Kategoriarkiv: Ymse

Knut Rygnestad: Slik var Setesdal

Boka som er nemnd i overskrifta kom ut i 1949 på Lutherstiftelsens forlag. Det er ei interessant bok. Han har samla stoff i tre bolkar:

Dalen og dølen
Det syng frå Setesdal
Frå det religiøse livet i Setesdal

Det gjev mange gløtt inn i historia, og dermed forstår ein kanskje noko meir enn før. Han går gjennom ei rekke av steva i dalen i kapitlet Det syng frå Setesdal og fortel om stevdiktarane med eksempel på stev dei har laga. Det er eit interessant kapittel.

Kapitlet om det religiøse livet trekkjer linjer tilbake til tida før haugianarane og fortel om prestar og lekfolk, særleg i Valle.

Ta turen innom på biblioteket i Valle i morgon. Dei har ei avdeling med lokal litteratur, og der finn du nok boka og kan kose deg med lokalt lesestoff i førjolstida.

Program veke 48

Tysdag 27. november
Inga tysdagssending denne veka

Onsdag 28. november
Teknikar: Gudrun Rysstad

18:00 Kommunestyremøte

Sakspapir til kommunestyremøtet kan du normalt finne på heimesidene til Valle kommune. Sjå http://www.valle.kommune.no/Modules/politics.aspx

Då eg var inne på dei sidene i kveld, var det feil i databasen, men du kan jo prøve å gå inn i morgon og sjå om dei fungerer. Om dei ikkje gjer det, kan du sende ein epost til velkomstsenterert i kommunen, så får du tilsendt heile sakskartet på epost, velkomstsenter@valle.kommune.no

Heile dalen 7. desember frå Evje Radio

I kveld fekk eg ein epost frå Kjell Omland i Evje Radio. Dei har eit førjolslotteri som skal starte fredag 7. desember, så dei lurte på om vi kunne finne ei ordning med deling av kvelden eller om dei kunne få ha heile kvelden. Eg sa at eg måtte kontakte Helge Dahle, som er sett opp til å ha ansvaret for denne kvelden.

Så fann eg mobilnummeret hans, og plutseleg var eg i Amerika.

-Vi er utanfor Kansas City, vi har med opptakar og lagar nokre opptak når vi er her, det er eg og Edvin Brottveit, sa han på ei linje som var like klår som om han skulle ha vore i Valle.

Eg la fram ynskjet frå Evje Radio, og han var samd med meg om at det var greitt at dei fekk heile kvelden. Opptaka skulle han nok finne plass til.

-Men vi må snakke saman om når tid eg kan ha sending, for eg jobbar i Korea no, sa han.

Då tenkte eg at verda er blitt lita no og at ein finn setesdølar alle stader, men det sa eg ikkje i telefonen. Eg helsa han ein god dag i USA og la på.

Men då er situasjonen den at fredag 7. desember – handledagen – går sendinga frå Evje Radio. Inga var sett opp som teknikar og Ingebjørg Ellinor som telefonvakt, dei får og fri den kvelden. Men sendinga onsdagskvelden 5. desember går etter oppsett plan om ikkje dei som er sette opp har bytta noko innbyrdes.

Mandal kirke

I går var eg i Mandal kirke til Haydom-gudsteneste. Det var ei interessant oppleving. I tillegg til at det var seks barn til dåpen, av desse var det to tvillingpar, så var alle konfirmantane til stades. Grunnen til det var at det skulle vere trekking av premien frå konfirmantane sitt prosjekt til støtte for Haydom. Dei hadde vore rundt og prøvd å selje lodd for å skaffe pengar til ein ambulanse der ute.

Framme på veggen i kyrkja var det bilete av ambulansen på storskjerm, organist Tormod Lindland, som nettopp hadde vore ein tur til Haydom, fortalde frå den, og i talen sin fortalde sokneprest Per Ragnar Haraldstad om då han for halvanna år sidan var på Haydom i høve vigsling av kyrkje der og hadde opplevd at ein ambulanse er både buss, ambulanse og høve for pårørande til å vere med til sjukehuset. Å køyre der ute er ein kunst, vegane er ikkje som på Sørlandet, ikkje eingong dei dårlegaste vegane på Sørlandet.

