Kategoriarkiv: Ymse

Noko heilt nytt

Takk for helsingar eg har fått frå folk som har lese bloggen siste veka. Bjørgulv kommenterte i ein epost til meg at det måtte ein heil bataljon til for å erstatte meg. Eg er glad at han mobiliserte den bataljonen og hadde ein onsdagskveld til glede for lyttarane.

Sjølv har eg opplevd noko heilt nytt denne veka, då ein heil bataljon med flinke folk har stått på for å få meg til å prøve slike apparat som dei som står i det som på vallemål kallast Møykjeromet. Det har eg aldri tenkt var mi greie, og for så vidt tenkjer eg det same og etter denne veka. Men det torer eg ikkje seie til dei trivelege folka som prøver å få meg glad i slike apparat.

Men sjølv om eg ikkje til no har blitt ein entusiastisk brukar, ser eg at det kan ha noko for seg å prøve noko nytt. Det har eg gjort. Mange av dei som er saman med meg, har gjeve uttrykk for at dei hadde trudd at vi ikkje bare skulle på eit treningsopphald, men og setjast på diett. Salatbordet i Mandal kan måle seg med disken både i Valle Handel og Joker, og det øvrige er plent som heime. Det som er skilnaden er nok at vi har mellommåltid med frukt annankvar time. Dermed rekk vi ikkje å bli svoltne før vi får påfyll, og då er det ikkje så mykje vi orkar å ete. 🙂

Det er eit system som kan brukast av mange på mange stader.

Onsdag 7. november i Valle Radio

Det var Bjørgulv T. som hadde ansvaret denne kvelden, og i den aktuelle timen snakka han fyrst med Anna Stella Karlsdottir på Setesdalsmuseet, deretter med Maria Kjær i Valle Rideklubb.

**Å flytte bygningar tilbake til Setesdal**
Samtalen med Anna Stella Karlsdottir handla om flytting av museumsbygningar attende til Setesdal. Mange bygningar vart flytte til Agder Museum for hundre år sidan. No har det vore ein diskusjon om dei skulle flyttast til dalen att. Bakgrunnen er at museet skal på flyttefot, tanken er å få det til Odderøya. Nokre meiner at når bygningane fyrst vert tekne ned og flytte på, kunne ein like godt flytte dei heim att.

Dette er jo ein diskusjon som kjem opp att med ujamne mellomrom. Etter det eg har skjøna, er Setesdalsmuseet og Agder Museum på linje i saka. Faginstansane meiner at det ikkje er naturlig å flytte bygningane til Rysstad.

**Valle Rideklubb**
Leiar for rideklubben er Maria Kjær, og ho var også på tråden for å snakke om aktivitetane til klubben.

**Kommunen informerer**
Her var temaet motorisert ferdsle i utmark, og her var det formannskapsmedlem Olav K. Hovet som møtte. Han er og engasjert i dette temaet gjennom Hylestad Snøscooterklubb. Her er lenke til Direktoratet for naturforvaltning sine sider om dette: http://www.dirnat.no/content.ap?thisId=500013209

**Tankar frå Bibelen**
Denne kvelden var det Ånund Lund som hadde Tankar frå Bibelen.

**Bjørgulvs time med gjester**
Fleire valldølar har vore på Amerikatur i haust, mellom andre Einar Brokke og Kåre Rike.

Til slutt hadde Bjørgulv funne musikk som han spelte fram til klokka vart 21. Då overtok Karin Bøe.

Mot vinter

Hauststormane er over oss og det går mot vinter med glatte vegar i innlandet, seier dei i NRK Sørlandet. Det er vel tid å få på vinterdekka og førebu seg på at snøen nærmar seg, same kor mykje dei snakkar om varmare klima.

Sjølv har eg fått meg ein månad haustferie og kan ikkje fylgje Valle Radio så tett som eg hadde ønska. Som mange av oss har også eg kome i rullane til Sørlandet Sykehus, og dei kalla meg inn til eit opphald på Mandal Sykehus. Der driv dei rehabilitering av pasientar som strevar med hjarte, lunge og vekt og relaterte sjukdomar. Så no er eg med i ei gruppe som prøver å få til ei betring av helsa i november. Det er interessant og lærerikt, men eg saknar dei vanlege dagane i Valle. Her er ei lenke til Mandal sykehus på Sørlandet sykehus sine nettisder: http://www.sorlandetsykehus.no/showitem.php?selectedItem=124&item=200304221228433839050 og her er ei lenke til ein liten artikkel om sjukehuset på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Mandal_sykehus

Det er frustrerande å lese i avisa at ein vurdrer å leggje ned eit tilbod som fungerer godt og hjelper pasientar, sjukehuset i Mandal har hatt mange økser over seg dei siste åra. Difor vonar eg at det får leve, det er eit godt tilbod som etter det eg skjønar har eit års ventetid for pasientar som ynskjer plass. Så eg er heldig som har fått dette høvet.

