Kategoriarkiv: Ymse

Om Sivle på TV

NRK1 sender i kveld eit portrett av Per Sivle. Det tek til klokka 21:45 og er kalla **Sivle – eit liv i strid** og er ved Oddgeir Bruaset. Programmet vert sendt i reprise søndag 30. desember klokka 12:20 og måndag 31. desember – nyårsaftan – klokka 17:50, då på NRK2.

Eg har hatt to innlegg tidlegare på bloggen om Per Sivle, så det er jo greitt å nemne dette i den samanheng. Du som har funne glede i å lese om han på bloggen, vil sikkert like å få med deg programmet i kveld. NRK har ein lang omtale av programmet her: http://www.zootme.com/sivlelink/ (Gå til klokka 21.45 og klikk på lenke til omtale.

Portrettprogram frå NRK Møre og Romsdal (2007)
Manus og regi: Oddgeir Bruaset
Foto/redigering: Brede Røsjø
Med Olve Løseth, Hallvard Lydvo, Jorunn Torsheim m.fl.

For deg som var og høyrde Bruaset då han var på Agder-turne i haust så vel som for deg som bare kjenner han frå programma Der ingen skulle tru, vert det vonleg eit interessant møte. Her er lenke til artikkel om Bruaset på Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Oddgeir_Bruaset Der finn du og lenke til Der ingen skulle tru og ei oversikt over bøker han har laga.

Bygda med dei gode tennene

Ei av gledene med jolegåver er at dei kan gje nye opplevingar. Ei slik oppleving hadde eg i dag, då eg sette meg til å sjå DVD-plata: **Nordmennenes egen historie: Opplevelser fra Sørlandet fra 1905 til i dag.** Du finn informasjon om den på Internett, sjå
http://www.egenhistorie.no/view.php?template=publications&page_id=2&chapter_id=25

Denne plata har ein filmsnutt om **Bygda med de gode tennene**. Den er henta frå Valle, der ein det fann stad ei tannundersøkjing i 1937. “Distriktslegen, helsesøsteren og professoren studerer tenner i Valle, 1937”, heiter det i omtalen av filmen. Vi fekk vere med og sjå korleis dei åt hos familien Homme, det var mat som ikkje øydela tennene: Braud og melk. Dei braut flatbrød og hadde i melka, det såg i grunnen ganske godt ut.

Vel 6 minutt om tannhelsa i Valle, men ei rekke personar, dei fleste av desse er nok gått bort no.

Fager er jordi

Den jolesongen som vi på bokmål syng som **Deilig er jorden**, syng ein i Valle på nynorsk med teksten **Fager er jordi**. Det er jo ikkje unaturleg at han held seg på nynorsk i Valle, han er dikta av Gunnar T. Rysstad. Fyrste gongen han var på trykk, var i Syn og Segn i 1900. Her er songen slik han var å finne i Nynorsk Salmebok:

Fager er jordi
Salme. 1927

Av Gunnar Torgeirsson Rysstad

Eigen tone (Deilig er jorden)

Fager er jordi, herleg er Guds himmel,
Glade gjeng sjelene pilgrimsgong.
Gjenom dei fagre rike paa jordi
Gjeng me til paradis med song.

Tider skal koma, tider burt skal kverva,
Ætt skal fylgja ættarrad.
Aldri skal tagna tonen fraa himlen,
Sjeli sitt glade pilgrimskvad.

Englane song det fyrst for hyrdingflokken,
Vent det tona for sjeli mødd:
Fred yver jordi, menneske, gled deg,
Oss er ein evig Frelsar fødd!

Omsetjing etter Ingemann. Frå Nynorsk salmebok for kyrkja og heim og møte. Andre upplaget. Skuleutgaava. Bjørgvin: A/S Lunde & Co. Forlag 1927. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad

Her er artikkelen på wikipedia om Gunnar T. Rysstad, eg utvida han litt i dag: http://no.wikipedia.org/wiki/Gunnar_Torgeirson_Rysstad

Nynorsk wikipedia har ingen artikkel om han enno.