I samband med kunngjeringane var det så trekking. Konfirmantane fekk eit lodd for kvar bok dei hadde klart å selje, og ein av dei hadde klart å selje 8 bøker. Han vart og trekt ut som den eine vinnaren, i tillegg var det ein annan gut som fekk turen.

Ja, for premien var ein tur til Haydom for å overlevere ambulansen. Dette skal skje i vinterferien, og det har vore stor rift om å få vere med. Dette opplegget har kyrkjelyden i Mandal hatt nokre år, det er svært populært hos konfirmantane.

Kyrkja var svært full, det er ikkje noko lita kyrkje, ho er godkjent av brannvesenet for 1200 personar, og det var sikkert 800 til stades. Eit ungdomskor song, det var ein solist som medverka, og organisten pendla mellom orgel og flygelet framme i kyrkja, i tillegg var det band med trommer og gitar. Ei stor oppleving, inga tvil om det.

Her er lenke til kyrkja: http://no.wikipedia.org/wiki/Mandal_kirke
og til Haydom http://www.haydom.no/Stiftelsen/index.htm

Britta Lises kveld 21. november

Britta Lise skreiv ein mail til meg i kveld med informasjon om kva som var i Valle Radio onsdag 21. november:

Programansvarleg: Britta Lise Homme
Teknikar Inga Flateland

Kl 18.00 Aktuell time

Åse Rike: Jolemessa i bedehuset til laurdag og Fjellblomen 25 år.
Gunvald Mosdøl: Mus
Randi Myrum: Joleverkstad
Anne N. Helle: Spitekafeen
Olav K. Rike: Redaktør i Vegleiaren

Kl 19.00 Kommunal informasjon v/ Hanne T. Straume
Kl 19.30 Tanker frå bibelen v/ Torleif B. Harstad
Kl 20.00 Munnharpe
På munnharpekurs med Sigurd Brokke, Bjørn Sigmund Nomeland og Folke Åmlid
Frå hobbyromet til Knut Tveit. Korleis han lager munnharper…m.m
Tlf til Hallvard T. Bjørgum som sat i NRK-studio og spelte inn plate. Han fortalte historien rundt diverse slåtter og reklamerte for festen på Sylvartun til laurdag.

Kl 21.00 Opi sending
Rolf og Leif hadde bluegrass musikk som tema i rebusane og reklamerte for konserten med Jonas Fjeld og Co til fredag.

Tlf.vakter: Gudrun Nomeland og Jorunn L.Harstad

Radiokruset: Angjerd Mosdøl
Radio sekken: Angjerd Uppstad
Gratis bilett til Jonas Fjeld konserten: Else Gyro Rysstad

Vinteren nærmar seg

Fleire dagar i det siste har eg måtta få frontrute og anna glas fritt for snø før eg kunne setje meg i bilen. Kona har bilen i garasje, så ho slepp det problemet når ho skal ut om morgonen, og når vi diskuterer ny bil, seier ho alltid at ho vil ha ein bil som er så liten at ho får han inn i garasjen og slepp å skrape is.

Etter nokre dagar med kulde her nær sjøen, har temperaturen gått opp att, men i staden ligg det mørke skyer over oss. Vinteren er få dagar borte, sjølv om vermeldinga for neste veke tyder på mildare att.

For ein som ikkje er så glad i vinter og snø er det likevel triveleg å få nyhetsbrev frå Brokke med gledesmeldinga: Det snør, det snør. Det er mest så vi høyrer …tidelibom… i bakgrunnen:

Det snør, det snør, tiddelibom
Det er det det gjør, tiddelibom
Nå snør det mye mer enn før
Tiddelibom og huttemegtu!

Ein forsiktig start på sesongen i dag med von om å få opne ordentlig neste helg. I lang tid har dei arbeidd med å få lagt ein såle av kunstsnø i bakken. No er den på plass, og så kom det 20 cm i natt og supplerte det heimelaga.