Med vinterdekk på bilen vonar eg likevel at det dreg ut før snøen kjem. Det er rett nok lysare i november med litt snø på bakken, men erfaringa syner at det som regel er ein periode der snøen kjem og går att, og det er ikkje særleg lyst, etter mi meining. Men veret kan ein gjere lite med, så ein får bare tilpasse seg og sjå komande dagar i møte med friskt mot. Snart snur sola, og så går det mot lysare tider att.

Program veke 45 – 2007

**Tysdag 6. november**
Sendinga går ut

**Onsdag 7. november**
Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg/ Karin Bøe
Teknisk ansvarleg: Knut Olav Tveiten

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer
19:30 Tankar frå Bibelen ved Håvard Viki
20:00 Bjørgulvs time med gjester
21:00 Opi sending ved Karin Bøe og Gro Haatveit. Tema: Gamle hageplanter

Kunngjeringar og helsingar: 379 37 577
Faksen er ute av drift

Ikkje tysdagssending i november

I november vert det ikkje tysdagssending i Valle Radio. Det er leitt, men det er ikkje noko å gjere med det. Tysdagssendingane har vore eit opplegg som eg har hatt ansvar for, og når eg ikkje kan gjennomføre sendingane, er det ikkje nokon andre som kan overta.

Eg var sett opp til å ha onsdagssendinga og denne veka, men der har Bjørgulv T. Berg steppa inn i staden for meg den fyrste delen av kvelden, og Karin Bøe vil ha Open sending. Så onsdag er det lokalradio på kanalen att.

Dersom du saknar stoffet frå Norea Radio så mykje at du vil få det sendt heim til deg som CD, kan du skrive til Norea Mediemisjon, Serviceboks 410, 4604 Kristiansand og be om å få det tilsendt. Det er gratis. Du kan og gå på heimesidene deira og finne meir informasjon, det er her: http://www.norea.no/

Diakoniens søndag

Det har vore diakonivisitas i Valle siste veka. Det var prostidiakon Per Emanuelsen som laga eit opplegg for å inspirere til diakoni i prestegjeldet. Onsdagskvelden var det stor kulturkveld i Bykle kyrkje, mellom anna med ei utfordring til å tenkje på innflyttarar i Valle, ikkje minst flyktningane som bur i kommunane. Det vart ei fin markering, etter det eg har skjøna på nokre av elevane på Valle Vaksenopplæring, som var til stades.

Sundag var det gudsteneste i Valle kyrkje. Her var det og diakoni som var temaet, diakonisundag kalla dei det. Sjølv var eg i Mandal og måtte bare få det referert, men med 100 personar til messe tyder det på at det var mange som hadde late seg inspirere av temaet og drege på kyrkjeveg i dag, frå alle tre sokna i prestegjeldet.

Det har vore sett søkelyset på å syne omsorg for kvarandre. Når vi no går inn i ei ny veke, kan det vere ei utfordring til oss å ta vare på det perspektivet i det daglege.

I Mandal hadde eg høve til å få med meg den tradisjonsrike konserten som Mandal kantori held på Helgemessesundagen. Her hadde dei fleire verk av Bjarne Sløgedal på programmet, både En fest det skal blive, O du min Immanuel og Bud ifra Herren. Dei hadde og tre av Griegs fire salmer. Så hadde dei funne plass til tre songar av Henning Sommero og to Petter Dass-songar arrangert av Bjørn Andor Drage med melodi av Ola Bremnes. Det var noko for ein kvar smak her, og på kyrkjegarden lyste det frå faklar og lykter denne kvelden. Så kunne vi minnast dei som var gått bort og tenkje på det dei inspirerte til av kjærleik og gode gjerningar.

Hans Ross sin lærar

I minneordet over Hans Ross som Torleiv Hannaas skreiv, refererer han noko om læraren som Ross hadde då han gjekk på Kristiansand Katedralskule. Det var lektor Ole Christian Thistedal. Om han skriv Hannaas:

Daa Hans fekk alderen til det, vart han sett paa latinskulen i Kristiansand. Ein av lærarane der var adjunkt Thistedahl, som vel er eit av dei største maal-næme Noreg hev havt. Han var av bondeætt fraa Teistedalen i Kvin, hadde teke artium, andre-eksamen og teologisk embættseksamen og aldri fenge andre karakterar enn blank ein. Han vart boden professorembætte daa han var 22 aar gamall, og mange gonger sidan. Men alltid sa han nei. Han vilde, heller vera adjunkt i fødebyen sin.

