Kategoriarkiv: Ymse

Aagot Noss på Wikipedia

I dag fekk eg ein kommentar på epost frå Leonhard, som hadde vore inne og lese om Aagot Noss på wikipedia. Det gjev meg høve til å seie litt i relasjon til den artikkelen.

Eg vart ganske overraska, og det vart Gunnar Hillestad og, då vi onsdagskvelden på biblioteket leita i Store Norske Leksikon og Norsk Biografisk Leksikon og fann at ingen av dei hadde omtale av norske bunaders grand old lady. I det store 3-binds-verket Våre norske bunader var ho heller ikkje nemnd. Men biblioteket hadde fleire av bøkene hennar:

Adolph Tidemand og folk han møtte – studier frå reisene i norske dalføre – akvareller, målarstykke og teikningar 1981
Folk og klede – skikk og bruk – festskrift til Aagot Noss 1994 ISBN 82-90036-47-7
Lad og krone – frå jente til brur 1991 ISBN 82-00-21354-4

Wikipedia
Eg skreiv artikkel om henne til wikipedia. Det vart nokre raude lenker i den, mellom anna Joachim Frich, så eg skreiv den: http://no.wikipedia.org/wiki/Joachim_Frich Om Nordmandsdalen var det ein artikkel på dansk, så den kunne eg importere frå dei. http://no.wikipedia.org/wiki/Nordmandsdalen Det er parken der originalen til brura som står utanfor Setesdalsmuseet kjem frå.

Slik førte besøket av Aagot Noss til fleire nye artiklar på wikipedia. Leksikonet veks kvar dag og har no nesten 170.000 artiklar om alle moglege emner.

Årsmøte i Valle Radio

Årsmøte i Valle Radio

**torsdag 12. juni klokka 19:30 på Valle Motell**

Vanlege årsmøtesaker.

Møt opp.

Styret

Dette er annonsen som kjem i Setesdølen i morgon.

For å friske opp kva som skjedde i fjor, kan du gå til http://valleradio.blogs.no/2007/05/09/arsmotet_8_mai~2241801 og lese referatet frå årsmøtet i fjor.

Etter at årsmøtet er over, serverer Jostein pizza, som vanleg.

Eg minner om at vi treng teknikarar for komande sesong. Dersom nokon har lyst å bli med på laget, syter vi for opplæring. Valle Radio er eit triveleg arbeidslag.

Aagot Noss i Valle Radio og på Setesdalsmuseet

I går kveld vart det endring i oppsett sendeplan. Leonhard Jansen ringde ved 16-tida og fortalde at Setesdalsmuseet skulle lansere ei ny bok av Aagot Noss i dag. Eg inviterte dei til radioen, og programmet Bibel og musikk gjekk ut. I staden fekk vi ein triveleg halvtime der ho fortalde om granskingane sine.

Dei starta i 1965 i Nordbygdi i Bykle, som nå er under vatn. Ho gjekk og sykla frå gard til gard og tala med folk og fekk sjå tekstiltradisjonen dei hadde. Det vart bilete og film av det feltarbeidet, og no er boka som samlar alt dette komen ut: **Stakkeklede i Setesdal – Byklaren og valldølen** 2008 ISBN 978-82-7099-477-9

Her er artikkelen om henne på wikipedia: http://no.wikipedia.org/wiki/Aagot_Noss

I dag var det så lansering av boka, og eg tok turen til Setesdalsmuseet. Boka har 400 bilete, og i presentasjonen viste ho ein del av dei på lerret. Og så fortalde ho, levande og interessant. Det slo meg at ho kunne slektene til informantane like godt som om ho skulle vore i slekta. Informantane hennar var fødde sist på 1800-talet eller tidleg på 1900-talet. Men ho kjende etterkomarane deira og. Det var eit imponerande tilfang av Setesdalsstoff frå Bykle og Valle ho kunne leggje fram.

Etter foredraget var det tid for å kle opp ei Setesdalsbrur. Det var Ingebjørg Vegestog og Randi Myrum si oppgåve, og NRK filma som best dei kunne. Det same gjorde Setesdølen og Fædrelandsvennen, både inne og ute.

Så var det tid for suppe og rundstykke. Museet hadde fått inn 30 bøker, alle gjekk. Dei aller fleste sikra seg forfattaren sin signatur.

Mot slutten av arrangementet på museet presenterte eg Aagot og Karin Bøe for kvarandre. Sjølv om Aagot skulle attende til Oslo like etterpå, lukkast det å få henne innom på Valle vev, og der var ho svært imponert over det som Karin produserer og har samla av rugger og kyrkjetjeld som ho har fotografert og registrert vitskapleg. Aagot meinte Karin måtte få gje ut det stoffet ho hadde samla, og dei vart sitjande å prate om korleis ein kunne gå fram for å få til noko slikt.