Nyhetsbrevet frå Brokke kan du melde deg på her, så får du bilete og tekst med ujamne mellomrom som fortel om livet i løypene og rundt heisane. http://brokke.com/

Spinning til klassisk musikk

Av og til får eg skrive om andre ting enn Valle Radio, og i kveld kjem det ein slik reportasje. Ettersom eg i november prøver ut ting eg aldri hadde tenkt å gjere nokon gong, har eg eit par gonger i veka vore med på spinning. Vi er ein gjeng på fire menn og fem kvinner, alle så store at vi set pris på klesbutikkar med mange x-ar i storleikane, som har det moro saman på spinningssyklar eit par gonger i veka.

Moro er jo relativt,då. Vi høyrer på musikk, og for det meste har instruktøren vår spelt eit program på 45 minutt med det eg vil kalle vrælande popmusikk. Eg har i mitt stille sinn lurt på om det er for å gjere det fælast mogleg for oss. Sist gong sa eg i ein pause i musikken at det var godt å få det stille ein augneblenk.

-Likar du ikkje musikken? spurte instruktøren.
-Nei, det gjer eg ikkje, svara eg
-Kva slags musikk ville du hatt?
-Klassisk musikk
-Kven då?
-Til dømes Johann Sebastian Bach.

I dag tok ho meg på ordet. Ho hadde funne ein CD med ein time klassisk musikk til spinning. Av dette hadde ho funne fram 35 minutt, no skulle vi få sykle til musikk som kunne kile øyrene mine.

Det starta med Brandenburg-konsertar av Bach, så vart det Mozart, Händel, Tschaikowskij, Bizet, Grieg, Strauss og eg veit ikkje kva. Og vi trødde. Å halde takta var ikkje noko problem, tvert om, ein trong ikkje noko tung bass for å få pulsen i musikken, det bare dansa av garde. Mykje fortare enn vi hadde gjort før. Etter to låtar sila sveitten på alle saman. Då tema frå Carmen kom, song vi og sykla, trødde for livet, du veit det temaet som ofte får teksten Jeg elsker Carmen, Carmen elsker meg, vi er forlovet, Carmen og jeg.

I spinning er det slik at vi vekslar mellom tunge og lette parti, så vi sette på trykk og trødde vidare, letta på trykket og trødde for livet, alt medan vakker musikk inspirerte oss til å ta i litt ekstra. Forrykande tempo.

Folka som gjekk i korridoren utanfor treningssalen vart inspirerte av musikken og kom for å sjå, smilande, dansande i døra. Dei såg ut som om dei hadde lyst til å kome inn og bli med, eller ta ein ballett for oss til inspirasjon.

Etter 35 minutt var vi glade og utslitne. Smilande gjekk vi av syklane og takka instruktøren vår og kvarandre for ei ny oppleving.

Novembermørke

Då me budde i Vesterålen, var den perioden av november som me no er inne i, noko av den vanskelegaste tida på året. Etter kvart valde me på Hadsel Folkehøyskole å lage ei Høstens Hadseluke der vi laga aktivitetar som kunne få oss til å gløyme at det var mørkt det meste av døgeret, med bare litt grålyst nokre timar midt på dagen.

Veret dei siste dagane har minna meg om tida i nord for Lofotveggen, og det til tross for at me bur 1500 km lenger sør. Valle Radio kan vere eit lysglimt i mørketida, sjølv om det bare er sending ein gong i veka no. Truleg vil det nok vere lurast å sjå om ein kan finne aktivitetar som kan skape lys og varme når sol og blå himmel er gøymt bak regn og mørke skyer.