Og her er salmeartikkelen, frå nynorsk wikipedia: http://nn.wikipedia.org/wiki/Fager_er_jordi

Med det ønskjer eg dykk alle ei god jol.

Folkefrelsar til oss kom

Denne salma, som er nr. 1 i norsk salmebok, er ei av dei eldste vi har i kyrkja. Sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Folkefrelsar_til_oss_kom som og har lenke til artiklar om salma på andre språk.

Salma er skriven av Ambrosius, du finn informasjon om han og om du les artikkelen på wikipedia. Men om du vil vite meir, kan du gå til helgenleksikonet på katolsk.no, der finn du ein fyldig artikkel som plasserar han inn i sin samanheng: http://www.katolsk.no/biografi/ambrosiu.htm

Under forfylgjing samla han kyrkjelyden i kyrkja og lærte dei songar for å halde motet oppe. Kan hende var Folkefrelsar til oss kom ein slik song. Carl Petter Opsahl skreiv i 2002 noko om dette:

Ambrosius
Hymnediktningen var utbredt blant heretikere, noe som gjorde at man i vestkirkene var skeptiske til sanger som ikke hadde tekster fra Bibelen. Men i Øst så man nettopp hymnediktningen som et middel til å imøtegå heretikere, og skrev nye hymner til kjente melodier. Efraim Syreren (306-373) er en av de viktigste tidlige hymnediktere. I en hymne tar han for seg heretikernes hymner og hevder at de er dissonerende fordi de ikke klinger sammen med Guds enhet.

Etterhvert kommer hymnene også til kirkene i vest, og en av dem som har fått æren for det, er Ambrosius, (340-397) som var biskop i Milano. Augustin, som gikk i lære hos Ambrosius, forteller i at moren til keiser Valentinianus den 2. var arianer, og hun ba keiseren om å anektere de katolske kirkene. Keiserens soldater omringet kirken til Ambrosius, som nektet å overgi kirken. Sammen med menigheten holdt han gudstjeneste i to dager og to netter, der de sang salmer og hymner på østerlandsk vis for å holde seg våkne. Til slutt måtte soldatene gi seg. Ambrosius skrev en rekke hymner, og to av dem finnes i NoS, “Folkefrelsar til oss kom (NoS 1)” og kveldssalmen “Du sanne lys, treeining sæl” (nr 800).

Carl Petters blå sider finn du her: http://www.carlpetter.com/hymne/hymne1.htm

Sissels jolekonsert

I kveld vart eg sitjande og sjå på jolekonserten med Sissel og Tabernacle Choir på Temple Square i Salt Lake City. Det var eit stort rom. 21000 sitjeplassar, salen har plass til to jumbojetar inne i romet, og under er det parkeringshus til 1400 bilar. Det er ikkje sjølve Tempelet til mormonarane, dei kallar det kongress-senter.

I denne adventstida har eg i Valle Radio spelt mange av dei melodiane Sissel song. Eg prøvde å notere nokre av dei som var på TV denne kvelden:

In the Bleak Midwinter
In dulci jubilo – jeg synger julekvad
Mitt hjerte alltid vanker
Away in a Manger
Maria Wiegenlied
O come all ye faithful
Vitae Lux
Lux arumgue
Silent night
Christmas Story
Angels from the realms of glory – englar kved i høge kor

Det var ein nydeleg time.

Meir om Per Sivle

I går skreiv om teksten til Ålgårdssangen av Per Sivle. Boka **Eit halvt liv** av Alfred Fidjestøl lånte eg på biblioteket i Valle i haust. På 380 sider har han teikna biletet av denne skalden som skreiv **Den fyrste song**, **Berre ein hund** og mange andre av tekstane som var ein del av oppveksten min.

Men korleis gjekk det for Sivle på denne festen i 1895, diktaren som heile livet sleit med alkoholen? Eg siterer frå boka side 307:

“Sivle blei sjølvsagt invitert til festen, diktet hans skulle syngjast under festmiddagen. Ola Stueland (fråhaldsleiaren som hadde skaffa hus Sivle kunne leige denne sommaren) åtvara Sivle på det sterkaste mot å reise, han frykta for alkoholserveringa på festen. Sivle trudde nok han skulle stå han av.

