Kategoriarkiv: Ymse

Årsmøte

Vi vil ha årsmøte neste torsdag, 5. juni 2008 klokka 19 på Valle Motell. Sett av datoen i avtaleboka di og møt opp. Det vert vanlege årsmøtesaker og når møtet er over, får vi noko å bite i.

Her er lenke til referatet frå årsmøtet i fjor: http://valleradio.blogs.no/2007/05/09/arsmotet_8_mai~2241801

Seminar

Laurdag vert det seminar for medarbeidarane i Valle Radio. Vi skal til Gimlekollen i Kristiansand der ein av medarbeidarane på Mediesenteret skal undervise oss i korleis vi kan lage betre program. Det er Ørnulf som organiserer opplegget, og han kunne fortelje at det er 13 som skal vere med. Vi skal bruke kommunebussen, avreise er frå Valle 7.30 og kurset startar i Kristiansand klokka 11.00. Etterpå skal vi kose oss til langt ut i dei små timane på Caledonien og overnatte til sundag. Det vert triveleg å få ein slik tur for å sveise oss saman.

Postludium 27. mai 2008

I kveldens Postludium fekk du høyre

Thomas Murray: On hearing the first cuckoo in spring av Delius
Harlequin Brass og Neil Taylor: Pomp and Circumstance March no 1 av Elgar
Everhart Zwart: Sinfonischer Choral “Jesu, Geh’ voran” av Karg-Ehlert

Informasjon om komponistane finn du på wikipedia:
http://no.wikipedia.org/wiki/Sigfrid_Karg-Elert
http://no.wikipedia.org/wiki/Edward_Elgar
http://no.wikipedia.org/wiki/Delius

Alle er romantiske komponistar, døydde i 1933 og og 1934, som du jo finn ut når du går til lenkene. Der finn du og lenker til andre språk med meir informasjon enn på norsk.

Aldri så galt at det ikkje er godt for noko

I dag var det munnleg eksamen til Bergenstesten for elevar som har strevd seg gjennom vinteren med å lære norsk. Bergenstesten er det uoffisielle namnet på det som heiter Test i norsk – Høyere nivå. Dersom ein skal studere ved eit norsk universitet, må ein ha den for å vise at ein kan fylgje undervisning som er på norsk. Her er lenke til informasjon om den:
http://nspr.portfolio.no/ og http://www.norsktester.no/default.asp?avd=231&nyh=5344

Sjølve testen tek ein halv time. For å ta den måtte Madina reise frå Valle 7:20. Ho hadde fått time klokka 16:15, men det er då bussen til Valle går frå Kristiansand. Difor hadde vi avtalt at eg skulle møte henne i byen og vere med til testen denne dagen. Så kunne ho sitje på med meg opp att.

Turen nedover vart ei oppleving. Det var ein passasjer som ikkje hadde fått med seg at frå 1. mai køyrer ikkje bussen om Homme om morgonen, så ho måtte kjøre etter bussen heilt til Ose før ho tok han att og fekk gitt signal om at ho ville vere med. Men det som overraska Madina mest, var at sjåføren prata i telefonen temmeleg jamnt frå Valle og heilt til Evje. Der kom det ein ny sjåfør, men også han prata i telefonen. Dei hadde handsfree, men ho let seg imponere over kor mykje dei kunne ha å seie i telefonen medan turen gjekk nedover dalen.

Ho fekk ein triveleg dag i nydeleg ver i byen, og klokka to møttest me og hadde middag på Dronningen. Velsmakande lammesteik var høveleg på ein eksamensdag, men snart var vi på Kristiansand Voksenopplæringssenter, der eksamen skulle haldast. Etter kvart kom eksamensnerver, sjølv om ho visste at ho hadde førebudd seg godt.

Då halvtimen var over, kom ho ut frå testen og lo. -Eg fekk ei oppgåve vi hadde førebudd oss på, sa ho. -Det var om mobiltelefonen.

Systemet er slik at ein kan velje mellom fleire oppgåver, og ho hadde teke den oppgåva, ikkje minst fordi vi hadde diskutert kva vi kunne ta opp i ein munnleg test om temaet vart mobiltelefonen. Men då ho fortalde soga om bussjåføren som snakka i mobiltelefonen på morgonkvisten, var isen broten mellom eksaminator, sensor og eksaminand. Dei hadde vore innom mange sider ved mobiltelefonen, både i innland og utland, ikkje vanskeleg å snakke om noko slikt, det påverkar livet til dei aller fleste flyktningar og asylsøkjarar i Noreg, og andre med.

-No er du ferdig, sa eksaminator.

-Men eg og sensor snakka bare vidare, fortalde Madina etterpå. Sensor ville vite meir, og eg hadde meir å fortelje. Til slutt måtte vi runde av, resultatet kjem om 10 dagar. Eg trur det går bra, slutta ho før vi tok fatt på vegen til Valle att.

