Kategoriarkiv: Ymse

Program for veke 51

Tysdag 18. desember

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18;30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Himmelsk ønskekonsert. Harald Haugland les Ajax med musikk til
20:15 Postludium. Niklos K. Besteland presenterer julerelatert orgelmusikk
21:00 Kyrkjebakken

Onsdag 19. desember

18:00 Kommunestyremøte

Det vert sending laurdag 22. desember frå klokka 17 til om lag klokka 21

Frå Brokke til Kaputiei

Laurdag var det eit boligbilag til Fædrelandsvennen frå ABCenter. Ettersom eg ikkje skal ha meg ny bustad, pleier dei avisene å gå i søpla, men eg kom til å bla i den, det er alltid interessant å sjå om det er nokon eg kjenner som skal selje huset.

På side 2 i den avisa var det ein reportasje kalla **Klasserom i gave**. Der stod det: Mellom korsang og aking på snø fra Brokke overrakte ABCenter årets julegave til Strømmestiftelsen: Et klasserom på Kaputiei-sletta i Nairobi, Kenya. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Kaputiei

Dette førte til at eg las den artikkelen, og lærte noko nytt. Strømmestiftelsen arbeider saman med ein mikrofinansorganisasjon, Jamii Bora, i Kenya om å bygge ein by om lag så stor som Mandal for folk som kjem seg ut av slummen i Nairobi ved eigen innsats innan finansiert med mikrofinans. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Jamii_Bora som og har lenker til andre stader, mellom anna ei svensk side.

ABCenter køyrde eit lass med snø frå Brokke til byen for at borna skulle få litt jolestemning, og så overrakte dei ein sjekk på 30.000 kroner til Strømestiftelsen for å finansiere eit klasserom på skulen som skal byggjast i den nye byen. Etter det ein kan forstå vil også Agder Energi gjere tilsvarande, og kanskje andre firma og vil vere med på dette innanfor ramma av Strømme Business Service.

Slik vart det knytt ei lenke frå Brokke til Kaputiei. Lenka er mest imaginær, snøen har alt smelta bort i Kristiansand. Men mikrofinans kan vere ein type alternativ jolegåve som kan gje svært mykje att for pengane. Mange hjelpeorganisasjonar har slike ordningar.

Gang- og sykkelveg

14 år etter at forslaget om gang- og sykkelveg frå Valle sentrum til Valle skule kom opp, er det blitt vedteke i kommunestyret. Det var vedteke etter eit forslag frå ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund, noko som ikkje var unaturleg, sidan han i Valle Radio i valkampen gjekk hardt ut for den saka. Han lova om så var gratis grunn på sin eigedeom for å få realisert prosjektet.

Forslaget vart samrøystes vedteke, og det vart sett av fire millionar kroner til det. I følgje Setesdølen i går skal ein no velje om ein skal lage separat gang- og sykkelveg, eller om det skal byggjast eit opphøgd fortau. Landar ein på separat gang- og sykkeleveg, må kommunen drifte den, skriv avisa, men om det vert opphøgd fortau, må fylke og stat stå for drifta. Så må det utarbeidast reguleringsplan for vegen og så skal grunneigarane inn på banen. Difor spørs det om det ikkje kjem til å gå både vinter og vår før sykkelvegen står der.

Høgre fekk støtte frå Pål Dale og Kristeleg Folkeparti i saka alt før forslaget kom til kommunestyret, og dei to partia har fleirtal i kommunestyret i denne perioden. Så då var det ikkje særleg grunn for Arbeidarpartiet og Senterpartiet til å stemme mot. Difor vart det samrøystes.

Bloggen vil fylgje opp denne saka og sjekke om det bare vert store ord. Om vi for å gjere det lett, seier at vedtaket vart gjort 1. desember, skal vi prøve å sjå kor mange månader det går før det skjer noko meir i saka. Vi vil prøve å hugse å ha ein omtale av saka den fyrste i kvar månad og oppdatere lesarane på situasjonen. Skulle vi gløyme det, vonar vi at nokon minner oss om saka, slik at vi kan halde henne varm i tida framover.

Tregdevegen i Mandal treng og gang- og sykkelveg. Politikarane i Mandal snakka varmt om det i valkampen. Nesten like varmt som Valleordføraren. Eg lurer på om dei klarer å få prosjektet i hamn før Valle, trafikken, særleg om sommaren, er mykje større på Tregdeveien enn i Valle. Akkurat som vegen i Valle er Tregdevegen nasjonal sykkelrute. Om målet om meir sykling og mindre bilkøyring skal realiserast, må det vere sikrare vegar for mjuke trafikantar.

Bykle overgår Valle

30. november skreiv eg på bloggen om Gratis barnehage i Valle, sjå http://valleradio.blogs.no/2007/11/30/gratis_barnehage~3375549 Dette kom på NRK-Sørlandet. Sjå http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.4183329 og alle i Valle gledde seg: Endeleg noko positivt nytt frå Valle!