Grunnleggjaren Ole Nielsen var sjølv for sjuk til å delta, men 400 gjester var møtte fram for å heidre livsverket hans. Heile Sandnes flagga, Stavanger musikkorps spelte taffel. Halv tre gjekk gjestene til bords, bordsetet varte i timevis. Det blei ei endelaus rekkje med talar. Sivles ven lensmann Øverland var mellom festtalarane. Dei song Sivles kantate, og inspirert av stunda tok Sivle sjølv ordet og heldt ein spontantale der han las diktet “Erling Skjalgson” og knytte, ifølgje referatet i Stavanger Avis, “en stemningsfuld Sammenligning mellom Ole Nielsen og Erling Skjalgson: Som Erling havde gjort frie økonomisk selvstændige Borgere af sine Trælle på Sola, således havde Aalgaardsgubben givet sine Arbeidere Livsvilkaar, som bringede Frihed og økonomisk Velvære.

Kontorsjefen ved fabrikken heldt hovudtalen og avslutta med å “bede mine Damer og Herrer med mig løfte Glasset”. Sivle gjorde som han blei beden om. Han løfta glasset. Han skålte for fabrikken. Han drakk. Det gjekk som Stueland hadde frykta. Sivle gav alkoholen veslefingeren. Og alkoholen reiv heile mannen til seg. Sivle hamna på rangel igjen, han braut opp frå Hana og forsvann.

Ola Stueland visste ikkje kvar Sivle hadde teke vegen. Inntil han trefte han tilfeldig på gata i Stavanger. Då var Sivle sørpe full. ”

Heile livet sleit han med alkoholisme.

Du finn meir om Per Sivle på Wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Per_Sivle

Ålgårdssangen og mannen bak den

I kveld vil eg skrive litt om Per Sivle, mannen som skreiv Ålgårdssangen. Her er den:

Per Sivle
NORSK INDUSTRI.

Det er tidt nok sagt, at Norge
er et fattigt Land,
som sit Livsens Tarv maa borge
fra en fremmed Strand.
Men ifra en Aalgaards-Vandring
tør jeg nu, til en Forandring,
trøstig sige noget sligt
som at Norges Land er rigt.

Elven randt, og Fossen skummed
vel titusen Aar,
og den talte, sang og brummed
– helst naar det var Vaar.
Men det var saalænge Tingen,
at dens Stemme skjønte ingen,
der den trofast Nat og Dag
røsted Norges Velfærds-Sag.

“Jeg har Kraften – blot du gider
bruge mig!” den kvad.
Og saa kom han da omsider,
Esben Askelad.
Og snart surred Hjul og Spoler,
og der klapred Væverstoler.
Og saa stod man midt oppi
Norges unge Industri.

Fosser har vort Norge nok af,
hele Favnen fuld;
Sauer har det og en Flok af
– dermed har vi Uld.
Og saa gjælder det at stræve
med at klippe og at væve.
Hei! saa har det ingen Nød:
det gir Klæder, det gir Brød!

Hør og se, hvor Ekko vækker
lydt som Hanegal
flinke Hænders travle Rækker
alt fra Dal til Dal.

– Og omsider skal vi male
Himmel-Ild i vore Dale.
Lys og kraftig skal den bli,
Norges unge Industri!

Vel, saa slut med at bejamre
Norges Magerhed!
Det har Malm, og vi har Hamre,
– vi er Lykkens Smed.
Dermed kan vi seiers-trygge
vor og Landets Velfærd bygge.
Leve det! og leve vi!
Leve Norges Industri!

Diktet vart skrive til 25-årsjubileet for Aalgaards Uldvarefabriker den 24. august 1895. Eg siterer litt frå side 307 i boka **Eit halvt liv** av Alfred Fidjestøl:

Fabrikken var grunnlagd av husmannsguten og haugianaren Ole Nielsen i 1870, ved Ålgårdsfossen, ei mil sør for Sandnes. Ålgård var sidan den gongen blitt ein vital tettstad. Fabrikken gjekk så det suste og sysselsette 250 mann, landbruket og sauehaldet naut godt av ringverknadene. Sivle og mange med han såg fabrikken som eit symbol på den nasjonale framgangen. Styret ved fabrikken bad Sivle skrive festkantate til jubileumsfesten. Sivle tok på seg oppdraget og skreiv diktet Norsk Industri, der han hylla den industrielle framgangen, dei røyrlagde fossane, maskinene, teknologien, arbeidet og framskrittet.