Aagot skulle sitje på med Anna Stella Karlsdottir til Oslo, og hadde ikkje ho kome, hadde dei truleg vorte sitjande i interessant samtale heile kvelden. Eg fekk vere floge på veggen, og takkar for ein interessant dag.

Slike initiativ som dette er vi i Valle Radio svært takksame for og oppmodar ALLE til å gjere som Leonhard og Setesdalsmuseet når høvet legg seg til rette.

Konsesjon er klar

Så er nye konsesjonar delte ut. For dei neste sju åra vert systemet som før: Bykle Radio har konsesjon for Valle og Bykle kommunar, Radio Evje AL har konsesjon for Bygland og Evje og Hornnes kommunar. Informasjon om tildeling av alle konsesjonane finn du her: http://medieforvaltning-no.inforce.dk/graphics/Medietilsynet/Opplastede_filer/Lokalradiokonsesjon2009til2015/Tildelte_innholdskonsesjoner%20endelig%20versjon.pdf

Nedanfor finn du ei liste over konsesjonar i Agder. Nokre stader har fleire fått konsesjon, men der bare ein har fått konsesjon, står det bare radionamn og stadnamn på same linja. Bakerst har eg ført på kva slags type radio det er tale om.
I Agder har desse fått konsesjon:
**Arendal:**
Tvedestrandsposten AS 24/7
Radio Godt Nytt Nisje
NB Radio Nisje
**Lillesand:**
Radio L Lillesand Nærradio AS Nisje
Radio Agder AS Allmenn
**Grimstad**
Radio Grimstad AS Allmenn
Norsk Luthersk Misjonssamband, Aust-Agder Fellesforening Nisje
**Kristiansand**
Kristiansand Lokalradio AS 24/7
Norea Mediemisjon Nisje
Evangeliets Røst Nisje
Radio Filadelfia Kristiansand Nisje
Studentradioen Kristiansand Nisje
**Mandal**
Radio Lindesnes Allmenn
Møtet med Jesus tro og misjonssenter Nisje

Radio Risør AS Allmenn
Bykle Radio Nisje
Radio Evje AL nisje

Radio Søgne Allmenn
Radio Loland AL, Vennesla Allmenn
Radio Lyngdal AL Allmenn
Radio Kvinesdal Allmenn

I Aftenposten har dei intervjua folk frå to stasjonar i Oslo som ikkje har fått fornya konsesjonen: http://www.aftenposten.no/kul_und/musikk/article2459555.ece

Ein tabbe

Da vi var i Kristiansand og på bloggen har jeg sagt at vi skulle ha årsmøte torsdag 5. juni.

Dessverre gløymde eg å sende inn annonse for årsmøtet i dag, eg sende bare inn annonse for tirsdagssendinga og at onsdagssendigane er slutt for i vår.

Dermed må eg tilbakekalle det eg har sagt om årsmøte til torsdag 5., det må jo averterast i Setesdølen.

Eg reknar med ei vekes utsetting og håpar det kan fungere.

Eg beklagar.

Om nokon har lyst til å overta leiarvervet, er det heilt ok for meg. Om ingen har lyst, kan eg stå eit år til. Det er ikkje sikkert eg kjem til å gjere ein betre jobb, men eg er glad i Valle Radio og vil prøve å gjere det eg blir beden om.

Harald
som gjerne tek imot kommentarer

Thor Åmli i NRK

Thor Åmli, som var i Valle radio sine påskesendingar med reklameinnslag, kjem i morgon måndag 2. juni 2008 i NRK Sørlandssendinga. Eg veit ikkje kva tid, men det var laga innslag både til radio og TV, Innslaget i TV kjem vel truleg 18:40. Han har ei heimeside på nettet, adressen er http://www.vallehotline.no/

Etter at han var med i Valle Radio i påskesendinga, har han som følgje av det fått oppdrag, etter det eg forstår. Han har jo og vore med i Hotel Cæsar, etter det eg skjøner. Her er gjesteboka hans: http://www.vallehotline.no/guestbook.php

Her er omtale av episoden i Hotel Cæsar:
http://www.agderposten.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20070512/ABONNEMENT/105120115/1021/FORSIDEN

Her er lenke som viser innslaget på NRK:
http://www1.nrk.no/nett-tv/distrikt/sorlandet/verdi/59250

Sommarferie

Medarbeidarane i Valle Radio vedtok i går at radioen sine ordinære onsdagssendingar tek sommarferie frå juni. Det vil seie at når vi no har gått inn i den fyrste sommarmånaden, går dei oppsette onsdagssendingane ut. Det gjeld desse:

04. juni
Ansvarleg: Ørnulv Hasla
Teknikar: Torhild Sandnes
Telefonvakt: Berit Homme
Open sending: Karin Bøe
11. juni
Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Inga Flateland
Telefonvakt: Gudrun Nomeland
Open sending: Harald Haugland
18.juni
Ansvarleg: Britta Lise Homme
Teknikar:Harald Haugland
Telefonvakt:Torbjørg Hoftuft

Argumentet har vore at folk i stor grad nyttar kveldane ute no sommarstid, og difor er ikkje radioen så aktuell for tida. Eg har meint at mange tek radioen med seg ut eller høyrer på sjølv om veret er godt, så vi kunne fylgje skuleferien. Men til slutt måtte eg sjå i augene at mange av dei som var sette opp til å ha program i juni, hadde andre planar som gjorde at dei ville ha problem med å stille opp til sendingane. Ettersom vikarar og var vanskeleg å oppdrive, valde vi difor å avslutte sesongen i mai.

Sjølv vil eg ha tysdagssendingar dei fyrste vekene i juni, så det vert vanleg sending 3. juni.

Eg vil seie takk til alle medarbeidarane for ein fin sesong. Du finn avspegling av det vi har gjort om du les på bloggen for månadene som ligg bak. Eg gjorde det denne veka og tenkte at det alt var mykje eg ikkje hugsa vi hadde vore innom.

Eg vil prøve å halde ved like bloggen i sommar og. Det vert vanskeleg å ta utgangspunkt i programma i denne perioden, men noko finn eg vel å skrive om sjølv om radioen tek sommarferie.

God sommar til alle.

Olav Bjørgum i Valle Radio

Sist onsdag hadde Bjørgulv T. Berg ansvar for sendinga. I nyhetstimen hadde han invitert Olav Bjørgum og Leonhard B. Jansen til å snakke om utstillinga han skal ha på Setesdalsmuseet i sommar. Utstillinga opnar i morgon, sundag 1. juni, fyrst for innbedne gjester, deretter for vanleg publikum. Fram til 22. juni er ho open frå 12 til 15 på kvardagar, men deretter er museet ope alle dagar frå 11 til 17.

Det vart ein triveleg prat, der dei ikkje minst kom inn på humoren i arbeida til Olav Bjørgum.

Leonhard fortalde at det hadde vore vanskeleg å finne ein del av verka til Bjørgum, for han var utseld, men meinte at dei har fått sett opp ei utstilling som syner breidda i det kunstnaren har gjort. Her er lenke til omtalen på Setesdalsmuseet sine sider, som også syner eit par bilete: http://www.setesdalsmuseet.no/index.php?m=nyhet&m_action=les_mer&id=2 Eit sitat frå omtalen her:

**Ofte er biletet bygt opp med ein humoristisk vri, men ikkje meir enn at det tolest utan å vippe over til berre å vere morosamt. Det ligg tradisjon og historieformidling i uttrykket, ein age for det som har vore, og ikkje sjeldan ei djupare meining. Biletet av mannen som sit og stør hovudet i handa og seier: “Stundom sit eg å tenkjer, å stundom sit eg berre!”, har – for den som har tid til å tenkje litt sjølv – stor meining.**

Olav Bjørgum har og artikkel på wikipedia: http://nn.wikipedia.org/wiki/Olav_Bjørgum

Eg var teknikar i Valle Radio den kvelden. Etter sendinga kommenterte Olav Bjørgum opplevinga og sa at det ikkje var vanleg for kunstnarar å få så mykje merksemd at dei kom på radio. Han var svært glad for høvet, men ikkje van med mediet.

Her er ei lenke som viser eit par andre bilete av Olav Bjørgum: http://www.museumsnett.no/ingeborg/irh/41/plakat.htm#ob

Her er lenke til omtale av boka Lekamslyst av Sigrid Bø og Jarnfrid Kjøk, som Olav Bjørgum har illustrert:
http://www.rb.no/lokal_kultur/article3363129.ece

Skulesaka

Det var eit langt kommunestyremøte onsdagskvelden. Sjølv hadde eg ikkje høve til å høyre på Valle Radio denne kvelden, men etter det Jorunn Lund Harstad fortalde, kom det mange interesserte tilhøyrarar på møtet. Ho måtte steike mange fleire vaflar enn ho brukar å steike. Møtet varte også mykje lenger enn vanleg, det var så vidt dei kom ut av huset til alarmfunksjonen trer i kraft.