Det var han som sette dei tyske professorane i slik undring. Paa ei ferd i Tyskland høvde han ein gong til aa sitja i same vogn som nokre lærde professorar. Dei kom i røde med utlendingen, men visste inkje kven han var. Sidan tok dei til aa dryfta eit vitskaplegt spursmaal seg imillom, og daa tala dei latin. Men Thistedahl la sitt ord med i laget – paa rein ciceroniansk latin. Daa slo dei yver i græsk. Aa ja, han fylgde med der òg. Endeleg tok dei til aa tala hebraisk. Og daa kom Thistedahl fyrst i sitt rette element. Men daa vart professorane forstøkte. Den eine av dei spratt upp, bøygde seg for framandkaren og sa: ”Mitt namn er Franz Delitzch. Torer eg spyrja kven me hev den æra aa tala med?” Og endaa meir forstøkte vart dei, daa dei fekk vita at denne høglærde mannen var ein skulemeister fraa Noreg.

Hans Ross hadde Thistedahl til lærar paa skulen. Og han gjekk heim til honom og lærde meir, helst hebraisk. Ein dag hadde Thistedahl fenge ei ny bok, som han sat og las i daa Ross kom inn. ”Du Hans,” sa han, ”her er ei merkeleg bok av ein som heiter Ivar Aasen. Han syner oss at det gamle norske maalet liver i landet den dag i dag.” – Det var ”Det norske Folkesprogs Grammatik.”
Sjå http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=1158&id=2966 for heile minneordet.

Leksikonstoff om Thistedal fann eg i Nordisk Familiebok, sjå http://runeberg.org/nfch/0589.html Eg tek med artikkelen i originalt språk.

Thistedahl, Ole Kristian, norsk bibelöfver-sättare, f. 15 aug. 1813 i Kristiansand, d. 2 juli 1876, teol. kandidat 1834, var sedan 1842 adjunkt vid katedralskolan i sin födelsestad, uppehöll sig dock 1849-55 i Kristiania, upptagen af studier för en bibelöfversättning och som handledare för teologer. Hans öfv. af gamla testamentets kanoniska böcker (1869) och apokryfiska böcker (1873) upp-togos i bibelsällskapets bibel 1888. T:s öfv. af nya testamentet är deponerad i universitetsbiblioteket. Se 0. Kolerud, “Bibeloverssetteren C. T.” (1913).

Ein finn så mangt, sa Askeladden.

Hans Ross

I dag vil eg skrive om ein spesiell mann. Sjå http://nn.wikipedia.org/wiki/Hans_Ross

Hans Ross var frå Holum, men far hans hadde vore prest i Valle. Sjå http://www.eskeland.net/node/4 Han var her frå 1821 til 1827, sonen vart fødd i Holum i 1833, der faren var prest frå 1827 til 1847.

I går kveld sat eg saman med Knut K. Homme og skreiv artikkelen om han på nynorsk wikipedia. Knut fortalde levande og interessant om boka som han nyttar i arbeidet med Vallemål-prosjektet. Då vart mannen ikkje lenger bare ein person i leksikon, men kom nær og opplevdest kjend. Når han i tillegg var oppvaksen i Holum, vart det mest litt nært, som oftast køyrer eg forbi Holum kvar veke. Sjølv om eg er glad i nynorsk, hadde eg ikkje hatt noko tilhøve til denne nynorskforkjemparen, som han vert kalla i kategorien nederst på nynorsk wikipedia sin artikkel. Det fekk eg altså torsdag 1. november.

Då eg klikka på lenka til minneordet Torleiv Hannås skreiv då Hans Ross gjekk bort, vart han endå meir levande. http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=1158&id=2966 Frå den artikkelen vil eg sitere litt her på bloggen:

Det var i 1873 ”Norsk Ordbok” kom ut. Etter den dag samla inkje Aasen noko større. Inkje so at han meinte bygdemaali var utgranska. Nei. Endaa han hadde skrive upp ikring 50 000 ord, so segjer han sjølv at ”der er vel ogsaa meget, som endnu ikke er samlet, og som altsaa først kan komme for lyset ved en senere leilighed.” Men Aasen var no ein aldrande mann, og han var trøytt av aa rakla fraa bygd til bygd.