Det var underleg å finne dette avsnittet i boka, som eg har lese i haust. Frå eg var liten, har den songen vore kjent for meg. Far kunne heile songen utanåt og deklamerte han meir enn ein gong og fortalde at det var Per Sivle som hadde skrive Ålgårdssangen.

Korleis det gjekk på festen skal eg skrive om i morgon.

Buplikt

I kveld var det kommunestyremøte i Valle. Som vanleg vart det overført i Valle Radio, Inga Flateland var teknikar og med øvd hand sikra ho at lyttarane best mogleg skulle få høyre gullkorna frå politikarane.

Eg sette på radioen like etter klokka 18 og då var dei alt komne til saka **Ordføraren orienterer**. Deretter var det i rask rekkefølge **Møteplan 2008**, **Søknad om permisjon frå vervet som varaordførar**, **Bykle og Valle lensmannskontor – uttale i samband med moglege endringar i bemanninga**, **Seniorpolitisk plan for Valle kommune**, **Deltaking i kommunal oppreisingsordning for tidlegare institusjons og fosterheimsbarn**, **Revidert kommunedelplan 2008-2011: Anlegg og område for idrott og friluftsliv**.

Alle desse sakene gjekk raskt unna, men saka om møteplan fekk eit tillegg om at februarmøtet skulle drøfte bustadpolitikken i kommunen på eit ope møte.

Ut frå dette var det naturleg at dei to siste sakene på kartet var imøtesett med stor interesse. Det var **Klage på vedtak i sak PS 118/07 – Bupliktbestemmelser i Brokke Grendefelt** og **Kommunal bustadpolitikk og konsesjonsgrense 0**. Klagen vart oppretthalden utan kommentarar etter det eg fekk med meg, der eg sat og høyrde på radioen.

Så var det spørsmålet om konsesjonsgrense 0. Fyrste talar var Liv Tanche-Larsen frå opposisjonen. Ho er gruppeleiar i gruppa til Arbeiderpartiet, som i denne perioden er på tre representantar, same storleik som Kristeleg Folkeparti. Liv ville gjerne ha saka utsett til etter møtet i februar, der ein hadde hatt høve til å gå gjennom spørsmålet grundig. Ho fekk fylgje av Ragnhild Nomeland frå Senterpartiet si gruppe, dei var fire til stades i møtet.

Eg kunne ikkje sjå kva som skjedde i salen, om det var andre som ville ha ordet. Men ordføraren hadde fått med seg at når det er kome eit utsettingsframlegg, så må det takast opp. Men han opna for eit gruppemøte på fem minutt før ein gjekk til avrøysting om utsetting. Det gav høve til ein liten jolesong på radioen, og då tenkte eg at eg ville gå ned i kommunestyresalen og sjå på debatten, ikkje bare høyre den. Før eg kom meg av garde, hadde ordføraren teke opp saka, og utsettingsframlegget fall etter at det bare fekk 7 stemmer.

Då Torleif B. Harstad kom på talarstolen i debatten om framlegget, var han svært lei seg for at det ikkje var blitt fleirtal for utsetjingsframlegget. Han var engasjert i innlegget sitt, men toget var diverre gått, så han måtte då seie at han kom til å stemme mot rådmannens framlegg. Debatten i saka vart nokså kort, det vart nokre få innlegg, men resultatet vart (mot sju stemmer) som innstillinga frå rådmannen:

Det vert ikkje søkt om å innføre forskrift om nedsette konsesjonsgrense (0-konsesjon) i heile eller i delar av Valle kommune. Rådmannen vert beden om å arbeide ut ny standard kjøpekontrakt for tomter i kommunale bustadfelt. Råmannen vert i samband med dette beden om å vurdere moglege spesialvilkår for sal av tomter i Brokke grendefelt.

