Kategoriarkiv: Ymse

Artige funn

I dag vil eg formidle eit artig funn som eg fekk tilsendt frå Britta Lise. Ho har sans for litt av kvart, og då deler ho det med andre. Eg er glad for å stå på e-post-lista hennar, sjølv om mykje kunne vore annleis om eg ikkje gjorde det. Bare les vidare:

**Arbeidsløs**
En arbeidsløs søker stilling som toalettvasker hos Microsoft. Personalsjefen innkaller ham til samtale og lar ham gjennomgå en test. Til slutt sier han:
-Du er ansatt, gi meg din mail-adresse og jeg vil sende deg en kontrakt og opplysninger om dag og tidspunkt for din start.

Den fortvilte mannen svarer at han ingen computer har, og derfor ingen e-mail adresse. Personalsjefen svarer ham: -Da du ingen mail-adresse har, da eksisterer du virtuelt ikke, og da du ikke eksisterer – da ingen jobb. !!

Den arbeidsløse gikk. Fortvilet, uten å vite hva han skulle gjøre med bare 10 Euro i pungen. Til slutt beslutter han seg for å gå i super-markedet og kjøpe en kasse med 10 kg jordbær. Han forsøkte seg deretter som «gateselger » ved å selge jordbærene kilovis. På bare 2 timer hadde han fordoblet sine penger.
På ettermiddagen kom han hjem og hadde 3-doblet sine penger.

Han forsto da at han kunne overleve på denne måten. Han begynte deretter hver dag tidligere og kom senere hjem. Slik tredoblet han sine penger dag for dag.

Kort tid etter skaffet han seg en trekkvogn. –og senere en varevogn. Etter ca. 1 år hadde han en liten « flåte » av varevogner

5 år er gått… Mannen eier nå en av de største matkjeder i USA.

Nå tenkte han på sin og familiens fremtid og beslutter seg for å tegne en god livsforsikring. Han sendte bud etter en forsikringsselger. Ved samtalens slutt, ba selgeren om mannens e-mail-adresse, for å kunne sende et forsikringsutkast.

Mannen fortalte, at han ingen e-mail-adresse hadde!. Da svarte selgeren: « Du har ingen e-mail, tross det, har Du bygget opp et imperium. Forestil deg hvordan det hadde gått, hvis du fra starten hadde hatt en e-mail-adresse !!!

Mannen tenkte seg godt om og svarte: «Jeg hadde blitt toalettvasker hos MICROSOFT! »

Moral 1 for historien:
Internett løser ikke alle dine personlige problemer.!

Moral 2 for historien:
Hvis du ingen e-mail har og arbeider intenst og hardt, kan du bli millionær.

Moral 3 for historien:
Du har fått denne historien pr. E-mail. Du er altså tettere på toalettvaskeren – enn millionæren.

Tross alt: »Ha en god dag ».

Svar ikke på denne mailen… Jeg er på vei for å kjøpe jordbær!!!

Feiring

Det er mykje ein kan feire om ein har sans for dei små ting. Om ein har sans for dei store ting, kan ein jo feire at Tyrkia kom til semifinalen i EM i fotball, det har dei aldri klart før. Så får dei bite i seg det sure tapet for dei som alltid kjem seg til sluttspelet, Tyskland.

Om ein har sans for mindre ting og likevel likar å markere merkedagar og slikt, kan ein jo feire at det er 11 månader sidan ein møtte kjærasten eller at det er ein månad og ein dag att til bryllupet eller at ein har gått ned 200 gram sidan sist ein var på vekta. Nokre vil kanskje heller feire at ein har gått opp 200 gram og at fosteret på siste kontroll såg ut til å utvikle seg heilt etter skjemaet der det nyt dagane i mammas mage.

Det er heilt individuelt kva som kan gje grunnlag for feiring. I Mandal vart det i alle fall artikkel i avisa om at den gamle rutebilstasjonen er jamna med jorda og at det skal kome 100 nye parkeringsplassar der medan ein ventar på å gå i gang med ei storstilt utbygging av eit handlesenter.

Feiring kan vere så mangt. For den som skal ned i vekt, vil truleg ikkje bløtkake vere det fyrste ein tenkjer på når ein skal feire, og for den som har eit foster i magen, vil heller ikkje champagne vere aktuelt for å feire. For dei som skal feire 11 månadersdagen kan feiring vere å gå på kino eller å unne seg ein roleg kveld i eige selskap.

Då kong Olav skulle feire at han var blitt konge etter far sin, Haakon VII, ville han gjerne markere det i Nidarosdomen. Men regjeringa var lunken til noko slikt, det var eit politisk vedtak om at kroning ikkje skulle skje etter at Haakon VII var blitt krona i 1906. I eit interessant foredrag i P2-akademiet sist veke fekk vi høyre om korleis Einar Gerhardsen og regjeringa vart utmanøvrert av kyrkja og kongen og måtte sjå at heile Stortinget reiste til Trondheim for å vere med, medan Regjerninga heldt fast på at bare tre statsrådar skulle delta. Men Olav V hadde sans for å feire på rett måte, og folket fylgde han i det.

http://www.nrk.no/p2_akademiet/

Eg finn det ikkje på nettsida til NRK enno, men det er mykje anna interessant der. Ta turen innom og sjå på litt av det P2-akademiet har å by på i sommar.