I dag kom meldinga om at Bykle fylgjer etter, ja til og med toppar, med gratis SFO og mat på skulen. NRK fylgde opp, då eg køyrde til Mandal i dag, var det på Sørlandssendinga heile ettermiddagen. Så kom det på Sørnytt, og jamen kom det ikkje på Dagsrevyen og. Sjå http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.4300573

Ideen til dette var det Liv Tanche-Larsen som hadde og fremma i kommunestyret i Valle i november. Ho er raus nok til å tenkje at det er flott for borna at andre kommunar og tek i bruk dette incitamentet. Men eg trur nok at ho gjerne såg at Valle kom i gang med opplegget før Bykle. I Valle er planen at det skal gjelde frå desember, det er ikkje sagt noko om kva tid Bykle skal ta det i bruk.

Då eg søkte på **Gratis barnehage** på Google, kom det opp 80.000 treff. Nokre av dei har eg referert over. Men det kom og eit treff på ein rapport om effekten av dette på integrering av barn frå utanlandske foreldre, sjå http://www.nova.no/publis/rapport/2003/7.htm Ei anna lenke viser til Nesseby kommune i Finnmark, som har innført tiltaket, sjå http://www.nesseby.kommune.no

Dette er ein snøball som har starta å rulle nedover fjellsida. Snart er det innført over heile landet. Då er det viktig å ha vore fyrst ute, i eige fylke, idet minste. Eg meiner difor at politikarane i Valle bør sjå om dei kan forsere tiltaket.

Sang til førjolsfest

Sundag kveld fekk eg spørsmål frå Ånund K. om eg hadde høve til å vere med på jolemøte i Valle pensjonistforening torsdagskvelden. Det svara eg ja til, og frå halv fem til åtte i kveld var eg der. Håvard Viki hadde andakt og eg las frå Ajax. Han har mange fine små stykke relatert til jol.

Ein fest treng ein song for høvet, så eg valde å skrive ein førjolssong vi kunne syngje i lag. Den vart vel motteken, og om lag 25 personar song den saman i kveld. Eg legg han ut på bloggen, så kan han kanskje verte til glede for deg som les bloggen også.

**Sang til førjolsfest**
**Valle pensjonistforening**

Melodi: Gjør døren høy

No stundar det mot jol igjen,
snart sola snur og stig om senn.
I Valle vakker adventstid
snart møter jolehøgtid blid.

Me jol har feira mange år,
for oss ho fast i minnet står
ei tid så kjær, til denne dag
med jolebakst av mange slag.

Frå barneår då gåver små
me gav og fekk, og heilt til nå
ei høgtid kjær det vore har
og best det var hjå mor og far.

I jola åt me nepespa,
song jolesong, var hjartegla’.
Den same mat er viktig enn,
men jolesongen, kva med den?

Lat oss den finne att på ny
og saman syngje høgt i sky
ein jolesong om fred på jord,
ja, lat oss syngje den i kor!

13. desember 2007 Harald Haugland

Jolepynt og blomepynt, kjøt og kommunal informasjon

**Aktuell time** onsdag 12. desember 2007 var det Bjørgulv T. Berg som hadde ansvaret for, då Ørnulf Hasla måtte melde forfall i siste liten.

Bjørgulv fekk med seg Hessel Haker og Ellen Jansen. Dei har gått saman om eit arrangement på Brokkestøylen komande helg der dei skal ha joleverkstad for born og vaksne. Tanken er at laurdag frå klokka 14 skal born kunne kome og lage jolepynt eller jolegåver av tova ull. Sundag vert det verkstad for vaksne. Begge dagar er det mat inkludert i deltakaravgifta, som var 140 kroner for barn og noko meir for dei vaksne.

Nina Brottveit gjev seg med drifta av Valle blomar og gåver etter jol. Då tek Ann Iren Aase Hoslemo over. Dei kom i radioen og fortalde om dette, Nina takka alle gamle kundar for god handel og Ann Iren, som er utdanna blomedekoratør og arbeidde på Ålgård Blomster før ho flytta frå Bryne til Setesdal, ønskte folk velkomne innom når ho overtek. Ho er alt kjent med butikken, ettersom ho har arbeidd der i haust. Nina ser fram til dagar utan ansvar og tek sikte på å nyte fritida ei stund før ho ser seg om etter noko nytt arbeid.

Til slutt hadde Bjørgulf ein prat med Marton Laksesvela, som har seld 90 lam som pinnekjøt i år og no er lens for kjøt.

I **Kommunen informerer** var det Ingvar Nes som fortalde om aktuelle innspel i samband med budsjettet for 2008.

Valle kommune sitt jolebord 2007

Jolebordet vart halde 1. desember, så kanskje er det for seint å skrive om det no. Eg gjer det likevel, for eg fekk spørsmål om å skrive ein sang ein kunne syngje ved starten av arrangementet. Då laga eg denne teksten:

Melodi: Nå har vi vaska golvet

Me samlar oss til jolebord, det synest me er godt,
i år me er på Sylvgarden, her er det fint og flott.
Nå vil me nyte fellesskap ein laurdagskveld i lag
og bare, bare kose oss og ikkje tenkje fag.