Daa var det at Hans Ross tok paa for aalvor. I 1877 fekk han ei aarviss løn av stortinget, so han kunde slutta med skulen og berre ofra seg for maalgransking. Han tok no ut paa lange ferder, og hev etter hand reist heile landet yver. Det er vel snaudt um det finst den mann som hev ferdast so mykje ikring i landet vaart som Ross. Yngvar Nielsen kjem vel inkje langt undan. Og avlidne vegdirektør Krag, han var no yver alle til aa vera kjend i kvar kroken.
Ross hadde eit framifraa lag til aa koma seg inn med folk. Han var ein stor og staut kar, og av dei venaste ein kunde sjaa, kvik og maalug, og sprakande full av vit og løgje. Det fylgde honom ein godhjelm, so alle fekk tiltru til honom og røda fall som av sjølve-seg. Og høvde det so at folk inkje hadde stunder til aa setja seg til røda, so gjekk han med dei til skogs eller paa anna arbeid. Paa Sveindal i Grindum hugsar dei enno at Ross var med kvinnfolki paa aakren og tok jordeple ein gong for mange aar sidan.

Han var so gløgg og gaaig at noko fann han kvar han so ferdast, paa veg eller stræte, paa eimbaat eller jarnveg, i bondestovor eller by-salar. Ofte søkte han til skular der han kunde finna folk fraa mange bygdelag, som lærarskular og underoffiserskular. Og daa dei tok til med maalskeid um sumrarne, daa var Hans Ross ein viss og vælsedd gjest. Paa slike stader grov han inkje berre i sin eigen pose, men han gav òg lika for det han fekk, i innhaldsrike fyrelesingar og i morosame sogor og hermor.

I hovudstaden hadde Ross alle dagar ei stor arbeidsmark. Der er det samla folk fraa alle landsluter, og han hadde ei mengd med kjeldor som han visste aa gaa til naar det galdt um aa faa greide paa eit eller anna fraa den eller den staden. Inkje minst nytta han stortingsmennerne. Han gjekk ofte i stortinget, og dei sa han dreiv ”korridorpolitikk”.

Ta deg tid til å lese artikkelen om han, du finn mykje interessant der. Eg skal kome tilbake til noko av dette seinare.

To år på blogg

I dag er bloggen min to år. Eg hadde eit innlegg 31. oktober, men det var frå 1. november eg starta å skrive bloggen. I løpet av desse to åra har eg skrive 745 innlegg, det vert meir enn eitt til dagen. Ikkje alle har vore lange, mange av dei gjeld bare programmet for veka. Men til saman gjev dei eit bilete av eit mangfoldig programtilbod og mange medhjelparar for å få til dette tilbodet til folk i Øvre Setesdal.

Er det nokon som les det eg skriv?

Statistikken tyder på det. Det har vore 154.631 sidevisningar sidan starten. I oktober har det vore 5032 besøk og dei har sett på 16139 sider, seier statistikken. Det betyr eit snitt på 162 pr. dag, og kvar ser på 3,2 sider i snitt.

Ideen med bloggen er å skrive stoff som er relevant i høve til programma våre i Valle Radio. Men det blir jo noko anna og. Det er ein personleg blogg, og dermed kjem det og anna stoff som eg er interessert i.

I løpet av denne tida er det ikkje kome mange kommentarar. Eg trur det er eit trettital. Nokre har eg sletta etter kvart, men dei fleste kan du finne i lista over kommentarar. Sett over tid har eg kunna dekka ein del av det som er i eit offentleg rom i Øvre Setesdal og som ikkje er publisert andre stader. Difor vonar eg at det kan fungere som eit supplement til andre kjelder når soga om Øvre Setesdal i 2006 og 2007 skal skrivast.

For tida les eg biografien om Per Sivle (Eit halvt liv). Sjå http://www.samlaget.no/item.cfm?id=14254&read=lang_omtale og
http://nn.wikipedia.org/wiki/Per_Sivle

Det er rart å tenkje på kor ulik situasjonen når det gjeld publisering er for meg og han, no og då. Han måtte gå vegen om aviser og forlag for å få på trykk det han ville fortelje. Eg kan publisere det på bloggen, og du får det i eposten din bare minuttar etterpå. Etter kvart fekk han gode opplag på det han skreiv, slik sett skil han seg frå meg, han kunne leve av det, for meg er det ein hobby.

I våre dagar er det mykje meir som kjem på trykk enn det var den gongen. I tillegg er det lettare å publisere utanom dei tradisjonelle kanalane, ettersom vi har fått Internett.

Takk til deg som les bloggen min. Utan deg hadde det vore lita meining i å skrive her.

For mykje kristendom?