Felles problem

I kveld var eg på eit møte om Kigevannet, vatnet nærast oss her i Mandal, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Kigevannet Det held på å gro att, er bare tre meter djupt, medan det for 30 år sidan var 10 meter djupt. Og så har det fått sørv, ein framand karpefisk som tek maten auren skulle hatt. http://no.wikipedia.org/wiki/S%C3%B8rv

På same måte som i Valle er det nokre entusaiastar som vil gjere noko med problemet. Dei har fått stønad frå Miljøvernavdelinga i Vest-Agder til å gå i gang og kartlegge situasjonen, for så i neste omgang å finne tiltakt som kan få vatnet tilbake til situasjonen for 30 år sidan. då det var aure og ål i vatnet, og ikkje importert agnfisk som tek heile matfatet til auren.

Det var interessant, og eg kjende att dei problemstillingane som så ofte har vore omtala i Valle Radio når Torjus Uppstad og Tom Arild Homme har vore i studio. Men vi har ikkje noko grunneigarlag her, så det er litt tyngre når ein må kalle inn alle grunneigarane til møte for å få lov å setje i gang. Slik sett er situasjonen i Valle betre, VAFA representerer mange grunneigarlag og får difor tygd til å halde fram med sitt gode arbeid for å bøte på skader som er påført miljøet.

Keep up the good work, alle de som på ulike måtar tek vare på naturverdiane.

Reklame

Stor honnør til Britta Lise som jobbar med reklame for neste år. Det skal mykje planlegging til for å få dette i boks. Ambisjonane har vore at alle reklameinnslaga skal fornyast før komande sesong. Det betyr mykje arbeid for å finne og lage dei små høyrespela som skal nyttast. Når lengda bare skal vere 30 sekund, må lydbiletet teiknast svært raskt for å presentere tema og annonsør. Ho legg vekt på å få til dette med ulike verkemidlar både i stemme og form. Ho legg og vekt på å få det på dialekt.

I dag fekk eg eit brev frå henne. Ti reklamar var i boks, ti står att. I tillegg kjem ti som stør Valle Radio, dei skal vere med i den korte opplistinga. Av dei ti som er ferdige, er åtte frå Valle. Eg tenkjer at eg vil bruke litt tid i sommar på å presentere dei annonsørane vi skal ha komande sesong. Ettersom vi ikkje har sendingar no, vil jo tema som kjem på bloggen turke litt opp. Då kan reklamane vere noko å ty til når andre kjelder tryt.

Av dei 30 annonsørane vi har til no, er bare fem utanbygds. Av desse fem er ein frå Kristiansand, ein frå Bykle og tre frå Evje. Dei 25 er frå Valle. Det synest eg er ganske godt, det tyder at bygda stør opp om Valle Radio og ser at det er lurt å bruke litt av annonsebudsjettet gjennom radioen. Samstundes stør ein tiltaket.

Vi vil prøve å stø annonsørane våre ved å presentere dei på bloggen. Dersom nokon av dykk les bloggen, kan de sende mail til harhaugl @ gmail.com om det er noko de vil ha med i omtalen her.

Meir om rådyr

For ei veke sidan skreiv eg om rådyr i Froland og i Mandal. Men i dag vil eg fortelje litt om eit rådyr i Bygland.

Eg var på veg oppover Setesdal seint sist sundag, klokka var vel nærare 23, om ikkje litt over. Men det var ein lys kveld. Då eg speeda opp etter å ha køyrt 40, 50 og 60 i Byglandsfjord, like nord for Refsnes, kom det plutseleg eit rådyr opp frå fjorden. Truleg hadde det vore nede og fått seg litt vatn.

Dette er ein plass eg ikkje hadde tenkt at det var rådyr, det er jo bare vegen mellom fjellet og fjorden. Men heldigvis sprang det nordover i staden for like over vegen. Dermed unngjekk eg å skaffe rådyrkjøt til hotellet, eg ungjekk bulk i bilen, og om rådyret hadde kje ein plass i nærleiken, fekk dei mora si tilbake i god stand.

Men det er ikkje mykje som skal til før ein triveleg tur vert utriveleg.

http://no.wikipedia.org/wiki/R%C3%A5dyr

Wikipedia sin artikkel om rådyr, med lenke nede til venstre til omtale av dyret på mange språk. Der står det at det truleg er 150.000 rådyr i Norge. Men det er lenge til jakta, enn så lenge får ein prøve å unngå å ta livet av dei.