Med det var møtet slutt. Det stod att å lese opp protokollen, deretter sessa kommunestyret og tilhøyrarane (det var ikkje mange, fire-fem personar) seg i matstova for å nyte Jorunn Lund Harstad si suppe med lefse eller potetkake, som er fast servering på desembermøtet. Dei aller fleste stoppa på det arrangementet, og praten gjekk livleg rundt borda både under suppe-eting og etterpå, då det var kaffe og jolekaker på bordet.

Jolebord

Som vanleg møttest dei aktive i Valle Radio til jolebord på Valle Motell etter at Bygdejolebordet var avvikla sundag. Vi var 12 personar samla og kunne hygge oss med god mat og god prat.

Jolebord er ein tradisjon som er noko omstridt. Det er hyggeleg å gå ut og ha ein middag saman med kolleger eller vener på slutten av året. Som oftast skjer det på kveldane, og somme gonger kan det nok vere litt lite triveleg om nokre av deltakarane ikkje passar måten i høve til fast og flytande føde.

Sjølv har eg fått med meg alle slags former for jolebord denne førjolstida. Det starta alt 1. desember med det kommunale jolebordet, som ikkje hadde særleg mykje program, men rikeleg tid til prat med andre tilsette i kommunen. Helga etter hadde eg ein triveleg kveld i lag med Normisjon i Mandal på Hald, denne tradisjonsrike misjonsstaden like utanfor byen, med middag og eit triveleg program. Valle Pensjonistforening hadde og førjolsmøte, der fekk eg vere med å lese Ajax og var soleis ein del av dei medverkande på dette, før eg så fekk med meg radioen sitt arrangement.

Eg er nok av den typen som gjerne kan tole litt program på eit slikt arrangement, sjølv om eg likar godt at det er sett av god tid til prat og mat i uformell form. Kvar har sin sjarm.

Det som nok er viktig når ein er i slike samanhengar, er å ete andre rettar enn det som er tradisjonsmat når ein samlast ved julebordet heime. Det har eg klart, vi har ribbe til jol, medan eg har hatt både spa og pinnekjøt på dei joleborda eg har vore. Alt i alt vil eg takke for ein triveleg tradisjon i ei kald mørketid.

Ordførarar

I 1837 fekk me formannskapslovene, det vart starten på det kommunale sjølvstyret. Den øvste representanten for kommunen vart ordføraren. I den tida var ikkje valordninga slik som ho er no, det vart vald representantar frå kvart sokn i prestegjeldet. Valle prestegjeld omfatta då som no Bykle, Valle og Hylestad sokn. På den tida måtte ein eige jord for å få stemme. Etter det eg kan lese i Kultursoga, der det i band 7 er eit kapittel på side 436 kalla Valle og Hylestad skil lag, var det vanleg at det vart vald 6 frå Valle og 3 frå Hylestad og 3 frå Bykle i den tida.

Etter at Bykle skilde lag med Valle i 1902, var det framleis slik at Valle hadde fleire representantar enn Hylestad. Heradsstyret talde no 20 representantar, 12 frå Valle og 8 frå Hylestad. Med ei slik samansetjing er det ikkje å vente anna enn at ordføraren var frå Valle.

Etter det eg kan finne ut er det vel bare ein gong det har vore ordførar frå Hylestad i Valle kommune. Det var etter samanslåinga i 1962, då Torjus J. Nomeland vart ordførar. Men det varte bare til 1963, for etter valet då vart Dreng Brokka vald til ordførar frå 1964 til 1976, då Gudmund Åkre tok over. Frå 1988 var Pål Åmlid ordførar ein periode, deretter tok Tarald Myrum over.

For å finne ut dette, måtte eg bla ganske lenge i Kultursoga. Grunnen til at eg gjerne ville hatt ei komplett liste med ordførarar, er at eg gjerne ville lagt henne ut på wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Liste_over_Valles_ordf%C3%B8rere Men til no har eg ikkje funne det. Dersom nokon av dykk som les dette, kan rettleie meg så eg finn det, hadde eg vore takksam.