Mat kan vere eit slikt lyspunkt, særleg om det er grønsaker og frukt, til dømes salat. Det minner om tida når ein dyrkar desse gode produkta, altså sol og sommar. I november i år har eg nok fått i meg meir frukt og grønt enn nokon gong før, og skilnaden frå tidlegare er mellom anna at eg ikkje er så trøytt som eg har brukt å vere i desse mørkaste vekene av året. ‘

Så får det våge seg at den songen eg nynnar mest på for tida er Setesdal Roots Band sin Stiv og støl. Den var lenge på Sørlandstoppen, eg har vore på leiting etter ei side på Internett som hadde teksten, men har ikkje klart å finne den. Dermed blir det bare til at eg seier Stiv og støl, og det er kanskje like godt, for resten av songen kan etter alt eg veit handle om ting som er mindre relevant i livet mitt. Her er heimesida til Mona Ida:
http://www.monaida.no/index.php?m=sider&m_action=vis&id=18

Heimesider igjen

I kveld har vi og fått ei melding om at det er problem med heimesider. Kommentaren er at det hadde vore gama å høyre Valle Radio, og den kom klokka 22:07, altså medan Opi sending med Rolf Erik Homme var på lufta. Eg sende meldinga frå Margit Bjørgum Støbakkvik vidare til vår tekniske sjef Jørund Georg Jore og vonar eg får svar frå han om kva som kan vere årsaka og om me kan ordne det.

I denne saka er det to element.

Det eine er at ein ikkje får inn streaminga når programma går eller at streaminga kjem med dårleg kvalitet, klumpevis, skreiv Per Randa i sin kommentar den 11. november.

Det andre er at ein ikkje har podcast, det vil seie at ein kan ikkje høyre programma når ein sjølv har høve til det. http://no.wikipedia.org/wiki/Podcast

Som eg har skrive tidlegare, har styret drøfta dette. Til no har ein ikkje konkludert, og av di eg ikkje kjem tilbake til Valle før i desember, det same gjeld andre i styret, så har vi ikkje fått ha styremøte for å fullføre den drøftinga. Men det som folk skriv som kommentarar til bloggen, syner at det er eit behov for dette, og vi bør prøve å løyse det om det er råd innanfor ei forsvarleg ramme når det gjeld teknologi og økonomi. Eg er jo litt spørjande til om det vil føre til meirarbeid for nokon, ettersom vi er ein dugnadsradio, er det ikkje like lett å finne ressursar til nye element i denne dugnaden.

Eg vonar likevel at vi kan finne ei løysing i nær framtid.

Onsdag 21. november 2007

Program VALLE RADIO
onsdag 21 nov-07

Programansvarleg : Britta Lise Homme
Teknikar : Inga Flateland

18.00 Aktuell time
19.00 Kommunal informasjon: Helse
19.30 Tanker frå Bibelen: Torleif B.Harstad
20.00 Munnharpe
Sigurd Brokke,Folke Åmlid,
Bjørn Sigmund Nomeland,
Knut Tveit og Hallvard T.Bjørgum
21.00 Opi sending Rolf Erik Homme

Britta Lise skriv i brev til meg måndag 19. november:

Moro å fylgje med på det du skriv på bloggen. Var inn på nett-tv no og såg innslaget frå Mandal, men du hadde løynt deg godt… 🙂

Du etterlyste programoversikt til sendingane, så difor sender eg det.

Her går livet sin vante gang. Idag er det nydeleg sol og 4,6 grader. Hadde arbeidshelg,men var likevel med på jolemessa (steikte 2 bytter vafler). Der var det som vanleg mykje liv og røre:)

Som du skreiv i bloggen er det jolemesse i bedehuset, Valle til helga. I den forbindelse skal eg bort til Åse Rike idag (måndag) for å gjere opptak om dette. (ho kunne kje møte opp onsdag…)

Var på munnharpekurs ihop med Sigurd Brokke, Folke Åmlid og Bjørn Sigmund Nomeland. Så reiste vi til Knut Tveit slik at gutane skulle få sjå korleis han lager munnharper. Tala også med Hallvard T. Bjørgum der han fortalte historiar rundt div. slåtta dei hadde spela.

Jaja då må du ha det rektig godt så lenge og LYKKE TIL med dine gjeremål!
No lyt eg opp til Homme for å røyke kjøtet eg har hengande i røykstoga (“badsstoga”) der.

Takk til Britta Lise for ei hyggeleg melding. Lukke til med programmet i morgon kveld. Vonar at du får mange som høyrer på det du har og det Rolf Erik skal ha i Opi sending.