Bygg, eigedom og anlegg

I Kommunen informerer onsdag 21. mai hadde Halvor Rike med seg Torleif Homme. Etter at dei hadde fortalt om kulturskulen, gjekk dei over til det området dei nok kjenner seg mest heime i.

**Forseinka faktura**
Det starta med informasjon om at kommunen går over til nytt system for kommunale avgifter, så fakturaene som til vanleg vert sende ut i mai, vil fyrst kome i juni i år. Neppe mange som gret over det.

**Tomter i Åsan 2 bustadfelt**
Ved tildeling av kommunale tomter i Åsan 2 bustadfelt på Rysstd var det fem som takka ja i fyrste runde og som vil setje opp hus snarast. Dermed kunne ein gå laus på runde nummer to. Den har frist til 26. mai, som er måndag. Ein finn informasjon på kommunen sine heimesider. Torleif og Halvor oppfordra folk til å bruke helga og ta ein tur i feltet for å sjå på tomter dei kunne tenkje seg.

**Vegljos på Hovet**
Endeleg er det kome vegljos frå Lykkje til Hovet, ljoset vart kopla til 20. mai. Dette er området ved Dokkjen. Bjørgulv kommenterte at det var greitt å få det i orden no, sjølv om det er lange, ljose kveldar.

**Bord ved fotballbanane**
Det er sett opp tre benkebord frå Setpro på Valle stadion og på Rysstad stadion. Det kan vere greitt når folk vil ha noko å drikke medan dei ser på born som sparkar fotball eller i andre situasjonar, og det har vore ønske om å få noko slikt, så BEA var glade for å kunne få ei ordning.

Elevopptak i Valle musikk- og kulturskule

Halvor Rike, som er leiar av Bygg, Eigedom og Anlegg i Valle kommune, var i Kommunen informerer onsdagskvelden klokka 19. Første sak på programmet var Elevopptak i Valle musikk- og kulturskule, der han kunne melde at søknadsfrist for opptak til neste år er 14. juni. Søknadskjema finn ein på kommunen sine heimesider. http://www.valle.kommune.no/Modules/article.aspx?ObjectType=Article&Article.ID=967&Category.ID=1145

Kulturskulen underviser i piano, song, hardingfele, korps, leikarring, kveding og munnarpe. Både gamle og nye elevar må melde seg på nytt. Søknadskjema finn ein til høgre på heimesida under lenka relaterte dokument.

Ein finn mange gode lærarar i Kulturskulen, så det er bare å melde seg på. I samtalen med Bjørgulv T. Berg var ein og innom det forholdet at 17. mai i år ikkje hadde korps i Valle. Halvor kunne ikkje love at det kom i gang korps att til neste år. Instrument og drakter vert no leverte inn til Jorunn Tveiten på Velkomstsenteret, så får ein sjå om det vert oppstart att til neste år.

I år var det Kjetil Rike på trekkspel som vanleg i toget til Valle Alders- og Sjukeheim, og frå kyrkja var det rockegruppa som nytta trommene på beste måte då toget gjekk til Kultursenteret i Valle. I Hylestad var det song i toget, men ingen musikk.

Eitt Agder

Etter store oppslag i Fædrelandsvennen om at Lillesand bystyre ville gå inn for å slutte seg til Vest-Agder om ikkje fylka no fekk fart i prosessen med samanslåing att, var det ikkje unaturleg å ta saka opp i Valle Radio. Bjørgulv prøvde å få fatt i både ordførar og varaordførar, men ingen av dei var å få tak i før sendinga, så det vart Pål Dale som kom på lufta. Han har jo vore med i politikken lenger enn nokon annan i kommunestyret, så han kjenner saka frå langt tilbake.

I samtalen kom dei inn på fleire sider ved dette å knytte seg til Vest-Agder. Mellom anna samarbeider Setesdal alt no mykje med fylket, ikkje minst fordi Riksveg 9 startar i Kristiansand, som jo er i Vest-Agder. Å få turistar til å bruke stamvegen er viktig, difor må ein samarbeide over fylkesgrensene. Riksveg 9 er ikkje på langt nær så viktig for politikarar sentralt i Aust-Agder. Pål minna om at den tidlegare fylkesordføraren, Oddvar Skaiaa frå Kristeleg Folkeparti, var sterkt for å slå saman fylka. Men då Laila Øygarden tok over etter valet i 2007, vart det mindre trykk i dette arbeidet.

Pål meinte at det var viktig at Setesdalskommunane fylgde opp saka som Lillesand no frontar, og han ville stille spørsmål om dette i kommunestyret neste møte.