I Setesdølen for fredag 30. mai skriv Ole Birger Lien:

**Nok eit nei til full skuleveke for dei yngste**
Etter eit framlegg frå Pål Dale (KrF) vedtok fleiralet i kommunestyret i Valle onsdag kveld å seie nei til full skuleveke som prøveordning for 1. – 4. klassingane både i Valle og Hylestad.

Bygdefolk som hadde møtt opp for å fylgje med i saka raste og kalla vedtaka for maktarroganse. Men ikkje alle var like sinte – dei få frå “4-dagars-sida” som hadde møtt opp, var svært nøgde med utfallet i saka.

I saka som galdt Hylestad skule vart det nei til dispensasjon frå 4 dagars-vedtaket med knappast mogleg margin. 11 røysta for framlegget frå Pål Dale om å seie nei til søknaden, 10 representantar ville la Hylestad skule innføre prøveordninga med full skuleveke for eitt år. I vedtaket som galdt søknaden frå Valle skule var fleirtalet for å seie nei til dispensasjon – også dette etter eit framlegg frå Pål Dale, større. Komande skuleår vert det difor 4 dagars skuleveke for dei yngste elevane på skulane både i Valle og Hylestad, trass i auke i timetalet og det mange hevdar er eit stort fleirtal for full skuleveke blant lærarar og foreldre i båe bygdene.

Blanda mottaking
Vedtaka i kommunestyret om å seie nei til søknadene om dispensasjon legg truleg den såkalla skulesaka død i Valle – i alle fall for denne gong. Dei som stør 4 dagars skuleveke var svært nøgde med utfallet av saka onsdag kveld, medan dei som ynskjer full skuleveke var illsinte og skulda fleiralet i kommunestyret for maktarroganse. Stemninga i kommunehuset var laber – dei aller fleste som møtte opp hadde nok håpa på eit ja til ein eller båe søknadene om dispensasjon frå 4 dagars vedtaket.

Straumen går

Ved totida i dag gjekk straumen i Valle og var borte i ein time. Det er ikkje mykje ein får gjort når straumen er borte.

Her er nokre små glimt:

Eg sat på datamaskinen og mista det eg heldt på å skrive. Og så fekk eg ikkje skrive meir, så eg valde å ta ein tur ut i det fine veret, det var 22 grader i skuggen, såg eg på termometeret då eg kom heim.

I etasjen under Valle Vaksenopplæring held Valle folkebibliotek til. Dei hadde heller ikkje høve til å låne ut bøker når straumen var borte, for då fall dataprogrammet ut.

Eg gjekk over gata til Jokerbutikken, men der kunne dei ikkje selje avisa, og det var mørkt og lite hyggeleg å vere i butikken. Ein kunde stod og venta med full handlekorg, alle vona at straumen snart kom att.

Utanfor Essostasjonen sat Ånund og prata med ein kunde, ikkje mykje å gjere når straumen har reist, og litt seinare kom Ørnulf ut og sette seg ned med dei.

**Møte med Sverre Lund**
Då eg kom bort til Menighetshuset, kom Sverre Lund gåande med rullatoren sin. Han hadde site og sett på Visjon Norge då straumen gjekk, og så fann han ut at han kunne gå, han og. Det vart dagens andre tur, og han ville i banken og ta ut pengar.

-Det kan du ikkje, sa eg, for når straumen er borte, får ein ikkje ut pengar.
-Du har nok rett i det, sa Sverre

Vi blei sitjande på murkanten utanfor menighetshuset og prate om laust og fast. Eg fortalde at det var med meg som med Kjetil Jore som før budde i huset som eg bur i no, vi klarte oss med radio, og parabol var lite aktuelt.

-Eg og Kjetil Jore var bestevener og leika heile dagane, fortalde Sverre. Men ein gong vart vi uvener, og då eg vart ropa heim til mat, sa eg at eg aldri skulle gå til han meir. Men då middagen var over, sprang eg det fortaste eg vann ned bakken til Kjetil, smilte Sverre.

Plutseleg kom det vatn i fontenen, og då var Sverre rask med å kome seg opp att. -No er straumen komen, sa han, eg får gå i banken. Men klokka var blitt tre og banken stengjer då.

-Det gjør ikkje så mykje, eg kan ta turen i morgon då, sa Sverre, som hadde hatt ein spasertur nordover på føremiddagen.

**Årsak**
Eg tippa at det var ein gravemaskin som hadde kortslutta ein ledning, men då eg i kveld snakka med Jorunn Lund Harstad, meinte ho at ho hadde høyrt at det kanskje var ein bever som hadde felt eit tre over ein straumledning. Resultatet var det same, og synte kor sårbart eit samfunn er og kor mykje som er avhengig av straum i våre dagar.