Eg får kommentere Øyvind Jacob sitt innlegg på bloggen i dag tidleg. Han les i programmet og synest at tysdagssendinga har for mykje kristendom i programoppsettet. Det gjev meg høve til å gjere greie for noko her på bloggen som me som har vore med i Valle Radio frå starten av, kjenner til, men mange av dykk som les bloggen, ikkje utan vidare vil kjenne til.

Ei stund etter at Valle Radio starta, kom det eit spørsmål til meg om ikkje kyrkja ville engasjere seg i radioen. Det kunne vere ulike måtar å gjere det på, til dømes ved å overføre møter og gudstenester eller ved å ha andaktar frå studio. Dette vart diskutert, og ein valde å prøve å kome ynsket i møte.

**Tankar frå Bibelen**
På den eine sida starta vi opp programserien Tankar frå Bibelen, som har gått i alle åra sidan. Til å begynne med hadde eg ansvaret for desse andaktane, gjerne med ein gjest saman med meg. Sidan kom Håvard Viki, Torleif B. Harstad og Bjørgulv T. Berg med i arbeidet med dette. Då kunne eg trekkje meg ut og overlate opplegget til dei. Det er Håvard som organiserer det heile og set opp liste, og det går sin faste gang utan at me som elles har programansvar, treng å tenkje på det. For den einskilde programleiar, som har hatt sending halvannan time når Tankar frå Bibelen startar, er det godt med ein pause og høve til å gjere klart for det som skal skje seinare om kvelden.

Men dette opplegget gav ikkje høve til å sende overføring av gudstenester eller møteopplegg. Framleis var det eit ynskje om å kunne gjere det. Difor kom det opp forslag om å få ein annan dag til noko slikt. Dermed kunne ein sende opptak frå gudstenester og møter. Desse kunne ofte ta ein time, noko som vart for langt til å ha med i onsdagssendinga.

**Tysdagssending**
Vi valde å leggje dette til tysdagane. Før vi gjekk i gang, tok vi kontakt med Norea Radio og fekk vite at dei hadde eit tilbod til lokalradioar som vi kunne verte ein del av. Det ville gje oss stoff kvar veke som kunne bere ein del av programmet. Slik vart det og. Frå starten våren 1998 hadde tysdagssendinga eit mykje sterkare kristeleg preg enn den har no, for etter Over ein open Bibel og Noreamagasinet hadde vi gjerne misjonsinformasjon som vi fekk tilsendt frå Norea Mediemisjon. Då var eg ofte i kyrkja på sundagane og tok opp gudstenestene, opptaket vart så sendt tysdagskveldane.

I 1997 hadde vi hatt ein periode med stor aktivitet med orgelmusikk i kyrkjene, særleg var konsertane i Hylestad kyrkje i tilknytning til vegkyrkja om sommaren viktige. I samband med desse kom eg i kontakt med Niklos K. Besteland og oppdaga etter kvart kor stor ressurs han kunne vere med omsyn til kyrkjemusikk og orgelmusikk. Difor vart han med på laget, og vi la opp til programmet Postludium, som skulle formidle dette. Dette held vi framleis på med, sjølv om mangt har endra seg i bygda vår i så måte og vegkyrkja og konsertarbeidet no ligg nede.

**Frå kyrkjeradio til opnare profil**
Gjennom åra har opplegget endra seg frå å vere nesten utelukkande kristen radio til å verte meir allment. Eg likar å sjå på det som eit alternativ til onsdagens bygderadio, men likevel med ein trongare profil. Øyvind har heilt rett i det. Då Hallvard Kjelleberg var leiar i Valle Radio, var det klar beskjed frå han: Tysdagskveldane skulle ikkje ha program som det kunne vere naturleg å ha med på onsdagskveldane. Det la sjølvsagt rammer for det ein kunne ha med tysdagskveldane.

Difor har tysdagane fått ein profil med kristendom, mest klassisk musikk, men og noko folkemusikk, jfr. munnharpeprogramma som eg har hatt saman med Jon Melhus. Ein lang periode hadde eg og bokprogram saman med Lisbeth D. Homme. Etter at Bykle Radio tok til med møteoverføringar på måndagskveldane, droppa eg møteoverføring på tysdagskveldane. Sjølv om dei no har slutta med det, har ikkje eg teke opp att dette, mellom anna fordi eg ikkje lenger er i Valle i helgene, og difor ikkje så lett kan lage slike opptak.

Dette vart eit av dei lengste innlegga eg har hatt på bloggen. Men det var jo eit godt høve til å gå gjennom historia til Valle Radio, det har eg vel ikkje gjort på bloggen før.