I Valle er det vakkert, vår arbeidsplass er god,
at folketalet minkar, det likar me ei no.
Men kanskje denne kvelden kan gje inspirasjon,
få fleire folk i bygda, det er litt av ein misjon.

Det året som ligg bak oss, så mangt i det har hendt,
tenk etter om du hugsar litt, det er jo ganske kjent:
Ein singelfest, ein scootertur, kommunestyre nytt,
og Norske attraksjonar har av vallemålet skrytt.

Burmesarar frå år i flukt i bygda slo seg ned,
frå Holland, Polen, Thailand kom folk, fann ro og fred.
Utfordringar så mange me alle saman fekk,
problem me hadde, løyste seg og dagane dei gjekk.

Slik kunne me vel mimre om dagar som har gått
men då me neppe noko i magen hadde fått.
Me difor sangen sluttar og startar på vår fest:
Velkomne alle saman, velkomen kvar ein gjest.

Vekeprogram for veke 50

**Tysdag 11. desember 2007**

Ansvarleg: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Juleoratoriet av Johann Sebastian Bach
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 12. desember**
Ansvarleg: Ørnulf Hasla
Teknikar: Knut Olav Tveiten
Telefonvakt: Berit Homme

18:00 Aktuell time
19:00 Kommunen informerer
19:30 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
20:00 Ørnulfs time med gjest Gudrun Nomeland som fortel om joletradisjonar, og presentasjon av den nye plata til Kim André Rysstad
21:00 Open sending ved Britta Lise Homme og Knut H. Nomeland

høyr på http://www.valleradio.com

Almisser

I denne søte joletid vil eg dele med dykk eit lite sitat frå Wikipedia. Du vil ikkje finne det der, det er borte no. Men blind høne kan og finne gullkorn, og det skjedde i dag.

Fyrst må eg forklare noko som kanskje ikkje alle dykk som les bloggen min har fått med seg. Eg er ein ivrig bidragsytar på wikipedia, på den versjonen som er på bokmål og som har vel 143.000 artiklar når eg skriv dette. Wikipedia er eit leksikon som brukarane lagar. Alle kan skrive artiklar der, til dømes ved å klikke på ei rød lenke i ein annan artikkel. At lenka er rød, betyr at det ikkje er nokon artikkel der frå før. Difor dukkar det opp eit redigeringsvindauga når ein trykkjer på lenka. Det er difor svært lett å kunne skrive på dette leksikonet. (Det er 51 artiklar om Valle og artiklar om 17 personar frå Valle, og fleire kjem, om ikkje kvar dag, så av og til. Enno er det ingen artikkel om Rysstad, til dømes.)

For vel eitt år sidan vart eg vald til administrator i dette leksikonet. Det betyr at eg kan slette ein artikkel som ikkje passar. Som oftast slettar eg artiklar eller tekstar som er vandalisme eller sjikane, for vi tenkjer at det meste kan brukast. Om ikkje den som starta ein artikkel, fekk til så mykje, så kan det kome ein annan seinare og fikse seinare. Dermed har vi fått ein type artiklar vi kallar substubbar, dei er bare på ein eller to setningar.

Her er dagens fangst:

**Almisser**
**Almisser er amerika misser (fra misse konkuransser) Al derimot, står for at de er alet opp. Altså er almisser misser som er blitt alet opp!**

Bokmålsordboka gjer nok definisjonsarbeidet betre:
**almisse** f1 el. m1 (gj lty og mlat fra gr eleemosyne ‘miskunn’) gave til nødlidende gi a-r

Så får vi hugse det siste i denne søte joletid.

Heimesida til Valle kommune

Eg las i Fædrelandsvennen at heimesida til Valle kommune er kåra til den beste heimesida for kommunane på Agder. Gratulerer.

Her er lenka til dette:
http://www.norge.no/kvalitet/kvalitet2007/liste.asp?etat=0&fylke=900&stjerner=0&sortering=6&verksemdtype=9

Sidene har fått 4 stjerner. Hovudgrunnen til det må vere at sidene er tilgjengelege 74% av tida, for brukertilpasning på 64% og Nyttig innhald på 50% er det fleire av kommunane i Aust-Agder som matchar. Evje og Hornnes si brukertilpasning er på 71%, men dei har tilgjengelegprosent på 45.

Det er difor ingen grunn til å kvile på laurbæra. Eg har ikkje gjort ny test for å sjekke dei ankepunkta eg har hatt før eg skreiv dette. Denne gongen ville eg bare gratulere.

Om du rotar litt rundt på den nettstaden, finn du at Fylkesmannen i Vest-Agder har høgare poengsum samanlagt enn Valle kommune. Men det er ein statleg etat, så den stiller i ein annan konkurranse.

Eit anna spørsmål er om Valle mållag er nøgd med språket på sidene….

Du finn sidene til Valle kommune her: http://www.valle.kommune.no