I saksutgreiinga frå Lillesand heiter det:

St meld 12 – regionale fortrinn – regional framtid – ble fremlagt 8.12.06. Endelig forslag til valg av modell og regional inndeling ble da varslet skulle skje våren 2008.
Etter forsinkelser er oppfølgningen hittil kokt ned til et høringsnotat av 26.2.08 med forslag til fremtidige oppgaver til det regionale nivå med høringsfrist 30.4.08. Etter høringsrunden tas det ”sikte på fremleggelse av en samlet proposisjon til Stortinget høsten 2008. Proposisjonen vil inneholde både konkrete lovforslag om oppgaver og eventuelle forslag til endringer i fylkesinndelingen”.

Høringsprosessen i 2007 basert på Stortingsmeldingen viser ifl notatet at ”Vest-Agder fylkesting ønsker en region bestående av Agder-fylkene med mulige grensejusteringer både vestover og østover. Fylkestinget .. vil uansett gå inn for at Agder-fylkene blir en region”. ”Aust-Agder fylkesting ønsker en region bestående av Agder-fylkene og Telemark eller en enda større region med Agder-fylkene, Telemark og Vestfold”. Rogaland mener seg stor nok alene, mens Telemark foretrekker kobling med Buskerud og Vestfold. ”Alle kommunene i Agder som har uttalt seg .. vil ha en regionmodell bestående av minimum ett Agder”.

Fylkesrådmannen i Aust-Agder opplyser i brev av 27.11.07 at fylkestingene i vest og øst har
vedtatt at det skal lages en felles regionplan for Agder. Vår fylkesordfører er i Agderposten 6.3.08 gjengitt slik: ”I forrige uke hadde de to fylkestingene felles møte og vedtok å jobbe med en felles regionplan. La oss starte arbeidet og se om vi får til noe sammen. Dette kan bli et politisk verksted og skape nettverk som på sikt fører til en sammenslåing. Hun understreker at det hun er motstander av, er å foreta en
fylkessammenslåing nå når motstanden er så stor i Aust-Agder .. Jeg har nettopp deltatt på en kontaktkonferanse med regjeringen hvor forvaltningsreformen ble diskutert. Her ble det stilt spørsmål til kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa om hun ville åpne for forsøk med fylkessammenslåinger. Hun var klar på at det nå skal fokuseres på oppgaver, ikke kommune- og fylkesgrenser”.

Lenke til kommunestyresakspapira i Lillesand finn du her: http://www.lillesand.kommune.no/innsyn.aspx?response=mote&moteid=857&scripturi=/innsyn.aspx&skin=infolink&Mid1=61&Mid2=1249&

Munnharpe til Dolly Parton

I kveldens sending prata Bjørgulv T. Berg og Hallvard T. Bjørgum http://no.wikipedia.org/wiki/Hallvard_T._Bj%C3%B8rgum
saman om ideen som Hallvard har hatt om å forære ei munnharpe http://no.wikipedia.org/wiki/Munnharpe til Dolly Parton når ho 17. juni kjem til Sør Arena i Kristiansand for å halde konsert. http://no.wikipedia.org/wiki/Dolly_Parton

Hallvard hadde ikkje sendt førespurnad om å få kome på scenen og overrekke munnharpa, men ho var smidd med DP stempla inn i godset. Det var og tale om å leggje ved ei nål av gull med trådar av sylv, eit apropos til songen hennar Silver Threads & Golden Needles, sjå http://www.amazon.com/Gold-Greatest-Hits-Dolly-Parton/dp/B000059ZC6

Hallvard ville og leggje ved ei engelsk omsetjing av eit dikt av Henrik Wergeland og be om at ho laga melodi til det og framførte i Kristiansand, 17. juni er 200-årsdagen hans. http://no.wikipedia.org/wiki/Henrik_Wergeland

Det var eit fornøyeleg innslag i kveldens sending.

Konserten er 17. juni klokka 18:00, det er ståplassar til kr. 590 att å få kjøpt her: http://www.billettservice.no/html/evinfo.htmI?CNTX=3977355&l=NO&C=

Dette er einaste konserten ho held i Noreg i år.

Hallvard kunne tenkje seg å invitere henne med på ein tur til Setesdal heilt gratis, ho er eit unikum av ein musikar, fortalde han og lista opp ei rekke med instrument som ho spela.

20. og 21. mai 2008

**Tysdag 20. mai**

Ansvarleg:Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Noreamagasinet
19:05 Møteplassen
19:30 Gospelkveld
20:30 Postludium. Niklos K. Besteland har musikk til høgtidsdagane i mai
21:00 Kyrkjebakken

**Onsdag 21. mai**
Ansvarleg: Bjørgulv T. Berg
Teknikar: Harald Haugland
Telefonvakt: Anna Rysstad og Bjørg Ragnhild Trydal Jansen
Open sending: Jorunn Lund Harstad

Ved ein feil kom ikkje onsdagsprogrammet i avisa. Men her er medarbeidarane, så legg eg ut programmet seinare.