Fiske i Valle 2008

No er VAFA si brosjyre komen. Den fortel det ein treng å vite om Fiske i Valle 2008, i alle fall i områda som laget disponerer. Prisane er 50 kroner for ein dag, 100 for ei helg, 150 for ei veke og 500 for eit år. Kartet syner kva for vatn ein kan fiske i. Det syner og vatn ein ikkje kan fiske i og er ei god kjelde til å orientere seg. Fastbuande og fiskerettseigarar i Otra fiskar gratis i elva i Valle kommune, det same gjer alle under 16 år i alle vatna. Men ein kan ikkje bruke levande agn, med unntak av meitemark.

På kartet er det gjengitt ei melding frå Fylkesmannen i Aust-Agder: Import, utsetjing og fisking med levande fisk som agn er forbudt i norske innsjøar der det er få fiskeartar. Innføring av nye artar kan få svært alvorlege fylgjer for dei fiskeartane som finst frå før. Ørekyte, sørv og regnlaue er fiskeartar som har kome inn og øydelagt mange fiskevatn på Sørlandet dei siste åra. Dette må stoppast.

Kartet er lagt ut i butikkar og andre stader i Valle. Skaff deg det, det er informativt og innhaldsrikt. Meir informasjon finn du på heimesidene til VAFA: http://www.vafa.no/

Setesdal i Hirtshals

I går var det avduking av ein bauta på Color Line sitt område i Hirtshals av same typen som står fleire stader langs Riksveg 9. Saman med steinen står ei informasjonstavle som skal syne turistar at vegen oppover Setesdal kan vere eit naturleg valg om ein vil til fjordane på Vestlandet.

NRK har ei lenke til hendinga: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.6043558

Dolly Parton

Så er konserten med Dolly Parton over. Fædrelandsvennen hadde mange artiklar om konserten på Sør Arena:

http://www.fvn.no/nyheter/kristiansand/article592140.ece
http://www.fvn.no/kulturpuls/musikk/article592113.ece
http://www.fvn.no/kulturpuls/musikk/article592237.ece
http://www.fvn.no/kulturpuls/musikk/article592071.ece

I programmet i går spelte eg ein song av henne, til ære for besøket, kan du seie. Den handla om korleis kjærleik kan vare heile livet, og ho er sjølv ein eksponent for det, ho har vore gift med mannen sin i over 40 år.

For ei tid tilbake hadde Bjørgulv T. Berg ein prat med Hallvard T. Bjørgum om konserten. Han ville prøve å få gitt henne ei munnharpe når ho kom til Kristiansand. Korleis det gjekk, har eg ikkje funne ut. Og det kjem nok ikkje i Valle Radio før til hausten, for no er det sommarferie i radioen.

Sjølv fekk eg ei plate av Dolly Parton då eg fylte året for nokre år sidan. Det var Theis som var den glade gjevaren, eg trur han meinte at eg måtte utvide musikksmaken min. Det har eg gjort, sjølv om eg ikkje er så avansert at eg likar Rammstein eller Metallica ennå, så er country ein grei sjanger no.

Program for tysdag 17. juni 2008

Tysdag 17. juni

Ansvarlig: Harald Haugland

18:00 Kvarteret
18:15 Over ein open Bibel
18:30 Dikt og slikt. 5., 6., og 7. klasse på Valle skule sitt diktprosjekt.
19:30 Dameklubben
20:30 Postludium ved Niklos K. Besteland. Musikk til sommar og bryllup
21.00 Kyrkjebakken

Og så sende eg denne mailen til Setesdølen:

Sist veke var det årsmøte i Valle Radio. Bare ni personar møtte opp på Valle Motell. Dei vedtok årsmelding og rekneskap utan merknader, og ved valet vart styret og leiar attvalde. Den einaste nyvalde var Britta Lise Homme, som kom inn som varamann saman med Anna Rysstad. Styret er no: Harald Haugland, leiar, Ørnulf Hasla, Helge Homme, Jørund Georg Jore og Inga Flateland. Rekneskapen vart gjennomgått av Halvor Rike. Den synte ei omsetning på 276.810 kroner. I 2007 fekk ein inn 168.210 på radiobasaren i påska.

I samtalen om arbeidet i radioen vart det spesielt peika på at Valle Radio treng fleire teknikarar. I 2007 var det nesten 70 sendingar frå Valle Radio. 26 personar var engasjert i å få desse på lufta. I tillegg kom alle som var innom med ulike innslag i løpet av året. Til slutt takka Harald Haugland alle for innsatsen i året som gjekk og ba om at folk engasjerer seg vidare til beste for bygda gjennom Valle Radio.

Ein forkorta versjon kom med i avisa i dag.

Så gjekk sendinga greitt etter litt plunder med å koble opp til sendaren. Alt gjekk etter planen. Men då vi var ferdige, kom det ein telefon. Det var Olav Føreland i Søgne som ville takke for programmet, han hadde fått det inn på datamaskinen sin. Både eg og Niklos takka for responsen, det var Niklos sitt program nr. 221. Han held styr på slikt, eg anar ikkje kor mange eg har hatt.

Med det var vårsemesteret slutt.