve å få til eit betre opplegg, og vi hadde eit vedtak i styret på å gå vidare med det. Men så kom det inn eit tilbod som vi meinte var greitt. Diverre er det ofte slik at i dugnadsbaserte organisasjonar kjem saker ikkje lenger enn engasjementet rekk, så det har ikkje vorte noko meir av det til no.

Britta Lise har undersøkt litt og sendt framlegg til styret om det ho har funne, så det er å vone at vi snart kan kome attende og melde frå kva som kan vere aktuelt for å få til eit betre opplegg. Det hadde vore fint å få høve til å høyre program når ein ville og ikkje vere avhengig av å sitje ved PC-en når sendinga går. Men det får vi kome tilbake til.